fredag 4. september 2009

Snipp, snapp, snute, så var Stillehavseventyret ute for Hilde og Andor

Etter siste reisebrev frå oss, reiste vi rundt øya Huahine til tettstaden Fare, og låg der eit par dagar. Vi var i land og såg oss rundt, og det vart snorkling og dykking.

Neste etappe gjekk til Tahaa, og også på denne etappen vart det fisk: 1 stk Dorado på 12 kg og ein litt mindre Wahoo. På tirsdagen var vi på strandhogg på ei utruleg fin sandstrand saman med mannskapet frå Opportune.Vi bada, klatra i palmer, grilla pølser på bål og drakk kokosmelk og åt kokos. Vi prøvde også kastenota i strandkanten og fekk bl.a ein Puffer som bles seg opp og låg lenge og flaut som ein ball lenge etter at vi hadde slept den ut att. Brått slepte den lufta og forsvant.

Siste seilings-etappe vi var med på, gjekk til øya som mange meiner er den vakraste i Fransk Polynesia, Bora Bora. Ein ny Dorado vart dregen inn også på denne turen (11 kg), og når ankeret var vel festa innafor revkanten, hadde Reidun steikt fisk og kokt poteter – Måltidet var innteke i fin kveldsbris på dekk - Nam Nam – kjempegodt!
Vi flytta oss litt rund på fleire stader rundt øya i løpet av denne siste veka før vi skulle reise heim. Andor og Stian var stadig mykje ute å snorkla og dykka, og ein av dagane fekk endåtil eg meg ein tur på utsida av revet for å kikke på hai! Litt juks å ligge med dykkermaske å kikke ned frå Dingyen då sjølvsagt, men opplevinga var fin for meg.

Ein av dagane var vi innom tettstaden Vaitape og fekk ordna oss med flybilletter tilbake til Tahiti, og Andor og eg hadde oss også ein lang, fin sykkeltur eine dagen. Vi fekk fleire gonger servert god mat og låne grill om bord i Opportune, og siste dagen før avreise var vi på fjelltur til nest høgste fjellet på Bora Bora. Litt bratt å gå, men kjempefin utsikt når vi kom opp.

Så, på fredag morgonen var eventyret slutt, og vi måtte setje oss på flyet mot Norge igjen. Over 50 timer og 5 flyturer seinere landa vi på Flesland, Sjølv om kroppen no altså har landa, så er vi stort sett om bord i Good Mood i tankane endå.

Dette er det lengste vekk heimanfrå vi nokon gong har vore – ja, det gjeng vel nesten ikkje an å kome lenger vekk. Vi har opplevd sol og sommer og vore innom 5 ulike Stillehavsøyer:

TAHITI - MOOREA - HUAHINE - TAHAA - BORA BORA:














og sist, men ikkje minst fått vore 3 ½ veker i lag med Elia, Reidun og Stian. Vi fekk oppleve litt av godsida av seilerlivet, berre små seilingsetapper i finever, og Reidun og Stian serverte oss mykje god mat!! Fint for oss var det også at Elia vart fort fortruleg med oss sjølv om det var 1 år sidan sist han hadde møtt oss. Han har blitt så flink å prate no, at han kan seie nesten alt han vil.

Tusen takk for at dåkke tok så vel mot oss og brukte så mykje tid på å gjere desse vekene til ei stor oppleving for oss, og GOD TUR MOT NEW ZEALAND! Ta godt vare på kvarandre!

Hilde og Andor

1 kommentar:

Anonym sa...

fin hjemme sider med masse nyttig info :D det brenner i meg etter å komme meg ut på noe slikt :D

hva heter den boka dere har tatt bilde av med det kartet ?