tirsdag 1. september 2009

Fortsatt Bora Bora

Åleine. Merkeleg. No har vi vore ilag med andre folk stortsett heile turen rundt halve jordkloda og så finn vi ut at vi kan klare oss åleine. Veit vi egentleg kva vi har gitt oss ut på?

Hilde og Andor var på besøk med oss ein liten mnd. Tre veker gjekk vanvittig fort og vi storkosa oss med selskap heimafrå. Hilde og Andor var freia melkesjokolade; eit lite stykke Norge, for oss. Elia fekk lære farmor og farfar å kjenne, Stian fekk nok ein dykkerkompis og eg fekk høre nytt og gammalt frå gamleNorge. Hilde hadde strikka gråtassgenser til Elia som han kan bruke på overfarten til NZ, og eg fekk meg ein hærleg strikka kjole. Det var reine julekvelden for oss når dei kom og Stian kunne fikse autopilot og ha på ny regulator til dynamoen. No ladar motoren det dobbelte så vi slepp å kjøre den så lenge ved lading av batteria. Kjøleskapet vårt har nemleg bestemt seg for å bruke 5 amp døgnet rundt, og då har vi faktisk ikkje nok lading frå solcellepanela. Vi må nok fikse isolasjonen rundt kjøleskapet som sansynlegvis har døtte av. Dette er en omfattande jobb då vi må ned med heile kjøkkenkråa i båten. Dette er berre ein av tinga som etterkvart blir skreven på lista over ting som skal gjerast på båten på New Zealand.

Vi har, etter mykje diskutering fram og tilbake, funne ut at det blir greiast for oss å reise til New Zealand. Det stod lenge mellom Autralia, New Zealand og Fiji. Sistnemde fordi der er godt muleg å sette båten på land sjølv om det stormar. På Fiji lagar dei ett hol i bakken som dei senkar båten ned i. Her står den trygt og godt til eigarane kjem tilbake. Så er det berre å grave fram båten og segle vidare til neste øy i stillehavet. Einaste negative med denne løysinga kan vere muligheita for å få mykje kakerlakka, mus, maur og andre insekt ombord. Dessutan er det tropisk klima og mugg og møll kan ha ete opp ein del klede og salongputer på kort tid. Australia er eit anna alternativ som er ganske forlokkande, men det er langt dit og vi er ute i seinaste laget for å nå fram til Australia før syklonsesongen sette inn. Vi kunna alltids tatt strake vegen rett til Australia, men då hadde vi gått glipp av mange fantastiske stillehavsperler! Vi har vel ikkje reist heile denne lange vegen for å droppe Tonga, Fiji, og andre spennande øyar som ligg å ventar på oss.

New Zealand verkar derfor for den rette staden å "overvintre" på. Syklonsesongen her i stillehavet varer frå oktober/november til mars/april. New Zealand ligg akkurat utanfor syklonherjingane, så det er derfor eit naturleg valg for mange å ta ei lita pause her. I vårt tilfelle har vi lite peng igjen i reisekassa, så vi kjem til å reise heim til Norge for å jobbe oss opp meir peng til neste etappe. Hipp Hipp hurra. Vi slår fleire fluger i en smekk. Heimelengta vert mindre og reisekassa større. Dessutan kan det vere greit å få ei lita pause for å fordøye alle intrykka, treffe igjen gode venner og Elia får kose seg med familien som sit og ventar på han heime.

Her på Bora Bora yaht club som vi ligg ved, er det faktisk mange fleire skandinaviske seglarar. Vi vart invitert bort på bursdagsselskap i ein svensk båt der også traff andre svenske og norske seglarar. Tilsammen er vi 13 skandinaviarar her. Stilig. Dei fleste skal videre til NZ, medan ein svensk seglbåt har tenkt seg tilbake til Tahiti for å tilbringe syklonsesongen der. Dei ser ikkje poenget med å farte i full speed gjennom stillehavet, når ein kan ta det meir med ro og nyte øyalivet når ein først er her nede. Det er fult mogleg å sette igjen båten på Tahiti i syklonsesongen, så lenge der ikkje kjem noken ordentleg syklon. Det er svært lenge sidan sist dei hadde dårleg vær her, men det ser desverre ut til at det ikkje er så lenge til neste uvær legg seg over stillehavet. Meteorologane snakkar om el'ninjo som kjem med sine herjingar, om havet som har forandra temperatur og vindar som dukkar opp frå feil retning. Nokon har ei anna meining og trur bestemt at ingenting vil påverke sørligestillehavet, berre det nordlege. Vi blir ikkje så mykje klok på værspådommane. Einaste eg veit er at no bles og regnar det meir en det gjorde i fjor på denne årstida og dei lokale er svært overraska over alt regnet som dett ned på feil årstid.

For vår del er det ikkje så kjekt med el'ninjo varsel, vi skulla ønskt at det var heilt greit vær no når vi har tenkt oss ut på eiga hand. Stian er utolmodig og vil gjerne vidare i morgon (tirsdag), medan eg held igjen og sei at vi bør starte når det bles mindre så vi får ein grei start. (om ca 5 dagar...)

Det kriblar i magen min. Vi står ovanfor ei vanvittig spennande utfordring. Her er vi midt i stillehavet. Ligg oppankra i ei lun og fin bukt på ei nydeleg stillehavsøy. Så fort ein gløyme det fæle havet, dei lange strekkene, det bunnlause djupet og vår evige venn Mister Sjøsjuk! No sitt vi fint i det og har verkeleg tenkt å gjennomføre siste akt av del en på jordomseilinga vår, HEILT MUTTERS ÅLEINE. Står vi ovanfor den ultimate testen? Det vert store krav til samarbeid, utholdenheit og pågangsmot. Vi meiner sjølv at vi er klar. So Let the Fun begin!!

Ps: Det er forresten ikkje berre sommerfugla som kriblar i magen min. Då vi besøkte ein muslingfarm kan eg ha blitt smitta av eit sjeldent muslingvirus. Resultatet vart ei perle plassert lengst inne i kroppen min som etterkvart har utvikla seg til å bli ein bitte liten beibi! Kan dåkke tru det eller? Nesten 4 mnd har eg ruga på denne fantastiske sydhavsperla og vist ikkje eg tar heilt feil så kjem vi til å få helse på den en gong ut i ferbuar. Spennande, og litt artig også.

Ps 2: No skal oss ha ny rekord i innkommande meldningar på satelittelefonen, så her er det berre å trykke i veg og sende oss ei lita helsing frå dåkke der heime som surfa og les om oss;)

-Reidun

1 kommentar:

Linda H sa...

Hei! Dokke e berre utrulig tøffe! Er ofte innom og les dei spennande reisebreva. Gratulerer med perla forresten:)