fredag 1. august 2008

Vi skal samme vei som fuglane vi!


NO er vi faktisk underveis på langtur!! Og det beste av alt er at vi skal samme vei som fuglane flyg! Vi kosar oss ombord i moodyen. Nokken terga medan andre fyrer. Og atter andre syng en trall:)

Å krysse Nordsjøen gikk over all forventning. Første 2 dagane seila vi natt og dag og brukte ikkje motor før tredje dagen då det vart vindstille. Stian og eg sette på sjøverksplaster før vi drog frå Stavanger og eg er veldig overraska over virkninga . Eg som blir so vanvitti sjøsjuk, kjende ikkje tendensane eingong! Elia spydde nokre gonga, men åt godt med mat og drikke likevel. Vi hadde innført vaktordning der vi gikk 4 tima av og 4 tima på. Det fungerte igrunnen greit. I begynnelsen av turen var det mykje sjø og bevegelsa, så vi satt stort sett ute i cockpiten nesten heile dagane for ikkje å bli kasta hit og dit, men etterkvart vart det så stille sjø at vi kunne finne på ting nede i båten også. Spesiellt spennande med norsjøkryssinga var nattevaktene der vi måtte tyde lanternelysa på møtande båta og finne ut kva retning dei hadde sånn at vi ikkje kolliderte. Og så var det veldig kjekt å oppleve oljeplattformene om natta. Mange såg rett og slett ut som gigantiske juletre med all den belysninga. Personlig likte eg morgonane best. Då lysna det, og Elia våkna, og vi to kosa oss med frokost på dekk med masse hav på alle kanta. Av og til avbrutt av Elia sine ''sjå!sjå'' då det kretsa svære havsuler og kjalka rundt båten, og han peika og vinka like trufast kvar gong:) På slutten av norsjøkryssinga vart det omtrent flatt hav og motorkjøring. Litt vemodig å starte motoren etter så mykje seiling. Den bråka! Men den fekk oss framover istaden for at båten vart liggande å drive. Mandag kveld kunne vi skimte land! Kysten av England blinka mot oss med lysa frå hus og vegar. Vi var ikkje så veldig lysten på å prøve å komme oss inn i ei havn når det var mørkt, så vi bestemte oss for å gå lenger sørover til det lysna og dermed gå inn til ei havn i Harwich, innløpet til byen Ipswich. På natta fekk vi den første av dei mange overaskingane som skal komme i løpet av turen vår. Det blåste veldig opp og vi fekk skikkeleg motvind og krapp sjø. Båten dansa seg framover i mørket, mens vi speida etter båta og bøyer. På toppen av heile greia starta det å lyne nokke heilt voldsomt. Og vi som er 18 meter høg.... Det var skummelt. Kan like godt innrømme det med en gong. Ikkje særleg høg i hatten når svarte natta plutseleg blir opplyst i brøkdelen av eit sekund, og ein tel sekunda før torebraket kjem. Ikkje så veldig farleg for oss om lynet slår ned i båten, men det kan få katastofale følger for alt det elektriske ombord. Vi var ikkje interessert i å miste gps og kart so nær land, der vi sjonglerte mellom bøyer og grunner, men det slapp oss heldigvis. For å berolige engstelige bestemødre og slikt, så har vi med en del ekstra navigeringsutstyr. Godt å ha ekstra i slike tilfeller, sjølv om det kan ta si tid før ein klare å få det opp å gå. Endelig lysna det og toreveret bevega seg frå oss. Etter 3 døgn i sjøen kom vi oss inn til Harwich, ankra opp og åt eit godt måltid. Etterpå slappa vi av og gikk tildleg til køys, trøytte men veldig fornøgd med nordsjøkryssinga!

Her i Harwich har vi lagt for ankers i 3 daga no. Alle mann tok jolla inn til land på onsdag og sjekka ut staden. Veldig koseleg by. Vi trudde at vi måtte finne et eller anna havnekontor for å melde vår ankomst og få stempel i passa og slikt. Dermed gikk vi heile dagen frå kontor til kontor og vart sendt hit og dit. Då vi fann ei lommebok på veien og stakk innom politiet med den, kunne dei fortelle at vi ikkje trengte å registrere oss nokken plass. Jaja... Vi fekk no trimmen og sightseeing då. Vel heime i båten diska Stian opp med joika kaker og poteter faktisk. Ikkje ofte vi har poteter til middag:) Etterpå hoppa Steffen og Stian i sjøen etter å ha fyrt kvarandre med kven som var mest pingle eller ikkje. Kaldt var det iallefall. Etter å ha sjekka været på et meget ustabilt internett, bestemte vi oss for å reise torsdags morgon. For å få fylt diesel og vatn må vi inn i ei sluse og inn til ei lita, men stappfull havn. Artig opplevelse!

Vi har stort sett lagt for anker til no og det er egentlig heilt greit bortsett frå dårleg internett- forbindelse. Derfor sein oppdatering av heimesida. I dag (torsdag 31. juli) tenke vi at vi reise kanskje 10 timar eller meir langs med Englandskysten. Vi får sjå. Akkurat idag er vindretninga fin, men etterkvart ser det ut som vi får meir motvind.

Vår GPS-posisjon her vi ligg oppankra er: 51.56.900 N 001.16.653 E
sjekk ut Google Earth og finn lengdegrad og breddegrad på kartet, så får dåkke sjå nøyaktig kvar vi har sove dei siste dagane:)

No dreg Stian opp ankeret og vi tøffa oss ut mens vi et frokost.

Over og ut kari og knut:)

Reidun

ps: elia ord: schå,schå.....dææ(r). åååi åi.

Ingen kommentarer: