fredag 26. september 2008

25 sept. Cascais i Portugal



Det er veldig, veldig rart å vere i Cascais! Alle plasser som vi har besøkt til no, har vore nye og spennande stader, mens her i Cascais har vi faktisk vore før. Og i seilbåt! Til og med Elia har vert her, men tvilar på at han huskar så mykje, då han var inni magen min og berre eit 4 mnd gammalt foster. I oktober 2006 flaug vi ned til Cascais og besøkte Anne og Raymond Igesund ombord i seilbåten deira Helmax. Spennande tur, ikkje minst fordi vi tenkte at vi kanskje skulle tilbake hit engong. Og no er vi her; i eiga skute! Sprøtt!


Turen langs Portugalkysten gikk i 5 forskjellige etappar. Frå Baiona gjekk vi ut saman med Opportune og Ruffen til Porto de Leixous. Ombord i Opportune er Rune, Eva og Guro og i Ruffen seglar Steffen og Hilda. Svære dønningar og litt vind. Elia spydde mykje stakkar, men berre denne dagen, resten av turen til Cascais verka det som om han var kvitt sjøsjuka. I Porto de Leixous traff vi en anna norsk båt, Las Primas med Lene og Cecilie ombord, så vi for på restaurant alle sammen og fikk mat med syngande trubadurar til. Frå Leixous gjekk turen vidare til Aveiro. Der kom vi fram så pass tidleg at vi rakk ein tur iland så Elia fikk springe litt. Han var mest opptatt av alle som fiska frå bryggene. Kjempespennande når dei fekk fangst. Tidleg neste morgon starta vi turen frå Aveiro til Nazare. Og denne etappa vart mykje lengre en tidlegare. Vi kom fram i 21 tida om kvelden, men hadde hatt ein veldig flott tur. Seila litt og Elia fikk bade i stampen ute i cockpiten. Utruleg nok gløymde eg å ta bilder av hendelsen! Men det vert sikkert fleire anledningar. I Nazare låg Leikaren og hadde besøk av ungane sine. Kjekt gjennsyn! Nazare er ein flott landsby og det spesielle med den er at gamlebyen til Nazare ligg høgt oppe på eit platå. Vi tok taubanen opp og nytte utsikta over byen Nazare på den eine sida, og dei enorme sandstrendene på den andre sida. Stian hadde med seg paraglider, men fann ut at det var feil vindretning for å flyge. RuffenSteffen og Stian tok heller med seg paraglideren og leika seg i fjøra ved havna der båtane låg.

Om det er nokon som lurer på om vår Steffen har mønstra på igjen så er det feil altså. Stian har funne seg ein anna Steffen som han kan finne på masse sprell ilag med:) Ombord i Ruffen bor nemleg ein anna Steffen og kjærasten hans, Hildegunn. Og for å gjere forvirringa heilt komplett så vert ho populært kalla Hilda. Ikkje rart at Elia har begynt å kalle alle for mamma..... Han har totalt forelska seg i Hilda som har passa Elia litt og likar å leike seg med han. Så når vi var på sjøen og segla og Elia såg Ruffen båten så ropa han MAMMA av all kraft. -Nei, Hilda! sa eg. Ikkje vits i. I det siste er vist både pappa og steffen og Hilda og alle sammen blitt til mamma,/nanna, så eg har halvegs gitt opp. Utviklinga til Elia blir berre meir og meir interessant synast eg:)
Frå Nazare gjekk vi 4-5 timer ut til Ihla da Berlenga. Der var ikkje godt å ankre opp, så medan vi sleit og dregga ankeret, så ropte nokon frå ein liten båt at vi kunne låne mooringen deira til dagen etterpå. Den var berre i bruk nokre timar for dagen, til å kjøre turistar til og frå øya. Vi takka og bukka og fekk ligge der i 3 dagar faktisk. Las Primas, Opportune og Ruffen fann seg tilsvarande mooringar. Leikaren hadde allereie vore på øya og gått inn til Peniche.




Berlenga var ei fasinerande øy! Ei gammal borg frå 1600 talet, mange grotter og klart vatn. Men iiiis kaldt å bade. Stian dykka og buldra (klatra i fjellet utan tausikring). Eg drog på oppdagelses tur iland saman med Hilda frå Ruffen og Eva frå Opportune. Elia, Stian og Steffen kom iland etterpå dei også. Natta til avreise dagen gynga det so fælt i båten at det var vanskeleg å få skikkeleg søvn. Til og med Elia var sutrete fordi båten dansa so fælt. Dermed bestemte vi oss for å vere igjen ein dag til, og dei andre gjekk videre til Cascais. Denne dagen tok vi oss ein lengre gåtur iland og nytte utsikta utover havet.


Frå Berlenga til Cascais gjekk det ca 6-7 timar. Vi gjekk for motor stort sett heile dagen. Blikkstille hav og varm sol. Vi sola oss og laga pannekaker og i det heile tatt hadde en flott tur før vi runda neset og tøffa inn til havnebassenget i Cascais. Her var det fullt i seglbåtar! Dei låg oppankra tett i tett utafor marinaen. Mange forskjellige najonalitetar, men absolutt fleirtal av skandinaviske båtar. Seinere på kvelden vart det duka for ei samling inne på stranda, der mannskapet frå dei norske båtane deltok, pluss nokre svenska og danska også. Dei aller fleste er på vei til Caribien, men ikkje alle skal segle samme ruta. Kjekt å få høyre om andre sine opplevingar på havet, dele erfaringar og diskutere vidare ferd.


Dagane her i Cascais har gått med til klatring og endå meir klatring, då dette er plassen for klatre entusiastar. Eg trur Stian har klatra 4 dagar saman med ruffenSteffen og Hilda og Rune frå Opportune, som alle er klatrarar. Elia og eg har vore med av og til og sett på. Kjekt. Elia vil gjerne klatre han også, så det blir vel det neste vi invisterer i – ein klatresele for kids. Han har iallefall føtter skapt for klatresko, då lilletåane hans skråar heilt inn under dei andre tåane. RuffenSteffen og Stian har også surfa, og no medan eg sitt å skriv så inviterer han Stian med på dykking på VHF en saman med Eva og Rune frå Opportune. Alltids noko å gjere på når ein har kompisar oppankra tett i tett.


Følelsen eg fekk då vi runda neset inn til Cascais har byrja å sleppe taket, og eg er ikkje så engsteleg for å krysse havet over til Madeira som eg var tidlegare. Då vi besøkte Helmax i 06, vart eg både kvalm og småredd når vi skulle ut på ein aldri så liten segltur utanfor byen her. Eg huska at eg tenkte -Fy så glad eg er for at det ikkje er meg som skal krysse eit så stort hav i ein liten båt... Og no sit eg her. Skal krysse eit stort hav - i ein liten båt. Men ferda til no har gått over all forventning, vi har tilpassa oss livet ombord og blitt meir kjend med store dønningar og mykje vind. Ikkje minst blitt tryggare på båten og oss sjølve. Så no har vel egentleg følelsen gått frå å vere ein skummel tanke til å bli ei spennande utfordring.


Vi forlet ikkje Cascais endå, men blir her nokre dagar til. Kor tid vi går ut mot Madeira, ei reise som vil ta ca 5 dagar, er avhengig av værmeldingane sjølvsagt. Og det ser igrunnen ut som vi kan få ei flott overfart med mykje medvind.


No ropar Elia på mamma, og i og med at eg er den einaste i nærleiken, så reknar eg med at det var meg han ville snakke litt med. Han har nettopp hatt formiddagsluren sin og ventar snart på middag:)
reidun

Ingen kommentarer: