onsdag 5. august 2009

Mor og far har komt på besøk!

Stian henta oss, Hilde og Andor, på flyplassen tidlig, tidlig i dag. Det hadde vore ein laaaang tur via London og Los Angeles, men vi kom vel fram og var letta og kjempeglade for å endeleg vere
her. Vi har fått kikka litt på det som var i koffertane av bestilte og meir overraskande ting, ete god mat og gler oss til å få sjå Tahiti. Elia er veldig forkava med fiskespelet som kom frå Norge. Den som har internett får orientere den som ikkje har det om at "folket" er vel framme. Videre rapporter følger sikkert.

Reidun: Eg sei berre; heimelaga rørt jordbærsyltetøy!!!! No stikk oss til sentrum en tur, so oss held besøket vårt våken ei stund til. (12 tima forskjell frå Norge)

2 kommentarer:

Anonym sa...

Tusen takk for oppdatering! Vi gledar oss saman med dokke! Må sjukdom og alle uhumskheiter halde seg langt borte!!!
Helsing Bjørg og Einar

Onkel Anders sa...

Kjekt å høyre at dåkke he komt fram! Håpe dåkke fær nåkken kjempefine veke i lag. Sjøl e ej i Oslo me han Pål no. Bagasjen min (para'n) kom ikkje te Gardemoen med flyet i går, men no ringte dei akkurat og sa den hadde dukka opp. Litt lettelse det!

PS: Kjekt med mykje flotte bilde!
PS2: Må snart pratast Stian. (pararøling)
PS3: Bjørg.. Du måkje tenke på sjukdom og uhumskheiter :D