tirsdag 29. desember 2009

Norway - Noreg - Någge!

SNØ! Elia storkosar seg i den litt skumle snøtunnellen.

Det er rart å vere tilbake til gamlelandet. For dei som lurer på om vi har frose i hel, så har vi ikkje det, endå. Det er deilig å trekke inn kald frisk luft, og kjenne korleis det frys til i nasen:) Det er flott å få vere ilag med familie og vennar, særleg no når mange er heime i jula. Det var veldig kjekt å få treffe blant anna nye tanteungen min som vart fødd då vi kryssa atlanteren. Ho var ikkje beibi lenger, men ei lita jente på 1 år. Elia har fått leike masse med onklane sine, blitt kjend med søskenbarna og fornya vennskapet med besteforeldre. Han har verkeleg fått fart på språket sitt, ettersom alle pratar norsk her:) Ikkje like enkelt for alle å forstå, men det går stort sett i å fortelle ei fiskehistorie, eller leite fram en usynleg gekko. Når vi skulle ut og leike i snøen her en dag, så hadde han med seg ei spade. Han skulle ut og grave etter krabber!!



Feltvogna var ikkje så enkel å få liv i, då clutshen hadde hengt seg heilt fast, men etter endel hamring vart det stell på "gamlebilen" som Elia seier. Den er ikkje den aller beste vinterbilen, men med firhjulstrekk innkobla og bilen i lavgir, så kjem den seg fram stortsett overalt:) ned i fjøra og opp på fjellet. Elia og Stian har headsett, så dei høyrer kvarandre over støyen, når feltvogna er på vei til feks julemiddag på Hildre i 65 km i timen. Bråkebil og hompetitten vogn, men greit framkomstmiddel når vi ikkje har noko anna.

Grytastranda vs Hildre
Kvar skal vi bo? Då vi kom hit til Norge, flytta vi inn på Hildre, men har etterkvart innsett at det vert enklare å bo på Grytastranda, der alle store hobbyane til Stian er stasjonert. Trailsykkelen har allereide fått lufta seg og det var ikkje lenge før Stian hadde seg ein 20 minutts paraglidertur. Det er også ein stor fordel at vi kan få legge Elia på eget soverom fortast muleg, så han ikkje føler seg utskvisa av lillebror/søster når den tid kjem. Kjelleren heime med Stian sine foreldre er godt egna til familie på 4.

KJEM DET MEIR REISEBREV?
Niks, for i skrivande stund er vi ikkje på noko reise anna enn livets reise, og det er vel ikkje like spennande for alle å følge med på. MEN vi skal ut igjen, og då kjem vi til å fortsette der vi slapp, med nyhende frå alle dei spennande plassane vi skal seile vidare til. Dette blir ikkje før om ett år og det blir kanskje litt lenge å vente. Så her kjem ein beskjed til dei ivrigaste bloggerane våre, (mamma og svigermor) vi kjem til å legge ut små filmsnuttar frå langturseilasen vår so langt. Skal prøve å få til videosnutt 1 gong i mnd eller liknande. Kanskje der kjem ei lita oppdatering når vi 3 etterkvart blir til 4?:)

So long
Elia, Stian og Reidun.

2 kommentarer:

HildeD sa...

Koselig "Heimkomne"-brev. Vi gler oss til å ha dåkke i landet i eit års tid!

Jan Skandsen sa...

Hei igjen alle 3-4. koselig å "se" dere igjen. kjekt å høre om krabbefangst i snøen og at det ser ut som dere har kommet greit på plass i hjembygda.
håper vi får "se" nykomlingen på sia. hils til vår lille venn Elia og stor klem fra Hann og Si