tirsdag 13. oktober 2009

Vavau, Tonga

Det er på høg tid med ei oppdatering frå Good Mood i Stillehavet. I skrivande stund (mandag 12.okt) ligg vi oppankra utanfor byen Vavau, i den nordlegaste øygruppa som tilhøyrer Tonga. Her ligg mange seglbåtar, og hovedtema som går igjen når vi møtest er overfarten frå Tonga til New Zealand. Mange av dei som ligg her skal vidare sørover og vi diskuterar fram og tilbake kortid det er lurast å starte. Omtrent alle vi treff på har kvar si oppfatning om kva som er best å gjere.

Slik vi har forstått det så er det endå vinter og veldig kaldt i NZ (New Zealand). Utanfor kysten hærjar det vinterstormar og uvær. Raportar frå seilbåta som held på med overfarten no, kan fortelle om stormfokk og mykje vind og sjø. Det heiter at til lenger ein venter med å krysse til NZ, til bedre sjangse har vi for at det vårast og fineveret kjem til NZ. MEN til lenger vi venter på Tonga, er sjangsane større for å oppleve syklon her i området. No er det veldig lenge sida sist syklon, Niue hadde ein i 2005 og på Tahiti har dei ikkje sett ordentleg syklon på 20 år. Mange båtar vil derfor berre gå til Fiji og sette frå seg båten der, då slepp dei den lunefulle overfarten til NZ.

Vi har bestemt oss for å gå til NZ. Det vart avgjort for ei god stund sida. Der skal vi fikse lekasje i alle vindu og sette båten på land før vi dreg heim til Norge!! Jippi! Bilettane er allereide bestillt og betalt, så vi gler oss til å komme oss til NZ. Det var berre dinna lange sjøturen over dit då..... Som dåkke sikkert forstår er det tanken på overfarten som oppheld oss no for tida. Vi har vanskeleg for å slappe av og oppleve Tonga. Mykje av energien går med på å gjere klar båt og proviantere. Heldigvis klare vi å legge litt til side bekymringane og kose oss ilag med gode venner.

Dette er det vi har gjort på siste veka;

Som vi skreiv i dei kryptiske og forkorta satelittmeldingane, så har vi vore oppankra i 3-4 dagar ved ei nydeleg strand der vi spelte volleyball og bygd sandslott. Der låg også Opportune (Rune,Eva og Ingali) og Choceliko (med svenske Theres og norske Helge ombord). Volleyball er kanskje ikkje det luraste ein spelar, når ein er gravid med bekkenløysing, men eg klarte ikkje å halde meg unda. Det var godt å få bevegd kroppen trudde eg, og deltok med 110 % innleving! Straffa kom dagen derpå, då eg ikkje kom meg ut av senga på eiga hand. Eg gjekk mest og vagga som ei and og klaga over smerte i rygg, bekken og nedover beina. Jaja.. Heldigvis vart eg gradvis bedre, og eg må nok berre innsjå at eg ikkje bør gjer slike stunt fleire gongar. Men du kor gøy det var! Kjekkaste dagen på lenge!! Bekkenløysing med smerter er ikkje noko ein skal spøke så mykje med. Det er stygge saker, så framover blir det full fokus på å ta det litt meir piano, så eg er 100 % seildyktig på overfarten til NZ.

To av dagane vart det mykje vind, så Stian heiv seg med Chokeliko, Theres og Helge, og fekk prøve kiteboarding! Han storkosa seg, medan vi heime i båten baka brød, bolla og kanelisvingane!

Tilbake til byen, Vavau, møtte vi Watermelon! Lea og Elia fann fort tonen og sette igang å utforske leikene på rommet til Lea. Vi voksne prata mest om tsunamien, opplevelsane vi hadde hatt ved dei forskjellige øyane og sjølvsagt måtte mannfolka skrøne litt om fiskeriet. Eg veit ikkje om eg fortalde at der er ein fiskekonkurranse på gang. Dei som er med er Canela (Brasil), Govop (Frankrike) og Watermelon (engelsk/fransk). GOOD MOOD FÅR IKKJE DELTA!!! HAHAHA. Fiskekonkuransen starta i Panama, og vi fekk ikkje høyre om den før på Bora Bora. Då vi blei nærare kjent med guttebåtane canela og govop ved ein grillfest på Bora Bora, sa dei at vi sjølvsagt skulle få delta i fiskekonkurrasen. Etter som kvelden vart lystigare og guttane oppdaga kva mørefiskar dei hadde invitert med seg, endra dei etterkvart meiningar og kom med alle mulige unnskyldningar for at Good Mood ikkje kunne delta likevel. Korleis i granskauen trur dei at vi to aleine skal klare å fiske ombord ein gedigen monsterfisk? Alle dei andre er 3 eller 4 ombord i båtane. Eg syns eg ser det, ein gedigen fisk opp på sida, Stian sliten etter ørten tima bak fiskestanga, og eg har styrt båten. Kven skal kleppe fisken? Elia? Eller skal han styre båten og eg kleppe fisk? Åja, STIAN skal holde fiskestanga med eine handa, og kleppe fisken med andre. Det går sikkert bra. Nei, tull og tøys, det skal bli meg eit underleg skue. For vi skal fiske storfisken, det lova Stian seg sjølv då han blei utestengt av konkurransen;)

Så langt ledar Govop med Yellowfin Tuna på 70 kilo.Vinnaren får ei flaske rom, når konkurransen avsluttast på NZ. Kva skulle vi vel gjort med ei flaske rom, kan dåkke spørre, vi drikk no ikkje alikevel... Tja, vi har høyrt at ei flaske rom er fint å ha ombord til å dynke gjellane på fiskane vi får. Romen verkar bedøvande på fisken så den blir lett å handtere ved bløgging. skulla alltids funne nokke å bruke romen til, skal vere godt i sjokoladekakefyll også har eg høyrt;) Viss oss vinn, og vi mot formodning skule få romflaska, så skal taparane få smake sjokoladekake med masse romkrem og romfyll!!!!

Stian har forhøyrt seg med lokale fiskarar og dei kan fortelle at der er store marlina som ligg å ventar ved kaldare vatn på vei til NZ! Stian og Elia er allereie i full sving med å lage ekstra fiskesluka og sjekke at alt er klart for fiskeri. Den nyaste ideen han fabla om var spreiera (lange stenger som står ut frå båten) for å få fiskesnøra lenger ut til sidene. Heilt tullete.

Eg har igrunn ikkje skreve så mykje om korleis vi hadde det på Niue. Det er igrunn litt dumt, for nokre av dei kjekkaste opplevelsane vi har hatt på lenge, opplevde vi der på øya. Om nokon lurer på å ta turen innom øya, så kan den anbefalast på det varmaste!

Nokre stikkord om NIUE; Steinen i havet, lite folk (ca 1500), rolege forhold, ingen eller lite kriminalitet. Glade og vennlige menneske som gjerne vil fortelle om kultur, historie og attraksjonane ein måtte få med seg på øya. Store grotter, ferskvannskulper og ikkje minst dykkeropplevelsane rundt øya. Kvalane som kom veldig nær båten var ei spektakulær oppleving. Ja vi la no ut nokre bilder i albummet, der dåkke fekk sjå det meste av det vi gjorde på på Niue. For dei som vil ha restaurantar og uteliv, er ikkje dette rette øya å besøke. Dei få restaurantane som var der på øya, hadde kvar sin opningsdag:) Opportune prøvde visst den lokale buffeen med mykje god lokal mat, ein stor suksess! Ellers må det nevnast at der var knallklart vatn rundt øya, nydlege hummera som Stian fanga og ellers ikkje så rikt fiskeliv, men fine undersjøiske grotter.

I kveld har Good Mood en date med Opportune. Dette er siste kvelden vår ilag, så vi stikk på Pizzarestaurant og har avskjed der. Veldig trist at våre veier skiljast her, men slik er et på langtur. Ein får mange nye venner, som det alltid er like trist å skiljast ifrå. Første gong vi møtte Opportune var i Spania, og vi har hatt stor glede av å møte dei igjen på forskjellige stader på veien. Vegen vidare for dei går til Australia. Kven veit, kanskje vi er så heldige at vi treff dei igjen når vi seglar videre etter 1 års pausa i Norge? Det hadde vore knallbra!


Imorgo (tirsdag) reiser vi sørover. Vi slepp ankeret ved sørligast øya, og går vidare neste dag til andre øygruppa i Tonga. Der har vi ikkje planer om å sjekke inn, berre søve og så gå vidare til siste øygruppe Tongatapu. I Nuku'Alofa, byen ved Tongatapu, skal vi oppdatere oss på været og vente på rette øyeblikket for kryssinga over til New Zealand.

-Reidun

ps: vi har kryssa datolinja! Den kryssa vi då vi var på vei frå Niue til Tonga, laurdagen berre forsvann ut i det blå for oss. Så no ligg vi ein dag framom dåkke der heime i Norge.

Ingen kommentarer: