fredag 7. november 2008

Tenerife - Las Galletas


Ett lite hei frå oss på Tenerife! Vi har det veldig bra no. Stian og Elia er friske som fiskar og er i full gang med ablegøyer igjen etter 14 sjukedaga. Siste dagane har vi faktisk vore i havn(!) i Las Galletas og det har vore kjempekjekt!! For her ligg nemlig også Leikaren, Ruffen, Opportune og Las Primas! Vi er etterkvart blitt litt av ein stor familie og det er artig å sjå kvarandre og snakkast om dei ulike plassane vi har vore på og slikt. Det blir seine kveldar, med grilling og øl og brus på kaia, eller dykking og trening ilag.
Andor reiste heim på mandag og til no har vi berre vaska vanvitti mykje kle, skravla med nabobåtane og sette twinrix sprøyte på Elia og meg. Det siste var ikkje lett å få til, då vi har glymt å få med oss eit sånt helsekort som dei er så glad i her. Og dessutan nekta dei på doktorkonoret å sette sprøyte på Elia. Nei då måtte vi vist sykle mange kilometer til barnelegestyr.... så vi tok oss en tur inn til en privatlege for å høyre om han kunne hjelpe oss. Og med skjelvande hender sette han sprøytene fort og gale og ville berre ha 10 euro. ikkje nokke pass og ikkje nokke forsikringsstyr. enkelt og greit.
Etter 4 dagar i havna så for Steffen, Elia og Stian ut for å ankre opp utafor Las Galletas medan eg var ute på kafe sammen med Las Primas jentene. kjempekoslig, treng ein jentekveld av og til.
Litt trist at vi skal forlate vennane våre no, men vi håper at vi treff på dei ved seinere anledningar. Nokre av dei skal videre til Kapp Verde medan andre skal til Gran Kanaria. Det er vel dit vi seglar om nokre dagar vi også.
på gjensyn, reidun

1 kommentar:

Unknown sa...

Hei igjen!!
Utrueleg kjekt å følge med dokke på turen. Spennande å lese reisebrev og sjå dei kjempefine bileta. Elia er ein skikkeleg hjerteknuser!! Og vi kan sjå at han veks og trives. Forstår at de har hatt ei tøff tid med sjukdom i det siste. Føler med dokke, når eg les om båten som rullar i bølgene og mannskap med feber, sår, kvalme, sjøsjuke og anna elende. Huttetu!! Men ellers skulle vi gjerne bytta bort november og mørketid med litt sol og varme. I går fekk eg endeleg vårløkane i jorda. Var så seint ute at eg fekk 70% rabatt på løkhandelen, men eg satsar på 100% blomstring til våren. Kjekt å gle seg til dei første spirane, når sola står lavast og vinteren er på det mørkaste. I morgon blir det snekring på hytta. Ole-Bjørn gir seg ikkje om dagane er korte. Tilbygget er snart ferdigisolert. Der er meir material på lager, så det blir nok fleire arbeidsøkter framover vinteren. Eg lyt vere kokke og assistent og ellers nyte havluft og utsikta. Innimellom tek eg ein klunk på pianoet. Båten fekk vi berga på land i siste liten, då lavtrykka og stormvarsla stod i kø utanfor kysten. Landkrabbane sender hermed sine varmaste tankar og beste ynskje både for mannskap og båt.
Mvh Grete og Ole-Bjørn