mandag 1. september 2008

Biscaya overfart

21/8 kl 11:00 gjekk Good Mood og Leikaren(båt frå Stavanger) ut frå Brest for å krysse Biscaya. Vermeldingane var gode og vinden skulle etterkvart dreie på ein fin nordvest. Etterkvart begynte karane å slakke ut fiskeutstyret for å prøve seg på storfangsten som Reidun meinte aldri kom. Det første nappet kom om morgonen andre dagen men først gjekk det ikkje heilt etter planen. Det er et styr å få stoppa ein båt som går for fulle seil samtidig som ein jobber med fisken. Derfor enda det med ein wire-stump og ingen fisk.

Litt seinare fortalte dei på Leikaren at dei hadde sett store tunfiskar som hoppa etter småfisk og då var snøret snart ute igjen. No var det heile betre planlagt enn første gongen, og når snøret begynte å rase ut på nytt tok Steffen og Reidun inn seil, Einar tok fiskestanga og Stian tok roret. Stemninga var god når ein Longfin Tuna på ca 3 kilo var komt på dekk. Snøret var snart ute igjen og etter ei stund begynte det å synge i snelda igjen. No fekk vi inn seila og snudd båten på rekordtid og Einar jobba hardt bak på stonga. Vi fekk først eit glimt av fisken nede i djupet før snøret rasa avgårde. Så viste det seg at vi hadde komt inn i ein stim av kjempestore tunfiskar. Desse jaga etter små stimfisk og vi fekk sjå fleire spektakulære hopp nært båten med fisk på godt over meteren. Einar var heilt gåen då kampen etter eit kvarter enda med at kroken desverre slapp taket i fisken. Dette var truleg ein fisk på størrelse med dei andre beista som hoppa rundt oss.

Etter nokre få timar blei det enda eit napp på troa og denne gangen fekk vi fisken ganske problemfritt ombord. Ein til tunfisk blei kleppa og løfta inn på dekk, og denne var på 10-12 kilo.
Det dukka og opp delfinar foran baugen med jevne mellomrom og dette var selfølgelig eit flott syn der dei leika seg heilt inn til baugen. Ein gong køyrde vi oss inn i ein flokk på 100-150 delfinar og Elia var stor i augene og peika villt.

Ut på kvelden tredje dagen dukka det opp ein finne som stod å peiva ut av sjøen og Stian var ikkje sein å legge om kursen for å sjå nermare på dette. Rett nedanfor skrogsida låg det ein månefisk og såg rett opp på oss med store auge. Steffen kom byksande frå lugaren sin og lurte på kva som føregjekk og i samme øyeblikk som han såg fisken så ropte Stian «kor e dykkermaska mi?!!» Før han skjønte kva som skulle skje var Stian allerede i vatnet krawlende mot beistet av ein fisk. Stian tok tak i fisken som ville ned i djupet men Stian ville det annleis. Han styrte fisken mot båten i eit solid basketak og lot etterkvart fisken få svinge seg ned i djupet. «Detta e de argaste ej he sett!!» brølte Steffen frå dekk.

Slik gjekk dagane over Biscayabukta og havet var så godt som flatt heile turen. Finere forhold kan ein ikkje ha på eit såpass berykta og omsnakka havstykke.

Steffen og Stian

Ingen kommentarer: