onsdag 30. september 2009

Niue

Vi ligg fortsatt på Niue. Av 9 båtar, er her berre 3 igjen. Resten drog vidare til Tonga. Egentleg skulle vi også seile idag, men her er så rotete i båten og mykje klevask som må gjerast, så vi blir nokre dagar til. Jordskjelvet som ramma deler av stillehavet, mest samoa, er triste saker. Vi har ikkje merka så stort til verken jordskjelv eller bølger, men vi er klar over at det kan komme fleire jordskjelv, så då er vi kjapp å sleppe mooringen og fare ut på sjøen om det skulle skje noko. Å ligge her så nært klippene er ikkje noko draumesituasjon i tilfelle jordskjelv, men vi er no advart så vi veit kva vi treng å gjere ved nytt jordskjelv. Tenker mykje på Watermelon no. Vi reiste samtidig ut frå Bora Bora, dei skulle til Samoa, medan oss valgte den sørligaste ruta og Niue. Håper leikekompisen til Elia har det bra. Vist Lea og familien hennar var på Samoa då tsunamibølga traff øya, så håpar eg at dei vart advart i tide så dei kom seg lenger ut på sjøen. Reknar med vi får vite meir om dei når vi kjem til Tonga.

Her er forresten veldig stor action rundt båtane våre! I det eine augeblikket skravlar Stian med TV og aviser som ringer frå Norge, medan i andre augeblikket hoppar han i sjøen og svøm ilag med gigantiske knølkvalar! Dei kom så nær, at eg viste ikkje kva som kom til å bli den store nyheita herifrå, tsunami eller Stian som nær blei slått ned av sint kval. 3 stykker svømte så nært at det vart berre bilde av snute eller haletipp. Heilt fantastisk opplevelse, skummelt men vanvittig spennande også;)

Reidun

Niue

Ei lita melding frå Good Mood. Vi har det berre bra og er ikkje ramma av tsunamibølga her på Niue. Jordskjelvet kunne kjennast her på øya og no har vi og alle andre båtane gått et stykke ut frå land berre for å vere sikker på at vi er trygge. VG ringte akkurat på satelittelefonen og intervjua litt:)

onsdag 23. september 2009

Beveridge - NIUE

Tabbe. Elia kjem til å stå klar med fiskestang og klepp når eg skal føde. Han trur der er ein hai i magen min.

Beveridge Reef er ikkje noko øy, men eit stort ringrev. Inni revet er det sandbotnen og 10-14 meter djupt. Revet er ca 5 km i diameter og arealet blir då ca 19 kvadratkm. Det er stort og veldig rikt på fiskeliv. Då vi segla inn mot revet fekk vi napp på stortroa. Den raste ut som en sint biesverm og vi hadde fullt arbeid med å få snudd båten og køyre etter fisken. Då Stian hadde fått sett seg i den heimelaga fiskestolen og byrja på innsveivinga, var det faktisk ikkje lenge før han kunne sveive inn store fisken. Eg veit ikkje når det vart lettare å sveive, men Stian trudde at fisken plutseleg svømte mot båten. Opp til overflata kom der eit kjempestort tuna - haud? Der hadde forsyne meg haien vør og bete av tunfisken vår, rett bak gjellane. Og eg som hadde gleda meg til å få bade inne i laguna her.. At vi mista fisken tok vi ikkje så tungt. Cerinus (canandabåten med Vicky og Noah) kom inn litt seinare med ein stor tunfisk som dei delte ut til alle som var svolten. Ein eller annan plass har eg lese at gravide skal halde seg langt unna tunfisk fordi nokon inneheld tungmetall, så eg er ikkje så aktiv tunfisketer, men Stian og Elia tek seg gjerne ein bit.

Vi kom samtidig med finsk/svenske båten, Cerinus kom nokre tima etter og til kvelden kom Opportune også. Då hadde vi allereie hatt stor hai action ombord i Good Mood. Tidlegare på dagen hoppa Stian og Noah i våtdraktane og dykka borte ved reva. To forskjellige versjonar av dykket gjer at eg må gjenngi begge. Ivrig og engasjert Noah: Fantastisk å dykke her! Vi såg store og lange grotter som vi kunne svømme inni. Ikkje så mange fiskar, men litt haiar. Spektakulære grotter! Skuffa og bortskjemd Stian: tje, det var ganske dødt her, litt stilige dissa grottene, men her er no ingen fiska eller farga korallar. Pipa fikk derimot ein anna lyd då han skimta ein grå skugge under båten vår. Stor hai!

Til å begynne med var det morosamt å hive ut middagsrestar og sjå kor den slukte maten, så vart det meir nervepirrande når haien ville til å biten over gummibåten. -Eg skal fiske den haien, høyre eg Stian sei. - Nei det skal slettes ikkje gjer, sei eg. -Jo, sei han, -no må eg få leike meg litt Reidun. Eg var så sur fordi eg hadde sett kor stor den var så eg gjekk ned og begynte på oppvasken. Etterkvart høyre eg hoiing og plasking ute, og der har Stian fått hai på kroken. Eg bykse til for å passe på at Elia ikkje forvillar seg ut på dekk, men han sitt allereie trygt i cocpiten. Med trillronde auge sei han; -pappa fissha STO hai!

Og stor var den; vi målte den til 170 kilo på vekta! Etter nærmare studie og fotografering såg vi til vår forundring ein liten beibi hai hale stikke ut frå undersida av magen på haien. Eg tenkte at Elia skulle få lære litt om skaperverkets under og fortalte at haien har beibi i magen sin, akkurat slik som mamma.... Trudde eg var lur der. Kom på andre tanker då eg såg korleis Stian forrøkte hai beibin. Då det var sete fødsel og det var vanskeleg å få han ut, tok dei bere kleppen og drog beibihaien ut med ett fast grep. HJELP! Skal aldri nevne heimefødsel meir. Elia gjekk stolt rundt på dekk med den nye leikekompisen hengande over skuldra. Stinka som fy, men det brydde ingen seg om. -Mamma haibeibi i magen? spør han no.... eh...ikkje akkurat men...

Det er forresten ikkje berre Elia som lurer på kva som føregår i magen min. Her ein dag låg eg som ei stranda ku på senga, og Stian studerte den rare forma på magen. -Det sparka og sprella inni der, sei eg romantisk, då eg får eit undersøkande og skeptisk blikk frå Stian; -Er du sikker på at der ikkje berre er fullt i makkar som ligg å svell då? KVAR HAR HAN DET FRÅ????? I det siste har vi vore litt gretne alle mann. Mykje seiling og lite søvn. Ei gravid dame er antageleg ikkje like enkel å ha ombord, denne gongen var det Stian sin tur til å vere litt ond. Svangerskapskontrollar har eg ikkje brydd meg særleg om. Barnet er der uansett og det er ikkje så mykje eg kan gjere frå eller til anna enn å ete sunt og passe på meg sjølv. Kanskje det likevel ikkje hadde vør så domt med ein ultralydundersøkelse, både for Elia og Stian sin del.

Igår (mandag) kom vi oss til Niue. Øya blir kalt for klippen, og det kan vi godt forstå med bratte veggar rundt heile øya. Her skal vi vere ca 5-7 dagar før turen går vidare til Tonga. På Niue skal det vere fantastisk sikt i sjøen og mykje spennande grotter å dykke på. Stian gler seg veldig! Det første Elia sa når vi hadde festa oss til mooring, var at no måtte vi få dingyen på sjøen og komme oss iland for å kjøpe is! Det vart is og deilig osteburger på den lokale yahtklubben.

-Reidun

onsdag 16. september 2009

Aitutaki - Beverage Reef: dag 3

Det er natt, mørkt og kaldt. Eg sit og betraktar horisonten som er vanskeleg å få auge på. 3 dagar bak oss ligg Aitutaki, 2 dagar framover ligg Beverage reef. Klokka er 2. For berre nokre timar sidan fann vi ut kva spribommen vår tølte/ rettare sagt; ikkje tølte. No ligg han framme på dekk, knekt av på midten.

Eg har fleire rettelsar å komme med i dette reisebrevet. For det første ligg ikkje Aitutaki heilt nord i Cook øyane. Den er den nordlegast av sør-cook øyane. Her stoppa vi i 3 dagar før vi på laurdag sette avgårde mot Beverage reef. Vi hadde igrunn ikkje tenkt å gå iland, då vi måtte betale 900 kroner i inn og utsjekking av Cook øyane. Dessutan var det ruskevær, og Stian ville ikkje forlate båten så langt ute frå land. Vi ankra opp på ett korallrev som stakk 4-5 meter. At fortress ankeret klarte å feste seg på det som ligna på ein stor stein var bra, men etter å ha dykka der såg Stian kor lite som skulle til for at vi dregga og mista feste heilt. Fortress skal vere verdens beste anker, men berre når det gjeld sand og gjørme botnen, vil no eg påstå. Vi var likevel freista å gå iland fredag kveld, då Rune tok med grillen inn og vi satt ein gjeng og grill pølser og anna godt. Det viste seg at vi kom til å bli 8 båtar som skulle gå frå Aitutaki på laurdag, 4 av desse skulle til Beverage reef. Det var finsk/svenske Svante og Patrik, Canadiske Noah og Vicky frå båten Cerena, Opportune og Good Mood. Det var kjekt å vere iland og stunda vart koseleg der alle prata med alle. Spesielt morsomt var det for Stian når mannskapet frå ein 100 fots seilbåt kom og hadde litt spesielle forespørsmål. Eg huska båten frå San Blas, der vi fekk 2 store Blue Marlina. Eigaren av 100 foteren var då ombord og ropte til oss for å spørre kor tunge fiskane var. No hadde skipparen eit spørsmål til oss om vi ikkje kunne slutte å fiske opp Blue Marlinane. Dei hadde sjølv prøvd lenge å få stor Blue Marlin, og ikkje langt frå Galapagos fekk dei en tunfisk på 150 kilo!! Yellowfin tuna. Eg kom med forslaget at når eigaren kom tilbake til skuta si, så kunne han få bli med i Good Mood ein tur for å fiske etter Blue Marlin. Hihi... Det hadde tatt seg ut. Mannskapet frå den store seilskuta var 2 franske par. Dei skulle vere med skuta jorda rundt i 3,5 år. Eigaren sjølv var med sånn av og til. I panama gjekk han av fordi han ville ut og fiske, men skulle komme tilbake når skuta kjem til Tonga og vere med på overfarten til NZ. Både Stian og eg gle oss til å møte dei igjen for å utveklse nye røverfiskehistorier.

Den andre rettelsen er at vi ikkje er så mutters åleine som eg vil ha det til. Guds eksistens er utan tvil. Hans skaparverk får vi sjå kvar ein einaste dag og ikkje minst kjenne på, etterkvart som det blir meir og meir liv i magen min. At Gud er med oss i båten har eg inga tvil i. Likevel er det av og til ganske fælt her ute. Eg spør ikkje Gud om å forenkle kvardagen. Eg ber han om å hjelpe meg å møte dei utfordringane som kjem. Uansett kor kristen eg kan vere, så er det ikkje gøy å sitte i mørke og høre at det kjem ei brølape av ei båre som slår inn mot skutesida. Det einaste eg veit med sikkerheit er at eg ikkje er redd. Eg veit at Gud held si hand over oss. Om det skulle skje nokke, så er det forderdeleg skummelt og utfallet kan bli tragisk på mange måtar, men frelsesvissheita kan ingen ta ifrå meg. I det siste har eg tenkt på Peter, disippelen til Jesus. Då læresveinane var ute på ett vatn i båten sin og fekk skikkeleg drittvær, såg dei plutseleg ett gjennferd komme gåande på sjøen. Nokon ropar plutseleg at det er Jesus og Peter utfordra Han og sei: -vist de er du Jesus, så sei at eg skal komme til deg på vatnet. Eg trur ikkje Peter var særleg høg i hatten då Jesus svarte at han må berre komme. Men Peter han prøvar seg. Går forsynemeg på vatnet imot Jesus. Det er då det interessante skjer, Peter kjenne vinden som dreg i han og vil skubbe han overende. Han blir livredd, får panikk og begynn å synke. Peter var no ein fisker, og for meg er det nesten naturleg å tru at han kunne svømme. Vist han ikkje kunne det eingong, ja då var han modig som gjekk ut på vatnet. Om han så kunne svømme, så er det likevel endå dritvær med vind og bølger og Peter er redd for å gå under. -Herre, frels meg! ropa han fortvila. Jesus rekke ut handa og dreg han opp igjen på vatnet og sammen går dei tilbake til båten. Ei bemerkelsesverdig historie. Eg har ikkje tenkt å utfordre Jesus i å la meg få gå på vatnet sjølv om det sikkert hadde vore ganske kult. Men tenk at ein kan klare det ein vil dersom ein har augene retta på Jesus. Hærleg! I første omgang spør eg om kraft til å klare kvardagen når Elia vil ha meg til å lese bok, Stian må søve og eg har vakt og spyr i bøtta.

hm. nokk preike for denne gong.

Første natta ute var ganske kjekk fordi vi såg 3 andre båtar samtidig. Hadde litt å gjere på og natta vart ikkje så einsformig. Det var likevel ruskevær med store bølger som kom brølande inn bakfrå og inn i sida på båten. Vi hadde veldig god fart og der var litt skyer på himmelen, så en kunne såvidt skimte nokre stjerner. Første natta er alltid værst, då vi ikkje har fått inn rytmen endå, og er veldig trøtte. Eg trudde eg skulle få hjertestopp då eg snudde meg bak for å ta ein utkikk i halv 4 tida. Eg kika rett inn i eit merkeleg lys. Årene fraus til is og eg kjende adrenalinet ruse gjennom kroppen; -Kven i granskauen har klart å komme oss so nær at dei lyse på oss med lyskaster? Er det ein båt er vi ille ute, tenkte eg. Lettelsen var derfor stor då eg oppdaga til mi store forarging at månen hadde lurt meg igjen.. Den hadde akkurat kom opp av horisonten. Gul og halvegs gjømt bak nokre skyer såg den ut som en lyskaster. Eg hadde ikkje så mange fine ord å seie om den månen der og då. -Fy deg stygge måne som narrar jenter små, hadde søstra mi sagt.

3. dagen var altså første dagen utan sjøsjukeverk!! Eg prøvde meg på en forsiktig ny halleluja, og då det lukkast å seie det utan å spy vart eg hoppande glad. Så glad at formiddagen gjekk med på å lage mat. Etter 3 dagar på havet utan å få i seg skikkeleg mat kan dåkke tru eg var svolten. Først kokte eg poteter, surra løk med masse smør og steikte litt av den store doradoen vi fekk. Så sette eg på pizza deig, og på ettermiddagen laga Elia og eg pizza med masse ananas og tomater på! Elia var flink og hjelpe meg med ananasen og osten på toppen. -legge puslespel, sa Elia og danderte osteskivene fint utover pizzaen.

Vi ser ikkje noko til dei andre båtane no, men har snakka med Opportune som ligg ca 40 nm bak oss. I går hadde vi vhf kontakt med Cerena som kunne så vidt skimtast bak oss. Som sagt vart vi litt overmodig og strakte spribommen til bristepunktet for nokre timar sidan. Det var ikkje så veldig mykje vind og spribommen var heilt ute, då der kom eit vindkast som resulterte i at spribommen knakk tvers av på midten. -Det vart en dyr lærepenge, høyre eg Stian sukke når eg kjem opp for å sjå kva som har skjedd. Framover kjem det til å bli ei utfording å få seilet til å stå i medvind, men vi får seile så godt vi klarer og heller hive seilet over på andre sida når vi har komt for mykje i feil retning.

Snart framme no på Beverage reef. Det blir spennande.

Vi seiler med 5kn fart, og vi har 104 nM att til Beveridge Reef
Posisjonen er oppdatert.

-Reidun

fredag 11. september 2009

Aitutaki - Cook Island

Ville berre sende ei lita melding og sei at vi har komt fram til Aitutaki. Her ligg Opportune og vi oppankra utanfor øya. Litt lite dønningar (desverre for oss som vil halde sjøsjuka i sjakk) så vi kjem vel til å bevege oss vidare i morgo eller laurdag. Det er vist meldt ein god del vind framover, så vi får god medvind til revet som ligg ca 5-6 dagar frå oss no. Opportune vil gå samtidig som oss, så det skal bli spennande å prøve å få til å segle med samme fart.

Siste delen av turen hit gjekk forholdsvis greit. Lite vind og tøffing for motor. Baka brød og åt norsk kvikk lunsj(!). Det siste var ikkje så særleg lurt. Eg trudde eg var frisk, men var uggen resten av dagen pga den tilsynelatande gode oppsparte kvikk lunsjen.. Kombinasjon bølger, lite søvn og sjokolade er vel ikkje det smartaste ein gjer.

Så blåste det opp frisk vind frå sør og vi fekk ei heilt anna seilføring. Resten av turen hadde vi skeiv båt og ei fart på 7 knop. HUHEi kor det gjekk, vi dunka oss framover mot bårene og suste gjennom vatnet.

Siste natta var det måneskinsnatt med mange svarte skyer overalt. Det rare var ei merkeleg sølvfarga bue som strekte seg i ein halvsirkel framom båten. Eg trudde ikkje det gjekk an å sjå regnbue midt på natta. Nydeleg syn!

Mange har spurt meg korleis Elia liker seg på havet. Fram til no har han ikkje snakka så mykje men her ein dag sa han at han ville vi skulle ta båten til Norge, til farmor og farfar. -Oi det er langt dit, svara eg. -Vi kan kanskje ta fly og besøke dei først. Han kan umulig ha det kjekt når han er sjøsjuk, og der er mykje energi i kroppen som ikkje får fritt spelerom i ein liten båt som vuggar hit og dit. Når vi kom opp på sida av Opportune og skulle ankre opp, var Elia så glad at han kom med eit gledeshyl! Og når vi skulle ete mat klarte han ikkje sitte stille, men måtte hoppe opp og ned i den no stilleståande sofaen. Det er tydeleg at Elia likar seg best på land. Når det er sagt, så er det ikkje alltid like vinglete på sjøen, og vi har det veldig kjekt med å lese bøker, sparke fotball (!) og leike med dyra. Vi har mamma ku, pappa okse, storebror kalv og lillebror kalv. Pappa oksen er den som kikar etter ny øy og har lyst på kokosnøtt. Mamma kua er den med puppane(!) som kalvane er veeeldig glade i. Her får dei melk rett som det er. Storebror og lillebror kalv er veldig opptatt av alt muleg rart; frå å halde seg fast når det kjem ei stor bølge til det å leike med dei andre dyra. (gåsa, katten, hunden, hestane, kyllingane osv)

Stian har allereide hatt på seg våtdrakta og hoppa ut i sjøen, utstyrt med kamera og harpun. Rett før han hoppa ut kom der 3 store kvala og svømte forbi bak båtane våre. Flott syn. Dessutan har vi sett skilpadda Bolle Bask! Ikkje berre ein, men mange gongar! Her er mange skilpadder og vist nok mange knølkvala. Er det nokon som veit kva knølkval heiter på engelsk foresten?

-Uansett, so long frå Reidun

ps: Petter; vi fikk berre den eine meldinga di. av og til vil ikkje satelittelefonen sende når ein skriv med 160 tegn. prøv mindre tegn og då blir den sendt. Plommesylte med fløyte hørtes deilig ut!! Vi gle oss til jul!

onsdag 9. september 2009

3. døgn

Posisjon:
17.45S
156.48W

Off Kor Trøtt ej e... Stian vekte meg klokka 2400. Mi vakt no. Elia har søve i senga vår for at han skal sleppe å ligge på køyrommet der det bråka på grunn av motoren. Han låg og makka lenge. spente meg i haude og trilla rundt i senga. Når eg endeleg sovna, kjem Stian og vekke meg for vaktskifte. Off.. Eg må ha nattmat og brenn meg nokre pannekaker. GJESP. Det er vindstille. Laaaange dønningar. Vi tøffar for motor på lavt turtal. Stor seglet er oppe til støtte for båten så den ikkje rullar så fælt. Eg er ikkje så grådig kvalm lenger. Berre eg får i meg dei pannekakene så blir eg straks bedre. Håpar eg.

Laurdag gjekk vi frå Bora Bora. Det blåste friskt og rulla godt utpå havet. Stian hadde utstyrt seg med sjøverksplaster medan eg satt å venta på at kvalmen skulle komme. En ting er iallefall sikkert, visst ein sitt å ventar på at ein skal bli sjøsjuk, ja då blir ein det. Heldigvis hadde eg prata med Chanielle før eg for. Det var mange månader sidan sist vi hadde prata og det var så kjekt å høre korleis ho hadde det med beibi og allting. Ho vart så overaska over at eg var gravid og glad for at vi skal heim til jul!! Stian og eg vart sittande å prate om altmuleg vi skal finne på når vi kjem heim. Utruleg bra avsporing for sjøsjuke fokus!!! -Halleluja eg er ikkje sjøsjuk, sa eg, for eg kjende verkeleg ingenting til sjuka.. Det neste eg veit er at eg hang over rekka og spydde så det sang....Eg var totalt uforberedt. Fiskesnøra var sjølvsagt ute i sjøen, men då Stian såg kor ein sjø braut rett ved sida av oss kom han til å tenke på korleis det vil vere å kjempe med fisk på kroken og snu båten i sånt ett uvær... Han sveiva inn eine troa, og det gjekk ikkje lenge før neste krok vart sveiva inn også. Eg har sagt det før og eg sei det igjen. Saksa ligg ikkje langt unna visst det skulle bite på eit beist og eg har det heilt forferdeleg. Ikkje kul om eg hjelpe Stian vist det går på helsa laus.

Søndag; rulling, spying, god vind, vi susar avgårde. Elia har det heilt topp. Han ligg for det meste i cocpiten når han kjenne seg dårleg. Han sei ifrå vist han skal spy. Opportune ringte. Dei lurer på kvar det blir av oss, om vi har komt oss ut av Bora Bora og om vi er på vei til dei. Heilt ærleg så veit vi ikkje kvar veien går sjølv. Vi kursa først mot Suwarrow, men har etterkvart endra kurs og siktar på eit rev halvvegs mot Tonga. Det er ca 800 nm frå oss no. Ca 8 dagar. Vi droppar Cook øyane og Suwarrow. Kanskje nokken vil sei at det er domt å ikkje besøke enten eller, men vi er veldig gira på å komme oss over sjøsjuka og berre stoppe enkelte plassar. Revet vi er på vei til, ligg rett under havflata og kan sjåast på fjøre sjø. Skal vere nokså stort og spektakulært å dykke ved. Ser fram til å komme dit.

Mandag; Sjøen har roa seg betrakteleg. Vinden minka. Vi seglar og har blitt vand med rullinga til en viss grad. 3 knop fart. Det går seint. Fleire gongar har det bete på fiskesnøra, men fiskane berre slepp taket på grunn av den lave farta vår. Det vil sei, sist det beit på var Stian snar og springe bak til troa og gjere eit voldsomt rykk for å sette fast kroken i fisken. Å du grøne glitrande makarell!!! En MARLIN, en kjempestor MARLIN gjorde ett fantastisk hopp ut av sjøen, vrei seg i alle retninga og plaska ned i sjøen igjen. Kroken slapp taket på giganten. Kanskje like greit. Vi hadde aldri klart å ete opp all det fiskekjøttet.. Fleire tima seinare høyre eg eit hjertesukk frå Stian; -No hadde vi kanskje hatt den inne på sida av båten vår. off og off. Eg gjorde eit mislukka forsøk på å ta del i skuffelsen, innerst inne er eg himla glad for at fisken (med sikkert 3sifra kilotal!!) slapp unna. Vi skravla med Opportune igjen. Dei ligg oppankra utanfor den nordlegaste Cook øya. Dei har fått mykje vind. Rart. Det er ikkje meldt på gribfilene våre. Rune meinte på at vinden var lokal. Jaja. Det gjer ingenting med vind og sjø så lenge vi er frisk. Vi ligg ca 200 nm frå Opportune. Dei vil gjerne at vi skal møtast og seile videre mot revet ilag. Vi har endra litt på kursen for å få til dette.

Havet. Det er stort. 4 båtar gjekk ut frå Bora Bora samtidig som oss. Det gjekk ikkje mange timane før vi ikkje såg dei andre att. Dessutan gjekk der ut fleire båtar før oss og etter oss på laurdag. Vi har ikkje sett ein einaste båt til no. Av og til vil Elia leike inne i salongen, og den som har vakt sei at vi må holde utkikk etter andre båtar. -Ingen båta ute, svarar Elia. Han har så rett så rett. -Ny øy? spurte han igår.. Blir nokre dagar til vi kjem til land igjen. Etter revet kjem vi til å besøke Niue før turen går vidare til Tonga. Frå Tonga går turen direkte til New Zealand. Høyres enkelt og greit ut. Vi får sjå kor greit det blir. Vi veit om ein bråte med båtar som har planglagt å gå frå Tonga mot NZ samtidig. Kjekt å vite at der kanskje blir nokken å slå følge med.

No har eg sett filmen Bend it like Beckham, bra film. Det var stjerneklart tidlegare, men no møter vi eit tynt skylag, kanskje det blir overskya og vind imorgo? Eg må ned å finne meg noko å bite på. Har ikkje kjent så mykje til perla i magen siste dagane, men no har den våkna til liv igjen. Når eg sitt framoverlent, kjenner eg at det rullar og sparka inni der. Akkurat som om beibin sei; -hey, gi litt rom her. vi treng plass her inne. vi er 4 stykk veit du!!! ågurimalla. tenk om der var 4 stk. Nei, Reidun skjerp deg! Tenk på noko anna. Sting med "Brand new day" får meg til å danse i cocpiten. Snart er klokka 4 og vakta mi er over. Då kan eg legge meg ned og søve medan den nye dagen gryast.

-Reidun

Ps: Hilde og mamma! Takk for alle meldingane dåkke sende! Vi kosar oss og har høgtopplesing. Grådig kjekt det er for oss når det pip i telefonen. Kjekt at vi skulle få komme i bursdagsselskap ute på lepsøya. Vi har veldig lyst å komme, men er redd for at vi kjem til å befinne oss på Beverage Reef den dagen. Vi rekk nokk ikkje fram til lepsøya til laurdag.... Vi får ta det igjen.

lørdag 5. september 2009

Avreise frå Bora Bora

No kan vi ikkje vente lenger, men vi gjer eit forsøk på å komme oss avgårde imorgo, laurdag. I går var vi på farvellfranskpolynesiaselskap ilag med andre seilfolk. Der fekk vi høyre kva dei andre har planar om og kvar rutene går vidare.

Vi har ikkje bestemt oss for kvar vi skal segle endå. Det einaste vi veit er at vi må komme oss utpå og avgårde. Turen går enten litt nordvestover til Suwarrow eller sørvestover til Aitutaki. Det bles finast mot Suwarrow.

Vi får sjå. Det blir iallefall lite vind i neste veke og forhåpentlegvis berre laaaange dønningar:)

-Reidun

fredag 4. september 2009

Snipp, snapp, snute, så var Stillehavseventyret ute for Hilde og Andor

Etter siste reisebrev frå oss, reiste vi rundt øya Huahine til tettstaden Fare, og låg der eit par dagar. Vi var i land og såg oss rundt, og det vart snorkling og dykking.

Neste etappe gjekk til Tahaa, og også på denne etappen vart det fisk: 1 stk Dorado på 12 kg og ein litt mindre Wahoo. På tirsdagen var vi på strandhogg på ei utruleg fin sandstrand saman med mannskapet frå Opportune.Vi bada, klatra i palmer, grilla pølser på bål og drakk kokosmelk og åt kokos. Vi prøvde også kastenota i strandkanten og fekk bl.a ein Puffer som bles seg opp og låg lenge og flaut som ein ball lenge etter at vi hadde slept den ut att. Brått slepte den lufta og forsvant.

Siste seilings-etappe vi var med på, gjekk til øya som mange meiner er den vakraste i Fransk Polynesia, Bora Bora. Ein ny Dorado vart dregen inn også på denne turen (11 kg), og når ankeret var vel festa innafor revkanten, hadde Reidun steikt fisk og kokt poteter – Måltidet var innteke i fin kveldsbris på dekk - Nam Nam – kjempegodt!
Vi flytta oss litt rund på fleire stader rundt øya i løpet av denne siste veka før vi skulle reise heim. Andor og Stian var stadig mykje ute å snorkla og dykka, og ein av dagane fekk endåtil eg meg ein tur på utsida av revet for å kikke på hai! Litt juks å ligge med dykkermaske å kikke ned frå Dingyen då sjølvsagt, men opplevinga var fin for meg.

Ein av dagane var vi innom tettstaden Vaitape og fekk ordna oss med flybilletter tilbake til Tahiti, og Andor og eg hadde oss også ein lang, fin sykkeltur eine dagen. Vi fekk fleire gonger servert god mat og låne grill om bord i Opportune, og siste dagen før avreise var vi på fjelltur til nest høgste fjellet på Bora Bora. Litt bratt å gå, men kjempefin utsikt når vi kom opp.

Så, på fredag morgonen var eventyret slutt, og vi måtte setje oss på flyet mot Norge igjen. Over 50 timer og 5 flyturer seinere landa vi på Flesland, Sjølv om kroppen no altså har landa, så er vi stort sett om bord i Good Mood i tankane endå.

Dette er det lengste vekk heimanfrå vi nokon gong har vore – ja, det gjeng vel nesten ikkje an å kome lenger vekk. Vi har opplevd sol og sommer og vore innom 5 ulike Stillehavsøyer:

TAHITI - MOOREA - HUAHINE - TAHAA - BORA BORA:














og sist, men ikkje minst fått vore 3 ½ veker i lag med Elia, Reidun og Stian. Vi fekk oppleve litt av godsida av seilerlivet, berre små seilingsetapper i finever, og Reidun og Stian serverte oss mykje god mat!! Fint for oss var det også at Elia vart fort fortruleg med oss sjølv om det var 1 år sidan sist han hadde møtt oss. Han har blitt så flink å prate no, at han kan seie nesten alt han vil.

Tusen takk for at dåkke tok så vel mot oss og brukte så mykje tid på å gjere desse vekene til ei stor oppleving for oss, og GOD TUR MOT NEW ZEALAND! Ta godt vare på kvarandre!

Hilde og Andor

tirsdag 1. september 2009

Fortsatt Bora Bora

Åleine. Merkeleg. No har vi vore ilag med andre folk stortsett heile turen rundt halve jordkloda og så finn vi ut at vi kan klare oss åleine. Veit vi egentleg kva vi har gitt oss ut på?

Hilde og Andor var på besøk med oss ein liten mnd. Tre veker gjekk vanvittig fort og vi storkosa oss med selskap heimafrå. Hilde og Andor var freia melkesjokolade; eit lite stykke Norge, for oss. Elia fekk lære farmor og farfar å kjenne, Stian fekk nok ein dykkerkompis og eg fekk høre nytt og gammalt frå gamleNorge. Hilde hadde strikka gråtassgenser til Elia som han kan bruke på overfarten til NZ, og eg fekk meg ein hærleg strikka kjole. Det var reine julekvelden for oss når dei kom og Stian kunne fikse autopilot og ha på ny regulator til dynamoen. No ladar motoren det dobbelte så vi slepp å kjøre den så lenge ved lading av batteria. Kjøleskapet vårt har nemleg bestemt seg for å bruke 5 amp døgnet rundt, og då har vi faktisk ikkje nok lading frå solcellepanela. Vi må nok fikse isolasjonen rundt kjøleskapet som sansynlegvis har døtte av. Dette er en omfattande jobb då vi må ned med heile kjøkkenkråa i båten. Dette er berre ein av tinga som etterkvart blir skreven på lista over ting som skal gjerast på båten på New Zealand.

Vi har, etter mykje diskutering fram og tilbake, funne ut at det blir greiast for oss å reise til New Zealand. Det stod lenge mellom Autralia, New Zealand og Fiji. Sistnemde fordi der er godt muleg å sette båten på land sjølv om det stormar. På Fiji lagar dei ett hol i bakken som dei senkar båten ned i. Her står den trygt og godt til eigarane kjem tilbake. Så er det berre å grave fram båten og segle vidare til neste øy i stillehavet. Einaste negative med denne løysinga kan vere muligheita for å få mykje kakerlakka, mus, maur og andre insekt ombord. Dessutan er det tropisk klima og mugg og møll kan ha ete opp ein del klede og salongputer på kort tid. Australia er eit anna alternativ som er ganske forlokkande, men det er langt dit og vi er ute i seinaste laget for å nå fram til Australia før syklonsesongen sette inn. Vi kunna alltids tatt strake vegen rett til Australia, men då hadde vi gått glipp av mange fantastiske stillehavsperler! Vi har vel ikkje reist heile denne lange vegen for å droppe Tonga, Fiji, og andre spennande øyar som ligg å ventar på oss.

New Zealand verkar derfor for den rette staden å "overvintre" på. Syklonsesongen her i stillehavet varer frå oktober/november til mars/april. New Zealand ligg akkurat utanfor syklonherjingane, så det er derfor eit naturleg valg for mange å ta ei lita pause her. I vårt tilfelle har vi lite peng igjen i reisekassa, så vi kjem til å reise heim til Norge for å jobbe oss opp meir peng til neste etappe. Hipp Hipp hurra. Vi slår fleire fluger i en smekk. Heimelengta vert mindre og reisekassa større. Dessutan kan det vere greit å få ei lita pause for å fordøye alle intrykka, treffe igjen gode venner og Elia får kose seg med familien som sit og ventar på han heime.

Her på Bora Bora yaht club som vi ligg ved, er det faktisk mange fleire skandinaviske seglarar. Vi vart invitert bort på bursdagsselskap i ein svensk båt der også traff andre svenske og norske seglarar. Tilsammen er vi 13 skandinaviarar her. Stilig. Dei fleste skal videre til NZ, medan ein svensk seglbåt har tenkt seg tilbake til Tahiti for å tilbringe syklonsesongen der. Dei ser ikkje poenget med å farte i full speed gjennom stillehavet, når ein kan ta det meir med ro og nyte øyalivet når ein først er her nede. Det er fult mogleg å sette igjen båten på Tahiti i syklonsesongen, så lenge der ikkje kjem noken ordentleg syklon. Det er svært lenge sidan sist dei hadde dårleg vær her, men det ser desverre ut til at det ikkje er så lenge til neste uvær legg seg over stillehavet. Meteorologane snakkar om el'ninjo som kjem med sine herjingar, om havet som har forandra temperatur og vindar som dukkar opp frå feil retning. Nokon har ei anna meining og trur bestemt at ingenting vil påverke sørligestillehavet, berre det nordlege. Vi blir ikkje så mykje klok på værspådommane. Einaste eg veit er at no bles og regnar det meir en det gjorde i fjor på denne årstida og dei lokale er svært overraska over alt regnet som dett ned på feil årstid.

For vår del er det ikkje så kjekt med el'ninjo varsel, vi skulla ønskt at det var heilt greit vær no når vi har tenkt oss ut på eiga hand. Stian er utolmodig og vil gjerne vidare i morgon (tirsdag), medan eg held igjen og sei at vi bør starte når det bles mindre så vi får ein grei start. (om ca 5 dagar...)

Det kriblar i magen min. Vi står ovanfor ei vanvittig spennande utfordring. Her er vi midt i stillehavet. Ligg oppankra i ei lun og fin bukt på ei nydeleg stillehavsøy. Så fort ein gløyme det fæle havet, dei lange strekkene, det bunnlause djupet og vår evige venn Mister Sjøsjuk! No sitt vi fint i det og har verkeleg tenkt å gjennomføre siste akt av del en på jordomseilinga vår, HEILT MUTTERS ÅLEINE. Står vi ovanfor den ultimate testen? Det vert store krav til samarbeid, utholdenheit og pågangsmot. Vi meiner sjølv at vi er klar. So Let the Fun begin!!

Ps: Det er forresten ikkje berre sommerfugla som kriblar i magen min. Då vi besøkte ein muslingfarm kan eg ha blitt smitta av eit sjeldent muslingvirus. Resultatet vart ei perle plassert lengst inne i kroppen min som etterkvart har utvikla seg til å bli ein bitte liten beibi! Kan dåkke tru det eller? Nesten 4 mnd har eg ruga på denne fantastiske sydhavsperla og vist ikkje eg tar heilt feil så kjem vi til å få helse på den en gong ut i ferbuar. Spennande, og litt artig også.

Ps 2: No skal oss ha ny rekord i innkommande meldningar på satelittelefonen, så her er det berre å trykke i veg og sende oss ei lita helsing frå dåkke der heime som surfa og les om oss;)

-Reidun