onsdag 3. juni 2009

Pitcarn

Pitcairn dukka opp i måneskinnet midt på natta den 1. juni. På grunn av at vinden var frå aust/søraust hadde vi dårleg tru om å få ankre opp i Bounty Bay, men ved hjelp av radar og papirkart prøvde vi likevel å nærme oss i mørket for å kjenne på forholda. Vi bestemte oss ganske fort for å heller prøve på nordvest-enden og då her var ein del lunere slapp vi ned ankeret på 23m for å vente på dagslyset.Då det lysna av morgon var det til min store overraskelse ingen problem å sjå botnen under oss på 23m som stort sett var dekt av sand. Sikta i vatnet var imponerande og eg(Stian) tok ein dukkert for å sjå meg rundt. Når sola og mannskapet hadde stått opp letta vi ankeret igjen for å gi oss til kjenne utanfor Adamstown. Vi hadde ikkje meir enn runda neset før vi vart kalla opp av Brenda som er politi på øya. Ho kom med diverse info angående ilandstigning på øya og ønska oss videre velkommen til Pitcairn. Vi spurte om norske Kari var å treffe og vart glade då svaret var ja. Det som var meir tvilsomt var om forholda tillot oppankring og ilandstigning.Rett utanfor Bounty Bay er det ei stor sandslette på 15m djup. Til tross for store dønningar slapp vi ned ankeret og hadde ut våre 45m med kjetting. Ankeret satt som fjell, og eg var sjeleglad for investeringa av ankeret på Grenada. Fortress-ankera er laga spesiellt med tanke på sand og gjørme, og når vi da i tillegg har modellen som er beregna på båtar opp til 60fot(FX-55) så må dette bli gode greier. Reidun, Elia og eg var dei første til å prøve oss i land, medan Siv og Jan måtte passe på båten. Det gjekk utruleg problemfritt å komme i land og det var imponerande å sjå kor rolege forholda blei så snart vi runda den lille moloen. På kaia hadde det i mellomtida dukka opp meir og meir folk, blandt anna politidama og doktoren. Masse papirer skulle fyllast ut, penger skulle betalast og kroppstemp skulle målast. Alt dette styret er slikt som har komt no dei siste åra. Tidlegare var det ingen kontroll eller betaling for å komme i land. Etter at innsjekkingsprosedyrene var ferdig fekk i sitte på med ATVen(firehjulsmotorsykkel) til Brenda opp til huset til Kari. For dei som ikkje kjenner til dama så er ho fra Oslo og flytta til øya i 19.. Her gifta ho seg etterkvart med Brian Young og dei fekk to barn ilag. Kari og Brian bur fortsatt på øya medan sonen har flytta til Australia og dattera til Oslo. Vi blei straks invitert heim til Kari, og det var spennande å besøke ho og høyre kva ho hadde å fortelle. Etter kvart for eg ned i havna igjen og for ut i båten for å ta iland Siv og Jan. Planen var først at eg skulle bli ombord for å følge med båten, men etter eit dykk på ankeret blei eg overbevist om at Good Mood klarte seg sjølv.

Då vi kom i land igjen kom Kari og henta meg på sin ATV medan Siv og doktor Jan måtte vente på at legen skulle komme å undersøke dei. Litt seinere var vi alle samla oppe i huset. Elia storkosa seg på det stilleståande golvet og fann både leiker og barnebøker å halde på med. Etterkvart var han klar for middagsluren sin, og medan han sov på sofaen til Kari så gjekk vi fire andre på ein liten fjelltur. På veien traff vi på fleire innbyggarar som sysla med sitt, og vi fekk blandt anna beskjed om at vi måtte forsyne oss av appelsinene i eit appelsintre. Desse smakte bedre enn den beste norske appelsin og vi stappa innpå. Etterkvart nådde vi Ships Landing Point som er eit utkikkspunkt på fjellet på søraustenden av øya. Her kunne vi sjå ned på båten som var blitt svært liten der nede.Seinere på ettermiddagen blei det kjempegod middag hos Kari med pølser, brødfrukt, brokkoli og potetstappe. Det mangla ikkje på ting å snakke om rundt middagsbordet og det blei nesten mørkt før vi fekk kara oss ombord i båten igjen. Neste dag starta med Elia sin første skuledag. Kari som er førskulelærer på øya henta oss (Elia, Reidun, Stian) på kaia kl 7:45 og tok oss med til skulen. Der storkosa Elia seg ilag med dei to andre førskuleelevane og dei mala, dissa, la puslespill og masse anna. Seinere kom Siv og Jan i land og medan Reidun og Elia blei igjen nede i Adamstown gjekk vi andre opp i fjellet til Cristians Cave. Etter fjellturen for vi ut i båten igjen for å lage oss middag, og Elia skulle få middagsluren sin. Og lenger har vi ikkje komt endå. Eg sit no bak på lugaren å skriv reisebrev medan vi er oppankra på nesten andre sida av jorda. Kansje får eg låne internett med Kari seinere i dag slik at dette kan publiserast.

2 kommentarer:

S/Y Lennuk sa...

Då kan S/Y Lennuk melde om full besetning. Den vesle havfrue vart født fredag kl 0101. Så nå er det berre for Elia og legge inn aksjer. Snakkes på ei på ei øde strand!

Bjørg sa...

Telefon frå Good Mood i dag, 8.juni: Dei var framkomne til øya Mangareva (Gambierøyane). Litt slitne etter tre dagar med vind og mykje rulling. Hadde ikkje vore på land endå, fordi motoren fuska p.g.a. diselrusk. Skulle oppdatere når dei fann internett.