torsdag 21. august 2008

Brest i Frankrike

Å krysse den engelske kanalen gikk over all forventning. Skulle tru der var mykje sjø og dønninga etter alle dei lavtrykka som har hærja frå vest, men det var ikkje så gale som eg trudde. Vi gikk litt seint frå Falmouth (i 13 tida) så Elia sovna fort og sov heldigvis lenge. Stian og eg hadde utstyrt oss med plaster som sjølvsagt fjærna all sjøsjuke. Heilt utrulig stoff. Vi starta med å motor og seil, men etterkvart måtte seila ned, og vi gikk bære med motor resten av turen. Det resulterte i endel rulling, så når Elia våkna, så vart han ganske sjøsjuk. Ete middag, spy det oppigjen. Ete litt til, og så spy igjen. Når han såg ut til å få kontroll og flira og kosa seg, så spydde han plutseleg igjen. Men til kvelden roa sjøen seg mykje meir, og Elia fikk kveldsmat og rett i seng og sovna. Heldigvis utan å spy igjen. Eg vart fritatt nattevakta denne gongen, fordi det berre var for ei natt og Elia var uroleg om natta. Men guttane fikk den flottaste natta dei har hatt til no. Stjerneklart og måneskinn og mange kryssande båtar. Mykje trafikk oppover og nedover Engelske kanalen, men det gikk veldig greit. God sikt og god avstand.

Tidlegare på kvelden hadde vi storfangst ombord av Portugisiske krigssip. Det er iallefall det guttane trur det er. Stian og Steffen samla inn med håven og fekk plass til 6 skip i ei bøtte. Dei var ganske stilige med sine små segl. Rart å treffe på så mange portugisiske krigsskip så langt nord.

Inn til Brest gikk det heilt fint, og inne i havna såg vi to andre norske båtar og en svensk. Av dei norske, så skulle en nordover, medan den andre skulle sørover slik som vi. Men ikkje heilt til Karibien. Det skulle derimot svenske båten; en familie med tre ungdommar ombord. Kjem sikkert til å få sjå meir til dei.

Første dagen inne i havna, fekk vi sjekka værmeldinga og lufta oss. Eg hadde håpa på å få vaska litt kle, men der var så stappfult i havna at vi fikk ikkje strøm. Mange seilbåta som ligg her og venta på bedre vær over Biscaya. Utifrå værmeldingane vart det lenge til fint vær, så vi gikk berre ut av havna for å finna oss en plass å ankre opp. Men her er dårlig med lune oppankringsplassar, så vi vart liggande å rulle og stampe. Ikkje mykje søvn på Steffen, som ligg framme i forpiggen, då Ipod'en gikk tom for straum ei natt og han måtte ligge å høre på kjetting rasling og daumann bråk.

Vi gikk faktisk iland en dag for å sleppe båtrullinga og det var no igrunnen greit det. Stian hadde sett nokken ruina etter ei gammal borg i frå seilbåten og han ville at vi skulle spasere dit medan han tok gummibåten dit. Vi gikk og vi gikk ......og vi gikk. Innover skogen på en skogssti som vart berre dårligere og smalere. Og vi såg aldri noko ruin borg.. vi ringte til Stian og prøvde å gå etter det han såg frå båten, men det var håplaust. Dagens lekse: Landskap ser anneleis ut frå sjøen enn frå land. Vogna til Elia er forresten verdens dårlegaste vogn å trille i ulendt terreng, så av og til trudde eg at den skulle dette frå kvarandre. Utruleg nok så søv Elia ganske lenge. Etter en lang vei, opp tre bakka og ned en bakke, inn i en skog og over en jordbær åker, kunne vi endeleg skimte dissa ruin haugane og vi havna inn på en vei som forhåpentlegvis skulle føre oss dit.
Joda.... Militant ettelleranna.. ingen uautorisert personne har adgang her, stod det på eit skilt. Og ei stor veiavsperring i form av ei grind. Eg hadde no begynt på tilbake veien då eg høyrde bak meg at Steffen ringte Stian og spurde om vi ikkje bære skulle drite i ditta skiltet. Offamej. Han var temmelig irritert fordi vi hadde gått så veeeldig langt, og skiltet såg no egentlig veeldig gammalt ut... og dessutan so var ikkje porten stengt med hengelås... Vist oss virkeleg måtte gå heile den lange og vanskelige veien tilbake, så var det bra fristande å berre prøve seg på en aldri så liten spansk en vist oss skulle bli stoppa inne på forbudt område. Hæhæ??... Kan ikkjæ frænsj, hadde ej sagt då.

Vi slapp å bryte oss inn og vi slapp å snakke med militære. Steffen og Stian fann ut at vi måtte kunne klare å komme oss ned til stranda på ett vis, så skulle Stian møte oss der. Vi gikk så tilbake til jordbæråkeren, fikk med oss litt smaksprøve, vekte Elia, slo sammen vogna, hadde Elia på skuldrane, Steffen bar vogna, papa bar alt det andre, og så gikk vi gjennom ett svært bregne krater langs en smal sti og kom forsyne meg til slutt ned på ei lita strand. Der stod Stian og lurte på kor i all verden vi hadde gått og koffor vi hadde brukt så mykje tid. Han var no veldig klar for dykking, så Stian, Steffen og pappa heiv seg avgårde i gummibåten, bort til den oppankra seilbåten. Å jøyemejdå, alle mann vart klissvåte på grunn av dei store bårene og den overfulle gummibåten. Heldigvis var ikkje Elia og eg så tong som karane, så vi vart ikkje våt i det heile.

Stian og Steffen dykka etterpå ja, men såg ikkje handa framføre seg pga den grumsete sjøen. Dei klør i fingrane etter tropiske dykkerforhold, der en kan sjå laaaangt framføre seg.

-Det blir snart kara, det blir snart.

For å bøte på mangelen på klart vatn og fisk på kroken, drog vi en tur innom akvariet som ligg ved sida av Marinaen her i Brest. Dei sa at det var mest for Elia sin del, men eg høyrde kor dei spekulerte i kva fiskekroka dei skulle bruke på dei forskjellige fiskane og kor stor fangst dei skulle få på kroken. Etterpå var det rett bort til fiskeutstyrsbutikken og kjøpe inn sluk nr 101 og sterkare snøre til fiskestengene. Dei har god tru dissa karane. Den eine diktinga etter den andre om korleis det skal bli å få ombord svære beist på minst 100 kilo. -Då blir det steikt fisk til middag Reidun, sei dei. -Jada, sei eg.

Så endeleg har vi fått klarsignal om å reise over Biscaya bukta. Vi har etterkvart blitt mange båtar som ligg å ventar på godvær, og imorgo (torsdag 21 aug) ser det ut til at dei fleste vil gå. Dei siste dagane har vi lege her i Marinaen, utapå en anna norsk båt som heiter Leikaren. Ett skikkelig triveleg ektepar som har bygd ei colin archer skøyte, og reise no på ett års tur med den. Mest truleg vil vi gå saman med dei over Biscaya.

Ellers har vi hatt skikkeleg høst- vestlands vær. Det regna og regna og bles veldig mykje. Kald vind som bles heile tida.. Franskmennene har vist ikkje opplevd noko liknande august vær, på det dei kan huske. Eg er no vand med vestlandsvær, så for meg er det faktisk ikkje så farleg. Vi får nok av varme etterkvart uansett.

OG ei virkeli stor glad melding heilt tilslutt, mamma kjem på besøk!!! Yippi! Ho og Petter Sundnes(god venn av familien) kjem til La Corunia onsdag i neste veke og blir til fredag. (27 aug-5sept). Vi gler oss kjempemasse til dei kjem.

Ps1: Tusen takk for alle satelittmeldingane som tikka inn på telefonen. Eg forstår at det har vore eindel problem med å få til å sende lange medlinga, men det skal egentleg vere i orden no. Kanskje kan det vere ein idè å sende to meldinga istaden for ei kjempelang. Ser ut som dei litt mindre meldingane er lettast å få sendt. Og skriv gjerne avsender:)av og til lure vi på kven som har sendt til oss:)

Ps2: Til den som spurte om sikkerheita ombord: Vi har redningsflåte, nødpeilesender og brukar alltid vestar når vi er åleine på vakt. På lengre seiltura og mykje sjø og sånn, så brukar vi å feste oss fast med tau til båten.

Ps3: Pappa blir ikkje sjøsjuk!! Og ikkje Steffen heller tydelegvis. Dei kan gjerne sitte nede i båten når det rullar som verst, medan Stian og eg sitt oppe og kjempar tappert når vi ikkje har på sjøverksplaster. Sånn er vi bære laga folkens, skapt heilt ulike, nokon med ei evne og andre med ei anna evne. Fasinerande. Då vi var innom akvariet, vart eg ståande å undre meg over alle dei forskjellige rare fiskane som fanst. Gud må ha hatt det morsomt når han skapte alle dyra! - For en fantasi, sa eg til Stian. -Fy kor mykje tid han må ha brukt, svara han. Så begynte eg å kike rundt meg å studere alle dei forskjellige folka, og blei igrunn ståande å måpe. Her er no ikkje eit einaste menneske som er prikk likt. For ikkje å snakke om kor morsomme og rare vi er alle mann. Jøyemej. Snakk om fantastisk skaperverk!

Ps 4: Ei lita Elia oppdatering: Han har begynt å vise fleire følelsar som; skuffa (når han ikkje får leike med alle dei nye fiskekrokane), sint (når det er seint og han leikar seg med guttane og han må gå og legge seg), glad og deler ut klemmar utan videre. Han kan plutseleg finne på å sei heile ord heilt korrekt, men når vi prøva å få han til å sei det fleire gonga så blir det bære babbel. En gong sa han feks Åkei! Stian og eg bære såg på kvarandre og lurte på om det virkelig var han som sa det. Han har også begynt med å sei pappa, faktisk meir pappa enn mamma, særleg når han vil at vi skal ta imot han når han er ute i cokcpiten og vil inn. Eller at pappa skal ta imot en fisk frå fiskestanga si. Stian kjøpte nemleg ei leikefiskestong på det lokale supermarkedet, men den datt frå kvarandre bære vi såg på den. Så no har Stian fiksa og teipa, og fiskestonga er alle tiders. Akkurat sånn som karane har:)

Nei no må eg virkeleg stikke. Tenkte meg ein sykkeltur til butikken, før guttane våkna og vi gjer klart for avreise.

Turen over Biscaya tek ca tre døgn med ei fart på 5 knop trur vi.
Har mistanke om at dette blir ein flott tur:)

Over og ut

reidun

Ingen kommentarer: