mandag 10. august 2009

Her om dagen skulle eg ta jolla inn til kaia i full fart. Det var ikkje så lurt. Motoren fjuska og dauda. Eg viste kva som var årsaken. Påhengeren har delvis svikta i det siste når vi kjøre jolla i plan. Det går greit så lenge det er heilt flat sjø, men vist ein treff ei båre, ja so daudar heile motoren. Det første eg gjorde var likevel å sjekke om der var bensin på motoren og om dødmannsknappen hadde døtte av. Bensin var der i massevis, og dødmanssknapp på plass. Eg sette igong med å drage i snora og skulle få start. Eg har sett på når Stian får samme problemet. Han gjer noko med ein ekstra knapp (schåken) og eg etterlikna Stian så godt eg kunne. Etter 7 min med draging og ingen start tok eg årene fatt. Jolla hadde då dreve ganske langt av. Det var då han kom. Riddaren på den kvite gummijolla. Han svingar seg elegant opp på sida, og ser etter om dødmannsknappen har døtte av. Så spør han om der er bensin på tanken. Deretter kjem han med eit overlegent glis og spør om han skal starte motoren til meg. Eg burde ha takka ja. Han hadde aldri fått start. Eg skulla sete der og humra, medan han hadde dratt og dratt i den snora til han vart sveitt. Istaden blir eg so paff av riddaren min, at eg sei at eg veit kva som er problemet. Eg har no årer og klarer meg fint. Likvel tek han tak i jolla og spør kvar han skal taue meg. Eg peikar i retning Good Mood og han slepp ikkje taket før eg har komt meg heilt bort til sida på båten. Eg gremmast. Der kan umuleg vere damer ombord i langturbåten hans. Eg forstår igrunnen kvifor.

Andor og Hilde kom på tirsdag og denne veka har vi snorkla, fløge paraglider, dykka på spennande vrak og gått i sentrum på båtbutikka.

Idag skal vi ta turen til Moorea, neste øy. Elia har vore litt sjuk i det siste, høg feber, men han ser pigg ut no og kosar seg med fiskespel. Han har fortalt til farmora at vi skal ut til ny øy og fiske tuna! Først skal vi fylle mykje diesel og vatn, så er det farvel til Tahiti.

Ps: for dei som lurte så fikk eg start på påhengeren like etter eg kom fram til båten vår igjen.. Det var berre å drage i snora 20 gonga medan eg drog i schåken ut og inn. jaja... eg tøffa meg innover mot kaia igjen og kom meg inn til slutt;)

-Reidun

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei og hå!
Kjekt å følge dokker på nettet! Ser at Elia har vokst mye. Vi er vel hjemme og koser oss med familien og gullegutt-barnebarnet som vi har fått. Trodde vi var ferdige med langturlivet, men det frister veldig når vi ser på bildene dokkers. Jobbe litt nå, så får vi se. Ha det kos alle tre!
;) Turid og Helge på Leikaren.