fredag 31. juli 2009

Stillehavets hovedstad

No er vi åleine. Det er rart. Siv og Jan var blitt ein del av båten etter 4 mnd ombord, og plutseleg er dei ikkje her lenger. Elia har vore litt gretten i det siste, eg trur han saknar dei mykje. Siv var veldig god til å leike rollespel med Elia, og ho var til dømes bamsehaien Hansi og Elia var pingvinbamsen Pingu. Elia og Siv kunne holde lange samtalar der dei snakka om fisking, seiling, pottetissing og andre daglegdagse ting. Elia har lært vanskelege og aktuelle ord som motorsykkel, paraglider, vannskuter, storebror, katamaran o.l. :)

Tahiti er stillehavets hovedstad. Med sine høge fjell og lange fossar, er Tahiti stor kontrast til dei andre øyane vi har besøkt i det siste. Tuamotus-øyane var for det meste ringrev med mykje kokospalmer og ei stor lagune i midten av øya. Det er godt å slappe av litt, kjenne grillukt, høyre bilar og treffe andre langturseilarar. Her er veldig mykje av det sistnemde. Mange har samme rute, og vi går vestover for å komme oss i ly av orkansesongen her i stillehavet. Nokre skal til Australia, andre går litt nordover til Mikronesia, medan mange skal til New Zealand og overvintre der. Det vanlegaste er å ligge i ro eit halvt år og reise vidare i april - mai. Då har det værste uveret gitt seg, og ein kan seile frå øy til øy igjen. Vi er endå ikkje heilt sikre på kvar vi kjem til å havne, men mest truleg går vi til New Zealand. Vi kjem til å få litt knapp tid, då Hilde og Andor ikkje reise heim før i slutten av august. Då har dei fleste drege vidare og vi får prioritere hardt kva for øyar vi skal stikke innom. På en måte er det berre ein fordel at vi tar lange strekker. På grunn av sjøsjuka som alltid dukkar opp etter lengre opphold på land så er det ein fordel at stoppa ikkje er for lange. Før vi kom til Tahiti, vart vi overaska over sjøsjuke ut frå Hao. ok...så var det dårleg sjø, men Siv og Jan forstod ikkje bæret då Stian og eg hang over rekka... Dei kjende ikkje ein fjert og kunne kose seg med kvitløk og kurrymiddag, medan vi andre åt knekkebrød med ingenting på. For dei som lurte så ja, vi har fortsatt knekkebrød frå Norge! Vakumpakka holdt det seg faktisk ganske lenge. Rotta hadde forsynt seg av ein pakke og gnagd ett stort høl, så då måtte vi ete opp resten av knekkebrøda før dei kom vekk. Like greit det, når ein ikkje får ned noko anna likevel.

Før vi kom til Tahiti drømte eg om alt eg skulle ete når vi kom fram. Ikkje skulle eg vere sjøsjuk heller for då skulle båten ligge heilt stille, oppankra på ein lun plass. Jommen sa eg smør. Første dagane gynga det både hit og dit, og det vart ikkje bedre då dei andre ville frese løk og kvitløk i steikepanna til middag. Sjøsjuka ville ikkje gi heilt slepp, værst var det om morgonane og rundt lunsj tider og foresten resten av dagane også. Trasige greier denne sjøsjuka.

Ellers har vi det heilt fint. Stian flyg mykje paraglider og kosar seg høgt oppe under skyene. Elia og eg følger med gjennom kikkerten, medan vi går tur til McDonalds og kjøper oss is. I går kveld hadde vi grilling ilag med Rune og Eva i Opportune båten. Lammekoteletta med potetsalat! Kjempegodt!

Kanksje vi skal en tur til Moorea i morgon. Først skal Stian opp i lufta, og so tek vi båten ut en tur.

-Reidun

Ingen kommentarer: