torsdag 16. oktober 2008

Porto Santo


Av og til har eg starta reisebreva med å skrive at overfarten gjekk igrunnen greit, over all forventning osv. Denne gongen må ordlyden bli litt anderleis.

Det gjekk igrunn ikkje greit. Vi var vel litt vel ivrig med å komme oss avgårde på søndagen. Dei andre ville vente ein dag før dei reiste, av forskjellige grunnar, men også pga for mykje vind. - ja men det er flott med mykje vind bakfrå, gjer ingenting, sa Stian, - då får vi flott medvindseilas! Jo, medvindseilas, DET fikk vi iallefall.

Då vi foret Cascais søndag 28 september, var det så kraftig vind på oppankringsplassen at mange av båtane gjekk inn i havna. Leikaren, Ruffen, Opportune, Tempest, Endely og Motgang vart verande igjen i Cascais, medan Rapsody in Blue og vi letta anker og sette seil med kurs for Madeira. Vi hadde sett på sjøverksplaster i god tid før avreise, for vi ville ikkje bli sjøsjuk når vi for første gong skulle prøve oss på 4 døgn seilas på havet, åleine. Elia vart desverre ganske fort sjøsjuk, men åt som vanleg godt med mat sjølv om han spydde det opp igjen. Heldigvis varte sjøsjuka til Elia berre i ein og ein halv dag. Etterpå leika han seg med å bygge hytte i cocpiten, bla i bøker eller fiske med fiskestanga si ned i salongen.

Vi hadde ganske stor og rotete sjø på heile turen. Av og til surfa vi fint på dei store bølgene som kom bak oss, men så hende det ganske ofte at der kom store sjøar inn på sida. Dette resulterte igjen til at vi vart kasta hit og dit og var i konstant rullande bevegelsar. Båten taklar det på eigen måte, og mannskapet følte ei stond at vi var havna i eit stort badekar som ikkje hadde styring i det heile. Likevel følgde autopiloten eller av og til vindroret, beint på streken på kartet som vi hadde tegna opp. Eg blir like forundra og imponert kvar gong eg ser kor bra det fungerar.

Einaste oppgåva vi hadde var å passe på at vi ikkje kræsja med andre båtar. Dette gjekk for så vidt greit om dagen, då vi kunne bruke dagslyset og sjå andre båtar når vi var på høgda av ein bølgetopp, men om natta vart det straks vanskelegare. Eg lika dårleg dei mørke nattevaktene. Første natta var det mykje skyer, så ein kunne ikkje bruke månelyset eller stjernene å sjå etter. Det var ganske svart. Kjekt at vi kunne sjå lanterna i mastetoppen til Rapsody in Blue. Dei gjekk litt fortare enn oss, så når morgonen kom så var dei vekk framom oss. Ut på dagen kom der en seilbåt imot oss og eg byrja å lure på om Rapsody hadde snudd. Men då var det faktisk ein seglbåt med blafrande seil og ingen mannskap på dekk. Eg prøvde å kalle dei opp på vhf men fikk ikkje svar. Det viste seg seinere at dette var ein seglbåt av svensk nasjonalitet der mannskapet måtte forlate skuta av ukjente grunnar. Dei hadde blitt fiska opp av ein tankar på søndag og dette var mandag. Det var trist å sjå seglbåten og eg var lenge redd for at der kanskje hadde døtte nokken i sjøen, så eg satt å kika i kikkerten etter folk i sjøen fleire timar etterpå.

Etter at eg hadde søve ei stond og kom opp i cocpiten så fekk eg sjå Stian heilt grøn i fjeset og dårlig. Då hadde han spydd for endte gong og orka knapt å ete knekkebrød. Han hadde styra på og leika med Elia og blitt frykteleg kvalm. Eg var heldigvis ikkje sjøsjuk og laga derfor mat, styrte båten og heldt utkikk etter andre båta medan Elia hjelpte meg. Stian fekk søve så lenge eg klarte å holde stand. I og med at Stian hadde blitt dårleg så tidleg på turen, satsa eg på at han skulle bli bedre etter 2 dagar, så eg tok maraton vakter for at Stian skulle bli fort frisk. Det viste seg at han vart meir sjøsjuk om natta då sikta var dårleg og heile båten berre gynga og velta på seg. Derfor la Elia og eg oss samtidig i 20 tida og så fekk eg søve litt før Stian vekte meg i 23 tida. Då sette eg på ei spennande lydbok (tusentakk Helmax!) og satt oppe til det lysna av dag. Problemet då var at Elia våkna berre en time etter at eg hadde lagt meg og eg måtte opp igjen for å hjelpe til å gi Elia mat og slikt. No er eg ikkje særleg grei i min beskrivelse med hensyn til Stian og sjøsjuke, men han har allereie gløymt kor dårleg han var. Kanskje det er fordi han helst vil gløyme. Det skulle no liksom vere generalprøva vår dette her, for å sjå om vi kan klare oss aleine ut i det store stillehavet..... tja, etter 4 døgn i sjøen fekk vi igrunn en god forsmak på kor utfordrande det er når ein av oss blir veldig sjøsjuk.

Eg laga no forskjellig mat og prøvde det meste for å lokke Stian til å ete. Vi hadde kjøpt oss deilige Pizza og desse ville Stian gjerne ha. Sorga var derfor veldig stor då han sette tennene i Pizza med TUNFISK!! I ein anna setting så kan det godt hende at han hadde likt det, men her kom det bære rett opp igjen og havna på sjøen. Pannekaker gjekk heldigvis ned på høgkant med begge guttane og det gjorde også skinke med pasta til. Elia var som sagt ikkje sjøsjuk siste dagane, så då fikk han vere inne og leike seg i senga, medan eg prøvde å søve. Ein av leikane han likte aller best var å bygge hytte av tepper og dyner. Han kraup langt inn og hylte og kosa seg inni ''hyttene'' sine, enten i senga eller i cockpiten.

Stian var faktisk sjøsjuk heilt til vi runda neset rundt Porto Santo og kunne ankre opp inne i havneområdet der. Siste dagen var han ikkje så dårleg at han spydde, men måtte konsentrere seg om å ikkje bli dårligere når mørket fall på.

Av redsle for å få fisk på kroken så turte vi ikkje å ha vobbleren ute når vi segla. Vi huska kva krefter som var i sving då vi fikk tunfisk på kroken i Bicaya. Vi var 4 mann der alle hadde kvar sine oppgaver. Snu og styre båten, ta ned seil som blafra, drage inn fisken og stå klar med kleppen. No var vi i to mann mindre og hadde stor sjø og sjøsjuke, så det vart ikkje fisk på oss denne overfarten.

Ein kveld Elia var ute saman med meg og låg å beundra stjernene frå cockpit golvet, vart han plutseleg offer for ei gedigen bølge som skylte over oss. Vi hadde bølger frå sida og bakfrå heile turen, men ingen som traff så perfekt og velta seg inn i båten med ei så voldsom kraft. Stakkars Elia. Han blei søkkvåt og låg under vatn i to sekund. Eg vart heilt lamma fordi bølga kom bak meg og eg var våt på heile kroppen. Stian hadde hørt båra og kom til unnsetning. Han tok imot Elia medan eg vrengde av han bodyen og bleia, så gjekk dei bak i senga og tulla seg inn i dyna. Eg har faktisk ikkje høyrt Elia skrike så vilt som sida han vart fødd. Han roa seg ganske fort når han fikk vere inne ilag med pappan under dyna, og det såg ikkje ut som han tok noko særleg skade av det bråe kalde badet.

I Porto Santo fikk vi endeleg søve ut etter overfarten. Det var vanskeleg å finne internett, men inne i sentrum kunne vi sufre på fri linje, så då fikk vi prata og vist fram Elia til ivrige besteforeldre. Ellers har vi bada i vanvitti klar sjø, Stian he fløge Paraglider og vi har gått på fjellet. Dessutan var det premiære på tv seriane som Opportune produserer frå seilturen. Vi var samla ein heil gjeng med nordmenn og kvinner :) for å feire sesong starten sjølv om den var for 3 veke sida. Lokal tv oppi nord en plass.

reidun

Ingen kommentarer: