fredag 28. november 2008

Nakenfisking av wahoo

Dagens rapport fra Stian:
Posisjon 27/11: 22.14N, 25.37W, klokka 19:00 (Gran Canaria tid).
I går og i dag har fiskeriet virkelig tatt seg opp. Gårdagens første napp var turens største høgdepunkt til no. Etter mange dagar utan livstegn til napp var vi langt ifra forberedt på det som skjedde. Eg (Stian) hang 7-8 meter bak båten på vårt kryssfiner surfebrett. Alle kom omsider i posisjon og fekk rulla seil og stoppa båt. Etter ein kort men intens kamp klarte Steffen å få fisken inn til skutesida medan eg stod med kleppen og Reidun stod til rors. Ombord lempa vi ein Wahoo på ca 1,5 meter og kansje ein plass mellom 30 og 40kg. Desverre har vi ikkje meir enn tre og ein halv mage å mette ombord så middag til 40 mann er det ingen vits å lage.
Etter dette første nappet har det egentlig vore fisk på kroken stadig vekk. Dette har vore mindre fisker(2-5kg) av typen Dorado/Dolphin.Vi tok ein av desse å steikte i panna etter som fiskeboka seier at dette skal vere meget god fisk (none better). Dei andre har fått sleppe ut igjen fordi kjøleskapet er fullt av Wahoo.
Siste døgnet har det og vore mykje flygefisk rundt båten. Vi fann ein på dekk i dagtidlig som Elia har leika med og kyssa på (Reidun er lite begeistra for det siste):)
Ellers har vi stort sett daglig besøk av delfinar, og vi fekk også besøk av ein enorm kval på sida som såg ut til å vere ein god del lenger enn Good Mood.
Alle har det bra ombord og et bananer alt dei klarer fordi alle har plutselig blitt overmoden.
Veret er godt med fin seilvind om dagen og av og til litt for lite vind om natta. No har vi forresten seilt ca en firedel av distansen.

Stian

ps: reidun kommentar: vi har nettopp ete ett kongemåltid. Stian steikte en stor wahoo file i aluminium med salt og pepper og smør og vatn. nydeleg godt!!
ps2: stian "glømte" å skrive en arti liten detalj då han skreiv om wahoo fangsten. Fordi shortsen fyk av når han bada etter båten i fart, hadde han tatt den av. Og då Steffen brølte at der va fisk på kroken, kjempa Stian seg opp i båten og sprang rundt i blanke messingen, kleppa fisk og lempa han ombord!! Bra jobba:)
Reidun

Wahoo (Kingfish)

Wahoo tilhører tunfisk/makrellfamilien og kan bli rundt 2 meter og 60 kilo. Holder til i åpnet hav, men ofte nære land. Kan bli rundt 2 meter lang og er en fin sportsfisk som gjerne taes ved dorging. Som de fleste andre tunfisker og makreller er den en ypperlig matfisk rå, stekt, kokt, tørket eller bakt i jordovn.


Gullmakrell (Dolfin-fish, dorado, mahimahi)

Gullmakrellen er vel egentlig ikke noe makrell, men svømmer i store flokker og har gullskimrende skinn. Holder til i åpnet hav og kan bli nærmere 2 meter (30 kilo). En flott sportsfisk, som gjerne taes ved dorging. En god matfisk som gjerne serveres stekt.

3 kommentarer:

Einar sa...

Hei, Sjøulker!
Det var da voldsomt morsomt å høyre om fiskebragden. Trur eg hadde betenkt meg på å gå i nærkamp med ein så stor wahoo, aldeles netto. Tenk på kva dei lange sylskarpe tennene kunne utrette om dei fekk ordentlig tak. Stian, her er det fleire enn deg sjølv du må ta omsyn til når du tek slike riskar. Eit visst minimum av verneutstyr må være standard,men eg skjønar det måtte skje raskt.Detta må no vere som julekvelden kvar dag, det.
Kom raskt med neste fiske-stunt!
God tur vidare!

Bjørg sa...

Vi fekk nettopp posisjon til GoodMood: N 19*45´W 30*45´

Per sa...

http://maps.google.no/maps?f=s&utm_campaign=no&utm_source=no-ha-emea-no-google-gm&utm_medium=ha&utm_term=google map