onsdag 16. september 2009

Aitutaki - Beverage Reef: dag 3

Det er natt, mørkt og kaldt. Eg sit og betraktar horisonten som er vanskeleg å få auge på. 3 dagar bak oss ligg Aitutaki, 2 dagar framover ligg Beverage reef. Klokka er 2. For berre nokre timar sidan fann vi ut kva spribommen vår tølte/ rettare sagt; ikkje tølte. No ligg han framme på dekk, knekt av på midten.

Eg har fleire rettelsar å komme med i dette reisebrevet. For det første ligg ikkje Aitutaki heilt nord i Cook øyane. Den er den nordlegast av sør-cook øyane. Her stoppa vi i 3 dagar før vi på laurdag sette avgårde mot Beverage reef. Vi hadde igrunn ikkje tenkt å gå iland, då vi måtte betale 900 kroner i inn og utsjekking av Cook øyane. Dessutan var det ruskevær, og Stian ville ikkje forlate båten så langt ute frå land. Vi ankra opp på ett korallrev som stakk 4-5 meter. At fortress ankeret klarte å feste seg på det som ligna på ein stor stein var bra, men etter å ha dykka der såg Stian kor lite som skulle til for at vi dregga og mista feste heilt. Fortress skal vere verdens beste anker, men berre når det gjeld sand og gjørme botnen, vil no eg påstå. Vi var likevel freista å gå iland fredag kveld, då Rune tok med grillen inn og vi satt ein gjeng og grill pølser og anna godt. Det viste seg at vi kom til å bli 8 båtar som skulle gå frå Aitutaki på laurdag, 4 av desse skulle til Beverage reef. Det var finsk/svenske Svante og Patrik, Canadiske Noah og Vicky frå båten Cerena, Opportune og Good Mood. Det var kjekt å vere iland og stunda vart koseleg der alle prata med alle. Spesielt morsomt var det for Stian når mannskapet frå ein 100 fots seilbåt kom og hadde litt spesielle forespørsmål. Eg huska båten frå San Blas, der vi fekk 2 store Blue Marlina. Eigaren av 100 foteren var då ombord og ropte til oss for å spørre kor tunge fiskane var. No hadde skipparen eit spørsmål til oss om vi ikkje kunne slutte å fiske opp Blue Marlinane. Dei hadde sjølv prøvd lenge å få stor Blue Marlin, og ikkje langt frå Galapagos fekk dei en tunfisk på 150 kilo!! Yellowfin tuna. Eg kom med forslaget at når eigaren kom tilbake til skuta si, så kunne han få bli med i Good Mood ein tur for å fiske etter Blue Marlin. Hihi... Det hadde tatt seg ut. Mannskapet frå den store seilskuta var 2 franske par. Dei skulle vere med skuta jorda rundt i 3,5 år. Eigaren sjølv var med sånn av og til. I panama gjekk han av fordi han ville ut og fiske, men skulle komme tilbake når skuta kjem til Tonga og vere med på overfarten til NZ. Både Stian og eg gle oss til å møte dei igjen for å utveklse nye røverfiskehistorier.

Den andre rettelsen er at vi ikkje er så mutters åleine som eg vil ha det til. Guds eksistens er utan tvil. Hans skaparverk får vi sjå kvar ein einaste dag og ikkje minst kjenne på, etterkvart som det blir meir og meir liv i magen min. At Gud er med oss i båten har eg inga tvil i. Likevel er det av og til ganske fælt her ute. Eg spør ikkje Gud om å forenkle kvardagen. Eg ber han om å hjelpe meg å møte dei utfordringane som kjem. Uansett kor kristen eg kan vere, så er det ikkje gøy å sitte i mørke og høre at det kjem ei brølape av ei båre som slår inn mot skutesida. Det einaste eg veit med sikkerheit er at eg ikkje er redd. Eg veit at Gud held si hand over oss. Om det skulle skje nokke, så er det forderdeleg skummelt og utfallet kan bli tragisk på mange måtar, men frelsesvissheita kan ingen ta ifrå meg. I det siste har eg tenkt på Peter, disippelen til Jesus. Då læresveinane var ute på ett vatn i båten sin og fekk skikkeleg drittvær, såg dei plutseleg ett gjennferd komme gåande på sjøen. Nokon ropar plutseleg at det er Jesus og Peter utfordra Han og sei: -vist de er du Jesus, så sei at eg skal komme til deg på vatnet. Eg trur ikkje Peter var særleg høg i hatten då Jesus svarte at han må berre komme. Men Peter han prøvar seg. Går forsynemeg på vatnet imot Jesus. Det er då det interessante skjer, Peter kjenne vinden som dreg i han og vil skubbe han overende. Han blir livredd, får panikk og begynn å synke. Peter var no ein fisker, og for meg er det nesten naturleg å tru at han kunne svømme. Vist han ikkje kunne det eingong, ja då var han modig som gjekk ut på vatnet. Om han så kunne svømme, så er det likevel endå dritvær med vind og bølger og Peter er redd for å gå under. -Herre, frels meg! ropa han fortvila. Jesus rekke ut handa og dreg han opp igjen på vatnet og sammen går dei tilbake til båten. Ei bemerkelsesverdig historie. Eg har ikkje tenkt å utfordre Jesus i å la meg få gå på vatnet sjølv om det sikkert hadde vore ganske kult. Men tenk at ein kan klare det ein vil dersom ein har augene retta på Jesus. Hærleg! I første omgang spør eg om kraft til å klare kvardagen når Elia vil ha meg til å lese bok, Stian må søve og eg har vakt og spyr i bøtta.

hm. nokk preike for denne gong.

Første natta ute var ganske kjekk fordi vi såg 3 andre båtar samtidig. Hadde litt å gjere på og natta vart ikkje så einsformig. Det var likevel ruskevær med store bølger som kom brølande inn bakfrå og inn i sida på båten. Vi hadde veldig god fart og der var litt skyer på himmelen, så en kunne såvidt skimte nokre stjerner. Første natta er alltid værst, då vi ikkje har fått inn rytmen endå, og er veldig trøtte. Eg trudde eg skulle få hjertestopp då eg snudde meg bak for å ta ein utkikk i halv 4 tida. Eg kika rett inn i eit merkeleg lys. Årene fraus til is og eg kjende adrenalinet ruse gjennom kroppen; -Kven i granskauen har klart å komme oss so nær at dei lyse på oss med lyskaster? Er det ein båt er vi ille ute, tenkte eg. Lettelsen var derfor stor då eg oppdaga til mi store forarging at månen hadde lurt meg igjen.. Den hadde akkurat kom opp av horisonten. Gul og halvegs gjømt bak nokre skyer såg den ut som en lyskaster. Eg hadde ikkje så mange fine ord å seie om den månen der og då. -Fy deg stygge måne som narrar jenter små, hadde søstra mi sagt.

3. dagen var altså første dagen utan sjøsjukeverk!! Eg prøvde meg på en forsiktig ny halleluja, og då det lukkast å seie det utan å spy vart eg hoppande glad. Så glad at formiddagen gjekk med på å lage mat. Etter 3 dagar på havet utan å få i seg skikkeleg mat kan dåkke tru eg var svolten. Først kokte eg poteter, surra løk med masse smør og steikte litt av den store doradoen vi fekk. Så sette eg på pizza deig, og på ettermiddagen laga Elia og eg pizza med masse ananas og tomater på! Elia var flink og hjelpe meg med ananasen og osten på toppen. -legge puslespel, sa Elia og danderte osteskivene fint utover pizzaen.

Vi ser ikkje noko til dei andre båtane no, men har snakka med Opportune som ligg ca 40 nm bak oss. I går hadde vi vhf kontakt med Cerena som kunne så vidt skimtast bak oss. Som sagt vart vi litt overmodig og strakte spribommen til bristepunktet for nokre timar sidan. Det var ikkje så veldig mykje vind og spribommen var heilt ute, då der kom eit vindkast som resulterte i at spribommen knakk tvers av på midten. -Det vart en dyr lærepenge, høyre eg Stian sukke når eg kjem opp for å sjå kva som har skjedd. Framover kjem det til å bli ei utfording å få seilet til å stå i medvind, men vi får seile så godt vi klarer og heller hive seilet over på andre sida når vi har komt for mykje i feil retning.

Snart framme no på Beverage reef. Det blir spennande.

Vi seiler med 5kn fart, og vi har 104 nM att til Beveridge Reef
Posisjonen er oppdatert.

-Reidun

3 kommentarer:

HildeD sa...

For den som bruker Google Earth for å sjå kvar Good Mood oppheld seg: Ser ut til at Reidun har lurt oss igjen. Dei er på vei mot BEVERIDGE REEF slik det står i kommentaren under reisebrevet, ikkje Beverage. Hilde

Onkel Anders sa...

Petejto petato.. Ei kjapp måling på Google Earth vise at dei e ca midt mellom Tahiti og NZ.

Onkel Anders sa...

Hei alle langturdrøymera! Snakka akkurat med langturbroren min på sattellittelefon. Dei var på Beveridge Reef fortsatt. Skulle kanskje reise videre om eit par dagar. Då set dei kursen mot Niue, som ligg 230km mot nordvest. Til sammenligning er det ca 400km frå Brattvågen til Shetland. Stian hadde tatt livet av ein relativt stor hai. Trur han sa 140kg. Veit ikkje kva vi skal kalle det: miljøkriminialitet? eller stor idrett? Der ligg ein søkken båt på revet der dei ligg. Dei skulle kanskje ha grillparty ombord i den no. Den er det nærmaste dei kjem fast grunn under føtene akkurat no. Ellers var alle ombord friske og fine. Litt sjøsjuke i ny og ne. Vi snakka også om heimreise, men det er fortsatt vanskeleg å seie noko sikkert om tidspunktet.