lørdag 28. februar 2009

Så skjedde ein av tinga som ikkje skulle skje – vi vart for tøffe

For to dagar sidan gjekk oss til Blanquilla. Vi kom dit på kvelden og såg ikkje så godt øya. Då vi kom ganske nært der vi hadde sett oss ut ein ankringsplass, vart det mykje bråk på vhf'en. Nokon repeterte noko på spansk så mange gonger at vi til slutt spurte på engelsk om det var oss dei kalla på. Etter mykje fram og tilbake om vi ikkje kunne snakke spansk spør eg om vi kan ankre opp. Si, si. Tillatelse til å ankre opp er greit. - I morgon tidleg kjem vi og ser på båt-papira. Dagen etter forstod vi oppstyret. Vi hadde ankra opp tett ved ein liten militærbase, men etter å ha venta nokre timar på folk som ikkje dukka opp, letta vi ankeret og leita etter ein stillare ankringsplass. Det var då vi vart for modige. Vi såg ei lun vik, der passasjen var litt trang, men så utvida det seg til ein flott ankringsplass. Trudde vi. Good Mood gjekk på sakte fart innover mot opninga med vind i ryggen og skipperkona framme på baugen. Ho dirrigerte mellom steinane og håpa på at det skulle bli djupare snart. Det vart det ikkje. Der var ganske klart vatn og det kunne sjå ut som det var sandbotn og enkelte store steinar her og der. Plutseleg vart det mange av dei. Reidun peiva villt med armane og peika venstre – høgre, høgreee – nei vent, rett fram! Fortvila over den elendige dirigeringa oppdaga Stian til sin forskrekkelse at her blir det berre grunnere, så han beslutta å snu båten og komme seg derifrå. BANG sa det og det rista i riggen. Ops. En stein. Bakk opp, legg hardt over og BANG igjen. Då vi endeleg hadde klart å bakka oss ut var vi ikkje særleg høge i hatten. - Kva lærte vi her då.. spør Reidun. - Eg er redd dette vart meir enn en lærepenge, svara Stian. Det kan virke som roret er ein tanke tregare enn før, vi må høgst sannsynleg betale dyrt for ditta idiotiske stuntet vårt. Då vi endeleg fann ei enorm sandstrand som var trygg å ankre på, fekk vi konstatert at roret var blitt litt skada. Det som hadde skjedd når vi begynte å bakke ut igjen frå opninga til bukta var at vi fekk bølgene inn rett bakfrå og dermed gjorde båten nokre hopp opp og ned med bakenden. I tillegg hadde vi nok fullt rorutslag, så roret blei belasta fra sida ved sammenstøtet. Etter rådslagning ombord, beslutta vi å gå direkte til Curacou i håp om å kunne ta opp båten der og reparere roret. Båten treng uansett litt spyling og nytt bunnstoff før stillehavet.

Når vi no skulle gå forbi Los Roques klarte vi ikkje å motstå fristelsen til å ankre opp og sove stille ei natt. Vi var sliten etter ett døgn på sjøen med medvind og rulling. På vei inn fekk vi ein flott liten tunfisk som vi laga oss middag av. Elia har bada i stampen sin og Stian steikte svele til oss. Islas Los Roques liknar veldig på Tobago Cays. Grøn og klar sjø med sand botn, små øyar og korallrev. Vi hadde sett av 4 dagar til dykking her, men slik det vart no så går vi vidare til Curacou i morgon og det vil ta ca ett døgn. Då kjem vi fram på 2 års dagen til Elia:)

Ei lita rølehistorie for dei som er interessert i fisking:

Til slutt kan eg (Stian) skrive litt til dei fiskeinteresserte. Nokre har kansje fått med seg at eg har fått på plass ei skikkelig stor og solid fisketroe ombord. Denne fekk (som tidligere nevnt i reisebrevet frå brødrene mine), ein voldsom ilddåp. Vi seila sørover mot Grenada når tilhugget kom. Eg fekk fort på meg nødvendig utstyr og begynte å stramme bremsa for å kjenne på kva spennande det kunne vere. Kansje var det stort? Og det var det. Eg heldt godt om troa medan snøret berre rasa ut utan tegn til å gi seg. Det gjekk ikkje lenge før eg måtte kalle på Anders for å få han til å tømme vatn over snelda for å få kjøling på bremsesystemet. Det blei fort så varmt at det var ikkje råd å ta borti lenger.

Så, når det hadde gått ut 3-400meter snøre, roa det seg mykje. Vi begynte aktivt å køyre etter fisken for å ta inn att snøre. Reidun stod bak rattet og hadde ein storjobb med å følge ordrane. Fullt styrbord, nei babord, full gass, nei slakk ned. Det kom inn nokre meter, og det gjekk utatt nokre meter. Slik heldt vi på rundt ein time heilt til vi begynte å skimte noko nedi djupet. Anders stod klar med kjempekleppen og skulle dryle denne inn i fisken ved første anledning. Plutseleg dobla pulsen seg på eit øyeblikk når vi fekk sjå kva slags monster vi hadde hala inn. På skrå ut frå båtsida, ca 2 meter under vannflata kjem det sigande ein Blue Marlin (sverdfisk) som tek rolege svømmetak med den enorme sporen. Avstanden var for stor til noko forsøk med kleppen, og dessutan blei både Anders og eg veldig i tvil om det verkeleg kunne la seg gjere å kleppe monsteret. Visst kleppen hadde gått inn i sida på fisken hadde den nok lagt inn eit høgare gir og dratt med ei kraft som ein vanskeleg kan forestille seg.

Desverre var dette alt vi fekk sjå av fisken. Ingen bilde, og ingen middag (til 300mann). Fisken fortsatte vekk fra båten med heilt rolege svømmetak. Det gav eit voldsomt inntrykk på meg når eg satt der og heldt troa alt eg kunne, og eg såg korleis fisken hala ut snøret utan å anstrenge seg det minste. Det føltest som om snøret hadde lagt seg rundt kroken på ein bil som køyrde roleg vekk frå oss.

Etter dette fortsatte kampen i fleire timar. Anders og eg bytta på å jobbe med troa etterkvart som kreftene tok slutt, men det gjorde nok ikkje kreftene i andre enden av snøret. Reidun hadde også begynt å få nok av jobben bak rattet. Det var akkurat som om det no hadde gått opp for fisken at han var krøkt fast i eit snøre, og han skulle ikkje nær den båten ein gong til. Hundre meter inn og hundre meter ut igjen gong etter gong, men aldri noko hurtige utras.

Ein gong når fisken var ganske nær oss reiste snøret under båten og fekk litt småskader. Det begynte etterkvart å bli kveld og vi hadde ikkje anna valg enn å stramme meir og meir brems medan vi kvilte troa på rekkewiren for å klare å halde. Dette var nok årsaken til at vi til slutt sleit av snøret som har ein bruddstyrke på 150pund/68kg. Då var klokka ca 17:00 og vi hadde kjempa i nesten 5 timar.

Så det store spørsmålet: Kva størrelse og vekt dreier det seg om? Det skulle eg gjerne ha visst, og derfor har eg forska ein del på det for å komme nærast muleg svaret. Ved å snakke med lokale fiskarar som fiskar etter Blue Marlin, og ved å studere modellar av fisketypen (som hang på ein restaurant på Trinidad) har eg komt litt nærare. Vi skal seinare legge ut bilde av fiskemodellane slik at folk får sjå korleis fisken såg ut og for å gi litt inntrykk av dimensjonane.

PS:Eg har ei fiskevekt ombord som går til 100kg. Når Steffen Størseth frå Ruffenbåten såg fisketroa mi så spurte han meg kva i huleste slags kjempefisk eg skulle fiske med den enorme greia. Eg svarte at eg skulle fiske ein fisk som var så stor at eg måtte dele den i tre for å vege den med fiskevekta mi. I dette tilfellet hadde vi kansje måtta delt i fire :)

tirsdag 24. februar 2009

Islas Los Testigos

No skal dåkke få høre kor vi he hatt det siste vekene. Her i Good Mood har det vore stappfult av onklar, koffertar og potetmos(!). Vi har KOSA oss med tre stykk lite Norge og vi har vist dei rundt i Karibien. Vi reiste fort frå Trinidad utstyrt med sjøverksplaster og dura på oppover mot Tobago Cays. Der låg våre gode venner Ruffen å venta på oss og dei vart verande heilt til vi skulle sørover igjen. Når det vart for mykje gutta på meg (Reidun) so tok eg ein svømmetur ilag med Hildegunn og såg på skilpaddene som svømte rundt båtane. Mykje gutta blei det, men det var igrunnen plass i moodyen likevel. Det rare med heile greia var at vi mangla ein person. Steffen lurte seg av på Trinidad og reiste heim til Norge den 5. februar. Savnet er stort, iallefall no når vi er åleine i båten. No er det kona som må hjelpe til med propellakseltetning og spoling av sen på fiskestanga. Det merkast godt på Elia at han savnar storebror. Den siste veka har han vore meir eller mindre gretten og lei seg. Tek lett til tårene og vil ikkje leike åleine. Kor er alle onklane som var so vidt innom? Og kva med Steffen? Kjem ikkje han tilbake snart? Vi trøstar så godt vi kan, og Stian og Elia finn på litt sprell ilag.

Vi hadde igrunn bestemt oss for å forlate Trinidad så fort som muleg. Ettersom vi oppdaga at propelakslingen lak inn vatn og olje, og der var stort behov for andre ting som måtte gjerast, so vart vi verande i nokre dagar til. Elia fann seg ei jente å leike med, 2 år gamle Muriel frå Argntina/USA. Det vart mykje fiksing av båt og vasking av sengekle og diverse. Dessutan var det kjekt å ha båten i ro nokre dagar også.

Når vi no er på vei mot Panama er det mange tankar som rasar rundt i haude. I utgangspunktet var vi tenkt å reise åleine ut i stillehavet. Det skulle bli både spennande og utfordrande, kanskje litt for spennande.. Så kom vi i prat med Ruffens gode venner Jan og Siv frå båten Misty. Dei var på utkikk etter alternative måtar å komme seg til New Zealand på. Dei har leigd båten Misty her i caribien og vil gjerne komme seg til New Zealand der det er muligheiter for å leige ny båt. Vi hørte dei snakka om at dei skulle ta fly og tenkte ikkje meir på det, før Jan bemerka ein kveld at visst oss trengte mannskap, så kunne dei kanskje tenke seg å vere med eit stykke ut i stillehavet. Oi. Den tanken var fullstendig ny, men etterkvart som eg tenkte meir å meir på 6 timers vakter, Elia sjuk, dårleg sjø, storm og uvær, - ja då vart eg freista å overtale Stian til å ha med mannskap. I begynnelsen var han lite gira, men etterkvart fekk han trua han også. Særleg etter den lange storfiskekampen. Eg har vel vore borti og trua med å klippe snøret vist han skulle få eit sånt nytt beist på kroken og vi er åleine. Ikkje tjangs at vi klare å drage inn nokke slikt. Med fleire ombord kan no dette bli ei muligheit:)

Så no har vi invitert med oss folk. Desse folka er sjølvaste Jan og Siv Skandsen. Vi veit lite om dei på førehand og det kan vere spennande nok i seg sjølv... men det vi veit er at dei har seila endel, er modig som tør å hive seg med Good Mood og dei blir på det varmaste anbefalt av Hildegunn og Steffen frå Ruffenbåten. Dette trur både Stian og eg blir bra. Iallfall er det godt å vere fleire om vaktene. Dessutan har Jan med seg dykkerutstyr, så Stian gler seg til å få ein makker som han kan gjere flaskedykk saman med. Og det skal bli godt å få dame ombord i Moodyen:) Eg har snart skravla høl i haude på Stian allereie;)

I skrivande stund er vi på Islas Los Testigos. Det er 23 februar og vi har aldri fått så mange medlingar på satelittelefonen på ein dag! Tusen takk for alle bursdagshelsingane! Då brorane var på besøk hadde dei med seg ein pakke frå svigers og den inneheldt singletar og en cd! Dessutan sa eg til Hilde at eg lukta so fælt fordi det var så sjeldan at eg dusja, så ho sendte med en pose med små parfyme.... so no lukta her godt til alle tider medan vi spelar nyaste plata til garness tvillingane. Kjempegreier! Stian tok seg ein tur på fjellet her på øya ilag med ein Jason frå nabo katamaranen og Elia søv formiddagsluren sin. Han blei desverre sjuk igår. Snøret renn i lange baner og han hosta litt. Har ein mistanke om at han fekk det med Muriel. Ho hadde samme greia. Igår vart det litt for mykje vind og for lite kle når vi segla, så det var vel ein kominasjon som gjorde at imunforsvaret ikkje klarte å halde stand. Vi var så dårleg alle mann igår. Store bølger og medvindseilas. Rulling og rulling. Fælt å bli så dårleg heile tida. No ligg vi oppankra litt slik at her er bølger heile tida. Dette for at vi ikkje skal ligge for stillt til vi reise igjen imorgon. Då tenkte vi å gå til neste øy som er Blanquilla eller vi går direkte til Las Roques. Det kjem an på vinden. Då vi skulle gå hit, beregna vi 22 tima, men det gjekk for syne meg unna med 7-8 knop og vi var framme i bekmørket inatt etter 14 tima seilas. Litt ekstra spennande å ankre opp i mørket og ikkje noko drømmesituasjon akkurat, men det gjekk greit likevel. Etter Las Roques går turen til Curacao der Stian var å jobba på en båt i fjor vinter. Det skal visst vere ei vakker øy med flotte dykkemuligheiter. Det er også der vi skal møte Jan og Siv. Dei blir med oss til Panama og videre ut i stillehavet ein plass. Spennande!

Ellers har eg ikkje så mykje nytt å berette. Jo forresten; til mamma og alle andre som les om andre seilera som hoppa ufrivilleg (dett) på sjøen og slikt. Det har vi ikkje tenkt å gjere. Her er det strenge reglar om redningsvest og sikkerhetsline på når det er mykje bølger, og om natta. Det er ikkje muleg å søve på frivakta, utan at ein er sikker på at den som sitt på dekk er grisebitta til båten. Stian veit veldig godt at skulle han dette på sjøen, ja då må han ligge ei stond før eg og Elia klarer å starte motoren, ta ned segla og snu båten for å hente han opp igjen. Derfor har han alltid vest og tau festa til båten når han skal fikse nokke ute på dekk. Det samme gjeld meg. Elia har ein stor og klompete redningsvest som er heilt tullete å ha på han når han leikar seg i cocpiten, men han har ein flott 5 punkt sele som vi brukar på han når han har lyst å sjå delefinar framme på dekk.

Ellers var Trinidad ein interessant plass å vere. Hørte stadig vekk om kriminalitet og at ein måtte passe seg, men vi merka ingenting spesielt. Vi var der så lenge at vi begynte å kjenne igjen folk og små-prata med fleire etterkvart. Det var til dømes kjekt å bli kjent med ho vaktdama som gjerne ville ta oss med på barnekarnevalet og ho kunne også arrangere barnepass til Elia når eg skulle på karnevalet. Dette fordi eg måtte aldri finne på å ta han med meg inn i byen på karnevalsdagane pga ''crime, the heat and all the disease, I dont want him to get sick.'' sa ho. Vi valgte å forlate Trinidad før karnevalet. Å etterlate Elia ein framand plass var ikkje noko alternativ uansett. Ironisk nok vart han no sjuk alikevel, men men ein kan ikkje skjerme seg for alt.

Vi tok mykje mini-buss på Trinidad. Dei var ein rik opplevelse kvar gong. Av og til ba eg til Jesus om at måtte passe på at hjula ikkje datt av bilen for den vingla så fælt, medan andre gonga var det farta og sjåførane som var heller tvilsomme. Siste turen vår var då vi hadde handla og skulle heim i båten. Vi hadde ørten bæreposa og stod og vurderte å ta ei Taxi, då minibussen stoppa på andre sida av gata og held fram to fingra til oss. Vi spurta over den travle gata og pressa Elia, handlenetta og oss inn ein overfull bil. Det var no tross alt 50 kroner billegare å ta ein minibuss;) Hvilken opplevelse. Vi har ikkje møtt på så mange andre kristne på seilaset vårt, men her skulle vi iallefall ikkje vere i tvil om kva sjåføren var. Eit gospel/whorship kor sang ''My redeemer comes'' på høgtalerane, og når sangen var ferdig så trykte mannen på repeat og guffa opp volumet. Elia satt med fingrane i ørenene og det var umuleg å høre kva Stian sa. Det jalla i tromehinnane og eg høyrde kvifor sjåføren skrudde opp volumet. Han sang so falskt at det var reint vakkert!:) Vi høyrde sangen 3 gonga før vi endeleg kom til plassen der vi hadde forlatt jolla vår. -''thank you for the music'' sa eg, og gav han litt ekstra peng. Han gliste frå øre til øre og tuta på oss då han for vidare. Flott musikk, og hadde vi hatt meir tid så hadde eg spurt om vi kunne få komme i kirka han gjekk i. Godt utstyrt med øreproppa og hørselverna til Elia vel og merke;)

No har Stian og katamaran mannen komt ned frå fjellet og eg gler meg til å sjå bilda Stian tok der oppe. Når vi får skikkeleg internett skal eg legge ut nytt album. Eg var så vidt innom sida på Trinidad og såg at guttane har lagt ut bilder frå turen og litt reisebrev. Flott, flott. Der mangla kommentara på bilda gutta! Men vist ikkje det blir med dåkke, so kan eg skrable litt på dei når vi kjem til Curacao. Eg reknar med at der er ok internett på den øya.

Det var alt for no, frå oss på langturseilas.

reidun

Ps: har vi forresten sagt at vi er veldig veldig glad for at du var med oss frå Norge og hit til Caribien Steffen? Det var godt å vere 3 over atlanterhavet og vi hadde det kjekt med film kveldar og mykje prat. Du gjorde en flott jobb, så då får du berre jobbe ræva ta deg heime og spare opp nye peng til å komme å assistere oss ved seinare anledningar!:) Elia låne rosakoppen din so lenge ;)

tirsdag 17. februar 2009

Brødrene heime i Norge

Då va alle brødrene heime att i norge. Oss skal prøve å få lagt ut nokre bilde etterkvart når oss he fått samla oss og komt oss litt til hektene igjen. Oss hadde nærmere fjorten daga ombord i Good Mood og seila nordover frå Port of Spain via diverse øye opp til Tobago Cays der oss låg ankra nokken daga i lag med Ruffen. Vart en del snorkling og sol. Oss fekk sett skilpadde, hai, kolibri, delfina og øgle og masse fiska og koralla. Vatnet var varmt med klar sikt og det var ofte sterk sol. Vi vart litt solbrent i ny og ne men man høster som man sår. I tobago vart det diverse ver og vind men det var kjempevarmt uansett so oss kan ikkje klage. Nordover mot tobago hadde oss beregna 22 tima seiling men fekk motvind og motstraum so det vart vel ca 32 tima seiling tenke ej. Nedatt gjekk det mykje fortere. Oss måtte ta en stopp midt ute i havet en plass å erklære unntakstilstand når det plutselig nappa en svær blue marlin sverdfisk (ifølge dei som såg an) på troå has stian. Ej fekk ikkje sett fisken sjøl men dei som såg an sei at an sikkert va minst 200kg og tre meter lång. Fisken sleit ut både han anders og han stian. Reidun styrte båten og Per tok bilde. Ej heldt ei auge med han elia. Dei hala i snøret i godt over 3 tima før det sleit. Men det vart no iallefall ei voldsom fiskehistorie. Han stian vart skikkelig låk i sjela. Sitat: "verre skuffelse enn å komme opp i norsk muntlig". Han stian løt skrive med meir detalja og innlevelse når han finn sej et internett som funka bra. Det var ikkje ofte det var brukandes internett der vi var. Dette her vart ei kort oppsummering av nokke av det som skjedde på turen. Han anders og/eller per løt føye til vist dei vil fortelle nokke meir.

-Pål

mandag 9. februar 2009

På vei tilbake til Tobago Cays

Pål her! Ankra opp i gårkveld etter ca 32 timers seiling. Alle mann hadde på sjøverksplaster (untatt han elia då). Hadde beregna at det skulle ta ca 22 tima, men fekk motvind og motstraum. Når oss endelig va framme ved Petit St. Vincent hadde ho Reidun diska opp nokke tacolignande greier. Heilt topp. Ho he snekra et par middaga til oss før og dei he vør snydens alle sammen. I dag sto oss opp å kosa oss på stranda og snorkla og dykka. Stian tok nokre hommera. Nokken kalla på VHF'en og det vise sej at Ruffen venta på oss på Tobago Cays. Dei hadde visst planer om å seile videre i morgå, so oss løt prøve å peise han dit. No he han Stian sjekka oss inn på Union Island og oss skal til å reise videre nordover mot Tobago Cays. Anders bjønd å bli litt raud ta sola. Ej merkakje so mykje endå. Oss bli vel skikkelig grilla før oss kjøm heimatt uansett tenke ej.
-Pål

torsdag 5. februar 2009

Per, Pål og Anders i Chaguarama

Ej og han Anders kom til trinidad i går kveld etter 3 kule daga i New York! I dag he oss ete havregraut, bada i en foss, sett apa, kasta bomerang, spelt golf, ete dritbra pizza og fekk litt motorstopp på dingen. Åsso he oss svetta masse! Over og ut! Helsing Pål

mandag 2. februar 2009

Første bror har komt!

Vi er på Trinidad og har fått besøk av Per Håvard Fossheim! Anders og Pål Driveklepp er fortsatt i New York og kjem hit den 3 februar. Gjett om det var stas å få store lillebror på besøk. Eg var ikkje klar over kor mykje heimelengsel eg egentleg hadde. Han representerar igrunnen eit lite stykke heime, så det var berre så vidt eg ville sleppe taket rundt han då han fekk velkomstklemmen. Elia sov då bror kom, men det blir spennande imorgo når han vaknar og oppdagar onkelen i sjøkøya.

Medan vi har venta på besøk frå Norge har vi vore på bytur, Steffen og Stian har hengt i lianer og sleppt seg ned i sjøen, og vi har vaska og gjort klar båten til besøk pluss at vi feira bursdagen til Stian.

vist eg har klart å legge ut bilder på album ikveld, so kan dåkke sjekke ut:)

OG mamma, ja eg har kjøpt gåve til Stian og meg frå dåkke;) sjekk ut den flotte hengekøya. tomanshengekøye og greier! Elia elskar å sitte opp i den ilag med mamman eller pappan sin, og ein kveld sovna vi faktisk i den. Og for pengane som var igjen kjøpte eg ein masjete til å hugge vei i jungelen og til å dele kokosnøtter med:)

reidun