fredag 30. oktober 2009

Minerva Reef - dag 5

Posisjon
23*39.588S
178*54.859W

Dag 2 starta ikkje like optimistisk som det forrige reisebrevet slutta av. Vi fekk vind rett i nasen og måtte til med kryssing for å holde kursen mot Minerva Reef. Vi trudde ikkje at dette skulle vare så lenge, men tok grådig feil. Vinden blåste opp til 25 knop og bølgene blei rotete. Stian laga pannekake i virvaret, men eg klarte ikkje ete. Fekk tilslutt ned litt spagetti pasta.

Dag 3: Fortvilande lite vind og tullesjø. Det går seint med oss og av og til i feil retning. Vi gjer kanskje 20 nautiske mil i døgnet mot Minerva reef, til samanligning gjer vi meir enn 120 nm på eit godt døgn. Vi har grei rutine no; Eg legg meg i 19 tida, og står opp når Stian vekke meg i 1-2 tida. Så sitt eg oppe til 7-8 og guttane våknar. Så får eg søve litt, medan Stian tek seg av frokost og underhaldning av seg og Elia. Det er mykje slåing framme i baugen. -Dunk, dunk, sei det, når båten hoppar fram i neste bølge. Stian ok, Elia ok. Beibi ok. Elia får sjå mykje film..Eg spurte han forresten om det vart gutt eller jente som skulle komme ut frå magen min. hm.. -Beibi, sa han. Eg er enig. Det får komme en beibi først, og så kan det få bli gutt eller jente etterpå;)
Sol og blå himmel - iskald vind. Minne oss mykje om våren i Norge.

Dag 4: Litt meir vind og vi kryssa oss framover i stampesjøen. Regnbyger med opptil 30 knop vind. Lang natt, Elia har av ein eller anna grunn sove veldig dårlig. Han makka mykje då eg skulle søve før vakta mi også. Båten er mektig skeiv heile tida. Det er ikkje lett å ligge bak i store senga. Lett for at vi trillar av og ned på dørken. Eg spurte Stian, med en viss ironi i stemma, om vi ikkje skulle ha oss vannseng i huset vårt en gong i framtida. - Då skal eg lage ei seng med bølgesimulator, glisa han. - Då kjøm du til å ligge mutters åleine, svarar eg.

Minerva Reef: Endeleg! Her ligg 7 båtar. 2 av dei stakk rett etter at vi hadde komt, resten går imorgo. Med ein gong ankeret er nede sett eg ein brøddeig, og så et vi poteter og dorado, som vi fekk like før vi kom inn til revet. Vi et masse mat idag, slappar av, og vaskar opp i rotet i båten. Stian fiksar dassen, som har lekasje og renn over kvar gong vi krengar over til eine sida. To brett med bollar rekk også å bli laga, før vi sett oss ned med kvar sine ting. Stian les bok, Elia ser gråtass og eg skriv ett lite livstegn frå Good Mood her ute i stillehavet.

Inatt skal vi søve i ei rett seng, her er desverre lite bølger, så stoppet bør ikkje bli så langt at vi blir mottagelige for sjøsjuke igjen.

Denne turen til Minerva reef skulle ta 2,5 døgn, men vi brukte 4 døgn. Resten av turen er ca 800 nm og VISS oss er heldig så klarer vi det på 8 dagar. Men som sagt, alt kan skje ute på det store havet. Værmeldingane sei at det skal bli bra seilvind, men dersom dette skulle endre seg så kan det bli mange fleire dagar på sjøen. Vi får sjå. Imorgo (laurdag 31. okt) seglar vi vidare.

Vi er underveis mot NZ!!!

-Reidun

1 kommentar:

A sa...

Fulgte det ikke med le- plater til å ha i akterlugaren slik at en lå i ”bås” ?