søndag 6. desember 2009

Whangarei, New Zealand

No er det berre to dagar igjen til vi reiser med fly til Norge! Idag har vi pakka bagasje, stua ned alt som var ute på dekk og gitt vekk mat som ikkje skal ligge her til innsekta. I morgon (mandag) skal vi flytte båten til pilemoorings (der den skal lagrast ett år). Deretter er det berre å vente på tirsdag, då vi skal ta buss til Auckland og Watermelon! Vi skal få overnatte med dei siste natta, før vi dreg til flyplassen og flyg heimover mot kaldare strøk.


Opportune overraska oss med å ta turen innom New Zealand, før dei dreg vidare til Australia i januar. Dei ligg no ved sida av oss og er ikkje lite missunnelege på oss som skal heim. -At dåkker vil dåkker så vondt, sei Rune, -hejm til sludd, kulde og regnvær på sunnmøre, nej takke mei til... De e nu mye bedre hær i varmen!! HåHå... han veit ikkje kva vi skal heim til han, han skjønna kanskje ikkje bredden av det å verkeleg ha det så låkt på havet, at ein ønskar seg milevis derifrå. Det blir godt med ei pause, der vi kan fordøye alle inntrykka og få legge oss ned på graset og kjenne at alt står stille, få prate med familien vår heilt gratis, og ete det ein vil, når ein vil det.

Til dei som har fulgt med oss; håper vi ikkje har skremt nokken med dei fæle reisebreva om spying og havoverfart. Viss det kan vere til trøst så har eg allereide gløymt kor fælt det var, og gledar meg MYKJE til vi kjem tilbake og skal seile vidare mot dei flotte øyene som vi ikkje rakk å besøke i denne omgang. Ett år går fort og vi må nyte dei dagane vi har heime, før vi hiv oss avgårde på nye stillehavseventyr!

-Reidun

1 kommentar:

Onkel Anders sa...

[09:55:36] Stian og Reidun sier : No set oss i baaten watermelon i auckland og skal til aa legge mej