onsdag 23. september 2009

Beveridge - NIUE

Tabbe. Elia kjem til å stå klar med fiskestang og klepp når eg skal føde. Han trur der er ein hai i magen min.

Beveridge Reef er ikkje noko øy, men eit stort ringrev. Inni revet er det sandbotnen og 10-14 meter djupt. Revet er ca 5 km i diameter og arealet blir då ca 19 kvadratkm. Det er stort og veldig rikt på fiskeliv. Då vi segla inn mot revet fekk vi napp på stortroa. Den raste ut som en sint biesverm og vi hadde fullt arbeid med å få snudd båten og køyre etter fisken. Då Stian hadde fått sett seg i den heimelaga fiskestolen og byrja på innsveivinga, var det faktisk ikkje lenge før han kunne sveive inn store fisken. Eg veit ikkje når det vart lettare å sveive, men Stian trudde at fisken plutseleg svømte mot båten. Opp til overflata kom der eit kjempestort tuna - haud? Der hadde forsyne meg haien vør og bete av tunfisken vår, rett bak gjellane. Og eg som hadde gleda meg til å få bade inne i laguna her.. At vi mista fisken tok vi ikkje så tungt. Cerinus (canandabåten med Vicky og Noah) kom inn litt seinare med ein stor tunfisk som dei delte ut til alle som var svolten. Ein eller annan plass har eg lese at gravide skal halde seg langt unna tunfisk fordi nokon inneheld tungmetall, så eg er ikkje så aktiv tunfisketer, men Stian og Elia tek seg gjerne ein bit.

Vi kom samtidig med finsk/svenske båten, Cerinus kom nokre tima etter og til kvelden kom Opportune også. Då hadde vi allereie hatt stor hai action ombord i Good Mood. Tidlegare på dagen hoppa Stian og Noah i våtdraktane og dykka borte ved reva. To forskjellige versjonar av dykket gjer at eg må gjenngi begge. Ivrig og engasjert Noah: Fantastisk å dykke her! Vi såg store og lange grotter som vi kunne svømme inni. Ikkje så mange fiskar, men litt haiar. Spektakulære grotter! Skuffa og bortskjemd Stian: tje, det var ganske dødt her, litt stilige dissa grottene, men her er no ingen fiska eller farga korallar. Pipa fikk derimot ein anna lyd då han skimta ein grå skugge under båten vår. Stor hai!

Til å begynne med var det morosamt å hive ut middagsrestar og sjå kor den slukte maten, så vart det meir nervepirrande når haien ville til å biten over gummibåten. -Eg skal fiske den haien, høyre eg Stian sei. - Nei det skal slettes ikkje gjer, sei eg. -Jo, sei han, -no må eg få leike meg litt Reidun. Eg var så sur fordi eg hadde sett kor stor den var så eg gjekk ned og begynte på oppvasken. Etterkvart høyre eg hoiing og plasking ute, og der har Stian fått hai på kroken. Eg bykse til for å passe på at Elia ikkje forvillar seg ut på dekk, men han sitt allereie trygt i cocpiten. Med trillronde auge sei han; -pappa fissha STO hai!

Og stor var den; vi målte den til 170 kilo på vekta! Etter nærmare studie og fotografering såg vi til vår forundring ein liten beibi hai hale stikke ut frå undersida av magen på haien. Eg tenkte at Elia skulle få lære litt om skaperverkets under og fortalte at haien har beibi i magen sin, akkurat slik som mamma.... Trudde eg var lur der. Kom på andre tanker då eg såg korleis Stian forrøkte hai beibin. Då det var sete fødsel og det var vanskeleg å få han ut, tok dei bere kleppen og drog beibihaien ut med ett fast grep. HJELP! Skal aldri nevne heimefødsel meir. Elia gjekk stolt rundt på dekk med den nye leikekompisen hengande over skuldra. Stinka som fy, men det brydde ingen seg om. -Mamma haibeibi i magen? spør han no.... eh...ikkje akkurat men...

Det er forresten ikkje berre Elia som lurer på kva som føregår i magen min. Her ein dag låg eg som ei stranda ku på senga, og Stian studerte den rare forma på magen. -Det sparka og sprella inni der, sei eg romantisk, då eg får eit undersøkande og skeptisk blikk frå Stian; -Er du sikker på at der ikkje berre er fullt i makkar som ligg å svell då? KVAR HAR HAN DET FRÅ????? I det siste har vi vore litt gretne alle mann. Mykje seiling og lite søvn. Ei gravid dame er antageleg ikkje like enkel å ha ombord, denne gongen var det Stian sin tur til å vere litt ond. Svangerskapskontrollar har eg ikkje brydd meg særleg om. Barnet er der uansett og det er ikkje så mykje eg kan gjere frå eller til anna enn å ete sunt og passe på meg sjølv. Kanskje det likevel ikkje hadde vør så domt med ein ultralydundersøkelse, både for Elia og Stian sin del.

Igår (mandag) kom vi oss til Niue. Øya blir kalt for klippen, og det kan vi godt forstå med bratte veggar rundt heile øya. Her skal vi vere ca 5-7 dagar før turen går vidare til Tonga. På Niue skal det vere fantastisk sikt i sjøen og mykje spennande grotter å dykke på. Stian gler seg veldig! Det første Elia sa når vi hadde festa oss til mooring, var at no måtte vi få dingyen på sjøen og komme oss iland for å kjøpe is! Det vart is og deilig osteburger på den lokale yahtklubben.

-Reidun

1 kommentar:

Refleksjon på livsvegen sa...

Tenk at de er ute å siglar enno..
Syns det er SÅ lenge sidan dokke reiste..
Så koseleg med baby..
Ta vare på deg sjølv Reidun og hels systå m fam.