tirsdag 31. mars 2009

kanalen

Panamakanalen er ferdig og vi er forsyne meg i STILLEHAVET! Du store alpakka! No er det ingen vei tilbake sei dei, men koffor skal vi det egentlig? No skjer det som vi har venta på lenge, vi er på vei til å besøke dei spennande øyane ute i det stille havet:) Vi ser fram til dette og har det ikkje kribla før, so gjer det det iallefall no.

Panamakanalen var ei artig oppleving. Eg har lagt ut itt bilder og skreve kommentara der. Morsomt at Pål fekk til å ta opp hendinga på webcamera. vi vinka og vinka til den store bygninga, og folka vinka tilbake for dei trudde det var dei vi vinka til;)

No sitt Elia og eg på restaurant og legg inn bilder på gratis nettet her. Stian og Opportune Rune stakk til byen og skal finne batteri og slikt (båtutstyr), men eg har ikkje meir battei på pc'en, så dette får vere bra for denne gong.

PS: stillehavet er faktisk kaldare enn caribien, her er berre 24 grader i sjøen;) hehe... og dessutan er her litt svalare vind. Deilig.

so langt, so bra
reidun

mandag 30. mars 2009

Gjennom Panamakanalen!

Hurra!! Landkrabben Pål helser til Good Mood som no ser ut til å ha passert dei siste slusene i panamakanalen! Sjekk bildet under. Tek ikkje ej heilt feil so e det dei som ligg å brifa med det nye soltaket sitt. Klikk HER for video av heile greiå.

søndag 29. mars 2009

Panama - Colon


Då er vi spenna klar for sluse kjøring!


Vi reiser frå marinaen klokka 1500, skal møte losen som skal vere med gjennom kanalen kl 1600. Deretter går vi gjennom første slusene. Vi skal sansynlegvis ikkje gå igjennom webcamera slusene før søndag i 13-14-15 tida.


I det siste har vi bunkra opp, (sjekk bilder) og gjort klar båten for stillehavsseilas. Vi har endå litt å gjer, så vi kjem til å vente på deler på andre sida av kanalen. ( ny membran til watermakeren). Sjøl om vi ligg til havn i marinaen, så har Elia og Stian fiska kvar dag. Og napp har dei fått på kroken med ost. Den argaste fisken var det Stian som lurte inn i håven til Elia, men det var ikkje så smart. Det var en pinnsvinfisk som blåste seg opp og sprengte heile håven. Elia vart veldig lei seg og grein og grein. Kanksje han trudde Stian skulle drepe fisken då Stian ville klippe laus fisken frå nettingen. Det var iallefall ikkje råd å trøste Elia. Han grein sjølv om fisken bære svømte avgårde også. Hadde vel kanskje vør kult å hatt den som leikekamerat..... Nei då var det bedre med den lille fisken som fikk plass opp i lomma då vi skulle på handletur. Vi oppdaga den ikkje før vi satt i bussen. -nei kva du har der Elia?, spurde vi, og han svara: -isk, buff.... altså fisken skulle også få kjøre buss!


no er det vist ein halvtime til vi tøffar oss mot kanalen. blir artig. Opportune reiste for 2 dagar sida, og Jan og Siv var med som mannskap. Dei kom att igår kveld og no er dei erfarne kanalkjørera, så vi slepp å engste oss:)


see you on the other side:)


-reidun

torsdag 26. mars 2009

Stian på jordomseiling i 1998

Denne stilen fann far (Andor) heime i eit skap no ein dag, og er ein tentamen
i hovudmål Stian skreiv i nov. 1998.
Med denne stilen kan vi slå fast at seglturen Stian har teke Reidun og Elia med på ikkje er noko han nyleg har funne på (om nokon skulle tru det):

onsdag 25. mars 2009

Panama


Ja no er oss komt oss so nær Stillehavet som mulig. Dette er spennande. Vi ligg i Shelter bay Marina og gjer klar båten til stillehavet. I dag skulle vi egentleg handle mat for tusenvis av kroner, men bussen til butikken var full, så vi må vente med handlinga til imorgo. Det er egentleg heilt greit, for då får vi gjer andre ting. Så idag for Elia, Stian, Siv og Jan med Opportune gjengen og gjekk tur inn i skogen for å sjå på apane! Det var kjekt å møte igjen Opportune her i Panama! Vi skal reise samtidig ut i Stillehavet, men reisemåla blir litt ulike. Vi skal alle til Galapagos, men der skiljast våre veier. Opportune skal til Påskeøya, Hilde og To Fluer skal til Marquesas øyane og vi ombord i Good Mood skal til Pitcairn.



No må ej jobbe, kos dåkke med nye bilder som er lagt ut. Og stikk innom sia til Jan og Siv. Dei har skreve mykje meir om besøka våre hos kuna indianarane på San Blas.

www.janogsiv.no

reidun

tirsdag 24. mars 2009

mandag 23. mars 2009

Karibienfilmen

For dei som e interessert... Her e en 5-minutters video frå dei to vikene ej og han Anders og han Per va i karibien.

-Pål

tirsdag 17. mars 2009

San Blas

Ei ørlita oppdatering i full fart. Vi har aldri seila Good Mood så fort over så lang strekke før! Vi reiste frå Curacao onsdag 11 mars og kom fram til San Blas søndag 15 mars! Då seila vi ca 175 nm i døgnet og hadde ei snittfart på 7,2 knop. En kombinasjon av nysmørt båt, mykje vind og god seilføring gjorde at Good Mood med mannskap hadde ein fantastisk seiltur. Stian blei litt dårlig då.. Han var den einaste uten sjøverksplaster og dei 2 første dagane søv han mykje. Siv og Jan diska opp med den eine gode middagen etter den andre, og etter kvart blei det også fiskemiddag ombord. Andre dagen på havet nappa det i stortroa og på berre nokre minutt sveiva vi inn ein Sailfish på 32kg. Dette er ein type sverdfisk med ein voldsom ryggfinne. Skrytebilde kjem etterkvart.

Men ikkje nok med dette. To dagar etterpå, berre ein time fra land nappar de i lilletroa og snøret raser ut. Vi fekk så vidt stoppa båten og snudd etter fisken før alt snøret var ute, og når Jan skulle sveive inn den andre troa så beit det på ein fisk der også. Rett etterpå hopper det ein sverdfisk både bak båten og ein annan foran båten. Vi hadde no to sverdfiskar på to troer! Det gjekk heldigvis ikkje lenge før den eine fisken kom seg laus frå kroken, så då hadde vi fisk berre på den lille troa igjen. Etter ca ein time og fleire spektakulære hopp fekk vi fisken opp på sida og Jan fekk planta hai-kroken vår fint i hovudet på den. Etterpå lurte vi eit tau rundt sporen på den og slepte den inn til planlagt ankringsplass. Det var ein Blue Marlin vi hadde fått, og dette var lillebroren til den vi hadde på kroken nord for Grenada. Vi svinga ut bommen og heisa opp fisken, og med fiskevekta hekta på viste denne 58kg. Ingen liten fisk med andre ord. (bilde kjem her også). Vi skar av eit par 20kilos filetar og den eine fileten fekk Kuna Indianerane. Den andre tok vi ein del av sjølve medan resten delte vi ut i store stykker til tre seilbåtar i området. Alle var kjempeglade for fisken.

Så no har vi komt til flotte San Blas. Her bor det mange indianarar på øyene rundt om kring. Her er palma og kvite strender og nydelege oppankringsplassa. vi kjem til å farte rundt her omkring i nokre dagar, før vi vende nasen bortover til Panama kanalen som berre er 1 dag unna.

Siv og Jan har forresten ei eiga heimeside der dei oppdatera litt etterkvart dei også. For dåkke som vil lese meir, så er det berre å klikke inn på www.janogsiv.no

No skal vi sjekke inn i landet, slikke sol, bade og ete masse fisk kvar dag:)

Stian og Reidun

tirsdag 10. mars 2009

Fiksa båt - ferdig.

Curacao

No har vi fått båten på sjøen og fått flott besøk ombord. Mannskapet vårt Jan og Siv mønstra på i går. Planen vidare er å handle inn litt mat og drikke, og deretter suse avgarde i retning San Blas. Det er like ved Panama og vi har hørt at der er veldig flott. Opportune ringte oss frå San Blas og sa at vi måtte få med oss denne fantastiske perla med trivelige indianarar. Turen dit vil sikkert ta ei veke, så vi får hamstre inn mat og sette seil:)

Forrige veke mekka vi på båten. Benda på plass roret og lima det saman, pussa båten og bunnsmørt med ny farge. Elia har hjelpa til så godt han kan både ute og inne. No er utfordringa å få plass til all maten som skal provianterast.

Planen er å reise om to dagar.

onsdag 4. mars 2009

Curacao

No står huset vårt på to treklossar, og all vugging er heilt borte. Vi har tatt opp båten på Curacao for å reparere roret, og få på litt ny bunnsmøring før stillehavet. Roret er tatt av og ligg under båten. Det blir litt sliping og epoxyarbeid før det kan settast på igjen, men det ser ut til at det blir godt som nytt igjen. Vi får ombord det nye mannskapet på søndag, og håper at båten kansje er på vatnet igjen rundt dei tider. Elia koser seg når han får hjelpe til med repareringa. Han deltek med skralle og skrujern så godt han kan. Derimot var det mindre kjekt når dei begynte å løfte båten ut av vatnet. Då stod Elia på kaia å skreik fordi dette var skumle greier. Han var kansje redd for å miste heimen sin.

Når kvelden kjem går Reidun rundt i båten med sin nyinnkjøpte elektriske flugepiske. Det briser og blinker i piska kvar gong ho treff blink på ein mygg. Dette er eit av minusa med å vere her. Det er veldig med mygg når kvelden kjem. Varmt er det også, så myggnetting på lukene kjem godt med. Ellers er det berre velstand ombord.
Her er forresten eit bilde av ei avstøypning av ein blue marlin. Meiner denne fisken var ca 400kg. Gøy å sjå kva størrelse desse fiskane kan ha. Å fiske etter desse er meir som å jakte hjort.