fredag 24. april 2009

Framme på Galapagos!


Då var vi komt oss fram til Galapagos. Her skal vi sjå gedigne skilpadder, bade med sjøløver og studere hai på trygg avstand:) Turen over hit gjekk flott, og vi har mykje diesel til overs, sjølv om vi gjekk for motor 2 siste dagane.
Vi gler oss til å utforske Galapagos!

Kos dåkke med 78(!) bilder, inne på albummet, frå overfarten frå Panama og hit. Der er til og med mange kommentarar mamma;)

- Reidun

tirsdag 21. april 2009

3 dagar til Galapagos


Då kan vi skrive et lite hei frå oss igjen! Sist vi prøvde å sende eit reisebrev, så var der der ikkje peng på satelittabbonementet, så vi fekk verken ringe eller sende mail. Kvar i all verden hadde dei førehandsbetalte 500 ringeminutta blitt av? (vi betalte 7000 kr i mars) Vi kalla opp Opportune som låg nokre nautiske mil bortom oss og etter nokre timar så låg vi og seila ilag. Eg hoppa i sjøen og svømde bort til tauet som hang etter båten til Opportune og drog meg opp i båten. Der fekk eg låne satelittelefon og ringde heim til Hilde som skulle snakke med shipequip og finne ut kva som hadde skjedd. Mandags morgon fekk ho snakka med dei, og ved en feil hadde dei ikkje registrert betalinga vår som vart gjort for en mnd sidan. Det var dårleg gjort, men dei var kjapp å rette opp feilen og no kan vi bruke telefonen. Dette er sånt som er litt kjedelig at det skjer, særleg vist ikkje Opportune hadde segla ilag med oss. Det kan plutseleg skje at vi ikkje har telefon, og dåkke heime må vente til vi kjem oss iland før ein kan få livsteikn frå oss. Det er det einaste negative ein kan sei om å ha satelittelefon ombord. Når dei heime er van med å høyre livstekn frå oss, og der plutseleg ikkje er kontakt lenger, så veit ein ikkje om det er fordi vi ha mista telefonen i sjøen eller om vi faktisk har trøbbel der ute. Om det skulle skje at vi øydeleg telefonen vår, så uroe dåkke ikkje for mykje. Vi har nødpeilesender ombord og den er ti gongar bedre en satelittelefonen. Har vi trøbbel og utløyser nødpeilesendaren, så skulle det ikkje vere lenge før der er hjelp å få. Det var ei dyr investering, men den er veldig kjekk å ha vist ein skulle få bruk for den.





Her eg sitt i senga og skriv, så høyrer eg sjøen duppe og renne langs med båten. Vi har nydeleg vær; sol og litt vind. For nokre dagar sida, hadde vi ingenting vind, og det er rart å sjå kor stille dette enorme havet kan bli. Vi tøffa litt for motor og såg skilpadder og mange delefinar. No har vi segla i 3 dagar med fin vind frå sør. Galapagos ligg ca 3 dagar frå oss. Vi hadde ikkje rekna med at vi skulle få slik motstraum. Ei natt vi gjekk for motor, registrerte eg 1,7 knop fart og då brukar vi vanlegvis å ha 4-5 knop med samme turtallet. Det er seint det! Den farta vi har no er ca 3-4 knop. Ikkje noko å juble over, men det går rette veien.



- Gakk gakk, blå!, sei Elia!- nei, grå, rettar eg. Eg ser at han tenker grundig før han sei – munn, blå! Han og Stian har vore ute og sett på havsula som har landa framme på båten vår. Den er grå og har orange føtter og blått nebb! Den kom idag tidleg og sitt og vaskar seg. Ei natt hadde vi ei havsule som sov på solcellepanela våre. Vi har dessutan hatt både svale og noko som ligna på spurvehauk på besøk.



Jo der er mykje liv rundt oss, men fisken vil ikkje bite på kroken. Vi går for seint til det. Delefinane hoppar og sprett og leikar seg rundt oss. Igår var her minst 500 av dei. Heilt enormt kor det kokte. Eg trur det var storstilt samarbeid om middagsmat. Dei organiserte seg rundt i ring, og i midten kunne vi sjå at fuglane stupte ned og angreip dei fanga småfiskane.



Malpelo er ei øy laga av ein stor bratt stein. Der bur columbanske voktarar og 50 % av alle havsulene i verda. Snakk om yrande fugleliv. Sjølv om vi egentleg måtte ha spesiell tillatelse til å gå iland, fekk vi likevel lov til å besøke dei. Båtane Good Mood og Opportune låg ikkje særleg stille i dei store havdønningane, så vi besøkte øya i 2 puljer. Til og med Elia fikk vere med iland, og når dåkke får sjå bilda, so skjønnar dåkke kvifor det var litt vanskeleg å få til. Bæremeisa er kjekk å ha ved slike høve. Guttane på øya var glade for besøk, fortalde gjerne om fuglelivet og tok Stian med på ein halsbrekkande klatretur til toppen av øya. Det er ikkje ofte eg ser at Stian er betenkt, og han fråråda andre til å prøve seg. Klatringa var utan sikring og her skulle ein ikkje gjer eit feilsteg utan fatale følger. Det gjekk heldigvis bra på klatreturen til topps, men gutten hadde gløymt å ha med fotoapperatet, så dei ivrigaste lesarane våre kan gå inn på google earth og sjå flottte bilder frå Malpelo øya der.



Vi skilde lag med SY Hilde før vi kom til Malpelo. Vi hadde lite vind og måtte bruke motor og dyrebar diesel for å komme oss til Øya. Hilde valde å fortsette til Galapagos, då dei hadde seglvind i den retninga. Opportune låg derimot å duppa på mooringen når vi kom fram. Så etter turen i land og litt dykking med hammerhai, drog vi vidare dagen etterpå mot Galapagos. Første dagen hadde vi ganske godt følge, men vi seglar litt fortare enn Opporune, så vi drog ifrå dei. Dagen etterpå fekk vi kontakt med dei igjen, for å ringe heim og resten av historia skreiv eg i byrjinga av brevet. Opportune ligg no ca 30 nm frå oss.



I skrivande stund har vi ca 3 dagar igjen til Galapagos. Stian har nettopp sett en rundstykkedeig. I går tina vi ein kjøttdeig og hadde spagetti til middag og kanelsnurra til dessert. Nam nam! Ikkje domt å ha ein bitteliten frysar ombord.



Ellers har vi fått seilfolk ombord, praten går om slør og hals og fall og skjøte. Eg har ikkje den ringaste ide om kva dei snakkar om og visste ikkje at Stian kunne ditta språket. Han heng med, og dei diskuterar om båten klarer å vinne høgde eller om vi må slå. Det høres ganske teit ut, med eget språk til sjøs. Men slik er det vel i alle sportar. Fagord og sære utrykk for dei som er ekstra ivrig i faget.



Oi, for nokken vræl. Havsula sette i å skrike skikkeleg. Trur ikkje dåkke at Stian og Elia kraup fram og fanga havsula? Den skreik som en stukken gris, medan Stian held han rundt halsen og nebbet. Av mangel på fiske middag, begynn Jan og Stian å fable om ei havsule steik. Denne gongen fekk havsula sleppe fri, men det ser ut som han ikkje har tatt skrekken. Den sirklar rundt båten og det ser ut som den vil sette seg igjen. Merkeleg. Eg får gå ut og roe ned guttane. Så lenge her er kylling og kalkun på boks, så skal havsula få leve sei no eg.



Over og ut frå Good Mood.

-Reidun.



Ps: En ekstra stor klem til Patrick som har bursdag idag! Hope you are doing great and that you will have a nice day today! I like you very much;) Og til Per Håvard som hadde bursdag for nokre dagar sida. Vi gle oss til du og Marie kjem på besøk en gong. Veldig glad i dåkke begge to!! :) og sist men ikkje minst gratulere til Judith som også hadde bursdag den 17. Håpe det står bra til på brunkeberg. Vi savna dåkke veldig og vist oss kjem til Fillipinane en dag, så får vi møtast der! Stor klem til alle frå Reidun, Elia og Stian.



Posisjonen vår:

01*27.9900N

86*08.1932W

søndag 19. april 2009

Good Mood fortsatt på vei til Galapagos

Var i telefonkontakt med Reidun i ettermiddag. Ho ringte frå telefonen til ein annan båt, som dei seiler i lag med, fordi det er noko kluss med abbonnementet til deira eigen telefon. Av same grunn klarer dei heller ikkje å få blogga nye innlegg på heimesida. Vi prøver å få ein orden på dette over helga, men medan vi set her heime og lurer på korleis det går: VI HAR DET FINT, MEN DET GÅR KJEMPESEINT!

Helsing Reidun (og Hilde)

tirsdag 14. april 2009

Stillehavet, på vei til Malpelo

Posisjonen vår no er:
05*00.517 N
81*09.030 W

Her kjem en liten rapport fra Stillehavet. Eg (Stian) sitt no på kveldsvakta mi og ser på månen, det speilblanke havet, morilden som lyse i propellvatnet og båten Hilde som ligg et stykke på sida av oss. Dette blir andre natta til havs etter at vi forlot Las Perlas, øyane rett utanfor Panama. 130 nautiske mil foran oss ligg Malpelo der vi skal stoppe litt og dykke før vi fortsette til Galapagos.

Seilasen fra Las Perlas og til no har bydd på mange flotte opplevelsa. Vinden har vore svak eller ingenting, og vi har seila og gått for motor kansje 50/50. For øyeblikket er det 0 knop vind og heilt flatt hav utan dønning. Motoren går på lavt turtall og vi held ei fart på 4-5 knop.

I går natt vakna eg av at Jan sat i mørket med fisketroa og jobba med noko som hadde komt på kroken. Når han etterkvart fekk inn fangsten var det ein diger akkar/blekksprut som hadde krøkt seg på. Denne prøvde eg å lage middag av etter ei oppskrift vi fekk med Opportune, men dette blei ingen stor suksess først og fremst fordi det blei gløymt av i ovnen på grunn av kvalbesøk. Resten av blekkspruten monterte eg ein stor krok på og hengde på slep etter oss.

I dag fekk vi endeleg besøk av kval på nært hold. Det var Hilde som først fekk dei opp til båten, og etterkvart la vi om kursen litt i håp om å få sjå dei. Vi gjekk for seil med ei fart på 2-3 knop då kvalane kom bak båten og det gjekk ikkje lenge før eg drog på dykkermaska for å sjå nermere på dei. Jan kom straks uti han og når han såg at eg ikkje blei oppeten. Hengande i badestigen fekk vi oss ein fantastisk opplevelse. Kvalane kom heilt opp i nasen på oss og låg lenge så nær at vi kunne ta handa bort på panna på dei med hendene. Jan tok litt på ein av dei og den kvapp til et øyeblikk og trekte seg ein meter lenger bak ei stund. 3-4 meter under oss var det to andre kvalar som gapte litt og knuffa borti kvarandre akkurat som dei leika seg eller krangla litt. Når dei gapte såg vi tennene som var ganske spisse og lange. Heldigvis tok dei ingen smaksprøver av oss. Eg tok og undervannskameraet og tok nokre bilder og film av kvalane. Etterkvart var også dei litt meir skeptiske, Siv og Reidun ned i stigen og helste på kvalane. Kvaltypen heiter Short-finned Pilot Whale og blir også kalla Blackfish. Dei store dyra er 3,6-6,5meter og dei små er 1,4-1,9 meter. Føda er blekksprut og småfisk, og på grunn av dette kunne det gått skikkelig gale med kroken som hang ute med blekksprut på. Ein av kvalane beit nemleg over blekkspruten og drog ut litt snøre, og når eg sveiva inn så var dei lengste tentaklane vekke. Etter dette tok vi opp kroken.

Litt seinare på dagen passerte vi ei stor skilpadde som låg og duppa i vannflata. Då var det på med maska igjen og stupe ut i. Den låg og svømte rolig i vannflata med ein liten fiskestim svømmande under skalet, og på halsen var det grodd til med nokre skjel. Bakre halvdel av skalet var også nesten dekt av små lus på 5-6mm og Jan og eg tok tak i skalet og kosta av lusa. Sjøl etter av vi hadde hengt etter på skalet så stakk ikkje den av når vi slepte taket. Det vi etterpå fekk høyre når vi kom ombord igjen i båten var at vi var fulle av lus. Når vi kosta lusa av skilpadden så hadde dei heller bosatt seg på oss. Heldigvis var lusa mindre glad i å vere på land så etterkvart slapp dei taket.

Når vi no kjem til Malpelo så er som sagt planen å prøve å få dykka litt. Her skal det vere store mengder hammerhai og diverse andre store skapningar som manta-ray og kvalhai. Malpelo er ikkje store øya og det er dårlige forhold for oppankring. Dessutan er det dårlig kartlagt så vi prøver å beregne ankomsten til morgonen etter at det har blitt lyst. Øya er nesten berre bratt berg som står ut av havet her og der og det er nesten ikkje ei plante der. Det ligg ei lita hytte på øya der det bor nokre militære parkvoktarar og det er i utgangspunktet ikkje lov å gå i land.

Før vi begynte å seile mot Malpelo så overnatta vi to netter på Las Perlas øyane. Her var det og mykje spenning på fleire måtar. Etter ein tur i skogen kom vi til ein liten base på andre hjørnet av øya. Denne viste seg å vere militær, for etter at vi begynte spaserturen tilbake var det plutseleg nokon som ropte på oss. Over ein bakketopp kom det ein i militærkle med pistolen retta mot oss og bak han kom det en med maskingevær over skuldra. Dei var helidivis forholdsvis snille folk, men vi fekk beskjed om at øya var farleg på grunn av narkohandel. Derfor fekk vi ikkje oppholde oss der.

Seinere på kvelden når vi låg oppankra ilag med Hilde fekk vi beskjed om at Opportune var på veg. Dei hadde dårlig med kart og på grunn av det så tok eg gummibåten for å køyre ut og møte dei. For å gjere ei lang historie kort så enda dette med at når eg kom meg ombord i Opportune så hadde dei allerede gått på grunn på eit rev og sjøen var fellande. Heldigvis var det berre ein time til lavvatn når det skjedde, men det såg mørkt ut ei stund på grunn av store bølger som stadig løfta båten litt frå revet og kasta den ned igjen. Det er ca 4,5 meter mellom flo og fjøre her så det kunne gått langt verre. Etter mykje dramatikk i mørket fekk vi omsider Opportune av revet, og båten som heldigvis er bygd i stål kom frå episoden utan skade. Dagen etterpå dykka vi alle mann og fekk skote nokre fiskar, papegøyefisk, triggerfish og crocodile nedle fish. Til kvelden samlast vi til felles middag der Opportune stod for tilbereding av fisk, Good Mood; salaten og risen og Hilde laga dessert! Vi låg oppankra 3 båta på ett anker, med fendrar i mellom båtane, så det var berre å spankulere over til naboen. Good Mood sitt anker heldt godt, men før vi skulle legge oss vart det for mykje svell og vind til å ligge så nært, så vi splitta opp laget. Om morgonen gjekk vi ut i samla tropp og har helde lag sida. Opportune ligg for tida litt lenger nord-aust om oss, medan Hilde ligg rett ved sida. I morgon reknar vi med å vere på Malpelo øya. posisjonen der er; 3*59N og 81*36W

- Stian

Litt Elia oppdatering frå Reidun:)

Elia prata mykje og lika godt å leike med keybaordet sitt, dyra sine og lese bøker. Han er veldig glad i sang, så lille petter edderkopp må syngast fleire gongar på fanget til Siv. Ellers elska han å sjå muldvarpen, pingu og hi ha hei! (Byggmester bob) Han brukar ofte dei tegna han har lært som er; melk, meir og ferdig! Idag når eg skulle bade han i stampen var han lettare frustrert over at eg skylde ut såpa frå håret og gjorde tegnet for ferdig, ferdig!

Ord som han sei i daglegtalen er: isha – fiska, kabba – krabba, jippi – skilpadde(!), fin – delfin, bå – blå, koka – kroka, an(g) – agn, hente – jente, kaka – pannekake eller marshmallows, hænne – henge, tao – tau, butta – bøtta, tenge – tegne, koka -boka, åppe – hoppe, kam! - kom, jite – liten, kaffe – kaffi, natta! - god natt då:)

Han stor kosar seg ilag med Jan og Siv, dei leikar og syng og er alle tiders! Då vi var ombord i Opportune på fellesmiddag, for han og sprang frå den ene til den andre. Elia har blitt mykje meir aktiv ute på dekk, så no er det på med redningsvest utanfor cocpiten. Han elskar fiskar og er like spent som oss vist det blir napp på kroken. Då vi fekk besøk av kvalane, kalla han dei for fina (delfina) og syns det var stilige dyr:)

Ellers vil eg helse alle og sei at Jesus har stått opp og Han lever! Ha ei forstatt god påske!

- Reidun

mandag 6. april 2009

Panama City









Elia styrer dingyen vår på vei inn til shopping.


Vi er ganske klar for tur ut til Galapagos. Det einaste som står igjen er inn og ut sjekking av landet, frukt og grønsakshandling og litt fersk kjøtt til turen. Vi regnar med at der er dyrt ute i stillehavet, så vi har kjøpt mat for mange tusen kroner her i Panama. Elia har fått seg nye sko og truser(!). Når han skal tisse så tissa han på sjøen, men når han skal bæsje så går det verre. Her ein dag måtte eg vaske tau på dekk..han rakk ikkje fram til potta si.


Dette er barneporsjon! og Elia sin første bæsj i potta!!! hehe... slik går dagane.


Ellers har vi som sagt proviantert, kjøpt sko til guttane og bikini til meg:) Dessutan har vi sjølvsagt kjøpt ekstra blekkspruta som Stian skal fiske med.


Elia og Lea studerar fiskelivet i dammen på den lille naturparken som vi besøkte søndag 5.april. Dei stor kosar seg i kvarandres selskap.

Så no er vi spent på kva stillehavet byr på. Turen over til Galapagos trur vi blir mykje diesel seiling. lite vind og blank sjø. Den tek vel ca 1 veke. Så skal vi vere på galapagos nokre dagar, før vi sett kursen over til Pitcairn. spennande? ja veldig!
Set sail for the big adventure!
-Reidun