lørdag 5. september 2009

Avreise frå Bora Bora

No kan vi ikkje vente lenger, men vi gjer eit forsøk på å komme oss avgårde imorgo, laurdag. I går var vi på farvellfranskpolynesiaselskap ilag med andre seilfolk. Der fekk vi høyre kva dei andre har planar om og kvar rutene går vidare.

Vi har ikkje bestemt oss for kvar vi skal segle endå. Det einaste vi veit er at vi må komme oss utpå og avgårde. Turen går enten litt nordvestover til Suwarrow eller sørvestover til Aitutaki. Det bles finast mot Suwarrow.

Vi får sjå. Det blir iallefall lite vind i neste veke og forhåpentlegvis berre laaaange dønningar:)

-Reidun

2 kommentarer:

Anonym sa...

fin side med masse nytting info :) det brenner i meg etter å komme meg ut på noe slikt


hva heter boka dere har dett det kart bilde fra ? den har jeg lyst på

mvh meg :D

Anonym sa...

Hei anonym! Boka heiter GUIDE TOURISTIQUE DE TAHITI ET SES ILES VISITOR GUIDE, og den er kjøpt i Fransk Polynesia. Såg den til salgs fleire stader, og eg trur du kanskje finn den på www.tahitiguide.com. Lykke til. Hilde