lørdag 27. juni 2009

Hao, tuamotus


Vairaatea, ein rund atoll med ei stor lagune inni. Vi ankra opp og var overraska over å sjå fiskera på stranda i morgengry. Stian svømte inn og forserte dei skumle reva, før han stod på trygg grunn og helsa på en av dei. -you speak english? spurte Stian, men fekk berre fransk/engelsk til svar. -an pø ænglish svara den infødte. Stian peika på bøtta og spurte kva han fanga på reva. Mannen tok opp to kukkelura og smalt dei ihop så dei sprakk. Ut drog han ett flott eksemplar av en stor snigel, reiv vekk det som ikkje kunne etast og gav resten til Stian. -Good? hæ? Stian tygde og tygde og prøvde å ikkje lage for mange grimasa før han fikk svelt ned uhygga. Mannen gliste frå øyre til øyre. - Dangerous sharks here? spør Stian. -neeei, mannen drog litt på det og viste bob-bob tegnet, før han bretta ned våtdraktsokken sin og viser Stian ett uhyggeleg stort arr av eit haibitt på leggen. Ein kunne tydeleg sjå kvar haien hadde sett dei kvasse tennene sine. Haiane er mest aggresiv når ein jaktar med harpun og dreg blodig fisk etter seg forstod Stian. På spørsmålet om det var råd å ta dingyen inn her på denne sida av øya rista mannen energisk på haudet og peika i eine retninga. -no,no here, village, dingy village.

Dagen etterpå tok Stian, Elia og eg fatt på den lange dingyturen inn til landsbyen. Det tok oss faktisk ein time å køyre dit. Siv og Jan vart igjen i båten og bada og sola seg i det fine veret. Dessutan var det godt for Stian at nokon var igjen i båten om det skulle blåse opp. Då vi kom inn til landsbyen vart vi møtt av en som såg ut til å vere politi. Han ville vite forskjellig, men snakka berre fransk, så han vart ikkje mykje klok på oss. Ikkje hjalp det så mykje å snakke med landsbyens lærerinne heller. Ho kunne litt engelsk, men klarte ikkje å spør oss om det han lurte på. Når han hørte at vi berre hadde tenkt å vere på øya fram til klokka 14, så var det ikkje så farleg likavel. Heile tida stod der ei dame ved sida av oss som gjerne ville bli med oss og vise oss rundt i landsbyen sin. Ho hadde ei datter på 3 som seinare leika mykje ilag med Elia. Klokka var 10 då vi steig iland på øya. Omvisninga i landsbyen foregjekk slik: Vi gjekk langs ein rett vei og svinga til høgre. Der møtte vi nokre karar som ga oss eit nett med 4 renska kokkosnøtter. -this my house, sa omvisaren vår. I neste hus budde broren til mannen hennar. Han var politimann og hadde feite høgtalera i vinduet som spelte Celin Dion til heile landsbyen. Rundt neste høgre sving kom vi til huset til svigerforeldra, ein telefonskiosk og så til eit hus som også var landsbyens eianste butikk. Eit forsyningskip kjem innnom ein gong i mnd for å levere varer og hente kopra(kokoskjerner til framstilling av kokosolje). Vidare på vegen gjekk vi innom den flotte katolske kyrkja før vi tok ein høgresving til og havna inne i sentrum av landsbyen, på barneskulen. Her ville Elia leike med jenta som eg ikkje klarer å huskar navnet på, så vi vart sittande å ete kjeks og prate med dei nye vennane våre. Det var Hanna, landsbyomviseren, lærarinna og søstra hennar. Etter ei lita stund forsvant læreren og kom tilbake med 6 flotte smykker av skjel og sneglehus. Vi fekk 2 smykke kvar og ikkje snakk om at vi fekk betale for oss. Det var kjekt å snakke med damene, og dei kunne fortelle at her bodde 67 folk. Borna begynte på skulen i 3 årsalderen og ein skuledag varte frå 7 til 3! På skulen lærte dei fransk, men heime snakka dei både fransk og tahitisk. Borna fiska mykje og bada sjølv om der svømte mange haiar tett ved stranda.

Då vi skulle ta fatt på heimveien, oppdaga vi var litt tidleg ute. Den lokale klokka var visst 12, medan vi trudde den var 14. Ved avreise fekk vi både kyss og klem og det var ikkje fritt for at ein hadde lyst å tilbringe fleire dagar ilag med desse koselege folka. Vel tilbake i Good Mood måtte vi prøve ut brødfrukta som vi har høyrt så mykje om. Våre venner hadde gitt oss ei som vi kunne steike middag av. Som sagt så gjort. Brødfrukta var kjempegod. Smakte akkurat som chips. Vi fekk smake dette på pitcairn også, men denne gongen var det vi som tilberedte, og det var kult å få det til sjølv også. Brødfrukta heng på trena og ser ut som ein stor grøn appelsin, men smakar papir vist ein et den rå.

Søndag 21 juni skulle vinden snu til kvelden, så medan vi venta på det brukte vi tida på å bade, fiske hai og dusje Elia. Til kvelden var vi klar for å reise og heiste seil. I god tru stevna vi ut og vinka til øya. Så dauda vinden og båten blei liggande stille i sjøen, medan vi dreiv sakte tilbake til øya. No har vi veldig lite diesel igjen, så Good Mood vart liggande å drive heilt til ein svak bris skubba oss forsiktig i riktig retning. Neste stopp; Hao.

På vei til Hao fekk vi ein flott Wahoo, og om kvelden då Stian skulle ta inn snøret på fisketroa beit der på en lang tynn fisk med store auge og nokre fæle tenner. Den havna fort på sjøen igjen, medan Stian hadde sitt svare strev med å vaske av seg den slimete gørra på hendene. Det er faktisk vinter her når dåkke heime har sommar, så vi laga like godt ein julemanndeig. Elia fekk kjevle og trykke ut hjerter og stjerner. Deigen vart noko stor, så den varte i fleire dagar til Elia si store glede:)

Innløpet til atollen Hao skulle vise seg å bli meir utfordrande enn vi hadde tenkt. Etter tredje forsøket på å passere innnløpet snudde vi ut og gjekk frå 0 til 12 knop på få sekund. Båten stampa og kasta på seg i dei tullete bølgene og vi fekk ei båre som fann vegen heilt ned i salongen. Elia og eg evakuerte bak i soverommet og kraup under teppet for å tørke dei våte kroppane. Stian og Jan studerte kart og tidevannsforskjell og prøvde å finne ut kva klokke tidevannstabellen vår følgde. Etter å ha venta ytterlegare ein time følte vi at straumen og bølgene såg mindre ut og det fjerde forsøket gjekk bedre enn dei andre. Seinare fekk vi høre at straumen inn og ut det trange innløpet kan bli opp til 25 knop! Ikkje rart vi ikkje kom oss av flekken innover.

Vel framkomne, ankra vi opp ved landsbyen og gjekk iland for å leite opp immigrasjonsmyndigheitene. Dei er ikkje så interessert i å registrere oss her på øya, liten plass og lokal politi sa dei. På spørsmål etter diesel, ringte politiet på ein kompis som skulle komme og fylle diesel klokka 14. Vi letta anker som hadde snurra seg godt fast rundt nokre korallar, og gjekk inn i Hao sin marinahavn(!). Der vart vi kjend med Wayne, ein langturseglar frå Canada. Han skulle opprinneleg vere på øya i 2 dagar, men lika seg så godt at han har vore her i 3 veker. Wayne kunne også fortelle oss mykje om øya Hao si historie og vi hadde ein triveleg kveld ombord i 50 foteren hans.

Tidlegare var Hao ein militærbase for franskmennene som dreiv prøvesprengingar ute i stillehavet. Her budde på det meste 6000 militære. Sjølve landsbyen er ikkje så stor og inneheld 600 innbyggarar. Dei millitære franske bygde ei enorm rullebane til fly, som er heile 7 km lang. (trur han sa nest lengste i verden). No er den i bruk til vanleg trafikk og har ca 4 avangar i veka. Nasa benyttar seg av rullebana til alternativ nødlandingsbane for romfergene. Betongkaia, som vi vart henvist til å ligge ved, vart laga og brukt av det millitære, medan no ligg det berre ein og anna liten fiskebåt her.

Elia storkosar seg, og vi ser at vi må bli her nokre dagar. Det første han gjer om morgonen er å ta på seg vesten og hoppe ut på kaia, der han spring frå den eine til den andre kanten og kastar stein og fiskar med troa.

Aller siste nytt er at det har lurt seg ei rotte ombord i Good Mood. Siv kom hylande opp trappa og hoppa ut, etter å ha sett eit brunt beist med lang hale pile opp i matbingen vår. Stian og Jan stod opp midt på natta og prøvde å fange rotta, Stian heiv seg etter den med hanskar medan Jan hogg med kokkosnøttmasjeten. Rotta var for rask og fann einaste buret i salongen som er øydelagt og fører selfølgeleg bakom innredninga. So no har vi fått blindpassasjer, men den leve farleg. Stian har sett ut diverse rottefeller og vi gir oss ikkje før den har gått planken.

-Reidun

1 kommentar:

Bjørg sa...

Onsdag 01.07.- Good Mood fortel at dei er på veg til øya Fakarava. - Dei synest det er triveleg å få meldingar frå "gamle-landet" på satelittelefonen!