lørdag 24. oktober 2009

Nuku'Alofa

Watermelon kom igår!! Stian var på vei for å sjekke ut, men han måtte snu sykkelen då vi oppdaga den svarte seilbåten deira og høydre dei på vhf'en. Kjekt gjennsyn! Vi inviterte dei på spagetti middag om kvelden og Lea og Elia holdt ett fæla leven bak på soverommet der dei fann fram alle leikene til Elia. Jenter er fortsatt skumle greier, men det går greiere no når dei kjenner kvarandre. I bgynnelsen var Elia opptatt med å gi meg alle tinga han var redd for; -passe på! sa han og gav meg bukse, blokkføyte, fiskesluka og saftflaske..
Watermelon kjem til å vere her til tirsdag, før dei går til ei lita øy heilt nederst i Tonga gruppa. Eg vil også frykteleg gjerne dit, der vi får blant anna ri på hesta og gå fine tura i flott landskap, men Stian kjenne på litt tidsnød no, så vi sjekke ut på mandag og reise videre mot NZ. Kanskje dei når oss igjen på veien?

Idag er det markedsdag. Fullt i liv og røre rundt oss. Vi må bort og sjekke ut markedet som er fullt i ting og tang frå øya. Eg vart forresten invitert med på Kingdom Girls kveld på torsdag! Det var KONGE! Hæla i taket lovsang og hærleg forkynnelse av ei dame frå NZ. Veldig lenge sida sist samling ilag med andre kristne, så dette var kjekt. På søndag får Stian og Elia også vere med på møte og høre den spreke dama frå NZ. Det blir kjekt.

Vi har forresten oppdaga 2 gledelige ting! Vi skulle sjekke ut det andre seilet som vi hadde bortgøymd i båten. Det var i TIPPTOPP stand og skal seile oss trygt til NZ. Det andre forseilet er nesten øydelagt og kan revne kortid som helst. Dette seilet er mykje mindre og mykje bedre til skarpare segling, som det blir mot NZ. Flotte saker. Den andre tingen er at Elia slo på dieselvarmeren vår idag. Vi som trudde vi kom til å få ett kaldt opphold på NZ, fekk til vår store overasskelse høyre at dieselvarmeren starta opp og varma godt i båten. Vi trudde den var gåen. Flotte saker det også!!

-Reidun

3 kommentarer:

Mannskapet på Good Mood sa...

Då har vi sjekka ut og skal seile idag, mandag 26 oktoer. Først går vi i 2,5 dag til et rev, Minerva Reef, og stoppar kanskje der. (avhengig av været) Deretter blir det strake vegen til NZ. Kjem til å ta 12-14 dagar totalt.

Vi skal prøve å oppdatere reisa, via satelittelefon, men husk at den kan gå istykker, så det kan gå ei stund til neste livstegn.

Sjåast på NEW ZEALAND folkens!

Stian, Reidun og Elia. pluss lilleskippern i magen:)

Reidun sa...

PS: fikk til å legge ut nokken bilder, kos dåkke med bilder frå Tonga.

HildeD sa...

OK folkens, då fær vi prøve å vere flinke å sende meldingar til Iridiumen. No kan vi godt sendt til alle døgnets tider for dei er alltid ein på vakt, og då blir det kjekt å få meldinger!