søndag 14. juni 2009

Gambier, Mangareva

Skreiv eg at rulling var greit? Då laug eg godt. No har båten slenga på seg i 3 dagar og vi er endeleg komne iland på Gambier. Sånn rulling hit og dit er til å bli sprø av. Når ein til dømes skal lage seg noko mat,så er det flott når en seglar og krengar til eine sida, for då kan ein stable opp mat inntil veggen. Men så er det den evindelige rullinga. Ingen ting står roleg. Ingen ting vil ligge der det blir lagt. Bøker dansar ut av bokhyllene og det er alltid ettelleranna som lagar svitsje lyd eller rullelyd. Inne i kjøkkenskapa skal det egentleg stå fat og krus og slikt, men etter fleire ka-dunk-dunk.....ka-dunk-dunk, så har ein del handdukar blitt stappa inn i skåpa også. Matbingen i salongen er stappfull av diverse. Ikkje berre mat der lenger. Alt som havnar på golvet, hiv vi opp i bingen, og tek opprydning og sortering ved neste høve.

Så endeleg kunne vi skimte Gambier. Vi hadde som vanleg lagt avgårde på det mest ugunstige tidspunkt med hensyn til når vi kjem fram. Det heiter visst at det er kjekkast å ankomme ei øy når det er lyst, så ein kan sjå øy og botnforhold der ein ikkje kan stole heilt på kart. Einaste gongane vi har klart å komme til ny øy i dagslys, er Tenerife og Galapagos;) Vi bomma denne gongen også, men det gjorde forsovidt ikkje så mykje, då vi fikk ein vannvittig motstraum og motvind. Det gjekk utruleg seint langs revet før vi kunne runde rundt og inn i opninga. For dei som ikkje veit, så ligg Gambier øyane innom eit ringrev. Det vil seie at når du først kjem deg innom revet så er havet roleg nesten uansett ver. Før vi begynte å gå innom revet køyrde vi motoren litt hardt for å sjå om ting fungerte sånn dei skulle. Det gjorde dei ikkje. Motoren fjuska og Stian begynte med å skifte ut div dieselfilter. Etter dette fungerte motoren fint og vi begynte på leia innom revet. Midt i leia begynte selfølgelig motoren å fjuske igjen og de gjekk ikkje lenge før den stoppa heilt. Stian slengde ut ankeret før vi dreiv opp i fjøra for det blåste opptil 30 knop i kasta. Fekk starta motoren igjen, tok opp ankeret og gjekk videre 50 meter før motoren slokna heilt. Opp med seila og seila tilbake til muleg oppankringsplass mellom korallrev i mørket. Klokka var blitt 05.00 før vi fikk lagt oss alle mann. 05.30 kjem Elia hoppande opp i senga. -yippi, det er morgon! og; -hærli, båten står stille og rullar ikkje meir!! Han drog mamman ut av senga og opp i cockpiten der han utbraut; -NY ØY!

Å forlate Pitcairn var usedvanleg trist. Etter fem dagar på øya kom søraust vinden og fleirtalet av mannskapet på Good Mood avgjorde å gå vidare til Gambier øyane. Underteikna vart nedstemt. Ikkje bra. Pitcairn er ikkje ei typisk stillehavsøy, der ein kan slikke sol og dykke blant spennande fiskesorta. Pitcairn er heller ikkje øya med internett, restaurantar og shoppingsenter. Pitcairn er den isolerte øya med den spennande mytterist historia. Nokon har vel kanskje høyrt om mytteriet på Bounty, der Christian Fletcher med mannskap og tahiti folk busette seg på Pitcairn, for å unngå å bli hengt i England for mytteriet. Mange av dei som bur på øya idag, er etterkommera av mytteristane. Artig å helse på folk med etternavna Christian, Young eller McCoy.

Det som fasinerar meg mest med øya Pitcairn er ikkje mytteriet, historia i seg sjølv er spennande og det er artig å sjå kor det fenger turistar over heile verda. Nei eg tenker heller meir på korleis eit øysamfunn kan overleve så isolert og så få. Alle kjenner alle. Den eine personen veit til ein kvar tid kvar den andre personen går eller gjer på. Overalt der vi gjekk møtte vi på smilande folk som stoppa opp og slo gjerne av ein prat. Å få besøke norske Kari var spesielt kjekt for oss nordmenn. Ho diska opp med middagar og huset var tilgjengeleg for oss heile døgnet om vi ville. Ei lita norsk oase ute i verda. Ho var dessutan førskulelærar på øyas skule, så Elia måtte gjerne bli med. Han storkosa seg ilag med dei andre ungane, fekk måle stort bilde og hoppe trampoline!

Dagane gjekk med til utforsking av øya, gå tur på fjellet eine dagen, medan eg (reidun) vaska og rydda i båten. Fann litt gamle råtne poteter, ei ubeskriveleg gugge inne i eit bortgjømd skåp og mange kvite makka krypande i gjørma i kjølen. Fysj og fy. Deilig å få det vekk. Det har vore svært trasig klima inne i båten siste månadane. Soppen kosar seg og dannar grå/kvite flekkar på veggar, i hyller og inne i skåpa. Klea mine stinka og alt måtte ut på dekk til lufting før dei fusjonera til ein einaste stor grå haug. Godt å få gjort unda slikt nødvendig husarbeid, som ikkje er like enkelt å få gjort under seiling.

Sjølv om vi besøkte Pitcairn når det var sol og blå himmel, kunne ein likevel legge merke den tunge grå skya som låg tett innpå på øyfolket. Det er ikkje enkelt å leve så tett. Viss ein blir uvenn med naboen, så har ein ikkje så mange retrettmuligheiter. Ein er ganske så fastlåst, og det kan vere lett å havne i ein ond sirkel, der bitterheit og sjalusi får råde. Forsoning og tilgjeving er fine ord, men vanvittig vanskleg å praktisere når ein er såra. Menneska på øya har fått erfare på kroppen kor lett ein kan havne med begge beina i myra. Dersom ikkje medmenneske er villeg til å rettleie og strekke ut ei hjelpande hand, kven skal då komme til unnsetning? Det som har skjedd i tidlegare tid er avklart og sona for. No kjem ny kvardag og nye muligheiter for å bygge opp igjen det som eventuelt har blitt reve ned. Ein slik prosess er ikkje gjort unda på ein vaskedag, men med tida kan det kanskje vere muleg med forsoning slik at ikkje den tunge grå skya til slutt tar eit pinfult kvelertak på folket og det blir umuleg å overleve der. Pitcairn er ei nydeleg øy, med mange flotte muligheiter. Den vil alltid vere ei mystisk øy for besøkande, og eg håpar eg får anledning til å komme tilbake eingong. Dette var øya vi lengta etter å besøke og bortsett frå den tunge grå skya, svara den høgt til forventingane. Fruktrik og spennande.

Gambier;
stikkord:
regn,regn og regn, perleøy, vaske kle,
ete heimelaga Pizza medan vi ser opptak frå programma Norges herligeste!,
korlall, rev, drithard fjelltur opp til Mount Duff, (er fullstendig ute av trening)
prikkstile sjø og oppankring (grur meg til vi skal ut i bølgene igjen og bli sjøsjuk)
mange laushundar, høner overalt og haner som galer kykkeliky kl 6 om morgon (høres ut som 500, minst)
ny pengeenheit: frang eller nokke sånt (blir heilt forvirra av alt pengestyret, ein sjokolade kostar 550 Fr)
tysk langturseiler som har hjelpa oss med forskjellig informasjon om vakseri og finne stien opp til fjellet og slikt
mange franske seilera her.
alle snakkar fransk og ingen kan englelsk, fransken min har sett bedre daga kan eg love dåkke og eg endar berre opp med å sei bonjour, merci og je ne parle franse...oui,oui, no no, ca va... det går rett vest

og tilslutt: Idag skulle Stian gjere rein kjølevassinntaket til motoren, skroggjennomføringa vart øydelagt og inn kom masse sjøvatn. Sette i propp, men må få fiksast snarast.
Vi skulle helst gå vidare imorgo men vi får sjå om det heller blir nokre dagar til.

-Reidun

2 kommentarer:

Bjørg sa...

Natt til tysdag,16.06.:
Har nettopp snakka med Good Mood, sol, blått stille hav, - og fisken bit... Kom no til øya Maria Est, ei lita ubebodd øy (Fransk Polynesia) Dei kom ikkje til å ha internett på ei vekes tid. Alt vel ombord.

Bjørg sa...

Eg skeiv ein liten komentar i går, men den forsvant "ut i det blå"?