onsdag 30. september 2009

Niue

Vi ligg fortsatt på Niue. Av 9 båtar, er her berre 3 igjen. Resten drog vidare til Tonga. Egentleg skulle vi også seile idag, men her er så rotete i båten og mykje klevask som må gjerast, så vi blir nokre dagar til. Jordskjelvet som ramma deler av stillehavet, mest samoa, er triste saker. Vi har ikkje merka så stort til verken jordskjelv eller bølger, men vi er klar over at det kan komme fleire jordskjelv, så då er vi kjapp å sleppe mooringen og fare ut på sjøen om det skulle skje noko. Å ligge her så nært klippene er ikkje noko draumesituasjon i tilfelle jordskjelv, men vi er no advart så vi veit kva vi treng å gjere ved nytt jordskjelv. Tenker mykje på Watermelon no. Vi reiste samtidig ut frå Bora Bora, dei skulle til Samoa, medan oss valgte den sørligaste ruta og Niue. Håper leikekompisen til Elia har det bra. Vist Lea og familien hennar var på Samoa då tsunamibølga traff øya, så håpar eg at dei vart advart i tide så dei kom seg lenger ut på sjøen. Reknar med vi får vite meir om dei når vi kjem til Tonga.

Her er forresten veldig stor action rundt båtane våre! I det eine augeblikket skravlar Stian med TV og aviser som ringer frå Norge, medan i andre augeblikket hoppar han i sjøen og svøm ilag med gigantiske knølkvalar! Dei kom så nær, at eg viste ikkje kva som kom til å bli den store nyheita herifrå, tsunami eller Stian som nær blei slått ned av sint kval. 3 stykker svømte så nært at det vart berre bilde av snute eller haletipp. Heilt fantastisk opplevelse, skummelt men vanvittig spennande også;)

Reidun

5 kommentarer:

Mannskapet på Good Mood sa...

No he oss vør intervjua av VG, TV2, P4 og NRK Møre og Romsdal. Stian hoppar i havet ilag med finnen Jussi, dei skal ut og sanke inn hummer til kveldsmaten. Håper dei ikkje treff på svoltne haiar.

Reidun sa...

I går og i natt kom der ei bråte med seilbåtar,9 stk i alt, frå cook øyane. Mange har vi møtt før, og Canelaguttane kunne fortelle at Watermelon har det bra! Dei var på samoa, men vart ikkje råka av tsunami bølge, og no er dei på vei til Tonga. Jippi!

Reidun sa...

Hei alle mann. No fredag 2.okt, sleppe oss fortøyninga til bøya, og sette seil mot Tonga. Det er meldt fin medvind, så då blir det spridde seil og litt rulling på sjøen. Satsa på at det går bra. Finskebåten Nanea kjem etter imorgo. Til Tonga,Vavau, tek det ca 2-3 dagar. Husk at på sjøen har vi det bra om det skulle komme nokke nytt jordskjelv eller tsunami. OG at satelittelefonen kan dette i golvet og gå i tusen knas. Då får dåkke berre vente til vi har komt fram, før dåkke får høyre siste nytt. Uansett, ditta går heilt fint! Vi har en trygg båt og en solid skipper, eller var det omvendt? :)

See you on TONGA!

Anonym sa...

godt å hørra dåkk har det godt og e trygge, tenker møye på dåkk!!
Hilda Ruffen

Bjørg sa...

Mail frå Good Mood, 04.okt.09: Vel framme på Vavau Tonga saman med mange andre seilbåtar!