søndag 27. juli 2008

Ope hav 55°30'N 3°38'E

Søndag 27. juli kl. 12 fekk eg (Andor) rapport frå Good Mood.

Dei hadde gått frå Stavanger fredag ettermiddag, og turen hadde gått heilt fint til no. Dei har hatt fin seilvind frå søraust, men no hadde vinden byrja å løye så no måtte motoren startast i tillegg til segl. Reidun og Elia stod til rors akkurat, og resten av mannskapet var nede og sov. Alle var i god form.

Posisjon søndag kl. 12:

tirsdag 22. juli 2008

Bergen


21/7/08:
No ligg oss i bergen by og he seila hit i dag i knallver og gode seilforhold. Vindroret jobba heilt perfekt og sola lada batteria ombord. Elia he kvikna til og ser ut til å kose sej meir enn dagane før då han va litt sjøsjuk. Ellers litt småproblem som høyre med på en slik tur. Ei knekt spile i seilet og ei pumpe som takka for sej (den som pumpa ut dusjvatnet). Bære bagatella og de e kjekt å få testa utstyret før de bli ope hav. Steffen he kosa sej frampå dekk i sola og jobba med å få fram brunfargen. Kvar kveld sette han ut sniket (fiskeutstyr) sitt og he stor tru på middag neste dag. No e han på land og besøke kamerata her i Bergen. Loffskive med reke og majones til kvelds. Starta tidlig i morgå videre mot Stavanger. Må komme oss dit til Einar kjøm onsdags kvelden. He fått besøk av Therese Aarsund ombord her i bergen.

mandag 21. juli 2008

Siste nytt (Sognefjorden)

Siste nytt frå Good Mood er godt nytt. God bør og flatt hav. Dei er no i Sognefjorden og seglar med 6,5 knop. Syklar har kome ombord i Førde. I natt låg dei oppankra i ei heilt rolig og fin vik. Dei har treft Fritz og co, men har no skilt lag.

torsdag 17. juli 2008

Før avreise

No er det berre nokre få daga igjen før vi løyse tampane og seglar ut på det store eventyret som vi har sett fram til i mange år. Avreisedagen er sett til FREDAG 18 JULI ca klokka 1710.... Då rekk ho Anita å stå på kaia og sei hade ho også:) Reknar med der vil bli nokken bestemødre, fedre og venna som vil ønske oss god tur og grine litt når vi reise.

Siste vekene har gått utrulig fort. Mellom anna har vi vaska dieseltank så den skulle vere klar for havdønning og krapp sjø.. Har innstallert forskjellig oppi masta som tv antenne og Sea Me radartransponder. Rydda ut mange ting frå båten som ikkje skal ver med på tur og laga plass til all maten som skal ombord. Apropos mat, bunnpris gjekk amok og ga oss en "gi bort" pris på all maten vi hadde lista opp. Kjempegreier! Så no er det berre å prøve å finne plass til alt sammen. Ei oppgåve som blir hard å løyse. Dessuten kom Steffen med en kubikk med godsaker.

Gler oss stort til å endeli få løyst båten.

English version:
not yet available