torsdag 28. mai 2009

Ducie

Posisjon vår her vi ligg oppankra:
24*41.097 S
124*46.063 W
UTC 19:20 hos oss er klokka 12:20, 27 mai 09
I natt kom vi fram til Ducie! Ducie er ei lita øy som ligg 300 nm frå Pitcairn. Vi har stoppa her fordi den ser spennande ut. Øya er brei og lav med mange fuglar og buskevekster. Her er det så klart i sjøen at vi ser heilt ned på 20 meters djup. Stian og Jan var snar og ta seg ein svømmetur, og dei fortell om reine blomsterhagane på botnen. Store roser! Her er ikkje fritt for at her er endel hai, men dei er ikkje større en god meter. Dei er ganske nærtagande, men bit ikkje. Dvs ikkje før vi heiv ut litt sailfish til dei. Då vart dei ivrige å skulle ete på Stian også, så han hoppa fort opp i båten igjen. -Ingen fare å dykke så lenge du ikkje held en fisk i handa, sei Stian;)
Vi hadde ein ganske tøff tur hit, då vi fekk 30 knop vind og det pøsa ned med regn. Luka framme var blitt benda, så Siv og Jan måtte evakuere til salongen. Framme i forpiggen såg det til slutt ut som om nokon hadde kvelva mange bøtter vatn. Stian ut i øsepøse været og letta på gummibåten for å legge press ned på luka, medan sjøen slo innover dekk med store bølger frå sida. Heile himmelen var i kok og vi kunne sjø mykje rare skyformasjonar. Vi likte dårleg at dei gråaste skyane kom frå den retninga vi skulle seile til. På siste nattevakta blåste det vanvittig (40 knop), det hylte i vaierane, så vi tok rev i seila og handstyrte resten av turen.
Ellers har vi ganske båt båt. Det lek frå forskjellige plassar; vindu og vant. Vi er trøtt og slitne, men det ser ut som om vinden har gitt seg no, og vi får ganske rolege dagar framover. (håpe, håpe) No skal vi søve ut, ete god mat, og sjå om vi greier å komme oss over revkanten og inn på land. Akkurat no ser det umulig ut, så vi må vente på rolegare sjø først. Brenningane slår inn mot korallreva. Vi kjem vel helst til å prøve å svømme innover først og leite etter ei lita opning, før vi kan ta med gummibåten inn. Ser at der er mykje plastikkanner og diverse drivgods på strendene der inne. Her er det truleg lenge sidan det var folk sist.
-Reidun
ps1: tusen takk Hilde for alle raportane frå dei andre seilbåtane. Kjekt for oss å vite korleis det går med alle dei vi vart kjent med i Caribien som er på vei heim til Norge igjen no.
ps2: veldig bra med værmeldingane, Morten! flotte greier. Kjekt å høyre frå en som har reist her før.

2 kommentarer:

S/Y Lennuk sa...

Frå Wikipedia(http://en.wikipedia.org/wiki/Ducie_Island): "The lagoon is deep and noted for its poisonous fish and dangerous sharks.[2]"...

Onkel Anders sa...

Hei! Stian ringte mej frå satellitten torsdag kveld. Dei va då fortsatt på Ducie. Stian kunne rapportere om paradislignande tilstanda. Sikta va i sjøen va visst ca 60m. Når han svømte et stykke bak båten såg han likevel ankeret som ligg ca 40m framfor baugen. Fuglane va visst heilt tamme med. Havsule og andre fugla so åt frå hendene deira. Alle ombord hadde det visst bra. Sånn ej forstod hadde han Elia lurt sej te å hive ut fiskesnøret og fått en hai på kroken. Stian måtte komme og få sveiva opp. Dei hadde hatt litt ufrivillig action med her om dagen. Vinden snudde til pålandsvind, og derfor skulle dei flytte båten. Problemet va bere at når dei skulle gå, vikla et tau sej på propellen. Han Stian måtte stupe uti og skjere vekk i hui og hast. Når propellen atter fekk snurre fritt va båten bere et titals meter frå korallrevet. Med dei dønningane som va på plassen kunne nok dette lett blitt slutten på Good Mood. (Fin plass for mannskapet å forlise, men..) Han Stian sa dei nok blei et par daga til på øya. Det va for fine dykkerforhold te å reise med det samme syns han. Beklaga at ej ikkje he rapportert kjappere. Det e for fint vér ute te å prioritere skriving :D