fredag 31. juli 2009

Stillehavets hovedstad

No er vi åleine. Det er rart. Siv og Jan var blitt ein del av båten etter 4 mnd ombord, og plutseleg er dei ikkje her lenger. Elia har vore litt gretten i det siste, eg trur han saknar dei mykje. Siv var veldig god til å leike rollespel med Elia, og ho var til dømes bamsehaien Hansi og Elia var pingvinbamsen Pingu. Elia og Siv kunne holde lange samtalar der dei snakka om fisking, seiling, pottetissing og andre daglegdagse ting. Elia har lært vanskelege og aktuelle ord som motorsykkel, paraglider, vannskuter, storebror, katamaran o.l. :)

Tahiti er stillehavets hovedstad. Med sine høge fjell og lange fossar, er Tahiti stor kontrast til dei andre øyane vi har besøkt i det siste. Tuamotus-øyane var for det meste ringrev med mykje kokospalmer og ei stor lagune i midten av øya. Det er godt å slappe av litt, kjenne grillukt, høyre bilar og treffe andre langturseilarar. Her er veldig mykje av det sistnemde. Mange har samme rute, og vi går vestover for å komme oss i ly av orkansesongen her i stillehavet. Nokre skal til Australia, andre går litt nordover til Mikronesia, medan mange skal til New Zealand og overvintre der. Det vanlegaste er å ligge i ro eit halvt år og reise vidare i april - mai. Då har det værste uveret gitt seg, og ein kan seile frå øy til øy igjen. Vi er endå ikkje heilt sikre på kvar vi kjem til å havne, men mest truleg går vi til New Zealand. Vi kjem til å få litt knapp tid, då Hilde og Andor ikkje reise heim før i slutten av august. Då har dei fleste drege vidare og vi får prioritere hardt kva for øyar vi skal stikke innom. På en måte er det berre ein fordel at vi tar lange strekker. På grunn av sjøsjuka som alltid dukkar opp etter lengre opphold på land så er det ein fordel at stoppa ikkje er for lange. Før vi kom til Tahiti, vart vi overaska over sjøsjuke ut frå Hao. ok...så var det dårleg sjø, men Siv og Jan forstod ikkje bæret då Stian og eg hang over rekka... Dei kjende ikkje ein fjert og kunne kose seg med kvitløk og kurrymiddag, medan vi andre åt knekkebrød med ingenting på. For dei som lurte så ja, vi har fortsatt knekkebrød frå Norge! Vakumpakka holdt det seg faktisk ganske lenge. Rotta hadde forsynt seg av ein pakke og gnagd ett stort høl, så då måtte vi ete opp resten av knekkebrøda før dei kom vekk. Like greit det, når ein ikkje får ned noko anna likevel.

Før vi kom til Tahiti drømte eg om alt eg skulle ete når vi kom fram. Ikkje skulle eg vere sjøsjuk heller for då skulle båten ligge heilt stille, oppankra på ein lun plass. Jommen sa eg smør. Første dagane gynga det både hit og dit, og det vart ikkje bedre då dei andre ville frese løk og kvitløk i steikepanna til middag. Sjøsjuka ville ikkje gi heilt slepp, værst var det om morgonane og rundt lunsj tider og foresten resten av dagane også. Trasige greier denne sjøsjuka.

Ellers har vi det heilt fint. Stian flyg mykje paraglider og kosar seg høgt oppe under skyene. Elia og eg følger med gjennom kikkerten, medan vi går tur til McDonalds og kjøper oss is. I går kveld hadde vi grilling ilag med Rune og Eva i Opportune båten. Lammekoteletta med potetsalat! Kjempegodt!

Kanksje vi skal en tur til Moorea i morgon. Først skal Stian opp i lufta, og so tek vi båten ut en tur.

-Reidun

tirsdag 28. juli 2009

Tahiti - Papete

Igaar kom Opportune! Det er over 3 mnd sida vi saag Rune og Eva sist paa Galapagos, saa det var kjekt gjennsyn med gode venner! Det foerste dei fikk smake var KIVI som var lenge sidan sist dei hadde ete. So hadde vi taco til middag med masse kjottdeig og salat:) (mangelvare paa toamotus oyane) Elia gikk heilt i spinn og sa; -mamma, mamma; Eva og Hune. Dei fekk ikkje lov til aa forlate baaten vaar, foer dei hadde lovt aa komme tilbake snart. So idag tok vi turen inn til sentrum, Stian og Rune har funne seg baatbutikkar, Eva, Elia og eg fann is og dyrt men kjapt(!) internett.

Siv og Jan har fortsatt turen vidare paa eiga hand, og det er litt rart aa vere aleine i baaten. Foerste kvelden vi kom tilbake til baaten, ropte Elia paa dei for han ville fotelle alt han hadde opplevd den dagen.... Det er ikkje lett, men det gaar greit no naar Eva og Hune er her. Dessutan har Watermelon komt. Det var baaten vi gikk saman med gjennom Panama kanalen. Anne, David og Lea paa 3 aar. Elia og Lea har allereie funne godtonen ilag og leikar mykje paa kaia eller nar vi er pa besok i baatane.

No maa vi finne neste is kiosk;)

-Reidun

fredag 24. juli 2009

Tahiti

Vi er på Tahiti! Her er det flott. Høge fjell med paragliding miljø så Stian her vore i lufta og sett Tahiti frå høgden! Veldig flott! Siv og Jan har vore på safari med hompebil og skikkelige norske fjellvegar, men det var nydeleg natur og flotte fargar. En dag for vi på danseforestilling som varte i 4 tima. Huttemejtu. Elia holdt ut til siste dansetrinn, det vart så mykje hoftevrikking at vi vart reint svimmel tilslutt.

So no skal vi til sentrum, kjøre buss, bytte ett dieselfilter og kjøpe is, sei Elia:) Etterpå blir det avslutningsmiddag sammen med Siv og Jan før dei dreg vidare til moorea i morgon (fredag)

Vi gler oss til veldig til Svigers kjem den 4 aug!!!!! jippi!

-Reidun

tirsdag 14. juli 2009

Toau

Posisjon: 15*56S
145*52W

I fleire dagar har vi kosa oss på denne fine atollen som heiter Toau. Her er det yrande fiskeliv og mange flotte korallar. Ved opninga inn til denne store laguna, kan ein dykke ilag med tusenvis av fisk og mange forskjellige haiar. På Fakarava var der organisert flaskedykk og mange anbefalte en tur til innløpet som skal vere nokså spektakulært. Andre meinte det kunne vere i skumlaste laget, då ein skulle gå fort ned på 10 meter for ikkje å bli tatt av den sterke straumen. Her i Toau gjorde vi det på vår måte ved å henge oss fast i dingyen og ligge i overflata og studere livet under oss. Kjempe opplevelse!

På Fakarava var det ikkje så mykje som skjedde anna enn at eg (Reidun), fekk masse feber og etter 5 dagar, mykje utslett. Antageleg terga på meg den fjerde barnesjukdommen på øya Hao. Eg vart sengeliggande, medan dei andre utforska øya. Då vi kom til Fakarava var der ca 15 seilbåtar og nesten alle drog vidare dei neste dagane. Til slutt var der berre vi og ein einsleg soloseiler frå Danmark. Det er heilt sprøtt kor mange forskjellige folk vi møter på vår ferd, og dette var ikkje noko unntak. Dansken Jonny levde ombord i ein 25(!) fots seilbåt som han hadde kryssa atlanteren med både ein og to gongar. No var han på tur over stillehavet, men på New Zealand lurte han på å bytte ut til litt større. Båten var så liten at då vi skulle besøke Jonny, var vi redd for å velte heile balja når alle stod på eine sida. Inne i båten, var der faktisk god takhøgde, men ikkje plass til meir en to om gangen. Her hadde han kart og sekstant, senga si og ein gitar. Doen hang ute iform av ei bøtte, for inne hadde han brukt skåpet til dykkerutstyret sitt. Kjøkkenet bestod av to bluss og en vask som fylte seg med sjøvatn kvar gong vi lente oss til styrbord. Snakk om stor kontrast frå Wayne sin 50 foter med alle sine tekniske hjelpemidla mikrobølgeovn og isbitmaskin. Likevel samme opplegg; ein mann, ein draum, eit hav og ein båt. Okey so spelar vel egentleg økonomi også ei lita rolle. Tippar Jonny fort hadde bytta båt, om han haddde vunne nokre peng i lotto. Men ein sparar utruleg mykje peng på å ha mindre båt; ta til dømes forsikring, Jonny betalar 1000 kr i året, medan vi betalar 30 000.Med mindre båt har ein mindre seilareal og dermed mindre slitasje på båt og rigg. Når eg spurte om Jonny ville hokre filmar frå oss til underhaldning svara han; -Kvifor sitte å sjå inn i ein tv skjerm når ein har så fantastisk sjernehimmel? Gutten har skjønt det. Han trivst der ute. Han har ikkje behov for å leve slik han kan leve heime. Samtidig var Jonny veldig sosial og lo hjerteleg når han fekk sjå fiksestagna til Stian. Han hadde òg ei fiskestang, men den var lita og skulle berre ta inn små middagsfiskar. Det vart ikkje bedre då Stian leita fram haikroken som han skal kleppe store beista med, Jonny held seg på magen av latter og døypte Good Mood spontant over til Den Norske Trålbåt. Det var kjekt å møte ein skandinavar og vi ser fram til å møte Jonny igjen, vi skal vel mest truleg samme vei og møtast sikkert på New Zealand.

Så no har vi nytt solrike dagar her på Toau. Vi har forsøkt å finne fram til samme plassen som der er bilde av i ei langturbok vi har, der dei skryt av denne atollen med sandstrand og greier. Tja, mykje har vist skjedd på 10 år sidan bilde vart tatt, for den deilige sandstranda er nesten vekk og er blitt erstatta av skarpe korallar og småsteinar. Bortsett frå sandstranda som var ein nedtur, (vi hadde håpa på å få legge oss ned i sanden og bygge slott og slikt), har vi hatt den beste dykkeropplevelsen so langt. Ducie var fantastisk, men lite fiskeliv i forhold til det vi har fått opplevd her. Rundt oss svømm mange fargerike fiskar og vi kan sjå korallar i sjølysande fargar. lilla, rosa, gult og blått for å nemne nokre.

Sjølv om her er fint er vi likevel klar for neste tur til neste øy. Vi er så heldig at vi får besøk av Hilde og Andor på Tahiti, og vi gler oss veldig til dei kjem! Siv og Jan kjem til å gå planken på Tahiti etter over 4 trufaste og spennande mnd ilag med oss ombord i Good Mood. Etter dette blir vi stort sett åleine, og det kriblar i magen med tanke på å klare oss på eiga hand. Vi gler oss også, for det blir ei ny epoke og spennande utfordring.

Neste stopp blir sannsynlegvis Tahiti.Kanskje det blir avreise imorgo. Det blir en tur på 230 nm, ca 2 dagar. Der skal vi få lagt ut litt bilder frå det vi har gjort på i det siste.

-Reidun

tirsdag 7. juli 2009

Fakarava

No (6/4) ligg oss på Fakarava og he vør her i nokre daga. Hadde et lite stopp på Tahanea før vi kom hit. Seiler videre til naboøya Toau i morgåtidleg og dette er berre nokre timer seiling. Denne øya skal vere veldig flott, og der skal visst bu berre nokre få folk. Planen etter dette er å seile til Rangiroa og Tahiti, eller direkte til Tahiti fra Toau. Dermed er planen å vere på Tahiti en plass mellom 14juli og 20juli. Alle har det bra ombord, og aktivitetane består av snorkling, bading, vaske kle, fikse båt, utforske øyene og ta livet med ro. PS: Ingen tegn til liv fra rotta, de kan sjå ut som den forlot oss på Hao.