fredag 30. oktober 2009

Minerva Reef - dag 5

Posisjon
23*39.588S
178*54.859W

Dag 2 starta ikkje like optimistisk som det forrige reisebrevet slutta av. Vi fekk vind rett i nasen og måtte til med kryssing for å holde kursen mot Minerva Reef. Vi trudde ikkje at dette skulle vare så lenge, men tok grådig feil. Vinden blåste opp til 25 knop og bølgene blei rotete. Stian laga pannekake i virvaret, men eg klarte ikkje ete. Fekk tilslutt ned litt spagetti pasta.

Dag 3: Fortvilande lite vind og tullesjø. Det går seint med oss og av og til i feil retning. Vi gjer kanskje 20 nautiske mil i døgnet mot Minerva reef, til samanligning gjer vi meir enn 120 nm på eit godt døgn. Vi har grei rutine no; Eg legg meg i 19 tida, og står opp når Stian vekke meg i 1-2 tida. Så sitt eg oppe til 7-8 og guttane våknar. Så får eg søve litt, medan Stian tek seg av frokost og underhaldning av seg og Elia. Det er mykje slåing framme i baugen. -Dunk, dunk, sei det, når båten hoppar fram i neste bølge. Stian ok, Elia ok. Beibi ok. Elia får sjå mykje film..Eg spurte han forresten om det vart gutt eller jente som skulle komme ut frå magen min. hm.. -Beibi, sa han. Eg er enig. Det får komme en beibi først, og så kan det få bli gutt eller jente etterpå;)
Sol og blå himmel - iskald vind. Minne oss mykje om våren i Norge.

Dag 4: Litt meir vind og vi kryssa oss framover i stampesjøen. Regnbyger med opptil 30 knop vind. Lang natt, Elia har av ein eller anna grunn sove veldig dårlig. Han makka mykje då eg skulle søve før vakta mi også. Båten er mektig skeiv heile tida. Det er ikkje lett å ligge bak i store senga. Lett for at vi trillar av og ned på dørken. Eg spurte Stian, med en viss ironi i stemma, om vi ikkje skulle ha oss vannseng i huset vårt en gong i framtida. - Då skal eg lage ei seng med bølgesimulator, glisa han. - Då kjøm du til å ligge mutters åleine, svarar eg.

Minerva Reef: Endeleg! Her ligg 7 båtar. 2 av dei stakk rett etter at vi hadde komt, resten går imorgo. Med ein gong ankeret er nede sett eg ein brøddeig, og så et vi poteter og dorado, som vi fekk like før vi kom inn til revet. Vi et masse mat idag, slappar av, og vaskar opp i rotet i båten. Stian fiksar dassen, som har lekasje og renn over kvar gong vi krengar over til eine sida. To brett med bollar rekk også å bli laga, før vi sett oss ned med kvar sine ting. Stian les bok, Elia ser gråtass og eg skriv ett lite livstegn frå Good Mood her ute i stillehavet.

Inatt skal vi søve i ei rett seng, her er desverre lite bølger, så stoppet bør ikkje bli så langt at vi blir mottagelige for sjøsjuke igjen.

Denne turen til Minerva reef skulle ta 2,5 døgn, men vi brukte 4 døgn. Resten av turen er ca 800 nm og VISS oss er heldig så klarer vi det på 8 dagar. Men som sagt, alt kan skje ute på det store havet. Værmeldingane sei at det skal bli bra seilvind, men dersom dette skulle endre seg så kan det bli mange fleire dagar på sjøen. Vi får sjå. Imorgo (laurdag 31. okt) seglar vi vidare.

Vi er underveis mot NZ!!!

-Reidun

onsdag 28. oktober 2009

Dag 0 og dag 1

Posisjon: S 22*58
W 177*22

Pyton, pyton pyton.
Notat til meg sjølv; ikkje finn på å bli gravid på sjøen igjen.
Vi tok farvell med venna og andre seilera som låg attme oss inne i havna. -See you in NZ, sa vi. Rar setning. Oss er faktisk på vei mot NZ. Eg hadde forberedt Elia på at han skulle ut på en lang seiltur, så då eg spurte om ikkje Lea skulle få en klem med han, så gjekk han faktisk bort til henne og gav ho en god klem. -Bye,bye, sei han.
Ut frå øya får vi krapp sjø og mykje vind og mange bølger. Så lenge eg sitt oppe, så går det bra. Eg syns dette er heilet tullete, å fare ut når det er så mykje sjø og bølger, men Stian har sett værmelding. Han er ustoppeleg. - Hjelp meg å krysse, sei han. Eg ser tvilande på tauet. Det betyr at eg må forlate den trygge plassen på eine sida, for å sette meg ned på andre sida og få nye bevegelsa i kroppen. Det går bra, men eg høyrer at Elia grin. Han som nettopp har sovna. Det var altfor tidleg å våkne av formiddagsluren no. Eg går ned til Elia. Legg meg opp i senga. Elia legg seg heilt inntil meg i ei skeiv seng og sovnar vidare. Eg ligg der og lurer på om dette går bra. Det er faktisk mindre bevegelsar her bak i båten, men magen likar seg dårleg. Eg kjenne kvalmen sige på og klarer ikkje stoppe det som er sett igang. Den delige hamburgeren som eg skulle ha så lenge kjem oppp igjen. Med dressing og løk og heile pakka. Deilig? Nei, pyton. Eg går å legg meg igjen. Sovnar.

Elia og eg ligg å småpratar. Ingen av oss vil opp til Stian. Båten dansar og sprett og Elia forstår alvoret. -Mamma dåli? spør han.-Ja, nikkar eg svakt. Stian kjem med ei skive til oss. Kvitost på. Det går greit, nei det gjer det vist ikkje likavel. Medan eg forbrilsk prøvar å ligge heilt i ro, har beibin i magen våkna! Den sparka fotball og spelar volleyball på samme tid. Det var berre 3 små bitar som skulle til av skiva, eg spyr så plutseleg at eg rekk ikkje springe på do. Leikebøtta til Elia får duge. -Mamma py, sei Elia til Stian som har komt inn, medan han gomlar fornøgd på resten av skiva.
Eg går opp i cockpiten. Eg grin. Stian held rundt meg og forsøke å trøste. -Ditta er berre pyton, sei eg. Vi har ikkje kom oss lenger vekk frå øya enn en liten fis, og likevel er eg allereide tom i magen. -Eg har tatt inn fiskesnøret, sei Stian. Han er sprø som i det heile tatt har hatt det ute. Eg grin litt til. Pyton start på en pyton tur.

Nattevakt. Stian vekke meg klokka 0030. Han er dårlig. Han har ikkje spydd, men det var vist tett på. Eg sei at han må legge seg med ein gong. Eg tør ikkje tenke tanken engong, om Stian også skulle bli dårlig. Han har sjøverksplaster, men om kvelden har han store problem likevel, på grunn av kombinasjon trøtt og orienteringsproblem. Han sei det er kaldt ute, så eg dreg på meg ullstilongs,bukse,ulloverdel, genser, Stian si jakke og redningsvest. At det er kaldt ute er ein underdrivelse. Det er bikjekaldt. Eg har ikkje sokkar på, men tullar meg inn i ett teppe. Det er ikkje nokk, og eg kjenne at eg blir kaldt på beina. Eg gir kattten om eg blir litt kald på beina, det skjerpar sansane. Kan alltidts varme meg når vakta er over. Det gjekk faktisk ikkje, beina var så kald at eg fikk ikkje varmen i dei før langt ut på neste dag.

Eg ligg i cockpiten. Treng ei pute til. Fortar meg ned og fram i forpiggen etter ei sånn stor pute. Styrtar ut igjen og spyr. Æsj. Der for eplet som eg hadde fått ned. Det er faktisk det einaste som gå an å ete og som er greit å spy opp igjen. Guro på Opportune lærte meg det. Alarmen på telefonen ringer. Sjå etter om der kjem båtar. Ingen båtar, berre en halv måne som stikk av klokka 0200. Eg legg meg fort ned og let att augane. Å ligge går greit, men å røyse seg opp gjer veldig låkt i bekkenet. Det skrik etter ei god seng å legge seg i, vil ikkje finne seg i å ligge på ein hard benk. Eg søv i 9 minutt før alarmen vekk meg igjen, slik held eg på til det lysnar. Teorien min går ut på at så lenge eg klarer å sitte oppe, så gjer eg det, slik at Stian får søve mest mulig. Eg veit kor vanskeleg det er for han om natta. Så får han heller ta ekstra lang dagvakt, no når eg er dårleg.

Dag 1;
Vinden har minka. Det tek ei stund før bølgene roar seg også. Stian passar på Elia, matar kona og styrer båten. Ut på dagen har bølgene minka betrakteleg. Mamma sende melding om at ho og bibelgruppevennane hennar har bedt for oss. Godt. Hilde sende medling om at eg ikkje må ete kvicklunsj. Vi har en att og den skal vi ikkje røre før vi ser land igjen, kvicklunsken blir vår ankerdram når vi endeleg kan sleppe ankeret ned på NZ!!

Havet har roa seg. Stian og Elia søv formiddagslur. Eg ligg ute på vakt. Er frykteleg svolten, men tør ikkje gå ned og lage til mat. Eg ligg å funderar på kva som er værst av å føde eller å vere sjøsjuk. Berre at eg tenker på fødsel gjer at eg grøssar og lurer på kva det var som fekk meg til å gløyme kor låkt det er. Å vere sjøsjuk er fælt, men definitivt ikkje værst.

Elia og Stian har våkna, vi lagar madagaskargryte, poserett frå Norge. Den luktar himmelsk. 4 skeier og så var det berre å få det ut igjen. Stian er litt sint. -Du må legge deg ned sei han. -Lat att augene. Han forstår ikkje at sjøsjuka har komt for å hærje ei stund, sjølv om sjøen har lagt seg veldig. Det var kanskje ikkje så lurt å ete sånn gryterett, tomatsmaken vart for sterk for magen min. Stian lagar til brødskive med litt jordbærsylte på. Den er eg heldigare med.

Vi er veldig fornøgd med forseilet! Det står utruleg bra, og vi minnast då vi bretta det ut for å sjå på det. Vi syns det var så lite, og flira littegrann, og tenkte at dette får vi aldri bruk for. No når vi har segla halve jorda rundt, kan vi med sikkerheit sei at vi viste knapt kva vi gav oss ut på. Erfaring er ikkje dumt, før ein legg ut på langtur, men det går jammen fint sjølv om ein ikkje kan så mykje likevel. Vi vinn ingen regatta med seilføringa vår, men vi kjem oss som regel dit vi vil.

Eg sa til Stian at eg ikkje må bli gravid på sjøen igjen. -Nei det var kanskje ikkje så smart, sa han. Eg huska mine egne ord når vi diskuterte det å bli gravid på tur. -Joda Stian, eg skal stå på. Det gjer ikkje så mykje om eg blir kvalm, eg skal jammen klare vaktene mine....No sitt eg her med skjegget i postkassa og føler meg litt skyldig. -Uansett så syns eg at det var godt tima, når vi likevel ville ha en unge til, Reidun. Han anar ikkje kor mykje dei orda varma. Beibin er ønska, og sjølv om det er tøft no, så veit vi at dette blir bra. Denne lillebroren eller lillesøstra blir spennande å få bli kjent med! En liten tøffing er i magen min, det er iallafall sikkert!

Vi går mot Minerva reef, men det er ikkje sikkert at vi stoppar der. Værmeldingane sei at det er berre å stå på å komme seg til NZ. Eit høgtrykk ser ut til å presse ned det nye lavtrykket som er på vei, dermed får vi kanskje 30 knops vind, men det blir frå sida og ikkje i fronten. Men dette er endå lenge til, vi kjem til å få det rolig intil då, trur vi.

No skal vi snart til på dag 2. Vinden har blåst opp igjen og vi seglar skarpt. Vi har ete mange gode ostesmørbrødskiver og har 94 nm igjen til Minerva Reef.

-Reidun

lørdag 24. oktober 2009

Nuku'Alofa

Watermelon kom igår!! Stian var på vei for å sjekke ut, men han måtte snu sykkelen då vi oppdaga den svarte seilbåten deira og høydre dei på vhf'en. Kjekt gjennsyn! Vi inviterte dei på spagetti middag om kvelden og Lea og Elia holdt ett fæla leven bak på soverommet der dei fann fram alle leikene til Elia. Jenter er fortsatt skumle greier, men det går greiere no når dei kjenner kvarandre. I bgynnelsen var Elia opptatt med å gi meg alle tinga han var redd for; -passe på! sa han og gav meg bukse, blokkføyte, fiskesluka og saftflaske..
Watermelon kjem til å vere her til tirsdag, før dei går til ei lita øy heilt nederst i Tonga gruppa. Eg vil også frykteleg gjerne dit, der vi får blant anna ri på hesta og gå fine tura i flott landskap, men Stian kjenne på litt tidsnød no, så vi sjekke ut på mandag og reise videre mot NZ. Kanskje dei når oss igjen på veien?

Idag er det markedsdag. Fullt i liv og røre rundt oss. Vi må bort og sjekke ut markedet som er fullt i ting og tang frå øya. Eg vart forresten invitert med på Kingdom Girls kveld på torsdag! Det var KONGE! Hæla i taket lovsang og hærleg forkynnelse av ei dame frå NZ. Veldig lenge sida sist samling ilag med andre kristne, så dette var kjekt. På søndag får Stian og Elia også vere med på møte og høre den spreke dama frå NZ. Det blir kjekt.

Vi har forresten oppdaga 2 gledelige ting! Vi skulle sjekke ut det andre seilet som vi hadde bortgøymd i båten. Det var i TIPPTOPP stand og skal seile oss trygt til NZ. Det andre forseilet er nesten øydelagt og kan revne kortid som helst. Dette seilet er mykje mindre og mykje bedre til skarpare segling, som det blir mot NZ. Flotte saker. Den andre tingen er at Elia slo på dieselvarmeren vår idag. Vi som trudde vi kom til å få ett kaldt opphold på NZ, fekk til vår store overasskelse høyre at dieselvarmeren starta opp og varma godt i båten. Vi trudde den var gåen. Flotte saker det også!!

-Reidun

torsdag 22. oktober 2009

Fortsatt Nuku'Alofa Tonga

Nuku'Alofa vart ikkje slik som vi hadde fått advarsla om. Det var enkelt å sjekke inn og ei flott øy for oss som skal snart ut på en lang overfart. Her er butikkar på kvart ett gatehjørne, og mange vennlige folk. Ikkje rart øyane blir kalla for vennskapsøyane. Mange stopper opp og vil gjerne vite kvar vi kjem frå og korleis vi har komt oss hit. Vi får mange ulike reaksjonar på svaret vi gir om at har reist på havet i 1,5 år. Nokon sperrar opp augene og ristar på haudet, medan andre vil gjerne høyre meir om korleis vi klare å leve ombord i en liten båt langt ute på havet. Det beste eg høyrde var kommentarane då folk stimla rundt på kaia og ville sjå den store sverdfisken vi hadde med oss i dingyen inn paa kaia. -Har dokke verkeleg kjørt heilt frå øverste Tonga og hit i den lille dingyen i 3 dagar???? - Og attpåtil fått den svære fisken?? Eg har litt lyst å svare "ja, der er bad og soverom under dørkeplata, og at det var ein flott 3 dagers tur", men det er kanskje litt stygt gjort.. Det var fleire som lurte på det, ei lokal dame og ei amerikansk turist. hehe..
No har vi hatt syklane på land og fått såre setemuskla etter å ha utforska mykje av byen. Fint å sykle her, veldig flat øy. Det er kjekt å ligge så naert land også, sjølv om dei andre langturseilerane ikkje vil ligge fortøyd til land, fordi der kan komme rotter ombord. Dei kan bære våge seg ombord i Good Mood. Då blir det kamp. Slik vi ligg no, so ligg vi med ankeret ute framme og 2 tau opp i land, fortøyd til ein molo. Vi nyt bylufta, livet og ungdommane som badar og støyar om kveldane. Vi nyt synet av bilar, yrande kailiv og grønnsaksselgera overalt. hehe...hatt lite av det i det siste forstår dokke;)
Vi sjekkar veret med jamne mellomrom. Idag kom der mange nye langturseilera, som også skal krysse over til NZ, så vi kjem til å forhøyre oss litt rundt omkring før oss tek til på den siste lange etappen vår for denne sesongen.

-Reidun

mandag 19. oktober 2009

Nuku'Alofa - Nederste Tonga øygruppe

3 dagar med dag-seiling! No er vi framme på Nuku Alofa. Vi har aldri fått så masse fisk før!!! Vi hadde til og med på en stor MARLIN!! Vi såg den kor den hoppa og sprella der bake og rasa ut med 200meter med line før vi klarte å få den inn igjen på sida. Desverre klarte den å rykke seg laus etter 15-20min og svømte sin vei... Ikkje av dei store marlinane men kansje en plass mellom 100 og 200kg. Eg blei så lei meg fordi eg såg at ditta kunna blitt vinnerfisken i fiskekonkuransen, og vi kunna sløppe ditta fiskeriet på vei ned mot NZ. Eg gjekk å la meg i senga. Der blei eg stort sett heile dagen med dundrande haudepine, medan Stian og Elia sveiva inn den eine fisken etter den andre. Dorado (mista når den skulle kleppast), dorado igjen x2 og tuna. Fekk også en fisk som vi aldri har fått før, og den slapp vi ut igjen. Sist men ikkje minst fekk vi inn ein lang SAILFISH på 40 kilo, og den var 2 meter og 60 cm! Det er ganske stort, men ikkje nok til å vinne konkurransen, som vi forøvrig ikkje deltek i ;) jada jada... no er eg sliten. første dagen nedover hit var eg så sjøsjuk. spydde heile dagen. hørte fisketroa kor den hvinte sint og sprang til for å hjelpe stian. Fekk inn dorado og Wahoo som tidlegare skreve. Når eg endeleg hadde fått litt kvil på auga og høyrde fisketroa hvine igjen, då var eg ikkje blid. Eg nekta å stå opp, men la meg til å sove igjen. Gutten får styre på sjølv. Tilslutt måtte eg opp å smugkike om alt gjekk bra; der står stian, med redningsvesten på, fastbitta til båten og sveiva inn ein flott dorado etter å ha sleppt ned seila så båten gjekk saktere. Det var berre å krype opp i senga igjen før sjøsjuka overmanna meg igjen, gutten klarde seg heilt flott på eiga hand!

No sit vi paa ein liten restaurant og laaner internett og et mat og is heilt gratis. Uteplassen fekk nemleg sailfishen med oss saa dei kan nok servere fisk i mange veker framover. Tunaen gjekk til ein annan langturseiler som ligg oppankra her. Skal bli godt og faa i seg mat (biff!) og legge seg etter all fiskinga og seilinga.

Reidun

lørdag 17. oktober 2009

SMS frå Good Mood i dag tidleg

Vi har komt fram til midterste av Tonga-øyene. Vi har fiska ein Dorado og ein stor Wahoo på 20 kilo. Wahooen ga vi til ein lokal familie her. Har vore litt sjøsjuke og også hatt ein fin gåtur i land.

tirsdag 13. oktober 2009

Vavau, Tonga

Det er på høg tid med ei oppdatering frå Good Mood i Stillehavet. I skrivande stund (mandag 12.okt) ligg vi oppankra utanfor byen Vavau, i den nordlegaste øygruppa som tilhøyrer Tonga. Her ligg mange seglbåtar, og hovedtema som går igjen når vi møtest er overfarten frå Tonga til New Zealand. Mange av dei som ligg her skal vidare sørover og vi diskuterar fram og tilbake kortid det er lurast å starte. Omtrent alle vi treff på har kvar si oppfatning om kva som er best å gjere.

Slik vi har forstått det så er det endå vinter og veldig kaldt i NZ (New Zealand). Utanfor kysten hærjar det vinterstormar og uvær. Raportar frå seilbåta som held på med overfarten no, kan fortelle om stormfokk og mykje vind og sjø. Det heiter at til lenger ein venter med å krysse til NZ, til bedre sjangse har vi for at det vårast og fineveret kjem til NZ. MEN til lenger vi venter på Tonga, er sjangsane større for å oppleve syklon her i området. No er det veldig lenge sida sist syklon, Niue hadde ein i 2005 og på Tahiti har dei ikkje sett ordentleg syklon på 20 år. Mange båtar vil derfor berre gå til Fiji og sette frå seg båten der, då slepp dei den lunefulle overfarten til NZ.

Vi har bestemt oss for å gå til NZ. Det vart avgjort for ei god stund sida. Der skal vi fikse lekasje i alle vindu og sette båten på land før vi dreg heim til Norge!! Jippi! Bilettane er allereide bestillt og betalt, så vi gler oss til å komme oss til NZ. Det var berre dinna lange sjøturen over dit då..... Som dåkke sikkert forstår er det tanken på overfarten som oppheld oss no for tida. Vi har vanskeleg for å slappe av og oppleve Tonga. Mykje av energien går med på å gjere klar båt og proviantere. Heldigvis klare vi å legge litt til side bekymringane og kose oss ilag med gode venner.

Dette er det vi har gjort på siste veka;

Som vi skreiv i dei kryptiske og forkorta satelittmeldingane, så har vi vore oppankra i 3-4 dagar ved ei nydeleg strand der vi spelte volleyball og bygd sandslott. Der låg også Opportune (Rune,Eva og Ingali) og Choceliko (med svenske Theres og norske Helge ombord). Volleyball er kanskje ikkje det luraste ein spelar, når ein er gravid med bekkenløysing, men eg klarte ikkje å halde meg unda. Det var godt å få bevegd kroppen trudde eg, og deltok med 110 % innleving! Straffa kom dagen derpå, då eg ikkje kom meg ut av senga på eiga hand. Eg gjekk mest og vagga som ei and og klaga over smerte i rygg, bekken og nedover beina. Jaja.. Heldigvis vart eg gradvis bedre, og eg må nok berre innsjå at eg ikkje bør gjer slike stunt fleire gongar. Men du kor gøy det var! Kjekkaste dagen på lenge!! Bekkenløysing med smerter er ikkje noko ein skal spøke så mykje med. Det er stygge saker, så framover blir det full fokus på å ta det litt meir piano, så eg er 100 % seildyktig på overfarten til NZ.

To av dagane vart det mykje vind, så Stian heiv seg med Chokeliko, Theres og Helge, og fekk prøve kiteboarding! Han storkosa seg, medan vi heime i båten baka brød, bolla og kanelisvingane!

Tilbake til byen, Vavau, møtte vi Watermelon! Lea og Elia fann fort tonen og sette igang å utforske leikene på rommet til Lea. Vi voksne prata mest om tsunamien, opplevelsane vi hadde hatt ved dei forskjellige øyane og sjølvsagt måtte mannfolka skrøne litt om fiskeriet. Eg veit ikkje om eg fortalde at der er ein fiskekonkurranse på gang. Dei som er med er Canela (Brasil), Govop (Frankrike) og Watermelon (engelsk/fransk). GOOD MOOD FÅR IKKJE DELTA!!! HAHAHA. Fiskekonkuransen starta i Panama, og vi fekk ikkje høyre om den før på Bora Bora. Då vi blei nærare kjent med guttebåtane canela og govop ved ein grillfest på Bora Bora, sa dei at vi sjølvsagt skulle få delta i fiskekonkurrasen. Etter som kvelden vart lystigare og guttane oppdaga kva mørefiskar dei hadde invitert med seg, endra dei etterkvart meiningar og kom med alle mulige unnskyldningar for at Good Mood ikkje kunne delta likevel. Korleis i granskauen trur dei at vi to aleine skal klare å fiske ombord ein gedigen monsterfisk? Alle dei andre er 3 eller 4 ombord i båtane. Eg syns eg ser det, ein gedigen fisk opp på sida, Stian sliten etter ørten tima bak fiskestanga, og eg har styrt båten. Kven skal kleppe fisken? Elia? Eller skal han styre båten og eg kleppe fisk? Åja, STIAN skal holde fiskestanga med eine handa, og kleppe fisken med andre. Det går sikkert bra. Nei, tull og tøys, det skal bli meg eit underleg skue. For vi skal fiske storfisken, det lova Stian seg sjølv då han blei utestengt av konkurransen;)

Så langt ledar Govop med Yellowfin Tuna på 70 kilo.Vinnaren får ei flaske rom, når konkurransen avsluttast på NZ. Kva skulle vi vel gjort med ei flaske rom, kan dåkke spørre, vi drikk no ikkje alikevel... Tja, vi har høyrt at ei flaske rom er fint å ha ombord til å dynke gjellane på fiskane vi får. Romen verkar bedøvande på fisken så den blir lett å handtere ved bløgging. skulla alltids funne nokke å bruke romen til, skal vere godt i sjokoladekakefyll også har eg høyrt;) Viss oss vinn, og vi mot formodning skule få romflaska, så skal taparane få smake sjokoladekake med masse romkrem og romfyll!!!!

Stian har forhøyrt seg med lokale fiskarar og dei kan fortelle at der er store marlina som ligg å ventar ved kaldare vatn på vei til NZ! Stian og Elia er allereie i full sving med å lage ekstra fiskesluka og sjekke at alt er klart for fiskeri. Den nyaste ideen han fabla om var spreiera (lange stenger som står ut frå båten) for å få fiskesnøra lenger ut til sidene. Heilt tullete.

Eg har igrunn ikkje skreve så mykje om korleis vi hadde det på Niue. Det er igrunn litt dumt, for nokre av dei kjekkaste opplevelsane vi har hatt på lenge, opplevde vi der på øya. Om nokon lurer på å ta turen innom øya, så kan den anbefalast på det varmaste!

Nokre stikkord om NIUE; Steinen i havet, lite folk (ca 1500), rolege forhold, ingen eller lite kriminalitet. Glade og vennlige menneske som gjerne vil fortelle om kultur, historie og attraksjonane ein måtte få med seg på øya. Store grotter, ferskvannskulper og ikkje minst dykkeropplevelsane rundt øya. Kvalane som kom veldig nær båten var ei spektakulær oppleving. Ja vi la no ut nokre bilder i albummet, der dåkke fekk sjå det meste av det vi gjorde på på Niue. For dei som vil ha restaurantar og uteliv, er ikkje dette rette øya å besøke. Dei få restaurantane som var der på øya, hadde kvar sin opningsdag:) Opportune prøvde visst den lokale buffeen med mykje god lokal mat, ein stor suksess! Ellers må det nevnast at der var knallklart vatn rundt øya, nydlege hummera som Stian fanga og ellers ikkje så rikt fiskeliv, men fine undersjøiske grotter.

I kveld har Good Mood en date med Opportune. Dette er siste kvelden vår ilag, så vi stikk på Pizzarestaurant og har avskjed der. Veldig trist at våre veier skiljast her, men slik er et på langtur. Ein får mange nye venner, som det alltid er like trist å skiljast ifrå. Første gong vi møtte Opportune var i Spania, og vi har hatt stor glede av å møte dei igjen på forskjellige stader på veien. Vegen vidare for dei går til Australia. Kven veit, kanskje vi er så heldige at vi treff dei igjen når vi seglar videre etter 1 års pausa i Norge? Det hadde vore knallbra!


Imorgo (tirsdag) reiser vi sørover. Vi slepp ankeret ved sørligast øya, og går vidare neste dag til andre øygruppa i Tonga. Der har vi ikkje planer om å sjekke inn, berre søve og så gå vidare til siste øygruppe Tongatapu. I Nuku'Alofa, byen ved Tongatapu, skal vi oppdatere oss på været og vente på rette øyeblikket for kryssinga over til New Zealand.

-Reidun

ps: vi har kryssa datolinja! Den kryssa vi då vi var på vei frå Niue til Tonga, laurdagen berre forsvann ut i det blå for oss. Så no ligg vi ein dag framom dåkke der heime i Norge.

onsdag 7. oktober 2009

SMS frå Good Mood i kveld 06.okt.

Vi he ankra opp v.ubebodd øy.nydli strand.geite å flygande hunda.grilla dorado m.oppotune å kykeliky på stranda.hengekøye å linegåing