torsdag 11. september 2008

Baiona

Har inga aning på kva dag det er idag. Veit berre at vi har det veldig bra her og vi kosar oss. Det er sjølvsagt litt kaldt her av og til, men det tar eg ikkje så tungt. Det blir tidsnok veldig veldig varmt, og vi kjem til å savne litt kulde. Men idag har vi no faktisk vore på stranda og sola oss litt. Klarte faktisk å brenne meg. Første gongen. Jada mamma, eg har hatt på aloevera på heile overkroppen. Ser ut som en rosa gris no. Eg er faktisk den kvitaste nordmannen av alle her.. eller den raudaste akkurat for øyeblikket.

Vi er altså i Baiona. Ligg oppankra ilag med Ruffen og Opportune. Vi traff dei første gongen i La Coruna og har holdt litt kontakt etterpå. Vi tenkte å gå ilag imorgo nedover Portugal kysten. Det blir en heftig seilas trur eg, med mykje medvind og store havdønninga.. Vi får sjå, vi har iallefall lyst å komme oss ett godt stykke nedover imorgo og finne syden...

Ellers har vi kosa oss med dykking og slappa av på Isla Cies, sjå meir i bilde albummet.

Avreise klokka 8 imorgo, so no tek eg natt.

Snakkast i Portugal:)

reidun

4 kommentarer:

Unknown sa...

Hei igjen! De e kjempekjekt å følge med dokke via bilder og brev! Vi e innom og ser etter nytt mest kvar einaste dag, for det e sååå spennande for oss landkrabbane.
Kjempefine bilder de tek!
Pusta letta ut då de var trygt over den berømte Biskayabukta.
Lurer på kor det gjekk med den BCGn, for den har vi ikkje høyrt meir om.
Her på bjerget er det ein liten influensaraptus for øyeblikket. Flott haustver og ellers alt vel. God tur vidare!!
Varme tankar frå Grete og Ole-Bj.

Anonym sa...

Frå bestemor i farta.
Laurdag kveld: Har nettopp snakka med Reidun, dei hadde ankra opp ved byen Aveiro i Portugal. Kom dit i dag, skulle no ein tur i land, "gå litt på byn", som ho sa, saman med venner frå ein annan båt.
Siste nytt: Elia seier "allo" i båt-radioen, og får svar frå norske båtar:"Hallo, Elia"!!!

Anonym sa...

Hei på dåkke! Fylgjer med på reisa, og er litt misunneleg på at dåkke klarte å bestemme dåkke for å gjere eit slikt stunt!

Skal til Valencia i starten av oktober, så om dåkke e i nærmona hadde det vore artig å helsa på!

God tur vidare!

Arild Haddal

Anonym sa...

Onsdag 17. sept.08
Frå bestemor i farta
Ei lita oppdatering: Sidan Good Mood ligg oppankra utafor ei lita, men spennande øy utafor Portugal. Trur øya heiter Berlenga.
Stian var ute og dykka, då eg snakka med Reidun. Dei hadde vore på land og inn i ei gamal borg, ein kunne også gå med jolla gjennom eit hol i fjellet og komme ut på andre sida av øya. Fleire norske båtar var saman med dei.