mandag 26. januar 2009

Trinidad

Vi kom oss ikkje til Tobago. Det vart for tøft med motvind og bårer. Dessutan hadde eg gløymt kor sjøsjuk eg kan bli. Elia og eg prøvde å halde oss så lenge som muleg, men etterkvart måtte vi berre mate fiskane. Elia mata forresten heile teppet og tegnebrettet sitt også. Han såg ut til å ha det heilt fint og vi tegna bil, båt og katt på tegnebrettet. Maju sei elia og spyr. Båten går egentleg heilt fint i sjøen, men av og til får vi dissa berg og dalbane effektane med magesug. Stian gjekk det bedre med, og Steffen blir no ikkje sjøsjuk så dei styrte båten heile veien. Vi starta klokka 10 om morgonen torsdag, og ankra opp inni ei bukt på Trinidad klokka 3 om natta. Fredag morgon drog vi inn til Port of Spain for so å snu båten og reise tilbake en time der vi måtte sjekke inn i chaguaramas bay. Og vi får vist ikkje flytte so mykje som en centimeter på båten uten at custom folka har fått beskjed om det. Så då ligg vi her. Brødrene kjem ikkje før den 1 og 3 februar.



Stian og Steffen tok seg ein sykkeltur idag. Dei havna oppe på fjellet og fekk seg ein hærleg kalddusj frå eit lite Waterfall inne i jungelen. Deretter sykla dei nesten inn til Port of Spain og fann fiskebutikken som Stian har sett seg ut. Der var no stengt idag, men vi skal vist ta oss en busstur dit imorgo eller nokke sånt sei Stian.



Elia og eg var igjen i båten og laga oss pølsegryte. Ellers har vi funne vaskeri og det skal bli deilig å endeleg få vaska skikkeleg alle sengekleda og handdukane. Dessutan er det kjekt å handle på butikkane. Ein TT er litt over ei krone, så det er lett regnestykke og billeg mat.



Her er ikkje så veldig fint å ligge. Det er flott natur og slikt, men vi har berre brunt gjørmevatn og ingen sandstrender. Offdå...ikkje bra å bli bortskjemd på slikt. Men her er båtbutikkar og liknande, så kanskje vi skal få laga oss eit soltak her, og fikse litt småting inne i båten.



reidun

torsdag 22. januar 2009

grenada

Egentleg skulle vi gå vidare nedover mot Trinidad for 5 dagar sida. Kvar dag har vi sagt at vi reise vel imorgo. Men det er vanskeleg å forlate gode venner og så lenge Ruffenbåten blir liggande her i Prickley Bay, så får dei selskap av oss. Vi skulle definitivt reise ikveld, men så gløymde vi å sjekke ut.. (stian heiv seg i jolla og kom på kontoret rett etter stengetid..) So då reise vi vel imorgo tidleg tenke eg. Planen er å reise til Tobago, men det er ikkje sikkert vi kjem oss dit på grunn av motvind og bårer, så kanskje det blir Trinidad istaden. Det er no uansett der vi får brødre besøk!

Siste veka har vi spela biljard, gått i St. Georges Town, surfa med surfebrettet til RuffenSteffen, surfa på internett, skravla på skype, filmkveldar med popkorn og brus, laga pannekaker og kjøpt verdens beste anker!

rett og slett tatt det heilt kuli og kosa oss.

reidun

søndag 18. januar 2009

Karibien - Grenada



No er det ei stund sidan denne sida vart oppdatert. Eg har no lagt ut nokre bilder av og til i albummet, men ikkje skreve so mykje om korleis vi har hatt det i det siste. No har Stian, Steffen og Elia søvna, so då kan eg skrive litt.
Elia bada ilag med pappan i Prickley Bay torsdag 16 jan.

Vi er i Prickley Bay, heilt sør på øya Grenada. Her er ikkje spesielt flott natur og klar sjø, snarere tvert imot. Her er meir buskas, lite palmer, ingen sandstrender og langt til nærmaste matbutikk. Det som derimot er grunnen til at vi blir liggande her så lenge, er at vi har endeleg truffe igjen Ruffen, Opportune og Motgang. Dei kom frå Trinidad/Tobago i sør og vi kom frå caribien i nord. Alle har vi seilt over atlanteren, men på kvar sine tidspunkt. Det var GRÆLA kjekt å møte dei igjen! (som dei seie det så fint på stavangersk.) Tempest og Las Primas var også her, så då vi feira bursdagen til Siv frå Misty, var vi ein stor og flott vennegjeng samla. Det kan dåkke sjå frå dei siste bilda eg la ut. Vi spela volleyball og kosa oss skikkeleg, med kaker og brus og øl for dei som hadde lyst på det. Elia sprang i sikk sakk frå den eine til den andre som ein anna maskot og kosa seg skikkeleg med Hilda frå Ruffen båten. Henne kjende han fort igjen første dagen vi såg dei!

Turen nedover frå Bequie der vi feira jul, kan ein egentleg sjå frå bilda eg har lagt ut. Vi kom tidleg til Tobago Cays og feira nyttårsaftan der. Vi bada, dykka og kosa oss. Og då vi for vidare so slapp vi ned ankeret ved neste øy og der bada, dykka og kosa vi oss skikkeleg. Slik kan eg igrunnen halde fram til dei som les blir so grønn av misunnelse at ein ikkje orkar og lese meir. Derfor må eg skrive om noko mindre kjekt. Hmm.. kva skulle det vere? Eg kan no sei at då vi letta opp ankeret for endte gong og drog vidare til neste øy, så hende det at vi bada, dykka og kosa oss skikkeleg igjen. Hehe... unnskyld folkens, men slik er livet i Karibien. Her er det varmt, blå himmel, krystallklar sjø og mange spennande øyer å ankre opp ved. Kanskje kjem der ei og anna befriande regnbyge og vaskar over båten, før den forsvinn og sola kjem tilbake for å varme og tørke opp. Inne i båten er det varmt. Ofte 30 grader. Dei nettene det bles lite vind igjennom båten, føler ein at ein kvelast. Den nyinnstallerte vifta på soverommet vårt går i ett sett, for om muleg å gje oss litt sirkulert luft. Å lage mat kan bli ei utfordring, då varmen frå gassen og sola kappast om å ta livet av den stakkaren som prøvar å mekke ihop en middag. Då blir det ofte makkaroni og pølse med ost på. Det er enkelt og treng ikkje so frykteleg lang steiketid.

Vi tilbrakte som sagt mykje tid oppe ved på Tobago Cays og såg mykje flott korall, skilpadder og hai. Det høres så spennande ut at vi har bada ilag med hai, at eg ikkje har lyst å skrive kva den heiter. Haien er nemleg harmlaus og vi finn den ofte ved korallrev. På engelsk blir den kalla nurse shark, som til norsk blir sjukepleier hai. Ikkje særleg tøft å skryte av.. Uansett pnglete tilnavn, haien skal iallefall ha at den hadde både skummelt tryne og stikkande kvite auge, vi kika oss fleire gongar tilbake då vi svømte vidare. Tobago Cays var utan tvil den flottaste dykker-plassen, men vi fann fleire perler som til dømes Petit St. Vincent og White Island nedanfor Corriacou. På den sistnevnte øy hadde vi ein flott fjelltur med jungelsafari der Steffen måtte fram med samekniven sin og hogge vei gjennom buskaset og ned til fjøra.


Då Stian skulle legge Elia hadde han gitt han lov til å sovne ilag med blekksprut fiksekroken. Det var ikkje snakk om å få den laus frå Elia då han hadde sovna. Eg tok den frå han seinere, men inatt våkna han og var utrøsteleg, heilt til han sjangla seg fram til der eg satt og skreiv, fann ein anna gummifiskekrok, og la seg til i armane mine.
Idag fredag 17 januar, er det overskya. Eg våkna so sveitt at eg hoppa berre rett i sjøen. Etterpå tenkte eg at eg kunne ha på meg kort bukse og t-skjorte. Det var igrunn fullstendig bom. Her er varmt, vindstille og når det ikkje regnar so blir det veldig klamt. Kjem vel snart til å gå i berre boxer og bh igjen.
Ellers er det ikkje so mykje nytt å fortelle, jo forresten, Stian og eg har bestemt oss for å ta oss en tur ut i stillehavet. Då vi starta i sommer var målet å komme oss forbi stadt og vidare over til England. Reisa blir til etterkvart som vi seglar og det ser vanvitti spennande ut å besøke stillehavet. Kvifor ikkje stikke ut i stillehavet, når vi kanskje ikkje får samme sjangsen seinare i livet. Det skjer mykje ombord i ein liten båt. Ein skulle tru at det berre var å segle og tilpasse seg kulturen og omgivelsane, men der er meir som skjer enn det. Eg har ikkje tida til å utdype meg her, det får bli på eit nattevaktseilas i stillehavet, men so mykje kan eg sei at eg diggar muligheitane som ligg framføre oss i det store stillehavet. Følelsane og humøret kjem til å svinge værre enn den argaste berg og dal bana på Tusenfryd. Stian og eg kjem til å få bryne oss i massevis. Kankje mest Stian, då eg står for dei fleste vulkanutbrudda. Stikkord som kan bli svært aktuelle i næraste framtid blir; uthaldande pågangsmot, gjensidig respekt og samarbeidsvilje og sist men ikkje minst (no kjem ett kjempeteit nynorsk ord) audmjuk og tilgjevande haldning. Ditta var no flotte ord. Då gjenstend det å leve etter orda, så trur eg at dette blir ei etappe i livet som vi kjem til å lære mykje av.

MEN først skal vi få besøk av nesten alle brødrene våre. 3 ganger hipp hurra!!! Vi gler oss veldi til dei kjem, og kanskje vi tek dei med oss opp igjen til Tobago Cays. Vi ser no etterkvart. Dei kjem til Trinidad den 1 og 3 februar og Steffen reise heim den 5 februar. Då blir det guttabåt deluxe fram til dei reiser heim igjen den 15 februar. Deretter sette Good Mood kurs for Panama kanalen og vi reknar med at vi kjem til å gå gjennom den i mars ein gong. Spennande spennande. Det kriblar i magen.
Opportune skal også ut i stillehavet, og dei reiste vidare til Venezuela for nokre dagar sidan. Det er muleg at vi skal reise saman med dei gjennom Panama. Eg har savna jenteselskap, så igår tok Hilda frå Ruffenbåten og eg lokaltaxi for å handle litt mat og slikt. Seinere på kvelden kom RuffenSteffen og Hilda over på filmkveld med popkorn ombord i Good Mood. Skikkeleg kjekt!
No kjem snart Hilda over til meg og vi skal veksle lydbøker og filmar frå pc'ane våre. Det blir kjekt å ha med seg på dei lange vaktene ute i stillehavet.
Sykt å tenke på at det er snø og kaldt heime. Då vi forlet Norge var det sommer der, og på ein måte så føler eg at vi ikkje har vore so lenge vekk, og at der er sommer endå. hehe....får vel mange kalde meldingar til satelittelefonen no då.. ;)
Reidun
Ps: Eg gløymde å skrive at eg har blitt tante igjen!!! Inger Johanne og Patrick fekk ei nydeleg jente som heiter Elvira. Ho var berre 1970 gr og 41 cm då ho vart tatt med keisersnitt den 7 januar, men alt tydar på at ho er eit lite under og ho veks seg sterkare for kvar dag. Eg er veldig lei meg for at eg ikkje er heime akkurat no, men heldigvis har vi internett denne veka, så eg har fått sett bilder og prata mykje med familien på skype. Det hjelpe godt på heimelengselen.
so long..