onsdag 26. november 2008

Foreløbig lite vind på det store hav

Klokka 04.30

No sitt eg her på nattevakta mi og det er beksvart rundt meg. Har ikkje sett ein einaste båt på mange dagar. Eg føle at vi er mutters aleine på ditta store havet. 4.døgnet i sjøen no. Og vi har allereie måtta starta motoren ett par gonga.Vist det skal fortsette slik med så liten vind, kjem dinna turen over atlanteren til å ta lang tid. Veldig lang tid. Vi regna med å sjå ARC deltakara om ikkje så lenge,dvs vist dei har valgt samme seilingsrute som oss.. Det fine med å sitte på nattevakt, er ....nei det e egentli ikkje nokke fint med nattevakte. Eg synst at dei er skumle. Tenk om det skulle blåse opp og bli høge bølger, og det skya til sånn at en ikkje såg verken stjerner eller måne. Fysj og fy. Hadde her no vør andre båta som vi kunne seila ilag med. Då hadde eg iallefall hatt nokre lanterner å feste blikket på. Eg veit ikkje koffor Stian ville reise aleine. Eg trur kanskje at han satsa på att alle tek oss igjen. Men det e bærre vist dei velge samme ruta som oss, og det håpe ej for deira eigen del at dei ikkje gjer. For her er ikkje vind. Vi må prøve å komme oss litt lenger sørover trur eg. Kjekt at vi får til å laste ned værmelding samtidig som eg sende ei oppdatering til heimesida. Det hadde dei ikkje i gamle dagar. Eg har foresten tatt av plasteret no...og håpe inderli at eg ikkje blir sjøsjuk. Grunnen til at eg spydde i starten av turen, var fordi eg var for seint ute å sette på plaster.. nei no må eg ha meg litt nattmat. Magen er veldig svolten og buldrar som ett lokomotiv. Igår såg vi forresten tunfisk. Dei svømte framom båten vår. Stian heiv ut en liten krok på ett fiskesnøre, og mange tunfiska kom settande....men neida, skulle ikkje bite på sluket og heller ikkje ta seg eit jafs av voblerane som alltid er i sjøen. Du skulla vør her pappa. Det er bærre du som klare å lokke dei på fiskekroken. Stian og Steffen var heilt fortvila over deira manglande interesse for desse kostbare voblerane.....litt seinere ut på dagen kom der mange delefina som virkelig koste seg i sjøn. Dei hoppa høgt og plaska ned i sjøen. Svømte i sikksakk og leika seg. Elia sa oi oi oi! Og peika vilt.. Det einaste morosamme med ei nattevakt, er at ein kan la fantasien få fritt spelerom. Igrår trudde eg feks at eg kræsja med ei stjerne:) Den var så lavt på himmelen og det var overskya så eg såg ikkje andre stjerner heller. Eg trudde virkeleg at det var ei lanterne framom båten vår. Satt lenge og lurte på om eg skulle endre kurs eller ikkje, då det gjekk opp for meg at lanterna var ei stjerne. Og alle dei skyene er morosamme når en kan gi dei ei form og inbille seg at det feks er land og fjell og dyr og slikt.

Nei no går eg å et mat.

Posisjonen vår er no klokka 13.00:

24.40N
21.20W

No et vi banana til den store gullmedalje. Dei modna altfor fort...Og so kom det en kjempestor kval og kika på oss ista(30 meter frå båten sei guttane..). Vi seila flott no med vind frå sør/aust og vi gjer ca 6 knop. Og vi ser ein seilbåt i det fjerne langt bak oss:) Ska tru om det er regatta båtane som tar oss igjen:)

reidun

4 kommentarer:

Anonym sa...

Og ej som lure på om ej skal tør å gå på Fjørtofta på laurdag... Kan vel tøre mej til det då... :-)

Arild Haddal

Anonym sa...

Staakars Reidun! må ver kjedli å sitte nattevakt aleine :/ Men d e veldi morsomt å lese d du skriv da ivertfall :) håpe dokke får fleire båta atme dokke snart! å at dokke ikkje blir sjøsjuke meir! Lykke til videre, ej følge me dokke :) pass godt på dokke sjøl! stor klem fra Monica :)

Bjørg sa...

Komentar til siste reisebrev:
Snakka med Reidun i dag 26.nov.kl.09.30 Då var posisjonen: N 23.40 W22.59. Kurs:235
Alle gutter sov,det var soloppgang og fint å sitte på vakt, ingen sjøsjuke, alt vel.

Unknown sa...

Må innrømme at vi e misunnelige akkurat no. Skulle lett ha bytta ut regn og kulde med eit par fantastiske uker ombord hos dere akkurat no. Tenker nok at roa snart senkar seg ombord. Gled dokke over å være på tur, ikke til å kome fram... Masse klemmer fra oss på Helmax.