tirsdag 17. mars 2009

San Blas

Ei ørlita oppdatering i full fart. Vi har aldri seila Good Mood så fort over så lang strekke før! Vi reiste frå Curacao onsdag 11 mars og kom fram til San Blas søndag 15 mars! Då seila vi ca 175 nm i døgnet og hadde ei snittfart på 7,2 knop. En kombinasjon av nysmørt båt, mykje vind og god seilføring gjorde at Good Mood med mannskap hadde ein fantastisk seiltur. Stian blei litt dårlig då.. Han var den einaste uten sjøverksplaster og dei 2 første dagane søv han mykje. Siv og Jan diska opp med den eine gode middagen etter den andre, og etter kvart blei det også fiskemiddag ombord. Andre dagen på havet nappa det i stortroa og på berre nokre minutt sveiva vi inn ein Sailfish på 32kg. Dette er ein type sverdfisk med ein voldsom ryggfinne. Skrytebilde kjem etterkvart.

Men ikkje nok med dette. To dagar etterpå, berre ein time fra land nappar de i lilletroa og snøret raser ut. Vi fekk så vidt stoppa båten og snudd etter fisken før alt snøret var ute, og når Jan skulle sveive inn den andre troa så beit det på ein fisk der også. Rett etterpå hopper det ein sverdfisk både bak båten og ein annan foran båten. Vi hadde no to sverdfiskar på to troer! Det gjekk heldigvis ikkje lenge før den eine fisken kom seg laus frå kroken, så då hadde vi fisk berre på den lille troa igjen. Etter ca ein time og fleire spektakulære hopp fekk vi fisken opp på sida og Jan fekk planta hai-kroken vår fint i hovudet på den. Etterpå lurte vi eit tau rundt sporen på den og slepte den inn til planlagt ankringsplass. Det var ein Blue Marlin vi hadde fått, og dette var lillebroren til den vi hadde på kroken nord for Grenada. Vi svinga ut bommen og heisa opp fisken, og med fiskevekta hekta på viste denne 58kg. Ingen liten fisk med andre ord. (bilde kjem her også). Vi skar av eit par 20kilos filetar og den eine fileten fekk Kuna Indianerane. Den andre tok vi ein del av sjølve medan resten delte vi ut i store stykker til tre seilbåtar i området. Alle var kjempeglade for fisken.

Så no har vi komt til flotte San Blas. Her bor det mange indianarar på øyene rundt om kring. Her er palma og kvite strender og nydelege oppankringsplassa. vi kjem til å farte rundt her omkring i nokre dagar, før vi vende nasen bortover til Panama kanalen som berre er 1 dag unna.

Siv og Jan har forresten ei eiga heimeside der dei oppdatera litt etterkvart dei også. For dåkke som vil lese meir, så er det berre å klikke inn på www.janogsiv.no

No skal vi sjekke inn i landet, slikke sol, bade og ete masse fisk kvar dag:)

Stian og Reidun

2 kommentarer:

S/Y Lennuk sa...

Kan de ikkje gi oss ei innføring i fisking? Kva snelle, sen og krok brukar de?

SY Lennuk

Bjørg sa...

Snakka nettopp med Good Mood, (21.03) Dei reknar med å vere i Colon, Panama, om ein dag eller to; før det har dei ikkje internettdekning.
Alt vel ombord.