torsdag 5. november 2009

Dag 9 til dag 11

mandag 2 - dag 8. gjekk bort til seilbåten Tauhara. for mykje sjø til å komme for nært. dei fiksa genoa.

tirsdag 3 - dag 9. krusningar på sjøen og enkelte lange dønningar. ingen vind. Elia er reine picassoen der han målar det eine bildet etter det andre. Gjett kva han målar? Fisk så klart, i alle mulige fargar. motra opp på sida av Tauhara igjen, dei fekk masse kalkun på boks og beefstuing, i bytte mot info om Opua. Stian gjer ein omfattande dieselforbruk test. Fullmåne om natta. Radar på. Vi søv i salongen, så vi hører når alarmen går.

onsdag 4 - dag 10. 320 nm igjen. ca 4 knop fart. baka brød, vaska opp, joikakake og potetstappe til middag. Det eitt års gamle bunnprislageret har vi spart på til nettopp denne siste inspurten. namnam. Elia har fått leike med plastalin idag. Vi lagar mange elefantar, giraff og hus med vindu. Etterpå tar han lille kniven sin og skjerer alt opp i småbitar. Anar vi en liten link til all denne fiskeparteringa? Trur det blir sunt å komme seg litt vekk frå sjøen og fiskinga ei stund. speilblank sjø, blekkstille hav, stille før stormen eller? vi forstår at folk før i gamle daga trudde at jorda var flat. Det ser ut som vi kjøre rett ut mot en kant og en foss. Radarvarsling på. Vi søv godt til den begynn å alarmere febrilsk. Den har fanga opp regn og skyer som kjem mot oss frå sørvest. Vi sprett ut og hiv opp meir seil. jippi 5 knop!..... i snaue 10 minutt, før vinden daudar og seila blafra.

torsdag 5 - dag 11. 200 nm igjen. litt vind frå sørvest. sjølvsagt går vi for motor. No vil vi fram. Frå Bunnprislageret idag; fiskebollar med poteter og kvitsaus!

Stian:
No har vi virkelig begynt å klø i fingrane etter å få komme til land og sjå New Zealand. Det er dag 11 på sjøen og motoren har no gått konstant i tre dagar. Vi har hatt blikkstille og flatt hav i tre døgn og i dag har vinden så smått begynt å komme tilbake. Då vi begynte å gå for motor visste vi at det skulle bli stille i fleire dagar og det store spørsmålet blei fort om vi hadde diesel heilt fram til Opua. Eg visste ganske nøyaktig at vi hadde 300L diesel igjen men har aldri virkelig fått vite kor mykje vi bruker i timen. Det er selvfølgelig mykje å spare på å køyre motoren rolig og finne seg i at det ikkje går så fort, men uansett ville de bli mykje gjetting kor lenge dieselen vil vare. For å få et skikkelig svar på dette laga eg til ei flaske med diesel der eg merka av mengda oppover som på eit målebeger. Så kobla eg dieselrøra av på motoren og sette slangar frå flaska til motoren. No kunne forskinga begynne og eg køyrde motoren på mange forskjellige turtall medan eg noterte meg kor lenge motoren brukte på å drikke ein liter. Resultata var bedre enn eg hadde håpt på og måleresultata enda til slutt opp som ein graf der eg kunne sjå dieselforbruk i timen på dei forskjellige turtall. Som eksempel gjekk det ved 1500rpm-1L/t og ved 2000rpm-2,2L/t. Samtidig med at eg noterte meg forbruk skreiv eg ned kor mange knop vi gjorde på dei forskjellige turtala. Ut i frå dette fekk eg ikkje berre vite at vi kunne nå NZ ved å gå med motor heile vegen, men eg kunne og finne ut kor hardt vi kunne køyre før dieselen ikkje ville rekke heilt fram.

Nok om det. No har eg kansje mista ein del lesarar på denne lange utgreiinga mi om dieselforbruk, men eg håper at spesielt interesserte fortsatt heng på. Motorkøyring har mange negative sider som at det bråker, og det er dyrt å bruke diesel, men det fører også med seg diverse fordelar. Ubegrensa tilgang på straum er eit av goda, og det igjen fører med seg at vi har radaren mykje på. Når det er flatt hav og finever fungerer radaren også meget godt, og dette har gjort at vi har kunna sett på "guard sone" på radaren og dermed får vi alarm visst noko kjem i nærheita. På grunn av dette har vi kunna slurva litt meir med å halde utkikk, og lurt til oss litt ekstra søvn.
Ellers dukkar det stadig opp spørsmål i forbindelse med å forlate båten på NZ eit heilt år. Skal vi ta båten på land, eller skal vi ta tjangsen på å la den ligge på sjøen? Det siste er langt billegare. Kva med watermakeren. Kan den stå stille eit heilt år? Og batteria ombord som solcellene stadig lader på, vil desse tørke ut når ingen etterfyller vatn? Vi har også eit aukande maurproblem ombord. Kva skal vi gjere med dette? Risikerer vi at innredninga er oppeten når vi kjem tilbake? Lista med spørsmål blir berre lengre og lengre til meir ein tenker seg om, men det blir vel ei løysing på alt til slutt.

Posisjon
32*00.00 S
175*18.88 E
Ikkje lenge igjen no! Vi regnar med å vere framme om 2 dagar!
- Reidun og Stian

1 kommentar:

HildeD sa...

Beklager at eg rota litt med posisjonane eg prøvde å legge inn sist og i dag. Good Mood har no posisjon E i stadenfor W, og det tenkte eg ikkje over, så det såg nesten ut til at dei hadde mista kursen mot New Zealand, men no skal det vere rett, og det er råd å sjå at dei nærmer seg målet!