tirsdag 21. april 2009

3 dagar til Galapagos


Då kan vi skrive et lite hei frå oss igjen! Sist vi prøvde å sende eit reisebrev, så var der der ikkje peng på satelittabbonementet, så vi fekk verken ringe eller sende mail. Kvar i all verden hadde dei førehandsbetalte 500 ringeminutta blitt av? (vi betalte 7000 kr i mars) Vi kalla opp Opportune som låg nokre nautiske mil bortom oss og etter nokre timar så låg vi og seila ilag. Eg hoppa i sjøen og svømde bort til tauet som hang etter båten til Opportune og drog meg opp i båten. Der fekk eg låne satelittelefon og ringde heim til Hilde som skulle snakke med shipequip og finne ut kva som hadde skjedd. Mandags morgon fekk ho snakka med dei, og ved en feil hadde dei ikkje registrert betalinga vår som vart gjort for en mnd sidan. Det var dårleg gjort, men dei var kjapp å rette opp feilen og no kan vi bruke telefonen. Dette er sånt som er litt kjedelig at det skjer, særleg vist ikkje Opportune hadde segla ilag med oss. Det kan plutseleg skje at vi ikkje har telefon, og dåkke heime må vente til vi kjem oss iland før ein kan få livsteikn frå oss. Det er det einaste negative ein kan sei om å ha satelittelefon ombord. Når dei heime er van med å høyre livstekn frå oss, og der plutseleg ikkje er kontakt lenger, så veit ein ikkje om det er fordi vi ha mista telefonen i sjøen eller om vi faktisk har trøbbel der ute. Om det skulle skje at vi øydeleg telefonen vår, så uroe dåkke ikkje for mykje. Vi har nødpeilesender ombord og den er ti gongar bedre en satelittelefonen. Har vi trøbbel og utløyser nødpeilesendaren, så skulle det ikkje vere lenge før der er hjelp å få. Det var ei dyr investering, men den er veldig kjekk å ha vist ein skulle få bruk for den.





Her eg sitt i senga og skriv, så høyrer eg sjøen duppe og renne langs med båten. Vi har nydeleg vær; sol og litt vind. For nokre dagar sida, hadde vi ingenting vind, og det er rart å sjå kor stille dette enorme havet kan bli. Vi tøffa litt for motor og såg skilpadder og mange delefinar. No har vi segla i 3 dagar med fin vind frå sør. Galapagos ligg ca 3 dagar frå oss. Vi hadde ikkje rekna med at vi skulle få slik motstraum. Ei natt vi gjekk for motor, registrerte eg 1,7 knop fart og då brukar vi vanlegvis å ha 4-5 knop med samme turtallet. Det er seint det! Den farta vi har no er ca 3-4 knop. Ikkje noko å juble over, men det går rette veien.



- Gakk gakk, blå!, sei Elia!- nei, grå, rettar eg. Eg ser at han tenker grundig før han sei – munn, blå! Han og Stian har vore ute og sett på havsula som har landa framme på båten vår. Den er grå og har orange føtter og blått nebb! Den kom idag tidleg og sitt og vaskar seg. Ei natt hadde vi ei havsule som sov på solcellepanela våre. Vi har dessutan hatt både svale og noko som ligna på spurvehauk på besøk.



Jo der er mykje liv rundt oss, men fisken vil ikkje bite på kroken. Vi går for seint til det. Delefinane hoppar og sprett og leikar seg rundt oss. Igår var her minst 500 av dei. Heilt enormt kor det kokte. Eg trur det var storstilt samarbeid om middagsmat. Dei organiserte seg rundt i ring, og i midten kunne vi sjå at fuglane stupte ned og angreip dei fanga småfiskane.



Malpelo er ei øy laga av ein stor bratt stein. Der bur columbanske voktarar og 50 % av alle havsulene i verda. Snakk om yrande fugleliv. Sjølv om vi egentleg måtte ha spesiell tillatelse til å gå iland, fekk vi likevel lov til å besøke dei. Båtane Good Mood og Opportune låg ikkje særleg stille i dei store havdønningane, så vi besøkte øya i 2 puljer. Til og med Elia fikk vere med iland, og når dåkke får sjå bilda, so skjønnar dåkke kvifor det var litt vanskeleg å få til. Bæremeisa er kjekk å ha ved slike høve. Guttane på øya var glade for besøk, fortalde gjerne om fuglelivet og tok Stian med på ein halsbrekkande klatretur til toppen av øya. Det er ikkje ofte eg ser at Stian er betenkt, og han fråråda andre til å prøve seg. Klatringa var utan sikring og her skulle ein ikkje gjer eit feilsteg utan fatale følger. Det gjekk heldigvis bra på klatreturen til topps, men gutten hadde gløymt å ha med fotoapperatet, så dei ivrigaste lesarane våre kan gå inn på google earth og sjå flottte bilder frå Malpelo øya der.



Vi skilde lag med SY Hilde før vi kom til Malpelo. Vi hadde lite vind og måtte bruke motor og dyrebar diesel for å komme oss til Øya. Hilde valde å fortsette til Galapagos, då dei hadde seglvind i den retninga. Opportune låg derimot å duppa på mooringen når vi kom fram. Så etter turen i land og litt dykking med hammerhai, drog vi vidare dagen etterpå mot Galapagos. Første dagen hadde vi ganske godt følge, men vi seglar litt fortare enn Opporune, så vi drog ifrå dei. Dagen etterpå fekk vi kontakt med dei igjen, for å ringe heim og resten av historia skreiv eg i byrjinga av brevet. Opportune ligg no ca 30 nm frå oss.



I skrivande stund har vi ca 3 dagar igjen til Galapagos. Stian har nettopp sett en rundstykkedeig. I går tina vi ein kjøttdeig og hadde spagetti til middag og kanelsnurra til dessert. Nam nam! Ikkje domt å ha ein bitteliten frysar ombord.



Ellers har vi fått seilfolk ombord, praten går om slør og hals og fall og skjøte. Eg har ikkje den ringaste ide om kva dei snakkar om og visste ikkje at Stian kunne ditta språket. Han heng med, og dei diskuterar om båten klarer å vinne høgde eller om vi må slå. Det høres ganske teit ut, med eget språk til sjøs. Men slik er det vel i alle sportar. Fagord og sære utrykk for dei som er ekstra ivrig i faget.



Oi, for nokken vræl. Havsula sette i å skrike skikkeleg. Trur ikkje dåkke at Stian og Elia kraup fram og fanga havsula? Den skreik som en stukken gris, medan Stian held han rundt halsen og nebbet. Av mangel på fiske middag, begynn Jan og Stian å fable om ei havsule steik. Denne gongen fekk havsula sleppe fri, men det ser ut som han ikkje har tatt skrekken. Den sirklar rundt båten og det ser ut som den vil sette seg igjen. Merkeleg. Eg får gå ut og roe ned guttane. Så lenge her er kylling og kalkun på boks, så skal havsula få leve sei no eg.



Over og ut frå Good Mood.

-Reidun.



Ps: En ekstra stor klem til Patrick som har bursdag idag! Hope you are doing great and that you will have a nice day today! I like you very much;) Og til Per Håvard som hadde bursdag for nokre dagar sida. Vi gle oss til du og Marie kjem på besøk en gong. Veldig glad i dåkke begge to!! :) og sist men ikkje minst gratulere til Judith som også hadde bursdag den 17. Håpe det står bra til på brunkeberg. Vi savna dåkke veldig og vist oss kjem til Fillipinane en dag, så får vi møtast der! Stor klem til alle frå Reidun, Elia og Stian.



Posisjonen vår:

01*27.9900N

86*08.1932W

1 kommentar:

Anonym sa...

Kjaere Reidun. Kjempefint reisebrev igjen! Eg har byrja lære meg at det ikkje treng å vere fare på faere om det gaar nokre dagar uten at vi hoeyrer fraa dykk, MEN stiller meg litt undrande til han skipperen. Klatring uten sikring og Symje med hai??? Korleis er det han er oppdregen? Kan han strammast litt opp trur du? Helsing Hilde