mandag 29. desember 2008

Godt Nytt År folkens.




Vi feira bursdagen til Jesus med å ete Pizza på en liten utestad i Bequie. Deretter drog vi heim i båten og bada litt og so åpna vi pakka. Då fam. Grytten var på besøk, hadde dei med seg mykje spennande, derav kvar sin pakke og julebrus og pepperkaker. For ikkje å snakke om fenalår som vi åt mykje av på julaftan. Stor stas.




Framover no so går ferda videre sørover. Vi har hørt rykter om at en skokk med brødre har tenkt å beøske oss på Trinidad i februar og vi gler oss stort!!!!




Stian og Steffen er på land og kjøpe litt mat til turen idag. Vi letta vel anker litt seinere ut på dagen og retta kursen mot Tobaco Keys. Eg trur vi skal ankre opp ved øya Canuan, like før Tobago Cays, som er verdens flottaste dykkerplass har vi hørt. Blir spennande å bade sammen med skilpadder og fargerike fisker. Vi skal ta masse fine bilder:)


God romjul og ha eit Velsigna godt nytt år!
Stor juleklem frå alle vi savna og ikkje savna frå Steffen, Stian, Elia og Reidun:)

English version:
We celebrated Jesus' birthday by eating pizza at a small place Bequie. After that we went home to our boat and did some bathing and then we opened our chistmas gifts. When the Grytten family was visiting, they brought lots of cool stuff. Even som good ol' norwegian christmas soda and gingerbreads. Even some traditional norwegian cured leg of mutton. Great fun!

We think we'll be heading south. Rumor says a bunch of brothers are coming to visit us in Trinidad i February. We are looking forward to seeing them!

Stian and Steffen are ashore to buy food for our trip today. I guess we'll hoist our anchor later today and head for Tobaco Keys. I think we'll drop the anchor by the island Canuan, right before Tobago Keys. We have heard it is the world's greates diving site. It's gonna be very exciting to dive with turtles and colorful fishes. We will take a lot of cool pictures :)

Merry christmas and a happy blessed new year!
Big hugs to all the people we miss, from Steffen, Stian, Elia and Reidun :)

tirsdag 23. desember 2008

Snart julaftan

jul her? nei. ikkje endå. kanskje imorgo eller dagen etterpå? trur ikkje at der kjem snø denne jula. det skulle verkeleg tatt seg ut om det skulle begynne å snø her i karibien. nei det er godt og varmt her. vi kosar oss og badar mykje.

Vi var norkre dagar på øya st.Lucia før vi forflytta oss hit til Bequie, her vi skal feire jul ilag med mange skadinaviske seilarar. Vi venta på Rosea, fam Misund Larsen frå Ålesund, som kom med ARC over atlanteren. Då dei mista vind og mangla diesel, vart dei liggande og vente nokre dagar der ute. Tilslutt sette dei kursen mot Bequie då dei ikkje rakk avslutninga til ARC likevel. so då letta vi anker i går og gjekk rake vegen ned vi også. Stoppa halvegs og ankra opp i ei bukt utafor øya st.Vincent. Sov, våkna, tøffa båten nærare land, slapp ned ankeret igjen, svømte iland, henta kokosnøtter, drog opp ankeret og seilte vidare nedover mot neste øy. Kokosnøtt smakte ikkje så fælt som eg trudde. det var faktisk heilt ok å drikke kokosnøttdrikka. Men ditta kvite kjøtt- lignande styret, smakte igrunn det samme som vanlige hasselnøtter. Gratis kokkosnøtter er veldig gode, så Stian kjem til å sanke inn mange slike heretter;)

Ellers har ikkje Elia det så godt. Han har det tydeleg veldig låkt når han tissar, og eg har ein mistanke om at det kan vere urinveisinfeksjon. Han har ikkje fått feber endå, men trampar og krymper seg når han må tisse. Ikkje kjekt. Heldigvis drikk han Cranberry juicen som eg fekk tak i, så eg håpar det rettar seg etterkvart.

No har vi ankra opp inne ved Bequie og her ligg mange båtar oppankra! sikkert 80 allereie, og fleire kjem fram til julaftan. Det bruka å vere slik skandinavisk julefeiring her kvart år. Rosea kom også tøffande istad. Stian hadde lova å komme ut med litt diesel til dei, men så var han på immigrasjonskontoret og sjekka inn, så Elia og eg praia en sånn infødt og so suste vi avgårde ut med diesel til dei. Det var artig! Vi sveva på bølgene, stor kontrast til den farta vi er vand med ombord i Good Mood seilbåten. Elia kneip seg fast og eg hylte då vi hoppa på bårene. Eg forta meg å sjå på Elia og lata som om det var for han eg hylte, men innerst inne hadde eg det ustyrteleg morosamt;)

Vi gler oss med Rosea som har fullført si atlanterhavskryssing! Dei har allereie invitert Elia og meg på julepynt laging, noko som passar flott, då vi ikkje har hengt opp noko julepynt endå. Ellers var vi ein svipp bortom dei istad, og Elia var veldig glad for å få sjå andre unga og leika seg ilag med dei.

vi får sjå om eg klarar å finne nett der eg kan få sendt nokre bilder frå turen hit ut på heimesida. reidun.

posisjon kl 02.38 UTC:
13.00.382N
61.14.476W

mandag 15. desember 2008

Endeleg framme!

Vi klarte det! Land ohoi.
No ser vi øya St. Lucia og er ca en halvtime frå Rodney Bay der vi skal ankre opp.
Dette har vore ein fantastisk overfart. Vi gler oss over at det har gått så bra, og ser fram til hærleg juleferie i Karibien. Aller mest gler eg meg til å kjøpe meg ein stooor softis med sjokoladetrekk på! Eg reknar med at det blir eindel festivitas og coladrikking framover, skravle med andre langturseglarar og høre korleis dei har hatt det på overfarten.

Ellers så skal vi sjølvsagt leite etter ein internettkafe og få lagt inn bilder frå Atlanterhavskryssinga vår. oi det blir mykje fiskebilder til deg det, pappa:)

Lokal tid med oss er no 04.21. Eg reknar med at det er 5 timar forskjell frå heime i Norge.

So far, so good, ombord i Good Mood.

Snart framme!

I natt regna det heilt vanvitti!! I 4-5 tima styrta det ned og uansett kor vi prøvde å svinge vekk frå den kraftige byga, så såg det ut som om den forfulgte oss. Vi satt halvegs ute og inne og følgde med på radaren om der var båtar i nærheita. Lite vind, så vi gjekk for motor heile natta. Igår fekk vi melding frå Las Primas jentene om posisjonen deira og Stian og Steffen vart konkurransesjuk og fekk igong motoren med ein gong. Det viser seg at dei ligg ganske likt med oss, berre litt nord for oss. Ikkje snakk om at dei skal først til land. Vi vil først i mål koste kva det koste vil. Det faktum at dei har tatt oss igjen med 1,5 dagar (fordi vi tjuvstarta) spelar ingen rolle. vi må først til land;)

Nytt Elia ord: brrr = kaldt. korleis han har lært det er ei gåte, for her er alt anna en kaldt. Her eg sit inne i båten er det 30 grader og ute er det endå meir slik som sola steike. Kanskje kan pingvin boka få skulda for å lære han ordet? Vi har ei bok om en pingvin som frys slik at han bygger seg ein båt og seglar frå sydpolen og til varmare strøk. Kvar gong vi ser at pingvinen frys og eg les at der er kaldt, så gjer Elia tegnspråk for kaldt og han sei brrr. Pingvin boka var forresten ei av Stian sine favorittbøker frå då han var liten. Anar eg ein liten link her -Stian og Pingvinen? Har ein mistanke kvar den gryande draumen etter varmare land har sitt opphav.

Ellers laga vi flott fiskemiddag igår. Poteter og kvitsaus og steikt fisk..... æsj. den smaka heilt forferdeleg. Gåen etter 4 dagar i kjøleslap. uhørt. det vart istaden fiskebolla i kvitsaus til middag.
Og før vi fikk melding frå Las Primas hadde vi sånn sein fart at eg kunne bade litt. Mista sjølvsagt shampoo flaska og det var no ikkje så big deal, men det er no skøy å øve seg på å fiske opp igjen ting i litt tullete sjø, så vi hadde oss ein liten shampoo over bord øvelse. Denne gongen var vi flinkare å få inn fiskesnøra og tau og slikt som hang etter båten, så vi slapp propellvase reprise.

Posisjonen vår klokka 13.20 GMT:
14.12.154N
59.01.617W

No har vi stoppa motoren då det kom vind bakfrå igjen og vi seglar med forseil, 4,5 knops fart. Vi gler oss til vi er framme snart og får treffe igjen venna og springe på bakken.
reidun

lørdag 13. desember 2008

21. døgnet på sjøen

Jippi jippi. Igår seilte vi 130 nautiske mil på ett døgn. og det er fortere enn 100 som vi beregna at vi skulle seile. Så no er det kanskje berre 3 dagar igjen. Sprøtt. Det er ingenting mot det vi nettopp har seila. Vi har forresten ikkje sett ein einaste seilbåt på tre dagar. Sist vi såg ein seilbåt, kom vi så nær at vi kunne sjå og vinke til kvarandre. Det var han sprø amerikaneren som seilte åleine! Vi snakka sikkert en time på vhf då vi seila side ved side lenge. Selfølgeleg var det eg som skravla. Han skulle til Barbados og eit lite augenblink var vi frista å gå dit vi også. Ein dag fortare framme en St. Lucia. I og med at der er så mange ARC deltakarar på St.Lucia, så er det veldig mykje dei som dominerar området på øya sa mannen. Vi har no avtalt å møte mange av desse ARC folka, så vi dreg direkte dit likevel, skal vel klare å finne en liten ankerplass til oss også.
Klokka er 04.51 og dette skal ikkje bli ei ny natt skildring. Den har dåkke allereie lest, og det er det samme som skjer stort sett kvar dag no. Vi har ganske jamn og mykje vind bakfrå, så det blir mykje av slingring og rulling. Ej skulle for en gong skuld steike meg eit speilegg igår. Triste saker. Fatet seilte elegant ned av benken og havna oppned. Splæsj. Egg og brødskiver blanda seg med plommen som rann utover dørlen. Nydeleg. Stian flira, men var rask å tørke av seg smilet då han såg kor sur eg blei. Han flira fordi han nettopp hadde gjort samme fadesa, berre at då havna egget bak ovnen og han måtte skylle av masse gamle middagsresta før han kunne ete det. Når vi likevel snakka om mat så kan eg skrive at eg prøvde å lage krydderkake her en dag. Eg hadde ikkje kardemomme, men der stod at eg berre kunne bruke kanel. Som lest som gjort. Desverre vart det meir kanelkake enn krydderkake, men med litt melis glasur på toppen så vart den ikkje så værst. Elia likte den veldig godt;)

Ellers gjorde eg noko igår som eg ikkje trudde at eg kom til å gjere. Som skreve før, så er Stian veldig aktiv. Før vi drog frå kanariøyane, kjøpte han og Steffen ei trekanta kryssfinerplate. Denne hadde dei mykje moro med å stå på etter båten og liksom surfe. Så knakk plata og det gjekk ikkje an å stå på den. Så Stian bora to høl, festa tau frå plata til båten og la seg halvegs oppå plata. Denne gongen kunne han styre plata med hendene og det gjekk både nedover og bortover i full fart. Under sjøen i ei forrykande fart og so rett opp igjen. Her gjeld det å halde seg godt fast. Plata blir forresten brukt som fiskebenk når vi får fisk som skal filiterast.

Uansett, det er for vanskeleg å halde seg fast og bade etter båten når vi har så stor fart, så det nyaste Stian og Steffen har gjort på siste dagane, er å feste seg i klatreselen framme på båten og henge ned i sjøen med føttene. Då eg skulle få prøve dette var eg temmeleg skeptisk, men følelsen av å sitte i lause lufta frammom båten er spennande. Eg forstod nøyaktig kva Steffen meinte då han sa at han følte at båten skulle til å ete han opp. Ein er akkurat som gulerota på fiskestanga frammom hesten. Det var heilt sprøtt å bli duppa ned i sjøen, i 6 knops fart, og heist opp og ned med shortsen full i sjø. Artig Artig:)

Litt trist nyheit er at watermakeren har svikta sånn halvegs. Den er heilt snål. Når vi startar watermakeren for å lage vatn, kjem der berre saltvatn ut. Ikkje før den har gått en time. Då kjem der sakte men sikkert heilt reint og drikkande fersk vatn. Kjedlig at den ikkje fungerar slik den skal. I tilfelle noko slikt skulle hende, så har vi alltid ein av dei to vatn tankane full med fersk vatn. Så vi har det fint og klarar oss bra til vi kjem iland, men vi må ha ferskvatn før eller seinare uansett, så Stian er i gang å prøvar å finne feilen allereide.

posisjonen vår klokka 17.00 GMT
14.22N
55.06W

PS: dei har bestilt pizza ombord her, men det rullar sånn at eg trur eg blir berre sur av å kjempe med matlaging no, så det kan hende at vi endar opp med spagetti og kjøttdeig. Uansett ikkje noko dårleg alternativ.
PS 2: Tusen takk for alle meldingane til satelittelefonen. Vanskleg å tru at det er snart jul heime. Vi har ikkje jul her. og kjem aldir til å få det heller. det er berre sommer heile året rundt. men det kan vel vere like greit. vi slepp slaps og julenissa og gavestress;)

snakkast, reidun

onsdag 10. desember 2008

Reidun si nattevakt

Eg gruar meg. Klokka er 04.22 og vi har hatt vaktskifte. Steffen har gått og lagt seg, medan eg sit igjen her ute, mutters åleine. Nesten åleine. Den kjekke månen som lyser so fint på himmelen, har tenkt å svikte meg snart. Det samme skjedde forrige natt. Typisk. Og det er dette eg gruar meg til, det kjem til å bli bekmørkt. Fullstendig ravnsvart, og umuleg å sjå forskjell uti horisonten mellom hav og himmel. Dei andre båtane som ferdast ut på havet , er forholdsvis enkle å sjå når dei har på lanterner. Nei, det er ikkje båtane eg er mest bekymra for. Eg likar ikkje desse plutselege, mørke skyene som har med seg ein kraftig vind og veldig mykje regn. Squalls heiter dei vist. Dei kjem brått, hærjar vilt og etterlet seg kaos. Vist ein er virkeleg treig å reagere og alle seil er ute, ja då kan ein risikere at ein står igjen med filler.Vi har ikkje opplevd så mange slike squalls, einaste gongen var då vi hadde sånt ett dritvær med masse regn og vind og stor sjø. Då gikk det greit, for vi hadde så lite seil ute uansett.

Eg er ikkje redd. Kanskje engsteleg, men ikkje redd. Eg har vore sint, sur, glad, letta, søvnig, varm, kald, overaska, spent og klissvåt på vaktene mine. Av og til har eg eit temperament som ikkje lignar grisen, så største utfordringa mi her ombord, er å halde det i sjakk. Stian har ikkje kasta meg på sjøen endå, men eg trur han har hatt lyst fleire gonga. Båten er så liten og dagane blir grusom vist ikkje eg er snar å be om unnskyld etter ei eller anna fadese. Det kan vere så liten bagatell som til dømes seilføring. Når vi seglar slik som no, medvindsseglas, blir det veldig mykje vugging hit og dit. Vist ein skal lage mat, så havnar den mange gongar i golvet. Pannekakerøre, sukker, melk, frokostblanding, brød eller syltetøy, er noko av det som har tatt seg ein svipptur på golvet i båten. Så av og til kan det vere fristande å spør fint om vi ikkje kan endre kursen litt og seile til dømes nordover slik at vi ligg skikkeleg skeivt til eine sida istaden for den rullinga. Stian har prøvd å forklare meg 4 gonga no, at det er veldig lite lurt og det vil ta mykje lenger tid før vi er framme. Æsj. Sånt blir det dårleg stemning av. Eg blir so dritlei gynginga. Og då går eg å furtar ei lita stond, til eg innser at det er berre utriveleg.

Der stakk månen av. Han hadde andre gjeremål på hi sida av kloden, så han måtte berre stikke sa han. Her er mørkt. Iallefall når eg sitt å skriblar på pc'en. Mista fulllstendig nattesynet av lyset frå dataskjermen. Av og til bikkar eg ned skjermen og ser etter båtar. Eg ser ein båt langt der framme. Usikker på om han kjem imot eller reise frå oss. Eg får følge med. Ingen mørke og truande skyer heldigvis. Her en dag overhørte eg ein samtale på vhf'en mellom to båtar. Eg fekk berre med meg kva den eine sa, fordi den andre låg utanfor rekkevidde frå båten vår. Han som prata var engelsk og seilte åleine i båten sin. Han søv faktisk en halvtime om gongen. Ei natt var han så sliten at han hadde forsove seg. Han våkna etter 4 timar! Jøye meg. Skal ikkje klage på 4 timers nattevakta mi heretter. Mannen hørtes gla og fornøgd ut. Han hørtes verkeleg ut som han trivdes på store havet mutters åleine. Klin tullete fyren. Han sa at det gjekk greit å seile åleine her fordi han har radar og AIS og alarmar og slikt som vekte han vist båtar kom på kollisjonskurs i forhold til båten hans. Det var verre å segle frå Canada og til Island og slik sa han. Då var det ikkje så godt å få med seg kvar isfjella stod. Nei fysj og fy. Takke meg til å sitte her ute, 26 grader, shorts og t-skjorte. Vist Stian nokken gong skal reise nordover mot kaldare strøk, ja då blir eg igjen heime i Norge. Då skulla ej jammen blitt verkeleg redd. Isfjell som flytar på seg og dukkar opp der det passar dei best. Aldri i livet.

Pause. No såg eg to båtar. Kult. Då er eg ikkje mutters åleine. Ein anna ting eg tenke mykje på her ute i mørket er kvalane. Tenk om der skulle ligge ein kval på størresle med ett hus frammom oss og søv! Han høyrer ikkje den stille seglbåten som susar fram med ei fart på 6 knop. Ingen fare sei Stian. Ikkje nokke problem å kræsje med ein kval. For det første so har Stian sett kor tjukt båtskroget vårt er, og det tøle en hadt støyt før det gjeng høl. Dessutan er kvalen mjuk, ikkje hard og kvass som ett skjær. Og vist det skulle no gå høl, so trur han at han kan fikse det med å lappe med presening (reserveseil) rundt båten. For det har han lest en plass at nokken andre har gjort. Jaja, kval eller ikkje kval. Dinna turen her hadde aldri vore gjennomførbar vist ikkje eg stola på Stian so mykje som eg gjer. Han veit mykje, har peiling på det meste og klare å fikse kva det enn skulle vere. Men skyte på blink, der er eg mykje bedre enn han:) Dessutan har eg tung motorsykkellappen. Han har berre lett lappen;) Og så les eg fortare en Stian.. Ha.

Ny pause. Elia kom opp en tur. Han er våken og kjem for å få finne mamma som mangla i senga. Han er veldig fasinert over stjernene. Han kryp opp på fanget, dreg ned glidelåsen på den tynne flisjakka mi og vil gøyme seg innom jakka. Gutten har blitt så stor at det er bære så vidt eg får igjen jakka der han ligg krølla som en ball, kikar på stjernene, peikar og vinkar. Eg vil ikkje ha han her oppe når det er så gyngete, så eg ber han ned i senga og sei at han får ligge og søve ilag med pappa. Med pappa bak seg og bamsen i armane, smile han fornøgd og legg seg til ro.

Vakta mi er snart over no. Den gjekk veldig fort når eg hadde noko å gjere på. Eg prøvde å løyse litt sudoku istad, men måtte gi opp når eg held på å søvne.

Rart at vi har vore 18 døgn på sjøen. Det har gått fort. Og vi er fortsatt venna. Ikkje dårleg. Mange spør meg korleis det er å segle ilag med berre gutta. Tja, ikkje fritt for at eg er litt sjalu på Steffen av og til, det skal eg innrømme. Han og Stian har det veldig kjekt ilag med å teste kvarandre på trening og bading. Kven som er best og sterkast og mest uthaldande. Dei har til dømes vore veldig aktiv i sjøen i to dagar no. Dei heng seg bak på båten og testar kor langt dei klare å «klatre» under vatn framover på båten. Stian klarte å komme seg framom kjølen og tilbake. - for en fisk han er, høyrde eg Steffen rope. Det er ikkje enkelt å halde seg fast når vi samtidig seglar med 3 knops fart. Når det gjeld slike ting så er eg vel meir takknemleg enn misunneleg. Stian har så mykje energi i kroppen, at det er utruleg bra at han har en kompis som han kan trene og bli sliten ilag med. Ellers er det igrunn ok å bo i lag med guttane. Dei held humøret oppe og småertar slik som grytastrandingar ellers pleie å gjere. Det hadde no vore kjekt med ei jente her. Då hadde eg kanskje fått nokken til å vere enig med meg også av og til;)


No har Elia komt opp igjen til meg. Han vil ikkje vere nede og er trøtt og lei seg. Eg lagar til seng i cockpiten og så får han vere her ilag med meg likevel. Det har dessutan begynt å lysne no. Vi har 18 knop vind bak frå pluss at vi seglar med 6-7 knop. Eg ser at det er høge bårer bak oss. Kanksje 1,5 meter. Då blir det ikkje fisking og bading idag. Bading fordi det er for stor sjø og fisking fordi vi fikk en stor dorado igår kveld. Den største til no. Det hadde akkurat begynt å mørkne då han beit på. Han kjempa som bærre juling. Steffen hadde trena tidlegare på dagen og klarte nesten ikkje å halde fiskestanga. Stian stod klar med kleppen og vart så ivrig at han held på å dette på sjøen av heile greia. Steffen treiv tak i foten til Stian med eine handa og prøvde å halde fiskestanga med andre handa. For ett styr. Men no blir det fisk til frokost, middag og kvelds i mange dagar framover. Jippi sei eg. Eg er einaste ombord her som er glad for det. Guttane likar å fiske, men synast ikkje så mykje om å ete fisk i mange dagar.

Oi no fikk eg melding på satelittelefonen om at nokon håpar der kjem et lite reisebrev snart. Lite og lite fru blom. Jaja.. det blei ikkje så reint lita helsing ditta då men.

No har det lysna og vakta mi var over for 20 minutt sida. Elia søv. Og der kom faktisk trøtte Stian. Då skal eg bære sende en mail og so kan eg gå å legge meg. Denne vakta gjekk fint.

14.33 N og 49.21 W er posisjonen no klokka 09.25 GMT. JIPPI vi er snart framme folkens. Berre 676 nautiske mil igjen. Det burde oss klare på 6 dagar sei Stian. Vi for sjå. Arti arti:)

reidun

mandag 8. desember 2008

Livstegn frå Good Mood!

Snakka akkurat med han Stian på telefon. Han ringte bere for å prate litt. Dei hadde hatt ein av dei finaste dagane sine på kryssinga si i dag. Flatt hav og 4-5 knop. Til og med Elia hadde bada i sjøen i dag. Sikkert kjekt når temperaturen låg på 27 grader. Fisken nappa visst jamnt og trutt også.

Forstod det slik at dei hadde feira at dei hadde berre 1000 nautiske mil att av seilinga i dag. I følge han Stian var det likevel ikkje så nøye kor langt det var att, for i dag hadde det visst vore rein koseseilas. Han trudde at dei hadde mindre enn ti dagar att no.

Onkel Anders

lørdag 6. desember 2008

14. døgn

Idag synte sola seg igjen. Hærleg! For to dagar sidan, blåste det opp til kvelden og sidan har det blese mykje heilt til no. Igår regna det og gynga att og fram og vi surfa på kjempedigre bårer. eller iallefall føltes dei kjempedigre ut. - 3-4 meter høge sei Stian at dei var. Når vi får vinden sånn rett bakfrå, då blir det mykje gynging og surfing. Vi ser at dei andre he begynt og hale innpå oss. Inatt prata eg med ein anna seilbåt som ville forbi oss. Det er ikkje bære å sette på blinklyset... han spurde etter farta og kursen og så sa han at vi måtte følge med kvarandre.. i fleire timar låg han bakom og lurte, og i og med at det var vindroret vårt som styrte båten, så slentra vi både hit og dit. såg sikkert litt rart ut. så eg tenkte at eg kunne prøve å handstyre båten når eg kom på vakt i 4 tida. trøste og bære meg. det er jammen ikkje enkelt å styre båten når himmel og hav er i bevegelse og ein har bære kompasset og styre etter. nei det gjekk så gale at han la tvert om kursen og styrte vekk frå oss. Han kom seg no trygt forbi etterkvart, med god avstand til oss.
Nede i sovelugaren låg Elia og Stian hulter til bulter og prøvde å søve. Steffen sa idag at han følte han hadde vør på fotballkamp i heile natt, han vart rett og slett mørbanka der framme i forpiggen. Vinden har løya litt no og vi håper at dønningane blir litt mindre etterkvart.

Når det er slik tullsjø, så brukar vi alltid redningsvest og sikkerheitsline som vi bind oss fast til båten med. Dette er særleg viktig om natta, fordi dei som har frivakt skal få søve i vissheit om at ingen dett på sjøen der ute.

Igår hadde vi skikkeleg innedag. Det regna og blåste og var veldig utriveleg ute. då las vi bøker og hoppa i senga og åt boksemat til middag. Så idag har vi vore ute og sola oss, eg laga kokt Wahoo med poteter og bacon, og guttane har faktisk bada i sjøen. Litt dønningar endå, men vi susar framover med forseil, mot solnedgangen og Karibien.

reidun, fredag 5 desember klokka 20.00.

posisjonen i skrivande stund er:
16.06 N
40.19 W

onsdag 3. desember 2008

Hilsen fra grytastrandingane på Las Palmastur 12. til 19.nov.2008.


Etter noen måneders "hemmelige" forberedelser, forlot vi endelig fedrelandet til fordel for sol, varme og Good Mood, som lå ankret oppi Las Palmas sin fantastiske marina.

Vi bodde på hotel Pujol, på den smaleste delen av byen, absolutt å anbefale forresten,en finkombinasjon hvis en vil ha både by og badeferie.Vi hadde klarert medReidun og Stian på forhånd om vi kunne få komme nedover, dette bleholdt hemmelig, fordi vi ville overraske Steffen.Å det klarte vi! Han ble tatt på senga ja! Kjempeartig!
I løpet av ei kort uke fikk vi mange fine stunder sammen.Vi fikk hilst på mannskapet på noen av de andre norske båtene som lå der, vi fikk spist lunsjer og middager sammen. Perny, Atle og jeg fikk være i lag med Reidun og Elia en hel dag på Sight-Seeingbuss rundt omkring i LasPalmas sine gater og bydeler, mens Steffen og Stian tok med seg OleMathias på dykking utenfor den lange Canterasstranden, der det ligger noen rev som verner stranda mot de værste dønningene.Toppers for alle!
På søndagen var det store festligheter nede i marinaen, der noen av de påmeldte til ARC seilaset gikk i parade med musikk, fyrverkeri og konkuranser. En flott opplevelse der vi fikk et lite innblikk i hvor stort dette seilermiljøet egentlig er.
Mandag var Stian og Steffen opptatte med kurs, Reidun hadde vært tidligere. Vi turistene reiste nedtil Tourodalen v/Puerto Rico for å besiktige huset vi har leid til neste høst.
Tirsdag var vi så heldige å få "låne " Elia, slik at mammaen, pappaen og Steffen kunne være litt for seg sjølv og få proviantert til turen over Atlanteren og Caribien. Han er en ordentlig gromgutt, han Elia -veldig opptatt av ting rundt seg, elsker å springe og storkoste seg i vannet og i sanden, og ble sittende nesten en time å se på ei gravemaskin som jobbet på stranda.

Avskjedsmiddagen tok vi på en italiensk resturant v/strandpromenaden. På ei lita uke fikk vi oppleve tre friske, spreke ungdommer i båten Good Mood, som lever ut sine drømmer. Vi er imponerte over hvilke kunnskaper og erfaringer de allerede sitter inne med, måten de har forberedt seg på både psykisk og fysisk, hjelpemidlene de har innstalert og ikke minst lært seg å bruke. Problemene som de har hatt så langt har de løst på en flott måte og vennskapet og tilliten de har til hverandre, står det stor respekt av.

Tusen takk for at vi fikk være hos dere denne uka - det var virkeligen opplevelse for sjel og sinn. Vi er så gla i dere og ønsker dere alt godt på turen videre. Vi legger ut en del av bildene fra turen som et minne om disse dagene.

Klemmer fra Perny, Ole Mathias, Atle og Else Karin

tirsdag 2. desember 2008

10ande døgnet på sjøen!! Wow.

18.52N
32.16W klokka 17.00

Idag har vi tatt det litt roleg. varierande vind, men vi seila godt av og til. Elia heiv ut ett pynteband til gardinane i båten og det var vel egentlig berre å fare videre og gi katten i tøystykke, men vi snudde. Det resulterte i jibb, fiskesnøre i propellen og full stopp ute i atlanterhavet. Litt sure miner når det dyre fiskesnøret til Steffen vart kutta av, men heldigvis hadde ikkje vobblerane slete seg. Stian jobba iherdig med å få laust vasen rundt kjølen og propellaksling.

Steffen kom med ei god og ei dårleg nyheit ista; den dårlige: vi har seilt berre 97 nautiske mil idag (vilket betyr at atlanterhavskryssinga vil ta 27 daga med denne farta.....) og den gode: det er flott vær her ute;) Sol, 25 grader i kjølen og vind. Vi går som sagt berre i bikini, shorts og bleie.

Ellers hadde vi fest middag igår. Vi feira at bror min he forlova seg med verdens beste jente! og at vi har seilt 1000 nautiske mil. Spagetti og kjøttdeig!! namnam

Elia ord:
han driv å spara på ord bruken sin. Alle heiter mamma. Av og til pappa, men Steffen er så vanskeleg at han sei berre mamma, til Steffens store fortvilelse.
en, TO, tre.....då sei han ordet to
too = STOR ...feks too (fisk)
to to = tom, altså matfatet er tomt eller juicen er tom

reidun

fredag 28. november 2008

Nakenfisking av wahoo

Dagens rapport fra Stian:
Posisjon 27/11: 22.14N, 25.37W, klokka 19:00 (Gran Canaria tid).
I går og i dag har fiskeriet virkelig tatt seg opp. Gårdagens første napp var turens største høgdepunkt til no. Etter mange dagar utan livstegn til napp var vi langt ifra forberedt på det som skjedde. Eg (Stian) hang 7-8 meter bak båten på vårt kryssfiner surfebrett. Alle kom omsider i posisjon og fekk rulla seil og stoppa båt. Etter ein kort men intens kamp klarte Steffen å få fisken inn til skutesida medan eg stod med kleppen og Reidun stod til rors. Ombord lempa vi ein Wahoo på ca 1,5 meter og kansje ein plass mellom 30 og 40kg. Desverre har vi ikkje meir enn tre og ein halv mage å mette ombord så middag til 40 mann er det ingen vits å lage.
Etter dette første nappet har det egentlig vore fisk på kroken stadig vekk. Dette har vore mindre fisker(2-5kg) av typen Dorado/Dolphin.Vi tok ein av desse å steikte i panna etter som fiskeboka seier at dette skal vere meget god fisk (none better). Dei andre har fått sleppe ut igjen fordi kjøleskapet er fullt av Wahoo.
Siste døgnet har det og vore mykje flygefisk rundt båten. Vi fann ein på dekk i dagtidlig som Elia har leika med og kyssa på (Reidun er lite begeistra for det siste):)
Ellers har vi stort sett daglig besøk av delfinar, og vi fekk også besøk av ein enorm kval på sida som såg ut til å vere ein god del lenger enn Good Mood.
Alle har det bra ombord og et bananer alt dei klarer fordi alle har plutselig blitt overmoden.
Veret er godt med fin seilvind om dagen og av og til litt for lite vind om natta. No har vi forresten seilt ca en firedel av distansen.

Stian

ps: reidun kommentar: vi har nettopp ete ett kongemåltid. Stian steikte en stor wahoo file i aluminium med salt og pepper og smør og vatn. nydeleg godt!!
ps2: stian "glømte" å skrive en arti liten detalj då han skreiv om wahoo fangsten. Fordi shortsen fyk av når han bada etter båten i fart, hadde han tatt den av. Og då Steffen brølte at der va fisk på kroken, kjempa Stian seg opp i båten og sprang rundt i blanke messingen, kleppa fisk og lempa han ombord!! Bra jobba:)
Reidun

Wahoo (Kingfish)

Wahoo tilhører tunfisk/makrellfamilien og kan bli rundt 2 meter og 60 kilo. Holder til i åpnet hav, men ofte nære land. Kan bli rundt 2 meter lang og er en fin sportsfisk som gjerne taes ved dorging. Som de fleste andre tunfisker og makreller er den en ypperlig matfisk rå, stekt, kokt, tørket eller bakt i jordovn.


Gullmakrell (Dolfin-fish, dorado, mahimahi)

Gullmakrellen er vel egentlig ikke noe makrell, men svømmer i store flokker og har gullskimrende skinn. Holder til i åpnet hav og kan bli nærmere 2 meter (30 kilo). En flott sportsfisk, som gjerne taes ved dorging. En god matfisk som gjerne serveres stekt.

onsdag 26. november 2008

Foreløbig lite vind på det store hav

Klokka 04.30

No sitt eg her på nattevakta mi og det er beksvart rundt meg. Har ikkje sett ein einaste båt på mange dagar. Eg føle at vi er mutters aleine på ditta store havet. 4.døgnet i sjøen no. Og vi har allereie måtta starta motoren ett par gonga.Vist det skal fortsette slik med så liten vind, kjem dinna turen over atlanteren til å ta lang tid. Veldig lang tid. Vi regna med å sjå ARC deltakara om ikkje så lenge,dvs vist dei har valgt samme seilingsrute som oss.. Det fine med å sitte på nattevakt, er ....nei det e egentli ikkje nokke fint med nattevakte. Eg synst at dei er skumle. Tenk om det skulle blåse opp og bli høge bølger, og det skya til sånn at en ikkje såg verken stjerner eller måne. Fysj og fy. Hadde her no vør andre båta som vi kunne seila ilag med. Då hadde eg iallefall hatt nokre lanterner å feste blikket på. Eg veit ikkje koffor Stian ville reise aleine. Eg trur kanskje at han satsa på att alle tek oss igjen. Men det e bærre vist dei velge samme ruta som oss, og det håpe ej for deira eigen del at dei ikkje gjer. For her er ikkje vind. Vi må prøve å komme oss litt lenger sørover trur eg. Kjekt at vi får til å laste ned værmelding samtidig som eg sende ei oppdatering til heimesida. Det hadde dei ikkje i gamle dagar. Eg har foresten tatt av plasteret no...og håpe inderli at eg ikkje blir sjøsjuk. Grunnen til at eg spydde i starten av turen, var fordi eg var for seint ute å sette på plaster.. nei no må eg ha meg litt nattmat. Magen er veldig svolten og buldrar som ett lokomotiv. Igår såg vi forresten tunfisk. Dei svømte framom båten vår. Stian heiv ut en liten krok på ett fiskesnøre, og mange tunfiska kom settande....men neida, skulle ikkje bite på sluket og heller ikkje ta seg eit jafs av voblerane som alltid er i sjøen. Du skulla vør her pappa. Det er bærre du som klare å lokke dei på fiskekroken. Stian og Steffen var heilt fortvila over deira manglande interesse for desse kostbare voblerane.....litt seinere ut på dagen kom der mange delefina som virkelig koste seg i sjøn. Dei hoppa høgt og plaska ned i sjøen. Svømte i sikksakk og leika seg. Elia sa oi oi oi! Og peika vilt.. Det einaste morosamme med ei nattevakt, er at ein kan la fantasien få fritt spelerom. Igrår trudde eg feks at eg kræsja med ei stjerne:) Den var så lavt på himmelen og det var overskya så eg såg ikkje andre stjerner heller. Eg trudde virkeleg at det var ei lanterne framom båten vår. Satt lenge og lurte på om eg skulle endre kurs eller ikkje, då det gjekk opp for meg at lanterna var ei stjerne. Og alle dei skyene er morosamme når en kan gi dei ei form og inbille seg at det feks er land og fjell og dyr og slikt.

Nei no går eg å et mat.

Posisjonen vår er no klokka 13.00:

24.40N
21.20W

No et vi banana til den store gullmedalje. Dei modna altfor fort...Og so kom det en kjempestor kval og kika på oss ista(30 meter frå båten sei guttane..). Vi seila flott no med vind frå sør/aust og vi gjer ca 6 knop. Og vi ser ein seilbåt i det fjerne langt bak oss:) Ska tru om det er regatta båtane som tar oss igjen:)

reidun

mandag 24. november 2008

Kurs mot Caribien

Vi har tjuvstarta på ARC regattaen og kjem ikkje til å gå til Kapp Verde. Vi susar flott forbi øygruppa om nokken dagar, og reknar med å vere i Caribien om ca 20 dagar.

Fiskesnøra heng ute, men ingen fisk so langt. Elia, eg og Stian har spydd kvar sin gong, men er mykje bedre idag. Varierande medvind. gjennomsnitt farta på vinden er 15 knop. Båten gynga hit og dit i dei lange bårene på ca 1.5-2 meter. Akkurat no er det soloppgang og litt kald vind. Steffen og Elia søv, medan Stian og eg har vaktskifte. I går låg der faktisk ein liten blekksprut oppi cockpiten, og korleis den har komt seg dit er eit mysterium. Ellers fikk vi selskap av mange leikne delefina. like artig kvar gong:)

Vi har det ganske bra! Steffen steikte pizza til middag igår. Namnam:)

Posisjonen vår no: 23.11 klokka 8.30
26.21. N
18.05. W

fredag 21. november 2008

Yippi! No he ej fått hjelp med tempest gutten Sten og vi he fått til satelitttelefonoppkobling til pcen min. Flott. det betyr at vi kjem til å skrive nokken ord ute på sjøen. kor ofte det blir veit ej ikkje nokke om, men det blir ei lita oppdatering når vi får tia.

Vi går imorgo klokka 12.00.

Kurs Kapp Verde. Men om vi stikk innom vil været avgjere. Litt kjekt med eit lite avbrekk på ett tre vekers seilas. Turen til Kapp Verde tek ca 7 daga.

OkOk. No skal ej heim i båten og stue vekk resten av frukta og alle tinga som ligg laust.

reidun

Las Palmas - Kanariøyane

Hei og hopp. Her kjem ei kjapp lita oppdatering frå Gran Canaria - Las Palmas. Vi har hatt besøk av grytastrandinga (familien til Steffen)! Det var veldig kjekt:) Besøket var her berre ei veke, men vi rakk likevel å ete middagar ilag og kjøre sightseeing buss igjennom byen, besøke stranda og få barnepass medan vi andre provianterte for atlanterhavskryssinga. Dei ville legge ut nokre bilder frå turen i albumet på heimesida, så det blir kjekt å sjå:) Ellers hadde dei med seg pakka, julemanna og FENALÅR!! So vi skal ikkje lide nokka naud om vi skulle feire jul midt ute på atlanterhavet. Men slik det ser ut no so skal vi kunne klare å komme til Caribien i god tid før jul. Egentlig skulle vi reise samtidig med ARC som går den 23, men so sa vi at vi skulle til Kapp Verde men no ser det ut som vi får dårleg tid, vist oss skal gå litt samtidig som andre seilera over atlanterhavet. So det er mykje fram og tilbake i skrivande stund.



Ellers er det no ARC regatta sirkus her. mykje folk og seilera. kurs, parade, karneval og seine kveldar i lag med norske venna. Vi har truffe så mange nye norske seilera at eg har gått heilt i spinn. Her er 15 båtar som er påmeld i regattaen og så er her fleire norske som skal over atlanterhavet i eget tempo, slik som oss;)



Litt forvirra stemning ombord i Good Mood fortida. Den egenlige planen var å reise ilag med ARC regattaen over atlanterhavet. Derreter har vi hørt at vi er nødt til å besøke Kapp Verde øyane, så no er det fram og tilbake om vi skal reise innom der eller ikkje. Vi begynn å få knapp med tid, så vi må bestemme oss snart.

Dammen venta på oss. Vi skal berre sei hade til vennane våre og så møte dei igjen på andre sida og kanskje feire jul ilag. 3 veker på havet! sprøtt, men spennande også.

snakkast på hi sia;)reidun

lørdag 15. november 2008

GRAN CANARIA

Rykter har nådd Sunnmøre om at både "Good Mood" og fam. Grytten har komt til

Gran Canaria:


Ole-Mathias, Steffen m/ Elia, Perny og Atle.
(Else-Karin er nok fotograf)
Var dette ei lita overrasking for Steffen?

lørdag 8. november 2008

Helsing frå Andor

Ja, no har eg kome heim til kalde Norge etter eit 14-dagers besøk ombord på Good Mood på Tenerife.

Det har vore eit kjekt og spennande besøk. Eg vil ikkje skrive noko langt reisebrev, men vil heller legge ut "ei drøss" bilder som eg har teke, med korte kommentarer til. Håper det kan vere like interessant.

Så vil eg helse så mykje til alle eg traff på dei andre norske båtane. Kanskje vi treffest ved eit seinare høve!

English version:
Title: Hello from Andor

Yep, folks! I'm back in cold Norway after a two week visit on Good Mood in Tenerife.

It has been a fun and exciting visit. I'd like to make this short, but I've added lots of pictures with comments to the picture gallery. I hope You'll like it.

A big hello to all the guys I met at the other norwegian boats. Maybe I'll see You again some other time!

fredag 7. november 2008

Tenerife - Las Galletas


Ett lite hei frå oss på Tenerife! Vi har det veldig bra no. Stian og Elia er friske som fiskar og er i full gang med ablegøyer igjen etter 14 sjukedaga. Siste dagane har vi faktisk vore i havn(!) i Las Galletas og det har vore kjempekjekt!! For her ligg nemlig også Leikaren, Ruffen, Opportune og Las Primas! Vi er etterkvart blitt litt av ein stor familie og det er artig å sjå kvarandre og snakkast om dei ulike plassane vi har vore på og slikt. Det blir seine kveldar, med grilling og øl og brus på kaia, eller dykking og trening ilag.
Andor reiste heim på mandag og til no har vi berre vaska vanvitti mykje kle, skravla med nabobåtane og sette twinrix sprøyte på Elia og meg. Det siste var ikkje lett å få til, då vi har glymt å få med oss eit sånt helsekort som dei er så glad i her. Og dessutan nekta dei på doktorkonoret å sette sprøyte på Elia. Nei då måtte vi vist sykle mange kilometer til barnelegestyr.... så vi tok oss en tur inn til en privatlege for å høyre om han kunne hjelpe oss. Og med skjelvande hender sette han sprøytene fort og gale og ville berre ha 10 euro. ikkje nokke pass og ikkje nokke forsikringsstyr. enkelt og greit.
Etter 4 dagar i havna så for Steffen, Elia og Stian ut for å ankre opp utafor Las Galletas medan eg var ute på kafe sammen med Las Primas jentene. kjempekoslig, treng ein jentekveld av og til.
Litt trist at vi skal forlate vennane våre no, men vi håper at vi treff på dei ved seinere anledningar. Nokre av dei skal videre til Kapp Verde medan andre skal til Gran Kanaria. Det er vel dit vi seglar om nokre dagar vi også.
på gjensyn, reidun

onsdag 29. oktober 2008

Tenerife - Los Cristianos

Idag sneik eg meg ut av sjukehusbaten. fann ein internett cafe og tenkte eg skulle skrive nokken ord. desverre har dei ikkje norsk tastatur... so da blir det litt rare ord her og der, som ellers skulle inneholde siste bokstavane i alfabetet.

No har vi det ikkje fullt sa koselig. Som Hilde sa so herjar det ett virus ombord i good mood og humoret er ikkje heilt good... Elia stakkar har endelig begynt a ete mat igjen. Han har hatt mykje feber og store ekle munnsaar. Enkelte dagar aat han ikkje anna enn en youghurt. Og om nettene var han svolten og makkete og grinete. Og no har han gitt viruset videre til pappan sin. Stian hadde nesten 40 i feber i to dagar og har skikkeleg laakt i munnen og halsen. Eg ligg i senga mellom en glovarm Stian og en makkete Elia som sparka meg i ansiktet naar han droemme.

Troeste og baere meg.

Som om ikkje det var nokk so ligg vi oppankra paa ei badestrand, og dansar pa baarene som kjem innover stranda. Somme netter vuggar vi heilt enormt att og fram og ei natt var det like foer han svigerfar maatte legge seg ut paa stranda for aa ta seg innatt fordi han blei sjosjuk! Men etterpa har det gatt ganske bra og han har tilpassa seg livet ombord. Forstaaeleg nokk so har Andor og Steffen vore mykje iland og sjekka ut byen og slikt.

Det har ikkje vugga so gale heile tida. Nar det bles vind, so snur baten seg opp mot baarene og det blir ikkje so mykje bevegelsar. Litt artig a sja korleis Elia skal drikke melk fra ein kopp til domes. Han star pa fottene og lener seg hit og dit, alt etter korleis baten bevegar seg. Eg star klar med papir og skal torke opp etter han, men forunderleg nok so gar det heilt fint:)

"jjiiiiaaa" seier han av og til. Det betyr STIAN:) koo=sko . men eg trur han laerte sko ordet av onkel paal og farmor foer vi for pa tur. Og nar eg spor han om vi skal ta oss en tur i lettbaten so seier han; "wooom,woooom" og gjer en gass bevegelse med handa akkurat som om han vrir pa gassen. stilig fyr:) Han er forresten knall god a kjore lettbat. Foer han blei sjuk, var Stian og Elia i jolla og Elia skubba vekk handa til Stian, slik at han fekk styre sjolv. -Gi paa, sei Stian, og Elia vrir litt paa gassen... -slakk ned, slakk ned, sei Stian, og Elia slakka ned foer vi naermar oss stranda eller baaten... Ditta kan han:)

ellers har eg lyst heim. men sa vil eg ikkje heim likevel, nar eg hoyrer kor mykje sno og kulde og vind og regn der er heime... nei daa er det kjekkere a vere i varmen, a berre hoppe ut i sjoen om morgonen og ta eit deilig og varmt bad!

grunnen til at eg vil heim er vel at eg savnar familie og venner. dokke ma gjerne skrive meir meldingar til oss paa satelitt telefon:)!! Eg er vel ogsa litt sliten og skulla trengt nokken fridagar i eit hus, der ikkje alt star pa haude og vuggar heile tida. men Stian er redd for at eg ikkje kjem tilbake den tullingen, so eg faar rett og slett ikkje lov aa fare heim. hehe.. jaja...kanskje eg kan spare den turen til seinere.. vist det vise seg at vi reiser kjempelangt (til domes jorda rundt eller nokke saant), da blir der mange fleire anledningar til a komme heim og helse pa familie og venner.

Mange spoer kva vi skal gjer framover, og for aa vere aerlig so veit eg ikkje heilt. Einaste eg veit er at vi er pa Tenerife no, og at Andor skal heim pa mandag. So reiser vi mest truleg til Las Palmas for a treffe dei andre norske batene som ligg der. Vi gler oss veldig til a treffe igjen Rosea, baaten med familien Misund-Larsen fra Alesund ombord. Dessutan er det denne oya vi skal reise fra, vist vi skal reise samtidig som ARC regattaen gaar over atlanterhavet med kurs for Caribien.

Imorgo trur eg Stian er frisk nok for en biltur, so eg leigde bil for 3 dagar framover og vi kjem til a ta oss kjoreturar rundt pa oya. Ein av dagane vil vi opp pa fjellet ogsa, som er 3718 meter hogt.

Sidan eg er pa internett cafe, so blir det ikkje bilde oppdatering idag, men eg skal legge ut bilder neste gong eg er pa nett med eigen pc.

Det skal bli godt aa komme seg ut litt og ha eigen bil og sja litt meir enn berre stranda og bylivet her. Kanskje vi seglar ein tur til nabooya La Gomera etterkvart. hoyrte at det var ei veldig fin oy:)

pa gjennsyn,
sjukepleier reidun

torsdag 23. oktober 2008

Tenerife

No kosar vi oss veldig! Tenk å få jordbærsylte, skikkeleg heimelaga av beste kvalitet frå gryta na mor! Andor kom hit til Teneriffe med kofferten full av godsaker. Foruten jordbærsylta til Hilde, so var der shortsa, t-skjorter og drill til Elia, klatresko til Stian og melkesjokolade til meg. Eller den sjokoladen var vel igrunnen til alle den. Utruleg nok hadde Andor fått plass til mør i bagasjen sin også, så i går hadde vi svinemør og potetstappe til middag.

Turen over frå Madeira til Tenerife gikk veldig bra. Vi brukte ikkje sjøverksplaster denne gongen, og vart ikkje sjøsjuk! men så var de ikkje så mykje sjø heller... Det vil seie; Stian kjende på nokke uggent, men det varte ikkje lenge, ifølge han sjølv. Vi stoppa halvegs for å besøke ei øy midt uti havet. Selvagens ilands. Steffen og Stian dykka og gjekk iland på øya. Fekk forsyne meg ein morosam fisk på kroken også. Klarte ikkje å finne den i fiskeboka, vi steikte den og smaka på ... litt skeptisk men det smaka godt!

Etter at Andor har komt ombord med oss, så har vi dykka og dykka og dykka!

Vi sig langsmed land for å finne nye dykkerplassa;) og kanskje tek vi oss en tur over til La Gomera også.

Reidun

fredag 17. oktober 2008

Meir Besøk

No får vi endå meir besøk. Yippi!! Andor kjem til Teneriffe mandag 20 okt. så vi får skunde oss nedover til Kanariøyane. Planen er å reise i kveld og stoppe halvegs for å sjå på dei ubebodde øyane som ligg mellom Madeira og Kanariøyane. Værmeldingane er flotte og turen vil ta ca 2 dagar. pluss en dag på den øya kanskje.

Idag har vi farta rundt i byen Funchal, handla litt brød mat og mekka litt på motoren til Tempest, sjekk ut heimesida deira. mamma sei dei har flotte bilder frå madeira kjøreturen sin.

reidun

English version
Title: More visitors
We will now get more visits. Yippi!! Andor will come to Tenerife Monday 20th October, so we have to hurry down to Canary Islands. Our plan is to travel tonight and stop half way to look at the uninhabited islands that is between Madeira and Canary islands. The weather report is good and the trip will take just about 2 days plus maybe one day extra on that island.

Today we have been traveling around in the city Funchal, bought some bread, food and fixed some parts on the engine for Tempest. Check out their homepage. Mum sais they have some nice pictures from the trip trough Madeira.

Reidun

torsdag 16. oktober 2008

Madeira 15 okt

No har eg endeleg funne internett, så då skundar eg meg å skrive litt om kva vi har gjort på dei siste dagane.
Frå Porto Santo til naboøya Madeira er det ca 6 timers segltur. Eg tenkte at det ikkje var nødvendig med plaster for en så liten tur, dermed vart eg forsyne meg sjøsjuk. hehe... det viser egentlig kor god effekt det plasteret har. Så uansett kva du har hørt om plasteret mamma, så kjem eg til å fortsette å bruke det. Då vi kom oss til Madeira ankra vi opp i ei flott bukt. Der blåste det heftig frå fjella og ut der vi låg, men Stian hadde festa oss fast med 2 anker. Satt som fjell:)

Etter nokre dagar i bukta, gjekk vi inn til Funchal og der var det duka for festmåltid på brygga inne i marinaen. Kokkane ombord i Endely hadde stelt i stand til måltid med oksekjøtt, og pastasalatar og grilla kjylling og grønn salat til. Veldig veldig godt.

Men no skal dåkke høre det argaste. På vei inn til Funchal såg vi at der låg en kjent båt for anker og vi fikk bakoversveis då vi virkeleg kunne sjå at det faktisk var våre australske venner Mudskipper som låg der. Fantastisk. Verden er ikkje stor. Vi traff dei første gong for 4 år sida heime i Haram, då dei hadde ankra opp utafor Terøya. Deretter traff vi dei i Mandal då vi henta båten vår. Og så traff vi dei i Cascais for 2 år sida, då vi besøkte Helmax. Dessutan såg Stian båten då han var på reiseoppdrag i Gibraltar området. Stilig. det ser ut til at vi får sjå meir til vennane våre, då dei er på vei til kanariøyane og videre til Caribien og deretter gjennom Pannama og ut i stillehavet.

Ein dag vi hadde tenkt oss på fjelltur, enda vi opp med å leige bil og kjøre rundt øya. Veldig kjekt. Og lurt. Ellers så blir det vanskaleg å huske den eine plassen frå den andre, vist vi berre skal vere i havneområdet. Vi var 8 folk frå 4 båtar. Motgang, Ruffen, Leikaren og Good Mood.

So igår kom Steffen! jippi! Elia vart veldig glad då han såg han, han veit godt kven som vil leike og sei High five heile tida:) Han hadde med seg barne bøker til Elia, first price nudla til Stian og fiskepudding til meg:) hehe...stoor stas!

reidun

English version
I have finally found internet, therefore I now must hurry to write down some of what we have done in the past days.
From Porto Santo to Madeira is about 6 hour’s trip. I thought it would not be necessary to use the sickness patch since we were just going for a short trip, but I was wrong. I got seasick. Hehe… this shows how good effect the plaster has. So, whatever you have heard about the plaster mum, I’m still going to use it. When we came to Madeira, we anchored in a nice place. The wind was quite strong coming down from the mountains and out to the place we were, but Stian had dropped two anchors. Steady as a rock. :)

After some days in the bay, we went for a walk to Funchal, where there was prepared a delicious meal on the bridge inside the harbor. The chef onboard Endley made a marvelous menu including beef, pasta-salad and grilled chicken with salad. Very good.

Now, here comes something special.(But now you shall hear the wildest thing ever! )On our way (into) Funchal we saw that there was a familiar boat that was anchored and we could not believe our eyes when we found out that it was our friends from Australia, Mudskipper. Fantastic. The world is not big. We met them for the first time four years ago in Haram, they had dropped anchored up close to) outside Terøy. Thereafter we met them in Mandal where we got our boat. And then we met them in Cascais 2 years ago, when we visited Helmax. And, Stian saw them when he went on a job assignment in the Gibraltar area.

Cool. It looks like we are going to see our friends more since they are on their way to Canary Islands and further trough Panama and out to the Pacific Ocean.

One day we planned for a mountain trip, but we ended up driving all the way around the island in a rented car. Very nice and smart as well, because otherwise it could be hard to tell one place from another if ports and harbors is all we see.
One day we decided that we was going on a mountain trip, we ended up renting a car and driving around the island.

So, Yesterday Steffen arrived! Jippi! Elia was overwhelmed with joy when he saw him, he knows very well who’s that will play with him and say “high five” whole time with him :) He had brought with him children books to Elia, First price noodles to Stian and fish pudding to me :) Hehe… great!

Reidun

Porto Santo


Av og til har eg starta reisebreva med å skrive at overfarten gjekk igrunnen greit, over all forventning osv. Denne gongen må ordlyden bli litt anderleis.

Det gjekk igrunn ikkje greit. Vi var vel litt vel ivrig med å komme oss avgårde på søndagen. Dei andre ville vente ein dag før dei reiste, av forskjellige grunnar, men også pga for mykje vind. - ja men det er flott med mykje vind bakfrå, gjer ingenting, sa Stian, - då får vi flott medvindseilas! Jo, medvindseilas, DET fikk vi iallefall.

Då vi foret Cascais søndag 28 september, var det så kraftig vind på oppankringsplassen at mange av båtane gjekk inn i havna. Leikaren, Ruffen, Opportune, Tempest, Endely og Motgang vart verande igjen i Cascais, medan Rapsody in Blue og vi letta anker og sette seil med kurs for Madeira. Vi hadde sett på sjøverksplaster i god tid før avreise, for vi ville ikkje bli sjøsjuk når vi for første gong skulle prøve oss på 4 døgn seilas på havet, åleine. Elia vart desverre ganske fort sjøsjuk, men åt som vanleg godt med mat sjølv om han spydde det opp igjen. Heldigvis varte sjøsjuka til Elia berre i ein og ein halv dag. Etterpå leika han seg med å bygge hytte i cocpiten, bla i bøker eller fiske med fiskestanga si ned i salongen.

Vi hadde ganske stor og rotete sjø på heile turen. Av og til surfa vi fint på dei store bølgene som kom bak oss, men så hende det ganske ofte at der kom store sjøar inn på sida. Dette resulterte igjen til at vi vart kasta hit og dit og var i konstant rullande bevegelsar. Båten taklar det på eigen måte, og mannskapet følte ei stond at vi var havna i eit stort badekar som ikkje hadde styring i det heile. Likevel følgde autopiloten eller av og til vindroret, beint på streken på kartet som vi hadde tegna opp. Eg blir like forundra og imponert kvar gong eg ser kor bra det fungerar.

Einaste oppgåva vi hadde var å passe på at vi ikkje kræsja med andre båtar. Dette gjekk for så vidt greit om dagen, då vi kunne bruke dagslyset og sjå andre båtar når vi var på høgda av ein bølgetopp, men om natta vart det straks vanskelegare. Eg lika dårleg dei mørke nattevaktene. Første natta var det mykje skyer, så ein kunne ikkje bruke månelyset eller stjernene å sjå etter. Det var ganske svart. Kjekt at vi kunne sjå lanterna i mastetoppen til Rapsody in Blue. Dei gjekk litt fortare enn oss, så når morgonen kom så var dei vekk framom oss. Ut på dagen kom der en seilbåt imot oss og eg byrja å lure på om Rapsody hadde snudd. Men då var det faktisk ein seglbåt med blafrande seil og ingen mannskap på dekk. Eg prøvde å kalle dei opp på vhf men fikk ikkje svar. Det viste seg seinere at dette var ein seglbåt av svensk nasjonalitet der mannskapet måtte forlate skuta av ukjente grunnar. Dei hadde blitt fiska opp av ein tankar på søndag og dette var mandag. Det var trist å sjå seglbåten og eg var lenge redd for at der kanskje hadde døtte nokken i sjøen, så eg satt å kika i kikkerten etter folk i sjøen fleire timar etterpå.

Etter at eg hadde søve ei stond og kom opp i cocpiten så fekk eg sjå Stian heilt grøn i fjeset og dårlig. Då hadde han spydd for endte gong og orka knapt å ete knekkebrød. Han hadde styra på og leika med Elia og blitt frykteleg kvalm. Eg var heldigvis ikkje sjøsjuk og laga derfor mat, styrte båten og heldt utkikk etter andre båta medan Elia hjelpte meg. Stian fekk søve så lenge eg klarte å holde stand. I og med at Stian hadde blitt dårleg så tidleg på turen, satsa eg på at han skulle bli bedre etter 2 dagar, så eg tok maraton vakter for at Stian skulle bli fort frisk. Det viste seg at han vart meir sjøsjuk om natta då sikta var dårleg og heile båten berre gynga og velta på seg. Derfor la Elia og eg oss samtidig i 20 tida og så fekk eg søve litt før Stian vekte meg i 23 tida. Då sette eg på ei spennande lydbok (tusentakk Helmax!) og satt oppe til det lysna av dag. Problemet då var at Elia våkna berre en time etter at eg hadde lagt meg og eg måtte opp igjen for å hjelpe til å gi Elia mat og slikt. No er eg ikkje særleg grei i min beskrivelse med hensyn til Stian og sjøsjuke, men han har allereie gløymt kor dårleg han var. Kanskje det er fordi han helst vil gløyme. Det skulle no liksom vere generalprøva vår dette her, for å sjå om vi kan klare oss aleine ut i det store stillehavet..... tja, etter 4 døgn i sjøen fekk vi igrunn en god forsmak på kor utfordrande det er når ein av oss blir veldig sjøsjuk.

Eg laga no forskjellig mat og prøvde det meste for å lokke Stian til å ete. Vi hadde kjøpt oss deilige Pizza og desse ville Stian gjerne ha. Sorga var derfor veldig stor då han sette tennene i Pizza med TUNFISK!! I ein anna setting så kan det godt hende at han hadde likt det, men her kom det bære rett opp igjen og havna på sjøen. Pannekaker gjekk heldigvis ned på høgkant med begge guttane og det gjorde også skinke med pasta til. Elia var som sagt ikkje sjøsjuk siste dagane, så då fikk han vere inne og leike seg i senga, medan eg prøvde å søve. Ein av leikane han likte aller best var å bygge hytte av tepper og dyner. Han kraup langt inn og hylte og kosa seg inni ''hyttene'' sine, enten i senga eller i cockpiten.

Stian var faktisk sjøsjuk heilt til vi runda neset rundt Porto Santo og kunne ankre opp inne i havneområdet der. Siste dagen var han ikkje så dårleg at han spydde, men måtte konsentrere seg om å ikkje bli dårligere når mørket fall på.

Av redsle for å få fisk på kroken så turte vi ikkje å ha vobbleren ute når vi segla. Vi huska kva krefter som var i sving då vi fikk tunfisk på kroken i Bicaya. Vi var 4 mann der alle hadde kvar sine oppgaver. Snu og styre båten, ta ned seil som blafra, drage inn fisken og stå klar med kleppen. No var vi i to mann mindre og hadde stor sjø og sjøsjuke, så det vart ikkje fisk på oss denne overfarten.

Ein kveld Elia var ute saman med meg og låg å beundra stjernene frå cockpit golvet, vart han plutseleg offer for ei gedigen bølge som skylte over oss. Vi hadde bølger frå sida og bakfrå heile turen, men ingen som traff så perfekt og velta seg inn i båten med ei så voldsom kraft. Stakkars Elia. Han blei søkkvåt og låg under vatn i to sekund. Eg vart heilt lamma fordi bølga kom bak meg og eg var våt på heile kroppen. Stian hadde hørt båra og kom til unnsetning. Han tok imot Elia medan eg vrengde av han bodyen og bleia, så gjekk dei bak i senga og tulla seg inn i dyna. Eg har faktisk ikkje høyrt Elia skrike så vilt som sida han vart fødd. Han roa seg ganske fort når han fikk vere inne ilag med pappan under dyna, og det såg ikkje ut som han tok noko særleg skade av det bråe kalde badet.

I Porto Santo fikk vi endeleg søve ut etter overfarten. Det var vanskeleg å finne internett, men inne i sentrum kunne vi sufre på fri linje, så då fikk vi prata og vist fram Elia til ivrige besteforeldre. Ellers har vi bada i vanvitti klar sjø, Stian he fløge Paraglider og vi har gått på fjellet. Dessutan var det premiære på tv seriane som Opportune produserer frå seilturen. Vi var samla ein heil gjeng med nordmenn og kvinner :) for å feire sesong starten sjølv om den var for 3 veke sida. Lokal tv oppi nord en plass.

reidun

torsdag 2. oktober 2008

SMS frå Good Mood torsdag 2. okt. kl. 08:30

VI E FRAMME I PORTO SANTO.
Slitne etter 4 døgn i sjøen, men glade for at turen gjekk fint!
Reidun

mandag 29. september 2008

Cascais søndag 28.sept. kl. 14:30

No dreg oss opp ankeret og seila ut frå Cascais. D bles 25 knop rett medvind til Madeira, so ditte kan bli en flott seilas ilag med Rapsody in Blue. Leikaren, Opportune, Ruffen og Tempest går kanskje i morgo. Vi rekna me å ver på øya Porto Santo om ca 4 daga. Jippi. Vi ska endå lenger sør!

reidun (via sms til Hilde)

fredag 26. september 2008

25 sept. Cascais i Portugal



Det er veldig, veldig rart å vere i Cascais! Alle plasser som vi har besøkt til no, har vore nye og spennande stader, mens her i Cascais har vi faktisk vore før. Og i seilbåt! Til og med Elia har vert her, men tvilar på at han huskar så mykje, då han var inni magen min og berre eit 4 mnd gammalt foster. I oktober 2006 flaug vi ned til Cascais og besøkte Anne og Raymond Igesund ombord i seilbåten deira Helmax. Spennande tur, ikkje minst fordi vi tenkte at vi kanskje skulle tilbake hit engong. Og no er vi her; i eiga skute! Sprøtt!


Turen langs Portugalkysten gikk i 5 forskjellige etappar. Frå Baiona gjekk vi ut saman med Opportune og Ruffen til Porto de Leixous. Ombord i Opportune er Rune, Eva og Guro og i Ruffen seglar Steffen og Hilda. Svære dønningar og litt vind. Elia spydde mykje stakkar, men berre denne dagen, resten av turen til Cascais verka det som om han var kvitt sjøsjuka. I Porto de Leixous traff vi en anna norsk båt, Las Primas med Lene og Cecilie ombord, så vi for på restaurant alle sammen og fikk mat med syngande trubadurar til. Frå Leixous gjekk turen vidare til Aveiro. Der kom vi fram så pass tidleg at vi rakk ein tur iland så Elia fikk springe litt. Han var mest opptatt av alle som fiska frå bryggene. Kjempespennande når dei fekk fangst. Tidleg neste morgon starta vi turen frå Aveiro til Nazare. Og denne etappa vart mykje lengre en tidlegare. Vi kom fram i 21 tida om kvelden, men hadde hatt ein veldig flott tur. Seila litt og Elia fikk bade i stampen ute i cockpiten. Utruleg nok gløymde eg å ta bilder av hendelsen! Men det vert sikkert fleire anledningar. I Nazare låg Leikaren og hadde besøk av ungane sine. Kjekt gjennsyn! Nazare er ein flott landsby og det spesielle med den er at gamlebyen til Nazare ligg høgt oppe på eit platå. Vi tok taubanen opp og nytte utsikta over byen Nazare på den eine sida, og dei enorme sandstrendene på den andre sida. Stian hadde med seg paraglider, men fann ut at det var feil vindretning for å flyge. RuffenSteffen og Stian tok heller med seg paraglideren og leika seg i fjøra ved havna der båtane låg.

Om det er nokon som lurer på om vår Steffen har mønstra på igjen så er det feil altså. Stian har funne seg ein anna Steffen som han kan finne på masse sprell ilag med:) Ombord i Ruffen bor nemleg ein anna Steffen og kjærasten hans, Hildegunn. Og for å gjere forvirringa heilt komplett så vert ho populært kalla Hilda. Ikkje rart at Elia har begynt å kalle alle for mamma..... Han har totalt forelska seg i Hilda som har passa Elia litt og likar å leike seg med han. Så når vi var på sjøen og segla og Elia såg Ruffen båten så ropa han MAMMA av all kraft. -Nei, Hilda! sa eg. Ikkje vits i. I det siste er vist både pappa og steffen og Hilda og alle sammen blitt til mamma,/nanna, så eg har halvegs gitt opp. Utviklinga til Elia blir berre meir og meir interessant synast eg:)
Frå Nazare gjekk vi 4-5 timer ut til Ihla da Berlenga. Der var ikkje godt å ankre opp, så medan vi sleit og dregga ankeret, så ropte nokon frå ein liten båt at vi kunne låne mooringen deira til dagen etterpå. Den var berre i bruk nokre timar for dagen, til å kjøre turistar til og frå øya. Vi takka og bukka og fekk ligge der i 3 dagar faktisk. Las Primas, Opportune og Ruffen fann seg tilsvarande mooringar. Leikaren hadde allereie vore på øya og gått inn til Peniche.




Berlenga var ei fasinerande øy! Ei gammal borg frå 1600 talet, mange grotter og klart vatn. Men iiiis kaldt å bade. Stian dykka og buldra (klatra i fjellet utan tausikring). Eg drog på oppdagelses tur iland saman med Hilda frå Ruffen og Eva frå Opportune. Elia, Stian og Steffen kom iland etterpå dei også. Natta til avreise dagen gynga det so fælt i båten at det var vanskeleg å få skikkeleg søvn. Til og med Elia var sutrete fordi båten dansa so fælt. Dermed bestemte vi oss for å vere igjen ein dag til, og dei andre gjekk videre til Cascais. Denne dagen tok vi oss ein lengre gåtur iland og nytte utsikta utover havet.


Frå Berlenga til Cascais gjekk det ca 6-7 timar. Vi gjekk for motor stort sett heile dagen. Blikkstille hav og varm sol. Vi sola oss og laga pannekaker og i det heile tatt hadde en flott tur før vi runda neset og tøffa inn til havnebassenget i Cascais. Her var det fullt i seglbåtar! Dei låg oppankra tett i tett utafor marinaen. Mange forskjellige najonalitetar, men absolutt fleirtal av skandinaviske båtar. Seinere på kvelden vart det duka for ei samling inne på stranda, der mannskapet frå dei norske båtane deltok, pluss nokre svenska og danska også. Dei aller fleste er på vei til Caribien, men ikkje alle skal segle samme ruta. Kjekt å få høyre om andre sine opplevingar på havet, dele erfaringar og diskutere vidare ferd.


Dagane her i Cascais har gått med til klatring og endå meir klatring, då dette er plassen for klatre entusiastar. Eg trur Stian har klatra 4 dagar saman med ruffenSteffen og Hilda og Rune frå Opportune, som alle er klatrarar. Elia og eg har vore med av og til og sett på. Kjekt. Elia vil gjerne klatre han også, så det blir vel det neste vi invisterer i – ein klatresele for kids. Han har iallefall føtter skapt for klatresko, då lilletåane hans skråar heilt inn under dei andre tåane. RuffenSteffen og Stian har også surfa, og no medan eg sitt å skriv så inviterer han Stian med på dykking på VHF en saman med Eva og Rune frå Opportune. Alltids noko å gjere på når ein har kompisar oppankra tett i tett.


Følelsen eg fekk då vi runda neset inn til Cascais har byrja å sleppe taket, og eg er ikkje så engsteleg for å krysse havet over til Madeira som eg var tidlegare. Då vi besøkte Helmax i 06, vart eg både kvalm og småredd når vi skulle ut på ein aldri så liten segltur utanfor byen her. Eg huska at eg tenkte -Fy så glad eg er for at det ikkje er meg som skal krysse eit så stort hav i ein liten båt... Og no sit eg her. Skal krysse eit stort hav - i ein liten båt. Men ferda til no har gått over all forventning, vi har tilpassa oss livet ombord og blitt meir kjend med store dønningar og mykje vind. Ikkje minst blitt tryggare på båten og oss sjølve. Så no har vel egentleg følelsen gått frå å vere ein skummel tanke til å bli ei spennande utfordring.


Vi forlet ikkje Cascais endå, men blir her nokre dagar til. Kor tid vi går ut mot Madeira, ei reise som vil ta ca 5 dagar, er avhengig av værmeldingane sjølvsagt. Og det ser igrunnen ut som vi kan få ei flott overfart med mykje medvind.


No ropar Elia på mamma, og i og med at eg er den einaste i nærleiken, så reknar eg med at det var meg han ville snakke litt med. Han har nettopp hatt formiddagsluren sin og ventar snart på middag:)
reidun

onsdag 24. september 2008

24 september - Cascais

Vi er i Cascais no og kosar oss med klatring, surfing, proviantering(reidun) og ikkje minst gøy å vere ilag med så mange andre norske båtar. Har lagt ut nye bilder frå turen langs Portugal kysten. Skal lage ett aldri så lite reisebrev frå turen, når det blir tid. Vi blir nok her nokken dagar. Kor lenge veit vi ikkje endå, men vi skal ha gode vær utsikter før vi startar på turen til Madeira.

reidun

fredag 19. september 2008

18. september - Berlenga

Kort rapport frå Good Mood i dag. Dei har det fint, og ligg fortsatt ved øya Berlenga utanfor den vesle byen Pernich. Dei kosar seg, og Stian hadde fått roa litt loppene i kroppen med litt "buldring" saman med Steffen frå Ruffen.
Planen var at Good Mood skulle starte på ein ny ca. 12-timers-etappe videre sørover, nærare bestemt til Cascais, saman med både Ruffen, Oportune og Lasprimas i dag tidleg.
Det hadde så vore litt uroleg ver i natt, og Elia hadde også vore litt uroleg, så Good Mood valgte å utsette neste etappe ein dag, og starter sannsynlegvis sørover i morgon tidleg.

Hilde

torsdag 11. september 2008

Baiona

Har inga aning på kva dag det er idag. Veit berre at vi har det veldig bra her og vi kosar oss. Det er sjølvsagt litt kaldt her av og til, men det tar eg ikkje så tungt. Det blir tidsnok veldig veldig varmt, og vi kjem til å savne litt kulde. Men idag har vi no faktisk vore på stranda og sola oss litt. Klarte faktisk å brenne meg. Første gongen. Jada mamma, eg har hatt på aloevera på heile overkroppen. Ser ut som en rosa gris no. Eg er faktisk den kvitaste nordmannen av alle her.. eller den raudaste akkurat for øyeblikket.

Vi er altså i Baiona. Ligg oppankra ilag med Ruffen og Opportune. Vi traff dei første gongen i La Coruna og har holdt litt kontakt etterpå. Vi tenkte å gå ilag imorgo nedover Portugal kysten. Det blir en heftig seilas trur eg, med mykje medvind og store havdønninga.. Vi får sjå, vi har iallefall lyst å komme oss ett godt stykke nedover imorgo og finne syden...

Ellers har vi kosa oss med dykking og slappa av på Isla Cies, sjå meir i bilde albummet.

Avreise klokka 8 imorgo, so no tek eg natt.

Snakkast i Portugal:)

reidun

søndag 7. september 2008

Laurdag 6. sept...
Vi sitt oppe på ei festning og stjel internett frå ett hotell. Her e minst 2 bryllaup som blir feira + ett motorsykkeltreff. Venta på å bli jaga vekk ganske fort, då vi ikkje he på oss kjole og smoking som alle andre rundt oss her....

Vi har det fortreffeleg. Ligg oppankra i Baiona. Flott liten by i Galicia i Spania. Vart litt ekstra spennande natt til fredag då vi fekk mykje vind og regn. Vindmåleren viste 40 knop om morgonen og vi kunne skimte at nokon av nabo båtane dregga. Regne pøste ned, men det gav seg etterkvart. Vi låg bløggfast med anker og daumann;)!!

Elia har det ikkje så bra. Han er lei seg fordi alle folka for so fort heim. Plutseleg var der fullstendig tomt i båten. Han går stadig fram i forpiggen og ser etter Steffen.. Men han kjem forhåpentlegvis tilbake om en månad eller nokke sånt.

Høre rykter om at der er en skokk med norske båtar litt lenger nord i Spania. Blir kjekt å treffe dei når dei kjem nedover en gong:)

Imorgo reise vi til Isla Cies igjen for å bade, sole oss og bygge sandslott!

Reidun

La Coruna - Vigo



Reisebrev frå Bestemor i farta (for spesielt interesserte)

Endeleg var tida inne då eg kunne besøke Good Mood i Spania. Fekk ordna med ferie-dagar, men grudde meg litt for å reise åleine. Tenk så kunne Petter Sundnes bli med på ein tur, og billettar til La Coruna vart bestilt i ein fei!
Strålande flytur, men sjølvsagt kom ikkje bagasjen. - Tok buss frå flyplassen og inn til byen. Ein opplevelse!

Komne til båthamna, var det på med langhåra parykk og store solbriller, ville prøve å ''lure'' Einar – men dette var ikkje ei lita småbåthamn. Her var «ein skog av mastrer, av skrog ein mur» som det står i diktet. Fann ikkje Good Mood. Måtte fram med mobilen – Jau, Stian og Einar skulle komme på leiting - og Einar kjende meg på ganglaget, så då vart det gjensynsglede!

Dagen etter var det å gå på byen og kjøpe seg bh, truse og t-skjorte, mens vi venta på koffertane. Koseleg by. Ingen kan engelsk men snakkar rasande fort på spansk, som om eg skulle forstå noko av det. Beste bilda kjem aldri på trykk, er det sagt. De skulle sett meg då eg gjerne skulle kjøpe surmelk! Prøvde meg både på sognemål og fingerspråk og surt fjes! Enda opp med en pakke geitemelk – men den laga Stian nydelege pannekaker av dagen etter.

Fredag var det fleirtalsstemning for å seile til Vigo. Ein til to dagars seiling, og eg som blir sjøsjuk berre eg sit for lenge i ein gyngestol! Men sidan dette skulle vere min livs opplevelse denne hausten, så sette eg meg godt til rette i cockpiten. - Vi var ikkje komne langt frå La Coruna før vi møtte dønningar på to-tre meter, vinden var skiftande, så seilføringa var lita.

Men kvar vart det av sjøsjuka? Stian serverte varm spagetti med kjøttsaus mens båten gjekk på autopilot og seila inn i solnedgangen. Smaka fortreffeleg med etterfølgjande kaffi! Brått fekk vi auge på delfinar som leika seg i havet ikkje langt frå båten, elegante dyr.

Etter som landet kvarv, vart det meir og meir hav på alle kantar og nydeleg sol som seig i havet – Men kva var dette? Var det torden i det fjerne? No mørkna det meir og meir og brått var uveret over oss. Eg finn ikkje ord som beskriv denne fantastiske naturopplevinga. Først kom regnet, så lyn og torden, hav og himmel gjekk i eitt i eit einaste lysspel. Morilden dansa i bølgene rundt båten, og fiskestimar som kom og gjekk såg ut som dei var sjølvlysande!

Natta fall på og eg ville gå å legge meg, trengde ikkje lys, lyna kom så tett at heile rommet vart opplyst. Utruleg, men eg sovna likevel i full visse om at vi var i den Allmektige Gud si hand. ----
Klokka 10 laurdagsmorgonen seig vi inn i marinaen i byen Vigo, og Stian og Steffen, som hadde stått til rors heile natta, kunne ta seg ein velfortjent kvil.

I båthamna i Vigo hadde einkvan trena opp ein diger delfin til å lage lydar og hoppe høgt, ta med seg båtlina på nasa og såleis helse på nye seilbåtar som kom inn i hamna til stor moro for Elia og dei som filma.

Ungdommane ombord fann raskt ut kvar det var mest spennande å fare, så dagen etter gjekk seilturen til øy- gruppa Cies Islands. Ankra opp i ei bukt utafor hovedøya. Gutane for på oppdagingsferd og fann plassar å dykke og ei nydeleg badestrand. Dagen etter vart vi alle frakta inn til badestranda med gummibåten og åt middag på en fin restaurant der. Etter denne fine soldagen vart neste stopp Cangas, ein mindre by ikkje langt frå Vigo.

-----------

Ei anna historie, men som er like spennande, er korleis mannskapet har takla å ha så mange personar så tett innpå heile tida. Her har vi overnatta og fått gode måltid, seks vaksne personar pluss vesle Elia på eit og eit halvt år! Reidun reier opp sengar kvar kveld og skapar det om til opphaldsrom om dagen, kvar ho gjer av alt, er for meg ei gåte! Ut frå vegger og golv tryllast fram gotteri og matvarer, og vips, er bordet dekka til seks.

I ledige stunder, underheld Steffen og Stian med halsbrekkande akrobatikk, frå sit-ups i leideren til salto i sjøen! Vesle Elia apar etter så godt han greier, til stor moro for alle som ser på!

Det likaste er at dei seier det var kjekt å ha besøk, - så hermed er ide'n gitt vidare til andre som har lyst på ein aldri så liten seiltur. -

Tusen takk for meg!

Bjørg

mandag 1. september 2008

Vigo



Heisann godt folk!

Søndag 31 aug

Akkurat no er vi i Vigo. Vi har flott besøk av Petter Sundnes og Mamma Bjørg. Eg har faktisk ikkje vør på internett sia vi var i Frankrike, så idag har vi gått en tur opp i Vigo sentrum og fått lagt inn litt bilder frå Biscaya overfart og litt reisebrev. Ho mamma sei at ho vil gjerne skrive litt frå turen frå La Coruna til Vigo, så det blir litt fleire bilder og skriveri etterkvart.

Petter, mamma og papps reise heimover på fredag, og vi kjem til å vere her i Vigo til dei reiser. kanskje ankre opp og sjekke ut området rundt her. Vi må no ut til dei berømte Cies Islands og bade frå verdens finaste badestrand vistnokk.

reidun

Biscaya overfart

21/8 kl 11:00 gjekk Good Mood og Leikaren(båt frå Stavanger) ut frå Brest for å krysse Biscaya. Vermeldingane var gode og vinden skulle etterkvart dreie på ein fin nordvest. Etterkvart begynte karane å slakke ut fiskeutstyret for å prøve seg på storfangsten som Reidun meinte aldri kom. Det første nappet kom om morgonen andre dagen men først gjekk det ikkje heilt etter planen. Det er et styr å få stoppa ein båt som går for fulle seil samtidig som ein jobber med fisken. Derfor enda det med ein wire-stump og ingen fisk.

Litt seinare fortalte dei på Leikaren at dei hadde sett store tunfiskar som hoppa etter småfisk og då var snøret snart ute igjen. No var det heile betre planlagt enn første gongen, og når snøret begynte å rase ut på nytt tok Steffen og Reidun inn seil, Einar tok fiskestanga og Stian tok roret. Stemninga var god når ein Longfin Tuna på ca 3 kilo var komt på dekk. Snøret var snart ute igjen og etter ei stund begynte det å synge i snelda igjen. No fekk vi inn seila og snudd båten på rekordtid og Einar jobba hardt bak på stonga. Vi fekk først eit glimt av fisken nede i djupet før snøret rasa avgårde. Så viste det seg at vi hadde komt inn i ein stim av kjempestore tunfiskar. Desse jaga etter små stimfisk og vi fekk sjå fleire spektakulære hopp nært båten med fisk på godt over meteren. Einar var heilt gåen då kampen etter eit kvarter enda med at kroken desverre slapp taket i fisken. Dette var truleg ein fisk på størrelse med dei andre beista som hoppa rundt oss.

Etter nokre få timar blei det enda eit napp på troa og denne gangen fekk vi fisken ganske problemfritt ombord. Ein til tunfisk blei kleppa og løfta inn på dekk, og denne var på 10-12 kilo.
Det dukka og opp delfinar foran baugen med jevne mellomrom og dette var selfølgelig eit flott syn der dei leika seg heilt inn til baugen. Ein gong køyrde vi oss inn i ein flokk på 100-150 delfinar og Elia var stor i augene og peika villt.

Ut på kvelden tredje dagen dukka det opp ein finne som stod å peiva ut av sjøen og Stian var ikkje sein å legge om kursen for å sjå nermare på dette. Rett nedanfor skrogsida låg det ein månefisk og såg rett opp på oss med store auge. Steffen kom byksande frå lugaren sin og lurte på kva som føregjekk og i samme øyeblikk som han såg fisken så ropte Stian «kor e dykkermaska mi?!!» Før han skjønte kva som skulle skje var Stian allerede i vatnet krawlende mot beistet av ein fisk. Stian tok tak i fisken som ville ned i djupet men Stian ville det annleis. Han styrte fisken mot båten i eit solid basketak og lot etterkvart fisken få svinge seg ned i djupet. «Detta e de argaste ej he sett!!» brølte Steffen frå dekk.

Slik gjekk dagane over Biscayabukta og havet var så godt som flatt heile turen. Finere forhold kan ein ikkje ha på eit såpass berykta og omsnakka havstykke.

Steffen og Stian

søndag 24. august 2008

Landkjenning - Spania

Nærkontakt med månefisk.

Stian ringer laurdag 20:15 for å fortelje meir om fiskeri og anna spenning på havet!

Dei har fått ein tunfisk på ca 4 kg og ein på 10-12 kg, og slete snøret på endå større fisk. Dei har også møtt på ein kjempeflokk med delfin, med små ungar i lag med seg.

I dag oppdaga dei ein stor finne som stakk opp. Dei svinga bort for å undersøke nærmere, og Stian drog kjensel på fisken han har sett ein gong før, i Grytafjorden. Det var ein månefisk. Stian treiv dykkermaska og hoppa i sjøen, greip tak i den store fisken og fekk svinga den inn mot båten, og Reidun fekk filma episoden. Skinnet var ganske sandpapiraktig, så Stian vart oppskrapa og blødde litt, men kva gjer vel det i så spennande møte med så spesiell fisk.

I det eg spør om posisjonen, fær Stian akkurat auge på Spania. Dei reknar med å vere i hamn i morgon tidleg i La Coruna og posisjon akkurat no er 44° 14'N og 8° 02'W, seier han.
Andor

lørdag 23. august 2008

Satelittelefon frå Biscayabukta i dag kl. 15

"Hallo far - No e d kjempestemning her ombord kan du tru. Øss he komt midtveis i Biscayabukta og ligg å fiska midt i ein tunfiskstim med fisk opp i 100-kgs størrelse. Dei renne etter småsild, og ein hoppa 2M opp i lufta like attmed båten så vi fekk sjå den med eigne auge. Einar fekk ein på kroken, og snøret raste ut. Etter lang tids jobbing kom den så høgt at øss fekk sjå så vidt i den før den sleit snøret og forsvant. Einar og Steffen har no fått ut nytt snøre og håper på å få inn ein "sværing".
Vi har også hatt delfiner som ligg heilt framunder baugen så nær at vi nesten kan nå ned på ryggfinnane. Elles har vi fin seilvind inn frå sida og fint ver."

Andor

torsdag 21. august 2008

Brest i Frankrike

Å krysse den engelske kanalen gikk over all forventning. Skulle tru der var mykje sjø og dønninga etter alle dei lavtrykka som har hærja frå vest, men det var ikkje så gale som eg trudde. Vi gikk litt seint frå Falmouth (i 13 tida) så Elia sovna fort og sov heldigvis lenge. Stian og eg hadde utstyrt oss med plaster som sjølvsagt fjærna all sjøsjuke. Heilt utrulig stoff. Vi starta med å motor og seil, men etterkvart måtte seila ned, og vi gikk bære med motor resten av turen. Det resulterte i endel rulling, så når Elia våkna, så vart han ganske sjøsjuk. Ete middag, spy det oppigjen. Ete litt til, og så spy igjen. Når han såg ut til å få kontroll og flira og kosa seg, så spydde han plutseleg igjen. Men til kvelden roa sjøen seg mykje meir, og Elia fikk kveldsmat og rett i seng og sovna. Heldigvis utan å spy igjen. Eg vart fritatt nattevakta denne gongen, fordi det berre var for ei natt og Elia var uroleg om natta. Men guttane fikk den flottaste natta dei har hatt til no. Stjerneklart og måneskinn og mange kryssande båtar. Mykje trafikk oppover og nedover Engelske kanalen, men det gikk veldig greit. God sikt og god avstand.

Tidlegare på kvelden hadde vi storfangst ombord av Portugisiske krigssip. Det er iallefall det guttane trur det er. Stian og Steffen samla inn med håven og fekk plass til 6 skip i ei bøtte. Dei var ganske stilige med sine små segl. Rart å treffe på så mange portugisiske krigsskip så langt nord.

Inn til Brest gikk det heilt fint, og inne i havna såg vi to andre norske båtar og en svensk. Av dei norske, så skulle en nordover, medan den andre skulle sørover slik som vi. Men ikkje heilt til Karibien. Det skulle derimot svenske båten; en familie med tre ungdommar ombord. Kjem sikkert til å få sjå meir til dei.

Første dagen inne i havna, fekk vi sjekka værmeldinga og lufta oss. Eg hadde håpa på å få vaska litt kle, men der var så stappfult i havna at vi fikk ikkje strøm. Mange seilbåta som ligg her og venta på bedre vær over Biscaya. Utifrå værmeldingane vart det lenge til fint vær, så vi gikk berre ut av havna for å finna oss en plass å ankre opp. Men her er dårlig med lune oppankringsplassar, så vi vart liggande å rulle og stampe. Ikkje mykje søvn på Steffen, som ligg framme i forpiggen, då Ipod'en gikk tom for straum ei natt og han måtte ligge å høre på kjetting rasling og daumann bråk.

Vi gikk faktisk iland en dag for å sleppe båtrullinga og det var no igrunnen greit det. Stian hadde sett nokken ruina etter ei gammal borg i frå seilbåten og han ville at vi skulle spasere dit medan han tok gummibåten dit. Vi gikk og vi gikk ......og vi gikk. Innover skogen på en skogssti som vart berre dårligere og smalere. Og vi såg aldri noko ruin borg.. vi ringte til Stian og prøvde å gå etter det han såg frå båten, men det var håplaust. Dagens lekse: Landskap ser anneleis ut frå sjøen enn frå land. Vogna til Elia er forresten verdens dårlegaste vogn å trille i ulendt terreng, så av og til trudde eg at den skulle dette frå kvarandre. Utruleg nok så søv Elia ganske lenge. Etter en lang vei, opp tre bakka og ned en bakke, inn i en skog og over en jordbær åker, kunne vi endeleg skimte dissa ruin haugane og vi havna inn på en vei som forhåpentlegvis skulle føre oss dit.
Joda.... Militant ettelleranna.. ingen uautorisert personne har adgang her, stod det på eit skilt. Og ei stor veiavsperring i form av ei grind. Eg hadde no begynt på tilbake veien då eg høyrde bak meg at Steffen ringte Stian og spurde om vi ikkje bære skulle drite i ditta skiltet. Offamej. Han var temmelig irritert fordi vi hadde gått så veeeldig langt, og skiltet såg no egentlig veeldig gammalt ut... og dessutan so var ikkje porten stengt med hengelås... Vist oss virkeleg måtte gå heile den lange og vanskelige veien tilbake, så var det bra fristande å berre prøve seg på en aldri så liten spansk en vist oss skulle bli stoppa inne på forbudt område. Hæhæ??... Kan ikkjæ frænsj, hadde ej sagt då.

Vi slapp å bryte oss inn og vi slapp å snakke med militære. Steffen og Stian fann ut at vi måtte kunne klare å komme oss ned til stranda på ett vis, så skulle Stian møte oss der. Vi gikk så tilbake til jordbæråkeren, fikk med oss litt smaksprøve, vekte Elia, slo sammen vogna, hadde Elia på skuldrane, Steffen bar vogna, papa bar alt det andre, og så gikk vi gjennom ett svært bregne krater langs en smal sti og kom forsyne meg til slutt ned på ei lita strand. Der stod Stian og lurte på kor i all verden vi hadde gått og koffor vi hadde brukt så mykje tid. Han var no veldig klar for dykking, så Stian, Steffen og pappa heiv seg avgårde i gummibåten, bort til den oppankra seilbåten. Å jøyemejdå, alle mann vart klissvåte på grunn av dei store bårene og den overfulle gummibåten. Heldigvis var ikkje Elia og eg så tong som karane, så vi vart ikkje våt i det heile.

Stian og Steffen dykka etterpå ja, men såg ikkje handa framføre seg pga den grumsete sjøen. Dei klør i fingrane etter tropiske dykkerforhold, der en kan sjå laaaangt framføre seg.

-Det blir snart kara, det blir snart.

For å bøte på mangelen på klart vatn og fisk på kroken, drog vi en tur innom akvariet som ligg ved sida av Marinaen her i Brest. Dei sa at det var mest for Elia sin del, men eg høyrde kor dei spekulerte i kva fiskekroka dei skulle bruke på dei forskjellige fiskane og kor stor fangst dei skulle få på kroken. Etterpå var det rett bort til fiskeutstyrsbutikken og kjøpe inn sluk nr 101 og sterkare snøre til fiskestengene. Dei har god tru dissa karane. Den eine diktinga etter den andre om korleis det skal bli å få ombord svære beist på minst 100 kilo. -Då blir det steikt fisk til middag Reidun, sei dei. -Jada, sei eg.

Så endeleg har vi fått klarsignal om å reise over Biscaya bukta. Vi har etterkvart blitt mange båtar som ligg å ventar på godvær, og imorgo (torsdag 21 aug) ser det ut til at dei fleste vil gå. Dei siste dagane har vi lege her i Marinaen, utapå en anna norsk båt som heiter Leikaren. Ett skikkelig triveleg ektepar som har bygd ei colin archer skøyte, og reise no på ett års tur med den. Mest truleg vil vi gå saman med dei over Biscaya.

Ellers har vi hatt skikkeleg høst- vestlands vær. Det regna og regna og bles veldig mykje. Kald vind som bles heile tida.. Franskmennene har vist ikkje opplevd noko liknande august vær, på det dei kan huske. Eg er no vand med vestlandsvær, så for meg er det faktisk ikkje så farleg. Vi får nok av varme etterkvart uansett.

OG ei virkeli stor glad melding heilt tilslutt, mamma kjem på besøk!!! Yippi! Ho og Petter Sundnes(god venn av familien) kjem til La Corunia onsdag i neste veke og blir til fredag. (27 aug-5sept). Vi gler oss kjempemasse til dei kjem.

Ps1: Tusen takk for alle satelittmeldingane som tikka inn på telefonen. Eg forstår at det har vore eindel problem med å få til å sende lange medlinga, men det skal egentleg vere i orden no. Kanskje kan det vere ein idè å sende to meldinga istaden for ei kjempelang. Ser ut som dei litt mindre meldingane er lettast å få sendt. Og skriv gjerne avsender:)av og til lure vi på kven som har sendt til oss:)

Ps2: Til den som spurte om sikkerheita ombord: Vi har redningsflåte, nødpeilesender og brukar alltid vestar når vi er åleine på vakt. På lengre seiltura og mykje sjø og sånn, så brukar vi å feste oss fast med tau til båten.

Ps3: Pappa blir ikkje sjøsjuk!! Og ikkje Steffen heller tydelegvis. Dei kan gjerne sitte nede i båten når det rullar som verst, medan Stian og eg sitt oppe og kjempar tappert når vi ikkje har på sjøverksplaster. Sånn er vi bære laga folkens, skapt heilt ulike, nokon med ei evne og andre med ei anna evne. Fasinerande. Då vi var innom akvariet, vart eg ståande å undre meg over alle dei forskjellige rare fiskane som fanst. Gud må ha hatt det morsomt når han skapte alle dyra! - For en fantasi, sa eg til Stian. -Fy kor mykje tid han må ha brukt, svara han. Så begynte eg å kike rundt meg å studere alle dei forskjellige folka, og blei igrunn ståande å måpe. Her er no ikkje eit einaste menneske som er prikk likt. For ikkje å snakke om kor morsomme og rare vi er alle mann. Jøyemej. Snakk om fantastisk skaperverk!

Ps 4: Ei lita Elia oppdatering: Han har begynt å vise fleire følelsar som; skuffa (når han ikkje får leike med alle dei nye fiskekrokane), sint (når det er seint og han leikar seg med guttane og han må gå og legge seg), glad og deler ut klemmar utan videre. Han kan plutseleg finne på å sei heile ord heilt korrekt, men når vi prøva å få han til å sei det fleire gonga så blir det bære babbel. En gong sa han feks Åkei! Stian og eg bære såg på kvarandre og lurte på om det virkelig var han som sa det. Han har også begynt med å sei pappa, faktisk meir pappa enn mamma, særleg når han vil at vi skal ta imot han når han er ute i cokcpiten og vil inn. Eller at pappa skal ta imot en fisk frå fiskestanga si. Stian kjøpte nemleg ei leikefiskestong på det lokale supermarkedet, men den datt frå kvarandre bære vi såg på den. Så no har Stian fiksa og teipa, og fiskestonga er alle tiders. Akkurat sånn som karane har:)

Nei no må eg virkeleg stikke. Tenkte meg ein sykkeltur til butikken, før guttane våkna og vi gjer klart for avreise.

Turen over Biscaya tek ca tre døgn med ei fart på 5 knop trur vi.
Har mistanke om at dette blir ein flott tur:)

Over og ut

reidun

Kort melding frå Good Mood - Straks avgang frå Brest

Hadde kontakt med Reidun i kveld, og ettersom Good Mood berre har hatt svært dårleg internett medan dei har vore i Brest, har dei ikkje fått lagt ut nye reisebrev derifrå. Dei har det berre fint. I Biscaya var det no ca. 10 M høge bølger, og ikkje særleg freistande å starte på videre seilas i dag. Det ser det ut til at dette vil bli betre i morgon, og avgang over Biscaya mot A Coruna i Spania er planlagt torsdag 21. august ca. kl. 11:00 saman med Colin Archer-skøyta "Leikaren".
Meldingane no seier god medbør, og distansen over Biscaya er anslått til CA 3 døgn.
Kanskje kjem det eit reisebrev dir. frå mannskapet om nettet tillet det før dei kaster loss.

Hilde

torsdag 14. august 2008

Vi reise frå England

Då vart det bestemt. Vi ser at der er ei lita opning til å komme oss til Brest i Frankrike, så vi reise likegodt over no. Kjem til å ta ca 24 tima.

Snakkast i Frankrike.

Reidun

onsdag 13. august 2008

Mylor

Slik ser det det ut frå båten min idag. Mannfolka har tatt jolla inn til kaia, medan Elia og eg vart igjen i moodyn. Han søv middag og eg surfa på nett og legg inn litt bilde i galleriet og slikt.

Det var igrunnen god stemning ombord igår kveld, då vi hadde lasta ned værmelding og bestemt oss for å reise torsdag/fredag, men stemninga vart drastisk endra då ny værmelding kunne fortelle om endå to lavtrykk som kjem kastande på. Mannfolka he makk og vil ut, medan Elia og eg held igjen så godt vi kan.. Der er no både kjempestore bårer der ute og etterkvart mykje motvind så vi vil heller vere i Falmouth. Vi har litt kontakt med Tempest karane som ligg i Plymouth, og dei vil også vente, og sjå været an. Veldig bra for meg:)

Det nye vi har snakka om no, er å kanskje gå til Brest i Frankrike. Vi får sjå. Uansett kjem eg til å sei ifrå før, og når vi eventuelt reise her frå Falmouth.

Dagane ombord går med til boklesing, musikk lytting og utforsking av korleis halde seg iform ombord i en 42 fots båt. Steffen er ivrigast på denne nye hobbyen. Då vi var ute og seila langsmed England likte han spesielt godt å forsøke å ta armhevingar halvegs oppned, når vi seila og båten låg skikklei skeivt. Det er hardt å gå frå fleire tima med fotballtrening i veka til å sitte still og bære late seg dagane lang. Etter vi gikk frå Falmouth for å ankre opp i Mylor, så sprang Steffen og Stian på land og jogga seg en lang tur i regnværet. Dei har no heile tida dreve å sagt at dei har lyst å terge oksar(!), og det vart det gode sjangsar for no. På vei tilbake til båten tok dei en anna vei og havna inni ett gjerde med mange oksa. Og gjett om dei fikk springe! ikkje så høg i hatten då, når en flokk oksar kjem settande for å helse på dei to kjempetøffe(!) sunnmøringane. Ved enden av marka tok Steffen ett godt tak i gjerde og slengde seg over. Etterpå oppdaga han at det var ett piggtrådgjerde og at han klarte å treffe med hendene midt på piggane. auau..

Eg skulla gjerne sett det. Eller kanskje like greit at eg ikkje gjorde det, så kan vi leve i trua på at det var oksar dei terga og ikkje en søt liten flokk med melkekyr.. :)

Elia har forresten oppdaga korleis han skal pumpe doen. Han vil også trene skjønna dåkke, så no får pumpa virkeleg gjennomgå. Men å sitte på potte, nei det er for kjedelig. Heller tisse i bleia endå. Og så har han fått seg våtdrakt! Tøffaste gutten i verden no! Då han prøvde den på vart han bære ståande å undre seg over drakta. Prøvde å få tak i tisseluren, men det var ikkje lett sjølv om bleia mangla. Så no blir det nok bading i sjøen etterkvart.

Vi kjem til å ankre opp i den første bukta som vi låg før byen Falmouth. Eg reknar med at det blir middag når karane kjem ombord igjen, diesel fylling og so tøffar vi oss ut.
alltid kjekt å lese når nokken skriv litt til oss. Tusen takk for mail! Vi savnar folke heime og likar godt å høyre korleis det står til med alle!

over og ut, reidun