lørdag 28. februar 2009

Så skjedde ein av tinga som ikkje skulle skje – vi vart for tøffe

For to dagar sidan gjekk oss til Blanquilla. Vi kom dit på kvelden og såg ikkje så godt øya. Då vi kom ganske nært der vi hadde sett oss ut ein ankringsplass, vart det mykje bråk på vhf'en. Nokon repeterte noko på spansk så mange gonger at vi til slutt spurte på engelsk om det var oss dei kalla på. Etter mykje fram og tilbake om vi ikkje kunne snakke spansk spør eg om vi kan ankre opp. Si, si. Tillatelse til å ankre opp er greit. - I morgon tidleg kjem vi og ser på båt-papira. Dagen etter forstod vi oppstyret. Vi hadde ankra opp tett ved ein liten militærbase, men etter å ha venta nokre timar på folk som ikkje dukka opp, letta vi ankeret og leita etter ein stillare ankringsplass. Det var då vi vart for modige. Vi såg ei lun vik, der passasjen var litt trang, men så utvida det seg til ein flott ankringsplass. Trudde vi. Good Mood gjekk på sakte fart innover mot opninga med vind i ryggen og skipperkona framme på baugen. Ho dirrigerte mellom steinane og håpa på at det skulle bli djupare snart. Det vart det ikkje. Der var ganske klart vatn og det kunne sjå ut som det var sandbotn og enkelte store steinar her og der. Plutseleg vart det mange av dei. Reidun peiva villt med armane og peika venstre – høgre, høgreee – nei vent, rett fram! Fortvila over den elendige dirigeringa oppdaga Stian til sin forskrekkelse at her blir det berre grunnere, så han beslutta å snu båten og komme seg derifrå. BANG sa det og det rista i riggen. Ops. En stein. Bakk opp, legg hardt over og BANG igjen. Då vi endeleg hadde klart å bakka oss ut var vi ikkje særleg høge i hatten. - Kva lærte vi her då.. spør Reidun. - Eg er redd dette vart meir enn en lærepenge, svara Stian. Det kan virke som roret er ein tanke tregare enn før, vi må høgst sannsynleg betale dyrt for ditta idiotiske stuntet vårt. Då vi endeleg fann ei enorm sandstrand som var trygg å ankre på, fekk vi konstatert at roret var blitt litt skada. Det som hadde skjedd når vi begynte å bakke ut igjen frå opninga til bukta var at vi fekk bølgene inn rett bakfrå og dermed gjorde båten nokre hopp opp og ned med bakenden. I tillegg hadde vi nok fullt rorutslag, så roret blei belasta fra sida ved sammenstøtet. Etter rådslagning ombord, beslutta vi å gå direkte til Curacou i håp om å kunne ta opp båten der og reparere roret. Båten treng uansett litt spyling og nytt bunnstoff før stillehavet.

Når vi no skulle gå forbi Los Roques klarte vi ikkje å motstå fristelsen til å ankre opp og sove stille ei natt. Vi var sliten etter ett døgn på sjøen med medvind og rulling. På vei inn fekk vi ein flott liten tunfisk som vi laga oss middag av. Elia har bada i stampen sin og Stian steikte svele til oss. Islas Los Roques liknar veldig på Tobago Cays. Grøn og klar sjø med sand botn, små øyar og korallrev. Vi hadde sett av 4 dagar til dykking her, men slik det vart no så går vi vidare til Curacou i morgon og det vil ta ca ett døgn. Då kjem vi fram på 2 års dagen til Elia:)

Ei lita rølehistorie for dei som er interessert i fisking:

Til slutt kan eg (Stian) skrive litt til dei fiskeinteresserte. Nokre har kansje fått med seg at eg har fått på plass ei skikkelig stor og solid fisketroe ombord. Denne fekk (som tidligere nevnt i reisebrevet frå brødrene mine), ein voldsom ilddåp. Vi seila sørover mot Grenada når tilhugget kom. Eg fekk fort på meg nødvendig utstyr og begynte å stramme bremsa for å kjenne på kva spennande det kunne vere. Kansje var det stort? Og det var det. Eg heldt godt om troa medan snøret berre rasa ut utan tegn til å gi seg. Det gjekk ikkje lenge før eg måtte kalle på Anders for å få han til å tømme vatn over snelda for å få kjøling på bremsesystemet. Det blei fort så varmt at det var ikkje råd å ta borti lenger.

Så, når det hadde gått ut 3-400meter snøre, roa det seg mykje. Vi begynte aktivt å køyre etter fisken for å ta inn att snøre. Reidun stod bak rattet og hadde ein storjobb med å følge ordrane. Fullt styrbord, nei babord, full gass, nei slakk ned. Det kom inn nokre meter, og det gjekk utatt nokre meter. Slik heldt vi på rundt ein time heilt til vi begynte å skimte noko nedi djupet. Anders stod klar med kjempekleppen og skulle dryle denne inn i fisken ved første anledning. Plutseleg dobla pulsen seg på eit øyeblikk når vi fekk sjå kva slags monster vi hadde hala inn. På skrå ut frå båtsida, ca 2 meter under vannflata kjem det sigande ein Blue Marlin (sverdfisk) som tek rolege svømmetak med den enorme sporen. Avstanden var for stor til noko forsøk med kleppen, og dessutan blei både Anders og eg veldig i tvil om det verkeleg kunne la seg gjere å kleppe monsteret. Visst kleppen hadde gått inn i sida på fisken hadde den nok lagt inn eit høgare gir og dratt med ei kraft som ein vanskeleg kan forestille seg.

Desverre var dette alt vi fekk sjå av fisken. Ingen bilde, og ingen middag (til 300mann). Fisken fortsatte vekk fra båten med heilt rolege svømmetak. Det gav eit voldsomt inntrykk på meg når eg satt der og heldt troa alt eg kunne, og eg såg korleis fisken hala ut snøret utan å anstrenge seg det minste. Det føltest som om snøret hadde lagt seg rundt kroken på ein bil som køyrde roleg vekk frå oss.

Etter dette fortsatte kampen i fleire timar. Anders og eg bytta på å jobbe med troa etterkvart som kreftene tok slutt, men det gjorde nok ikkje kreftene i andre enden av snøret. Reidun hadde også begynt å få nok av jobben bak rattet. Det var akkurat som om det no hadde gått opp for fisken at han var krøkt fast i eit snøre, og han skulle ikkje nær den båten ein gong til. Hundre meter inn og hundre meter ut igjen gong etter gong, men aldri noko hurtige utras.

Ein gong når fisken var ganske nær oss reiste snøret under båten og fekk litt småskader. Det begynte etterkvart å bli kveld og vi hadde ikkje anna valg enn å stramme meir og meir brems medan vi kvilte troa på rekkewiren for å klare å halde. Dette var nok årsaken til at vi til slutt sleit av snøret som har ein bruddstyrke på 150pund/68kg. Då var klokka ca 17:00 og vi hadde kjempa i nesten 5 timar.

Så det store spørsmålet: Kva størrelse og vekt dreier det seg om? Det skulle eg gjerne ha visst, og derfor har eg forska ein del på det for å komme nærast muleg svaret. Ved å snakke med lokale fiskarar som fiskar etter Blue Marlin, og ved å studere modellar av fisketypen (som hang på ein restaurant på Trinidad) har eg komt litt nærare. Vi skal seinare legge ut bilde av fiskemodellane slik at folk får sjå korleis fisken såg ut og for å gi litt inntrykk av dimensjonane.

PS:Eg har ei fiskevekt ombord som går til 100kg. Når Steffen Størseth frå Ruffenbåten såg fisketroa mi så spurte han meg kva i huleste slags kjempefisk eg skulle fiske med den enorme greia. Eg svarte at eg skulle fiske ein fisk som var så stor at eg måtte dele den i tre for å vege den med fiskevekta mi. I dette tilfellet hadde vi kansje måtta delt i fire :)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Aiai! Blei nervøs av starten på detta reisebrevet ska ej love dåkke. Et skada ror e no ingenting. Ellers må ej gratulere han Elia (som no he blitt "TOOO") med dagen. GRATTIS ELIA! PS: Takk for ej ikkje fekk meir tyn for ej sleit vekk denna fisken. Ei god fiskehistorie gjeng heldigvis ikkje an å slite vekk.

Anonym sa...

Det er berre så fabelaktig å lese desse reisebreva. Spørs om de skal gje ut bok når dette kjem litt på avstand.
BLUE MARLIN !!!! HÅHÅHÅ SÅ FETT !!
Berre den opplevinga må være verdt turen åleine :)