torsdag 22. januar 2009

grenada

Egentleg skulle vi gå vidare nedover mot Trinidad for 5 dagar sida. Kvar dag har vi sagt at vi reise vel imorgo. Men det er vanskeleg å forlate gode venner og så lenge Ruffenbåten blir liggande her i Prickley Bay, så får dei selskap av oss. Vi skulle definitivt reise ikveld, men så gløymde vi å sjekke ut.. (stian heiv seg i jolla og kom på kontoret rett etter stengetid..) So då reise vi vel imorgo tidleg tenke eg. Planen er å reise til Tobago, men det er ikkje sikkert vi kjem oss dit på grunn av motvind og bårer, så kanskje det blir Trinidad istaden. Det er no uansett der vi får brødre besøk!

Siste veka har vi spela biljard, gått i St. Georges Town, surfa med surfebrettet til RuffenSteffen, surfa på internett, skravla på skype, filmkveldar med popkorn og brus, laga pannekaker og kjøpt verdens beste anker!

rett og slett tatt det heilt kuli og kosa oss.

reidun

Ingen kommentarer: