lørdag 9. august 2008

Falmouth

No kjem eit litt lengre reisebrev frå ferda vår langs med england sin kyst. blir det for langt so får dåkke bære dele opp, for det blir lenge til neste gong;)

So har vi altså komt oss til Falmouth. Vi har igrunnen skonda på nedover langs kysten for å komme oss so fort som mulig hit slik at vi kunne krysse Biscaya snart.

Desverre var vi ikkje raske nok. No kjem der altså ett voldsomt lavtrykk innover englandskysten og det kjem til å blåse hatteføk. Vi hadde bære fått mykje motvind om vi hadde prøvd oss på Biscaya no, så vi blir liggande i Falmouth nokken daga, til lavtrykket har passert.

men det er igrunnen greit. Falmouth er en veldig trivelig by. Gatene er smekkfulle av koselige småbutikkar som inneheld alt mulig rart på en gong. Då vi var innom ei sånn lita sjappe, kom vi ut igjen med mykje rart i handleposen; småkaker, fiskekroka, startkabla, flugepiske og ei potte til Elia;)

Men kanskje oss skal ta ett tilbakeblikk på kva oss har gjort på dei siste dagane. Forrige reisebrev var frå Dover. Der låg vi frå laurdag til mandag 4 august. Sjølv om det var mykje vind og litt sjø, reiste vi videre klokka 9.00 mandag morgon. Det varierte mykje frå å vere motvind til seilvind og bårer og motstraum. Vi var faktisk heilt ned i 2,5 knop fart på det verste. Ein skal vist ikkje undervurdere motstraumen langs med englandskysten, men vi måtte uansett framover og der var veldig dårlig med havner å gå inn til. Vi tok sikte på å nå fram til Brighton, men var redd det blei mørkt før vi nådde fram. Og det vart det også. Klokka var 04.00 (tirsdag) då vi endelig kom oss inn i ei lun og stappfull havn, og kunne slenge oss ned på senga og ta natta. Men den gong ei. Elia vart so kjempeglad for at motoren stoppa og han kunne bevege seg i ein stille båt utan å spy, at han feira med å sprette rundt i senga og hoppe på fjeset til mora si. Det vart minimalt med søvn den natta. Om morgonen hørte vi at folk begynte å styre på for å få båtane sine ut av den overfylte marinaen, dei skulle ut og segle. Er det nordover folk har tenkt seg? spurde vi. Jo, nokon skulle nordover, men dei allerfleste skulle faktisk sør/vest, altså lenger nedover langs kysten fordi det var så flott seilvind!! Ditta var nesten for godt til å vere sant. Men eg sprang opp på marina kontoret for å høre om vi måtte betale litt for oss, før vi ville prøve oss ut vi også. SVIM AV. Mannen bak skranken ville ha både navn og adresse og reisemål og båt type og alt mulig dill dall båt info og på toppen av heile kransekaka so skulle han ha 31 pund takk. Trøste og bære. Og vist ikkje oss for ut før klokka 12 om morgonen so måtte vi betale nye 31 pund. Nei, det får no være måte på. Eg har no skreve før at Stian er gnien, men no var det min tur å få bakoversveis. Sjølv om vi var sliten og godt kunne tenke oss å vente litt før neste reis, bestemte vi oss bære for å prøve på igjen og håpe på seilvind.

Elia vart lei seg då vi starta motoren og tøffa ut. Han grein faktisk. Ikkje kjekt nei, men eg trur det var en kombinasjon av at han ikkje ville ut på tur igjen og at det nærma seg formiddagsluren hans, for tett etterpå so sovna guten. Heldigvis fekk vi god seilvind og medstraum og det gikk unda med 8 knop fart! Vi kom oss etterkvart inn i le for den store øya utafor southhampton og portsmouth og ankra opp i 23.00 tida. Atter en dag med mykje seiling, lite spying og stortsett fin tur. Men vi hadde ikkje fått kvilt oss skikkeli ut etter forrige etappe så det måtte vi få ta igjen her i Cowes.

Jommen sa eg kvile oss ut. Nei ikkje ditta mannskapet nei. (Onsdag). Etter en god frokost så sparka vi oss videre ut av fjorden og fikk faktisk ingen seilvind, men mykje medstraum og stille hav. Vi stevna rett ut og tenkte ikkje å gå meir enn ett lite stykke dinna gongen. Fristelsen med å fortsette vart derfor altfor stor då vi hadde så flott medstraum, og av og til seilvind, at vi gikk videre sjølv om det nærma seg natta. Og utover kvelden vart der diska opp med 2 pizza fyllt med masse kjøttdeig, løk, mais og ananas! Smellgodt!

Men ut på morgon kvisten (torsdag) var ikkje dama ombord god. Ho var tvertimot illsint. Kombinasjon lei, trøtt, sliten og kvalm er ikkje bra, og dei som fikk gjennomgå var stakkars Steffen og Einar. Dei satt på vakt då sinteReidun kom på vakt. Hjelpe meg. Dei angra bittert på at dei ikkje hadde svinga inn og ankra opp bak neset før vi sette igong med siste store etappa før Falmouth. Då Stian kom på vakt to tima seinere, var det like før han måtte kaste kona på sjøen (med tau rundt magen vel og merke), så ho skulle få kjøle seg ned. Jaja... ikkje greit, men slik går dagane av og til. Ho fikk no roa seg ned etterkvart sjølv om kvalmen var stor og Elia spydde fleire gonga. Slik blir det når en ikkja har seilvind, men bære rullesjø. (sorry pål, rakk ikkje å ta bilde av spyinga, vart ikkje akkurat prioritert, men det blir antagelivis mange fleire anledninga framover..)

Endelig kom vi oss inn til Falmouth, der vi fann oss en fin plass å ankre opp. Etter kylling, ris, salat og loff, tok vi oss en liten tur iland og gikk på jungelsafari. Og leika på sandstranda. Steffen og Stian konkurrerte om å få mest hopp med flate steina, mens Elia fyllte støvlane sine med sjø. Han ville også kaste steina. Og helst plukke opp dei som låg langt ute i stranda.

Morgonen etterpå (fredag) tok vi det kuli og stressa ikkje med å gå inn til byen for å finne ut om værmelding og slikt. Som vanlig hadde Steffen sett ut lina si med fiskekroka på, og Stian hadde sett ut to teine. Med mykje makrellagn på alt. Denne morgonen drog vi opp en einaste stor vase der der var ein en fisk innetulla i masse tau og styr. En hai faktisk. Iallefall relatert til haifamilien sei karane.

So no er vi altså i Falmouth og ett lavtrykk er på veg. Våkna idagtidleg (laurdag) av at det bles og vi er litt for nær båten framom oss. Her er mange båtar. Men vi går ut og ankrar opp etterkvart sei Stian. Pappa Einar vil gjerne på sekkepipe konsert ikveld, så vi ankrar ikkje så langt frå land.

Elia ord: haaiiiæææ (hade) etterfulgt av en kongelig bevegelse med handa si. Steffen og Elia vinka omkapp til alle seilbåtane vi passerar. Det vart mykje trening igår, då vi skulle inn hit.

No går Steffen ut får å kjøpe seg kaffi opp i gatene her. Som han sa sjølv så var her så vanvitti mykje styr på benken at han fann ikkje blusset og kaffi kjelen. Då får eg vel slutte av og rydde litt tenke eg. Organisere litt i rotet vårt.

reidun

3 kommentarer:

Anonym sa...

ps: veldi veldi kjekt å lese i gjesteboka frå alle som kjem med helsingar!!! og de e sjølvsagt artig at det tikkar inn ei melding i ny og ne på satelittelefonen. Stor stas, vi hiv oss over telefonen når den pip:)

ps 2: skriv gjerne i bloggen also! enten de e kommentara, eller ei etterlysing, eller rett og slett ei meinings ytring om ka som helst;)

Anonym sa...

Hei søster!
Kjekt å høre fra dokke og ikkje minst at dokke he det bra! :) Ej he søtte hær å lest med et smil som det sikkert blei rynker av! Gud velsigne og beskytte dokke alle.

Klem
Per Håvard

Anonym sa...

Kjekt å lese reisebreva dåkka! Utrulig tøft å sette avgarde med så mykje sjøsjuke latent i kroppen:-)

Arild H