tirsdag 14. juli 2009

Toau

Posisjon: 15*56S
145*52W

I fleire dagar har vi kosa oss på denne fine atollen som heiter Toau. Her er det yrande fiskeliv og mange flotte korallar. Ved opninga inn til denne store laguna, kan ein dykke ilag med tusenvis av fisk og mange forskjellige haiar. På Fakarava var der organisert flaskedykk og mange anbefalte en tur til innløpet som skal vere nokså spektakulært. Andre meinte det kunne vere i skumlaste laget, då ein skulle gå fort ned på 10 meter for ikkje å bli tatt av den sterke straumen. Her i Toau gjorde vi det på vår måte ved å henge oss fast i dingyen og ligge i overflata og studere livet under oss. Kjempe opplevelse!

På Fakarava var det ikkje så mykje som skjedde anna enn at eg (Reidun), fekk masse feber og etter 5 dagar, mykje utslett. Antageleg terga på meg den fjerde barnesjukdommen på øya Hao. Eg vart sengeliggande, medan dei andre utforska øya. Då vi kom til Fakarava var der ca 15 seilbåtar og nesten alle drog vidare dei neste dagane. Til slutt var der berre vi og ein einsleg soloseiler frå Danmark. Det er heilt sprøtt kor mange forskjellige folk vi møter på vår ferd, og dette var ikkje noko unntak. Dansken Jonny levde ombord i ein 25(!) fots seilbåt som han hadde kryssa atlanteren med både ein og to gongar. No var han på tur over stillehavet, men på New Zealand lurte han på å bytte ut til litt større. Båten var så liten at då vi skulle besøke Jonny, var vi redd for å velte heile balja når alle stod på eine sida. Inne i båten, var der faktisk god takhøgde, men ikkje plass til meir en to om gangen. Her hadde han kart og sekstant, senga si og ein gitar. Doen hang ute iform av ei bøtte, for inne hadde han brukt skåpet til dykkerutstyret sitt. Kjøkkenet bestod av to bluss og en vask som fylte seg med sjøvatn kvar gong vi lente oss til styrbord. Snakk om stor kontrast frå Wayne sin 50 foter med alle sine tekniske hjelpemidla mikrobølgeovn og isbitmaskin. Likevel samme opplegg; ein mann, ein draum, eit hav og ein båt. Okey so spelar vel egentleg økonomi også ei lita rolle. Tippar Jonny fort hadde bytta båt, om han haddde vunne nokre peng i lotto. Men ein sparar utruleg mykje peng på å ha mindre båt; ta til dømes forsikring, Jonny betalar 1000 kr i året, medan vi betalar 30 000.Med mindre båt har ein mindre seilareal og dermed mindre slitasje på båt og rigg. Når eg spurte om Jonny ville hokre filmar frå oss til underhaldning svara han; -Kvifor sitte å sjå inn i ein tv skjerm når ein har så fantastisk sjernehimmel? Gutten har skjønt det. Han trivst der ute. Han har ikkje behov for å leve slik han kan leve heime. Samtidig var Jonny veldig sosial og lo hjerteleg når han fekk sjå fiksestagna til Stian. Han hadde òg ei fiskestang, men den var lita og skulle berre ta inn små middagsfiskar. Det vart ikkje bedre då Stian leita fram haikroken som han skal kleppe store beista med, Jonny held seg på magen av latter og døypte Good Mood spontant over til Den Norske Trålbåt. Det var kjekt å møte ein skandinavar og vi ser fram til å møte Jonny igjen, vi skal vel mest truleg samme vei og møtast sikkert på New Zealand.

Så no har vi nytt solrike dagar her på Toau. Vi har forsøkt å finne fram til samme plassen som der er bilde av i ei langturbok vi har, der dei skryt av denne atollen med sandstrand og greier. Tja, mykje har vist skjedd på 10 år sidan bilde vart tatt, for den deilige sandstranda er nesten vekk og er blitt erstatta av skarpe korallar og småsteinar. Bortsett frå sandstranda som var ein nedtur, (vi hadde håpa på å få legge oss ned i sanden og bygge slott og slikt), har vi hatt den beste dykkeropplevelsen so langt. Ducie var fantastisk, men lite fiskeliv i forhold til det vi har fått opplevd her. Rundt oss svømm mange fargerike fiskar og vi kan sjå korallar i sjølysande fargar. lilla, rosa, gult og blått for å nemne nokre.

Sjølv om her er fint er vi likevel klar for neste tur til neste øy. Vi er så heldig at vi får besøk av Hilde og Andor på Tahiti, og vi gler oss veldig til dei kjem! Siv og Jan kjem til å gå planken på Tahiti etter over 4 trufaste og spennande mnd ilag med oss ombord i Good Mood. Etter dette blir vi stort sett åleine, og det kriblar i magen med tanke på å klare oss på eiga hand. Vi gler oss også, for det blir ei ny epoke og spennande utfordring.

Neste stopp blir sannsynlegvis Tahiti.Kanskje det blir avreise imorgo. Det blir en tur på 230 nm, ca 2 dagar. Der skal vi få lagt ut litt bilder frå det vi har gjort på i det siste.

-Reidun

2 kommentarer:

Anonym sa...

gøy å lese om den danske våghalsen. Inger Johanne

Anonym sa...

Jøjje mej kor øss gle oss!! Hilde