torsdag 1. desember 2011

Australia

Stikkord frå kvardagen vår; Vindsurfing, bading, riding, melke kyr, sanke hønse-egg, fange froska, kjøre mange mil på feil side av veien, kaktusar, tusen maur, varm sol, brune kroppar, sove i hippiebil, stå opp med sola klokka 5 og leike på leikeplassar, kjøpe vifte til hippiebil som manglar aircontition, lage mat på bluss, ete 3 pizza for 75 kr hos pizzahut, lese engelske bøker så vi kan snakke bedre med dei infødte, ta bilder av skyskrapera og våte badegutar, plukke blomster som festast bak øyra (sei Elia), kaste vannballongar, redde små fugleungar som har døtte ned av reiret, disse, bleie, vatn og KOS!

søndag 6. november 2011

fredag 7. oktober 2011

Sailfish fisking og anna

Sidan mannskapet er relativt stasjonert i austraulia så har det blitt høve for å legge ut nokke spenstige klipp på youtube!



søndag 18. september 2011

Townsville, Australia

Her er akvarie, leikeplass, jordbær og is! Vi kosar oss og likar å vere i Australia:)

onsdag 14. september 2011

13.sept 21:34 norsk tid

Stian melder:

18.50.23,148.02.94 SJØEN HE AKKURAT BEGYNT Å GI SEJ OG UNGANE BJØND Å UAKNE.TOWNSVILLE I KVELD EN GONG.LYSNA NO UTE.SD

tirsdag 13. september 2011

12.sept 22:10 norsk tid

GOOD MOOD nærmer seg Australia, og Reidun skriv i kveld:

No e d siste inspurt her.ska prøve å holde ut 1dag t.s18.23 e150.21.ej baka bola å brø igår:)
Os motra i bølge & vind m/bære forseil so båten vrir sej skikkeli av&til.ekje varmt lenger..må kle på os:)opne leverpostei idag!nam

(Posisjonen er oppdatert i kartet!)

lørdag 10. september 2011

9. sept 21:35 norsk tid

Good Mood er ved Mellish Reef. Ny posisjon innlagt.

torsdag 8. september 2011

tirsdag 6. september 2011

mandag 5. september 2011

SMSer frå Good Mood i dag tidleg

Hei dåkke:)no e d min tur på vakt.os e i flott driv ja,måtte redusere seilføring for at d ikje sku bli for varmt under lading.lit kjedli me store bølge,men men.ette vi ha sett nok knølkvala vende vi nasen vestover igjen og fik straks 2 sailfish samtidi!eine mista os heldivis å den andre hoppa å sprela til vi fik dratt in og slept fri.dita trengte elia:store oplevlsa.s15.31 e165.43 reidun

PS:no ser ej at den halve månen stik ned i havet framom os snart,kansje han kjem t dåke?masse masse gla i dåke,flygefisk helsa oxo:)

søndag 4. september 2011

Vanuatuøyane!

Vi ser dei, men vi kan ikkje stoppe. Då kjem vi oss ikkje videre. Turen til no har gått greit, dei første dagane er alltid dei værste. Etterkvart har vi fått litt meir bølger å stri med, og stemninga er så som så. Men no har vi komt igong, så då er det berre å fortsette.
Elia datt på golvet og fikk blåkul på nasa, så leika Magnus (og Elia) litt brutalt og lillebror skalla storebror slik at nasa blei både stor, blå og gul.
Magnus har fått rastafletter i bakhaudet.
Tørrfisken slit med å bli tørr då vi har hatt endel regn i det siste.
Stian mista ned pannekakerøre ikkje berre ein gong, men to gongar samme dag. Då rømde vi andre bak i lugaren og fann nokke kjekt å leike med, medan vi hørte kor Stian vaska og skjente på seg sjølv.
Vi har sett fiskebåtar, flygefisk og nokre lanterner i det fjærne. Ellers har det vore ganske einsamt på havet.
Havet - lumsk, bølgete, stort.
hm.. bobil.. der kan ein i det minste stoppe og springe av seg litt innestengt energi, det må vere fint det.
Reidun
Ps: har vanuatu vulkan i nærheita av der vi passerte? vi såg rosa/orange skyer heile natta over fjellet til venstre for oss.

fredag 2. september 2011

SMS frå Good Mood 1.sept kl. 07:35

Hei.vi rulla oss avgårde.s mista akkurat panekakerøre på golve for 2.gang idag.passerte 2 fiskebåta.s16.34 e170.53.

torsdag 1. september 2011

SMS frå Good Mood 1.sept kl. 07:48

Sjøen he lagt sej litt.gutane he bada i cokpiten.doradotørfisk heng bake.endeli 5kn fart.s16.55 e173.13.godt mot i goodmood:) r

SMS frå Good Mood 31.aug kl. 09:00

lit laber stemning pga rotsjų og lite vind.ingen sjųsjuk.17.10s og 174.51e.satsa på meir vind imorgo.2tuna.

søndag 28. august 2011

reise frå fiji 1.







Ein kan undre seg over den labre aktiviteten frå på Good Mood for tida, ingen blogging, ikkje eit livsteikn. Kva har skjedd, er det mytteri ombord?




Det er ikkje kvar dag at ein kan seie at livet byr på overasskelsar. For vår del, hadde vi trudd at å segle var ein dans på roser. Vi trudde at vi hadde prøvd litt av kvart då vi kunne skrifte med å ha segla halve jorda. Litt pjask her og litt sjøsjuk der, det telde ikkje så mykje, vi hadde igrunn tenkt at resten blir like bra. Det var då det skjedde, vi vart for tøff. Utreisa frå New Zealand kunne ikkje ha starta værre, og dårligare vart den, seglturen som skulle blir den flotte fiskeopplevinga. Vi hadde ikkje komt oss langt frå det trygge landet då vi opplevde at kapteinen måtte ty til senga. Han blei dritdårlig, og ikkje bedre ein einaste dag. Der fins iallefall 2 typar sjøsjuketilstandar. Den eine typen er den som et mat, spyr og et igjen og spyr og blir til slutt frisk etter 3-4 dagar. Den andre er langt farlegare, der den sjøsjuke blir så dårleg at han ikkje orkar å verken drikke eller ete, og langt mindre klarer å gjere noko som helst. . Det tok oss ikkje lang tid å finne ut at vi, Stian og meg, representerar begge tilstandane. Heldigvis klarte eg å halde sjøsjuka mi i sjakk ved hjelp av sjøverksplaster og faste måltider, (skjønt det var ikkje enkelt å kokkelere i sånne forhold). Etter 3-4 dagar merka eg at livet hadde endra seg for min del, eg klarte meir og var mindre sjøsjuk. Vinden var 30 knop og meir, heile veien, men det værste var bølgene som konstant gav oss juling i sida så det small. Etterkvart lærte eg at den sjuande bølga er værst og klarte å huske på å støtte meg til ein plass før eg fortsette med arbeidet. Kva arbeidsoppgaver eg hadde? Det var å trøste Magnus som hadde sår munn og ville ikkje ete. Opp å sjekke etter andre båtar. Lage til nudla til Elia og Magnus. Opp å sjekke etter båtar. Springe til å hjelpe Magnus etter eit slag i dørken, og legge han opp i salongen. Opp å sjekke etter båtar/sjå etter at vi segla med maks fart og seilføring, så mykje som segla kunne tillate det i denne vinden. Nede i båten igjen gjekk eg bak og trua kapteinen til å ete og drikke. Opp å sjekke etter båtar. Ett blikk på pc'en, båten seglar fint på streken sin. Sette på dvd til ungane som ikkje likar at dei aldri får ligge i ro. Drikke vatn, gå på do, prøve å ikkje tisse på golvet når bølgene kjem og vil hive meg av doskåla. Hoppe av do i fullfart fordi andre har behov for å bruke den, denne gongen for å mate fiskane med all maten eg nettopp hadde laga til. Opp å sjekke etter båtar. Ned igjen og sjå etter at Kapteinen drikk cola som han ikkje vil ha. Fram til salongen der guttane har spydd, hente handdukar og tørke opp. Hive handdukane ut luka for om mogeleg å vaske dei når det kanskje roar seg om nokre dagar. (håpe på at handdukane like gjerne blir tatt av vinden og flyg på sjøen). Kjenne at melkesyra begynner å få beina til å skjelve aldri så lite. Ein dag spelte vi barnesangar, ein annan dag blåste vi opp ballongar og fekk Magnus til å gløyme den såre munnen sin for ei stund. Nesten halvegs til Fiji var eg så dom at eg lasta ned ei gribfil (værmelding). Dei neste dagane kunne love endå meir vind på skrå bakfrå, så eg gjekk rett i depresjon. Ringte heim og fikk prata med pappa, men det var ikkje mange orda eg klarde å sei. Stian stakkar, høyrde på fortvilelsen min, men klarde ikkje å karre seg på beina. Etter råd frå OpportuneRune, surra vi roret og låg berre å dreiv ei natt. Eg fekk sove nokre samanhengande timar, men det var så deprimerande å ikkje komme seg vidare, at vi fortsette ferda så fort dagen lysna. Venner frå NZ hadde etter å ha ringt meg på satelitten, engasjert redningsselskapet i New Zealand som ringte meg og ville hjelpe oss. Eg svara at dei kanskje kunne få hente Stian og ungar, men at eg ikkje ville forlate båten og kunne segle den vidare til Fiji. Då Stian fekk høyre dette vart han reint ute av seg, ville ikkje forlate skuta og var veldig redd for at eg ikkje skulle klare å komme meg til Fiji. Vi vart enige om å ringe dei oppigjen viss dette vart aktuelt dei nærmaste dagane. Vinden auka på, akkurat som lova, vi vart slengt hit og dit, men vi segla som aldri før og avstanden til Fiji minka fort.







Vakrare syn enn fjella til Fiji skal ein leite lenge etter! Eg beordra Stian opp på dekk og bak for å FISKE!! Og det gjekk ikkje lenge før vi fekk ein flott dorado på kroken - til stor begeistring for både liten og stor ombord i Good Mood. Etter 7 dagar innestengt i ein dansande heim, var det rein feststemning det siste døgnet og vi spelte masse musikk som vi dansa til! Sliten, men glad, satt eg oppe siste natta og lytta på ei spennande lydbok før vi kunne smyge oss inn passet medan sola stod opp bak oss.

Eg var klar for mytteri, meir enn klar. Eg ville ha ei veke på ei strand heilt aleine. Kjenne at det var fast grunn under meg, kjenne at kroppen tok seg innat, ville helst aldri meir sjå hav igjen.

Så kom Hilde og heldt rundt meg og fortalde at ho var glad i meg! Av alle menneske på jorda, så skulle vel ho ha einerett til å prøve å argumentere og påvirke oss til å avslutte dette eventyret. Istadenfor stengde dører, så møtte eg opne armer. Ho let meg prate ut om redselen og fortvilinga. Om morgonane høyrde eg at Magnus og Elia fikk morgonstell og leverposteiskive. Stian og Andor fann nye sandstrender, korallrev og kokosnøtter, og livet ombord på båten vart sakte men sikkert restaurert til normal rytme. .....og resten veit dåkke alle, vi hadde ei flott tid saman med svigers, så kom brutteren og kona og tilslutt har vi hatt æra av å få blir kjend med dei berømte havseglarane ombord i sy La Familia!

Vem kan segla förutan vind? Vem kan ro utan åror? Vem kan skiljas från vännen sin utan att fälla tårar?




Jag kan segla förutan vind, Jag kan ro utan åror. Men ej skiljas från vännen min Utan att fälla tårar.

I ein månad har vi lege klistra side ved side intil kvarandre, kjent på varmen frå felleskapet og gleda over å ha gode venner. Det brusar i årar, vi lever på luft og kjærleik og det er nesten så vi snart giftar oss med kvarandre. Då er det at vi får kalde føtter, no er tida komen for oppbrudd og vi lyt ta farvel med dei trollbundne vennane våre. Ei tåre kjem, og ei til, før sola vert formørka av dei regntonge skyene. Med eitt, braka det laust med striregn.




Vi tek lausti morgo, tirsdag 30 august, og selgar vestover. Kvar vi endar opp, er ikkje så enkelt å svare på, einaste vi veit med sikkerheit er at vi tek ein dag av gongen. Det er nydelege værutsikter og vi tek sikte på å gå mot Australia ein plass. Eg kjenner ikkje på redsle for avreisa, berre låk i magen med tanken på at vi forlet dei flotte folka på La Familia. Kleng, Anne, Liva og Edgar har gitt oss mykje gode minner, og vi gler oss til å møte dei igjen i Norge ein gong.


Snart skal vi ha hav og hav på alle kantar, vi er godt forberedt og sjølv om Elia allereie saknar vennane sinem vil han gjerne få den storfisken som pappaen har snakka så lenge om... Vi kjem til å få ei særegen tid framover, der familien er i sentrum heile dagen, kan ein få det bedre?


Reidun

lørdag 20. august 2011

Fiji endå



Vi har vore litt fråverande med skriving på heimesida, grunnen har vore den at vi ikkje har vore heilt samd om ferda vidare.. Ikkje grunn til å skrive om endringar kvar gong vi har hatt ein ny ide (les; kvar gong Reidun har hatt en ny ide) men no har vi omtrent landa på kva vi skal gjere framover og då kan eg vel gi eit livstegn for dåkke som følger med oss.

Vi er fortsatt på Fiji. Vi kosar oss ilag med La Familia! Dei veit meir framtida, så dei er flinkare å blogge også;) desverrre så er bloggen deira nede for tida, så då vert det meg som skal oppdatere oss.

Vi er plaga med litt sjukdom, Stian har vore nede for telling ei veke med feber igjen. No ser det ut til å vere i bedring og vi kan starte proviantering for havsseglas! Turen går først vestover mot Vanuatu kor vi stoppar ei lita stund og deretter held vi fram mot Darwin eller Bali. Vi har dårleg tid viss vi skal rekke til Sør Afrika i november, men det er ikkje anna å gjer enn å hoppe over øyer og segle natt og dag. Prioriteringar vert vanskelege, men jammen har vi fått oppleve mykje fint til no også!




Vi ligg i Denarau igjen, på samme mooring. TO gode naboar. Om dagen hoppar ungane over i den båten som virkar mest forlokkande og om kvelden har vi som ikkje har sovna, sosial samvær i ein av cocpitane. Det er roleg om kveldane, sola har akkurat sagt godnatt med sin rosa farge på skyane, og live musikk frå land gjer at vi lett tek oss en aldri så liten dans på fordekket:)

Reidun

lørdag 16. juli 2011

Fiji sailing

Vi krusar rundt på Fiji medan vi ventar på at våre gode venner og landsmenn skal komme frå øst! Vi gler oss storleg til å treffe att Anne, Kleng, Liva og Edgar.

Akkurat no er vi på vei frå veldig flott dykking ilag med store mantarays og vi går nordover.

søndag 10. juli 2011

Bildereisebrev

No har Marie og Per Håvard lagt ut masse fine bilder og skreve litt reisebrev inn i mellom bilda. Sjekk bildealbum.
Reidun

tirsdag 5. juli 2011

Waya

En del vind og bølge gjor at vi ikkje kom oss lenger enn til Waya i går. Gjekk i land og sprang på stranda, dvs. dei andre sprang mens Magnus sat fasinert på huk i 10 min å studerte geite og sa mmøøø til dei. Vi he ete opp alt kjøt og he bære 2 dorulla igjen så no lyt oss ha oss til Lautoka og begynne hamstringa av mat til Vanuatuturen. Kanskje vi får fisk i Lautoka? No vakna solstrålen vår. Elis å ej he søtte heilt stille og lest Donald. He forresten mista lommeboka mi. E vel Magnus som he heve på sjøn......

Posisjonen oppdatert

for Reidun
Hilde

søndag 3. juli 2011

En liten rapport frå Good Mood

Fekk eit par meldinger frå Good Mood i kveld som eg lovte å legge ut.
Dei ligg ved nokre fine øyer nordvest for hovedøya på Fiji, og har det kjempefint. P.g.a. at dei ikkje har internett får dei ikkje lagt ut så mykje her på heimesida, men det kan høyrest ut som det blir mykje å høyre om når dei kjem til område med nett igjen.
Dagen i dag skal dei f.eks. ut å sjå på store Mantaray.

Har lagt inn posisjonen dei ligg på!

for mannskapet
Hilde

fredag 24. juni 2011

Hilde og Andor på besøk ombord i Good Mood på Fiji

Ja, i løpet av 1 1/2 døgn så fann vi altså på å bestille oss flybilletter og kome oss på eit fly til Fiji uten at mannskapet visste noko om det. Vi hadde alierte heime (takk Per Håvard) som hjalp oss å fylje med kvar seilerane oppheldt seg, og vi forstod at dei oppheldt seg i ikkje alt for stor avstand frå flyplassen i Nadi.

Vi landa fredag morgonen, lokal tid, og sette oss i første og beste taxi i retning nærmaste marina. Etter turer til båden ein og to marinaer var båten fortsatt ikkje å sjå. Vi fekk ein seiler til å slå inn Good Mood sin oppankringsposisjon som vi hadde fått rapportert heimanfrå, og den viste seg å vere ved ei lita øy litt utanfor Fiji "fastland", og det vart vanskelig for oss å kome oss dit ut. Vi fekk havne-/toll-vesenet i Lautoka til å kalle dei opp på VHF, og resten av historia kan de lese i Reidun sitt innlegg frå tidligere.
Vi fekk 12 fantastiske dager ombord i Good Mood. Vi var rundt til fleire befolka og ubefolka øyer, bada masse og kosa oss i lag med Reidun, Stian, Elia og Magnus. Takk for at dåkke tok så godt imot oss sjølv om vi kom heilt utan varsel !!

Dei 2 siste dagane før vi reiste heim, var også Marie og Per Håvard komt ombord, så vi var ganske mange ombord, men det gjekk heilt fint. Det var fint at der alt var komt nytt besøk når vi skulle reise.
Har lagt inn nokre bilder frå turen vår i billedgalleriet.

Hilde og Andor

yasawa group next

No er vi friske, membranen er skifta og vi er klar for å besøke dei flotte øyene i Yasawa gruppa.





Kos med tante og onkel i sofakroken.



eller på land. Det er stor stas å ha dei på besøk!


fredag 17. juni 2011

velkommen sjukdom

Vi er ramma, sjuka har funne veien til båten og vi kan vel ikkje gjer anna en å drikke vatn og vaske kroppen med kald klut. Allle 4 gutane i båten har hatt ei slags snue i 4-5 dagar, rennande nase. Så fikk Magnus utslett, mange raude prikkar som bular ut. Enkelte plassar ser det ut som vulkankrater og det klør fælt. Vi trudde først at det var vannkoppane, men dette har Stian hatt som unge, så no hellar vi til at det kanskje er den femte barnesjukdom. Stian begynte med feber igår, haudeverk og leddverk. Idag klør han på mange små prikkar rundtomkring på kroppen.

Watermakermembranen har komt til Denerau Marina, så då blir det å mekke på plass den når Stian blir i bedre form. Magnus ser ut til å vere bedre iallefall, så det blir ikkje vanskeleg å få hjelp frå den kanten.

lite vind idag, varmt i båten klokka er kvart på 9 og her er 28 grader inne.

lørdag 11. juni 2011

akker og sandstrender



Igår for vi til Nadi og kjøpte mat for ei veke. På markedet kjøpte vi orange/brun avlang frukt, lilla chillilignande sak og kavarøtter:) Det orangebrune skulle vi kutte opp på langs og ete innmaten. Einaste som var etande av det vi fann då vi kutta opp frukta, var det kvite stoffet som var utapå dei beiske mandelsteinane. Det smaka bringebær. Den lilla chillisaken vart steikt på panna, og minte meir om potet. Når vi skal besøke landsbyar, er det vanleg å oppsøke landsbyhøvdingen og gi han 1/2 kilo røtter som takk for at vi får besøke dei og ankre opp ved deira landsby, og med tanke på dette kjøpte vi derfor Kava.

Farmor og Farfar reiste heim for nokre dagar sida og vi saknar dei stort, men heldigvis har Per Håvard og Marie tatt turen til oss, og dei skal vere her i ca 2 mnd.

Stian har bestilt ny watermakermembran, den kjem om 9-10 dagers tid. I mellomtida farta vi rundt her på Fiji og besøker småøyane rundt omkring. Idag leigde Stian surfebrett som eg også skulle få prøve, kjekt var det, men etterpå kjendes det ut som om eg hadde brent meg på manetar. Glasfiberstøv i låra og på armane, fysj. Per Håvard var uheldig å kleppa seg sjølv i foten då han skulle ta tak i bøya vi skulle fortøye oss til. Marie lappa guten flott igjen, men det er vanskeleg å halde seg i båten når det er nydeleg temp i sjøen.

Vi manglar vatn på tankane, så vi går mest sannsynleg ut imorgo for å lage litt vatn. Det er snakk om å dorge litt etter fisk; dorado eller tuna, så det vert kanskje en tur utaskjærs. Det blir sikkert en flott tur, men eg har framleis litt reservasjonar mot å gå altfor langt ut, så Magnus og eg blir att inne på land og et is og badar.

lørdag 4. juni 2011

Fiji

Skal, skal ikkje, det er dilemmaet mitt. Skal eg kjøle meg ned og hoppe i havet, eller sitte i ein 29 graders salong og trykke på pc'en? Cola eller vatn? Bikini eller singlet og shorts? Skal eg verkeleg fortelle dåkke lesarane om den fatale turen frå New Zealand til Fiji, eller skal eg berre droppe beretninga og konkludere med at Good Mood klarte brasane og vi er framme på Fiji...


Kort fortald; vi var sjøsjuk. Autopiloten og AISen styrte båten, medan vi gjorde ett forsøk på å overleve. Ute slo bølgene over skutesida, og vinden inn frå sida ville aldri stilne. Vi hadde 30 knop vind, pluss/minus, heile veien. Og rotete sjø. Dei 8 dagane var ganske lange. Halvvegs trudde vi at vi ikkje klarte meir, men båten slutta ikkje å seile sjølv om mannskapet var fråverande. PostmanPat og Muldvarpen var trufaste følgesvennar på dvd medan Good Mood sakte men sikkert peila seg inn på varme Fiji.

Vel framme og ferdig med innsjekking, stakk vi til næraste øy med badestrand og snorkelliv. Her prøvde vi å ta igjen tapt søvn, vaske utspydde handdukar og kle, og naut i stor grad at båten låg i stille sjø. Men etter nokre dagar trengte vi mat og letta anker for å gå til ein plass dei hadde dette. VHFen stod på og vi hørte plutseleg; Good Mood, Good Mood, This is Fiji Port Controll...
-I Alle daga... Kva har vi gjort for nokke gale no då? Lurte vi på. -You must report to custom, sa dei. Vi var frå før litt oppgitt over customs, og spurte om vi ikkje kunne komme inn dagen etterpå, då det allereie var seint på dag, og vi ikkje klarte å vere hos customs før til kvelden. - NO, You must report to customs, gjentok dei, og vi svarte at vi kom innover etterkvart. Så, etter ei lita stund med motorkjøring innover mot Lautoka og Customs, blir vi oppkalt endå engong. Good Mood, Good Mood, We have to persons here, and I think they are your guests. NO, svara Stian – We are NOT expecting any crew now, they are NOT coming before another week or two. Vi hadde allereie sagt at Per Håvard og Marie skulle komme, og der var litt misforståelsa rundt dette og vi trudde dei hadde begynt å tulle med dette igjen. NO, svara mannen i VHFen, - we have two persons here and I think it is your parents! Stian vart endå meir irritert og skulle til å forklare at vi ikkje hadde nokken foreldre der inne på kontoret, då eg ropte til han; Stian, det e dei tulne foreldra dine, dei må ha komt på overaskelsesbesøk!!!!!! -OI, svara han, -I didnt know about this, this must be a suprise, we are coming in!

Og der stod dei, vi ville nesten grine, den gryande heimelengta fekk ein brå vending då vi kunne hive oss rundt halsen på dei nydelege foreldra hass Stian. Jammen vart vi overaska og glade.

So no har vi berre laffa rundt, frå strand til strand, dykka på korallrev og klatra i kokospalmer.
Idag besøkte vi ein landsby på ei øy, der lokalbefolkninga var vand med turistar, men då til avtalt tid. Når vi no kom en tur innom, fekk vi vere med og sjå på lokal basketballturnering. Elia satte seg ned og leika med sand, medan mange ungar dreiv å leika og sprang rundt oss. Tilslutt sette dei seg ned attmed Elia og vi begynte å synge sangar ilag. Det var kjekt!

Her er varmt, veldig varmt. Deilig og godt å hoppe i sjøen og bade, Elia vil helst bade heile tida, medan Magnus er litt meir skeptisk. Om nokre dagar kjem Per Håvard og Marie også, vi gler oss veldig!!

mandag 23. mai 2011

Telefon frå GOOD MOOD månadag 23.mai 09:30 norsk tid

GOOD MOOD ER FRAMME PÅ FIJI.

Etter en strabasiøs tur med uroleg sjø og sjøverk som ikkje ville gi slepp er vi no inne i lagunen og vi får endelig ro!

torsdag 19. mai 2011

Telefonrapport frå Good Mood onsdag 18. mai kl. 21:30 norsk tid

Reidun ringer på satelittelefonen og avlegg følgende rapport:

No er vi ca halvveis til Fiji trur eg.
Posisjon 28 33.25' S, 176 51.89'E (innlagt på kartet)

Stian har gått og lagt seg etter si rorvakt. Sola skin og det har blitt morgon no. Gutane er våken og set i senga og ser film. Vi surfer nordover på 4-5 M høge bølger rett bakfrå i 25 kn vind med kun forseilet oppe i ca. 5-6 kn. fart.

Autopiloten er gull verd. Det hadde blitt strevsomt å halde kursen når ein skal springe å sjå til gutane innimellom om vi ikkje hadde hatt den.

I går baka eg boller. I dag blir det pannekaker til middag.

Om vi held ut resten av turen? Jau, det er ikkje noko retrett no, så vi må berre stå på til vi er framme på Fiji. Dette skal nok gå bra!!!

onsdag 18. mai 2011

Sms frå Good Mood seint (norsk tid) 16. mai

Fekk melding frå Good Mood seint i går kveld. Første døgn hadde visst vore hardt med kraftig sjøsjuke. 40 knop vind. "Litt bedre no. Elia og Magnus ser film".

søndag 15. mai 2011

Avreise frå NEW ZEALAND




New Zealand har fått æra av å ha oss på besøk i 2 mnd, og no ser det ut til at vi får nydeleg flott seilvind på vei opp til Fiji! Vi legg avgårde i morgon Mandag 16 mai.



Stian fann ein øydelagt Game Boy i "gi-vekk-kråa" i vaskerommet på Opua Marina. Etter litt opning og fiksing, så var den heilt fin og Elia er allereie heilt hekta. Det mest populære spelet er Tom og Jerry, der Tom sankar poeng med å sluke fiskane som heng overalt. Hohoho, det kunne ikkje ha blitt bedre, Elia i sitt ess. Han har forresten laga klart fiskeutstyret sitt til langturen. Først skal han ha ut småkrokane til småfiskane her i minifjorden, før han skiftar over til dei store krokane til storfisken der ute på feltet! Gjett om dette blir spennande. På spørsmål om kva vi skulle be om i kveldsbøna var saken klar; at den kvite tabeletten skulle gå smertefritt ned i magen så Elia blei kvitt sjøsjuke og kunne fiske!





Reint praktisk; vi vil prøve å oppdatere heimesida via satelittelefonen. Pc og satelittelefon er elektriske ustabile apparat som ikkje er glad i sjølivet, derfor kan det vere at dei ikkje vil samarbeide en dag oss vil oppdatere. Turen vil ta ca 8-11 dagar og etterkvart regnar vi med å sjekke inn i Lautoka, Fiji.

Så då sett vi avgårde - mot gylne strender, kokspalmer og varme.

tirsdag 10. mai 2011

Opua, New Zealand






Etter 3 dagar med seiling langs kysten har vi komt oss til Opua. Det ser ut til at vi blir her i området ei stund til, då værutsiktene er heller dårlege. Men på turen hit fikk vi 1 snapper og 2 Kahawai. Vi ankra opp på plassa med dønningar, og slik blei oss gradvis vand med bevegelsar. Iskald vind, kalde strender, uroleg sjø... Vi lengtar etter sol, varme og Fiji:)

søndag 8. mai 2011

Ventar på værvindu

Vi hadde tenkt å sjekke ut idag, men den nyaste værmeldinga fortel oss at det blir nydeleg start men etterkvart 3 dagar med motvind og stamping. Vi vel å vente på neste værvindu, som det vert kalla. Det ser ut til at neste tjangs kan verte om 5-6-7 dagar. Medan vi ventar kjem vi til å seile litt langsmed kysten og fiske litt.

fredag 6. mai 2011

Avreise frå Whangarei, ikkje NZ

No har vi lyst å komme oss ut og ankre opp, venne oss til båten sine bevegelsa og vente på været. Så då gjer vi nettopp det. Vi kjem ikkje til å reise frå NZ på nokre dagar endå, vinden er imot akkurat no, men det ser ut til at det kan bli bedre forhold for havkryssing i neste veke. So då går vi tilbake til innløpet av denne "elva", ankrar opp ved stranda som vi har vore på før, og kosar oss i regnværet:)



mandag 2. mai 2011

Snart avreise frå NZ

No har skippern fått i oppgåve å oppdatere heimeside. Det er lenge sidan forrige oppdatering og nokre lurer sikkert på om vi har kasta fortøyningane allereie. Det har vi ikkje. Vi ligg fortsatt i Whangarei, men det ser ut til at det kan bli avreise temmelig snart. No er det mandag og det er mykje snakk blandt langturseilerane i havna om eit kommande værvindu fram mot helga. Derfor planlegg mange å sjekke ut på fredag og sette kursen mot Fiji. Vi hadde planer om å seile til Opua først og sjekke ut derifrå (ca 1 dags seilas), men det er mulig vi heng oss på dei som reiser fredag og berre går direkte herifrå. Det er spesiellt eg som vil komme meg avgårde. Har fått nok av Whangarei no og dessuten nok av regn og kulde i det siste. Føler at ting har begynt å komme på plass i båten også, og vi har stort sett komt i mål med forberedelsane.

Så kjem eit langt stykke for spesielt intresserte:
Det siste store prosjektet eg har hatt har vore å lage til ein slags slepegenerator. Eg har montert ein ekstra dynamo i motorrommet som blir driven av ei reim som går ned på ei reimskive på propellakslingen. Dette har eg sett ombord i nokre andre langturseilarar og bestemte meg for lenge sidan for å prøve å lage til noko slikt. På grunn av at vi har ein fast propell og ikkje ein foldepropell, så går denne rundt med ganske stor kraft når vi seiler med motoren stoppa og gearet står i fri. Det har blitt ein del fintenking for å kunne gjennomføre planen. Det første eg måtte vite var kor stor omdreining propellakslingen faktisk har under seiling. Ein annan ting var kor mykje belastning som skulle til før turtallet blei betydelig redusert eller stoppa heilt. Derfor kjøpte eg eit sykkelspeedometer som eg monterte på propellakslingen, og etter litt regning og innstilling av speedometeret hadde vi ein perfekt og nøyaktig turteller. Så vart det ein tur ut å teste, men på grunn av at det ikkje var vind så berre køyrde vi båten opp i 6 knop og slo deretter gearet fri for å lese av turtallet. Bremsa også akslingen med handa for å sjå kor mykje dette utgjorde, men det var ikkje mulig å stoppe den berre med handa. Etter ein del testing fekk eg ein ide om kva turtall vi kunne forvente oss med belastning på akslingen og under normal seiling(250-300rpm 5 knop).
Neste steg var å finne ut kva utvekslingsforhold som var mulig å få til mellom propellaksel og dynamo. Ved å sette på ei størst mulig reimskive på propellakslingen så var det mulig å oppnå ei 1:4 utveksling(100-1200rpm på dynamoen). Ein standard dynamo starter som regel ikkje å lade ved så lave turtall og derfor fekk eg eit firma til å spesiallage ein dynamo ved å vikle den oppatt. Denne skulle starte å lade ved ca 800rpm(10A-800rpm, 20A-1000rpm,30A-1200rpm osv).
Når dynamoen var ferdig hadde eg kjøpt og fått dreia til ei reimskive som passa på koblinga på propellakslingen. Deretter var det berre å lage feste for dynamoen til gearhuset og få tak i ei reim som passa. Eg fekk og laga det til slik at ladinga blir utkobla når motoren blir køyrt. Det gjorde eg fordi det blei litt for voldsomt for dynamoen når motoren blir køyrt og dynamoen passerer 4000rpm.

Laurdag kasta vi laust tidleg på morgonen for å gå ut å teste. På grunn av voldsom vind heldt vi oss innaskjers men fekk opp litt seil slik at vi fekk testa vidunderet. Alt fungerte som smurt. På grunn av mykje kastevindar og straum i sjøen var det litt vanskelig å få gjort ein nøyaktig test, men det viste seg at ladinga starta ved ca 4,5 knop og ved 5 knop hadde vi over 10A lading. Når vi nærma oss 6knop steig ladinga heilt opp i 20-30A! Dette vil seie at under normal seiling vil vi ha eit stort overskudd av straum. Heilt fantastisk!(Siv og Jan, dåkke huska kor mykje motor som måtte køyrast for å halde oss med straum på dei lengre seilasane:)

Nok om det. Ellers har det meste av proviant komt ombord og vi har fått aktivert satelittelefonen. Det betyr også at vi mottek tekstmeldingar som kan sendast gratis via heimesida vår. Dette er alltid kjekt når vi er langt til havs, så send gjerne då.

Stian

tirsdag 12. april 2011

Town Basin, fortsatt midt i Whangarei



Då var vi på plass i marinaen igjen, denne gongen med blanda følelsar. Prøveturen vår gjekk som forventa; Stian kunne gjerne tenke seg ut igjen, medan Elia og eg vil helst vere på leikeplassen på land. Stian kjenner at det kriblar i armar og bein, medan det kriblar litt formykje i magen til Elia og meg... Magnus likar ikkje at båten bevegar seg, han er litt skeptisk og det er rart for oss at den ville krabaten vår vil sitte stille og observere. Men dette er vel slikt som går seg til etterkvart, eg vil tru at vi finn kvar sine oppgåver ettersom seilturen tek form. No er det ca 2-3 veker til vi forlet New Zealand, vi ventar på forseil, spinnakerbom og mykje smådill som må ordnast på. Stian og guttane finn ål i havna som dei fangar og studerer på nært hald.


fredag 8. april 2011

Seatrial

Då er det dags at ta en aldri så liten prøvetur. Vi drar frå marinaen laurdag 9 april, og blir vekke nokre dagar for å teste ankeret og watermakeren. Kanskje vi skal teste magane også? Elia spør stadig vekk om vi ikkje skal ut på feltet snart, der storfisken er, sei han. Han sei at han vil vere her i New zealand i 3 dagar til, og so vil han heim. hm.. Vi får sjå om det ikkje blir så spennande med prøvetur at han vil vere med litt meir. Dessuten har eg ein mistanke om at 3 dagar kan bety 3 veker.

Vi hadde ein fyr ombord her igår, han vil komme med eit prisforslag angåande ny cockpittelt, så får vi sjå om det blir nytt telt, eller ny påhenger. Alt til båt er dyrt.


Idag hadde vi meldt oss på farvellmiddag, en sosial samenkomst med andre langturseilera. Kjempegod middag/buffet, og underhaldning av Maoridanserar. Magnus hylskreik då Maorikrigeren kom med spydet sitt og demonstrerte krigerbrølet. Elia lurte på kvar desse menneska kom frå, og om dei gjekk i dei rare kleda sine heile tida. (hulahulaskjørt og stråvisvass)


8. april.... hmmm... kva er spesielt med denne dagen tru Stian? spør eg... Verken han eller eg kjem på at vi har brylløpsdag idag!!! Du store allpakka, vi har vore gift i 7 lange og breie år:) Utan å skrive for mykje om mine fantastiske år med Stian, for då hadde der ikkje vore ende på pratet, så kan eg berre sei at eg fortsatt har lyst til å bli 80 og grå og gammal ilag med den galningen, han gir og gjer meg så ufatteleg mykje bra:)


So då blir vi nokre dagar vekk; Det blir spennande å få sjå om Magnus likar at båten, som til no har vore ein fast heim, vuggar og beveger på seg.

søndag 3. april 2011


Mandag; tok båten på land, vaska rein og skrapa av alle skjell.


Tirsdag; Stian sykla til butikk og kjøpte grunning og bunnstoff, grunna kjølen, jobba litt både ute og inne. oppdaga rusthøl på eksosrøret til motoren og skifta akseltetningar og "cutlassbearing" på propellakslingen. Fekk på eit lag med bunnsmøring på eine sida av båten, før det var tid for å ta kveld.


Onsdag; Stian sykla til butikk og kjøpte mykje større målerrull. Han leverte inn eksosrørtingen til vurdering, men det enda med at dei kasserte den. Ny eksosrørting i 316 rustfritt vart ferdig til kvelden for to tusenlappa. Ein ny båt blir tatt opp på land og plassert attmed oss, vi får søta bror til nabo, Lindisfarne frå Sverige. Desse har feriert mykje i Norge og kjenner godt til blant anna Helmax med mannskap Raymond og Anne frå Ålesund. Kjekt å skravle på svensk/norsk om felles bekjente. Resten av dagen måla vi på båten alle mann, til og med Magnus ville gjerne hjelpe til. Når kvelden kom var vi ferdig med siste strøket med bunnstoff. Reidun baka bolla til frokosten neste morgon.


Torsdag; Opp klokka 0610. På med ull, tjukkegensera og varmedress. Ut i kulda og sjå på sjøsetting av nymåla Good Mood i grålysninga klokka 07.00. Charlie(som køyrde krana): -Do you want to check if the boat are leaking in water, before I put her all the way down? Stian(som har hoppa ombord og starta opp motoren): - No, it is ok. Dei flirar begge to, og Good Mood flyt heilt flott:) Vi går tilbake til marinaen Town Basin, medan vi byrjar å ta av oss det eine plagget etter det andre. Her er veldig kaldt om nettene og morgonen, men uttpå dagen vert det utruleg varmt viss sola skin frå blå himmel. Torsdag ettermiddag: For inn til byen og kjøpte keyboard på tilbud! No er det flott musikk i båten vår, Magnus hamrar og har fått forbud mot å nærme seg keyboardet, men Elia kosar seg med å klunke på tangentane. Prosjekt -isolering av kjøleskåp- har tatt til. Etter mykje sykling til forskjellige yrkesfolk, har Stian bestemt seg for å bruke noko som lignar på armaflex. Dette blir knallbra!


Fredag: 1.april. Vi er mykje ute, medan Stian vaskar kjølseskåp med aceton og limer på isolasjon.


Laurdag: Vi er fortsatt mykje ute, Stian isolerar fortsatt kjøleskåp. Eit lite avbrekk med besøk på kinagatekjøkken der vi kjøper 4 poteter og 2 kyllingbitar til 25 kr. Fin deal.


Søndag: Stian har ikkje meir lim, så idag blir det ei pause i isolering av kjøleskåp. Etter mange mislukka forsøk på å få start på påhengeren, tok Stian og Elia sykkelen og sykla til andre sida av elva og hoppa på hoppetårn. Pluss dei såg på skatera og sykkeloppvisning. På vei tilbake såg dei at båtbutikken var ope, så dei fikk tak i litt lim likavel. Då bar det heim og isolere videre. Reidun og ungane er mykje på leikeplassen. Reidun solbrent på skuldrar og nakke, ho smører ungar, men gløymer seg sjølv;)


ps: nye bildealbum

onsdag 23. mars 2011

kvardagsliv

Dagens gåte:

Stian: -Eg har ikkje nokken t-skjorter, Reidun!
Reidun: - Joda, du har mange, la meg få leite i skåpet ditt.

Etter ei lita stund kjem Reidun tilbake og kan konstantere at begge har rett, korleis kan det gå til?

Det er ikkje så mykje så skjer her i Whangarei, anna enn at Stian syklar byen rundt og finn deler til alt han fiksar på i båten. Vi har installert AIS! Så no får vi opp på skjermen når der er båtar i området, kva dei heiter, kvar dei skal, kva fart dei kjører med og kor stor dei er. AIS er dyrt, men ei riktig investering for oss akkurat no. Elia er skikkeleg 4-åring og spør om alt muleg rart. Av og til byttar vi på å kvile øyrene og la den andre finne svara. Spørsmål slik som; -Kvifor har eg større tunge enn fiskane?.....

Eg trur Magnus savnar dåkke heime. Når han ser bilder av familie, studerer han dei nøye og kjem med mange nasale lydar. På leikeplassen kan han bli ståande å sjå på voksne i lang tid. Av og til er han gretten, og det er ikkje fritt for at han protesterar når vi skal ombord i båten. Men stort sett har han det veldig bra ilag med Elia, dei likar å leike seg ilag.


Her er mykje tjuveri ved Marinaen. Her om dagen kunne dei fortelle at 5 syklar hadde blitt stolen på ei veke, og dei fleste hadde vore låst. Kjekt å vite at dei ikkje gidd å ta sykkelen til Stian, kanskje dei har latt vere sida den har vore ulåst? Då vi likevel skulle låse sykkelen utanfor eit butikksenter, spurte Elia sjølvsagt koffor vi låste sykkelen, der vi svara at vi ikkje ville at nokon skulle ta den. -Men, sa Elia, -Vi kan no berre sei til den som ikkje he sykkel at dei kan få bruke den, og so kan vi få den når vi treng den... jo, for so vidt so kunne vi ha gjort det slik, men vi hadde ikkje tida til å vente på dei som enventuelt skulle låne sykkelen vår, for vi skulle kjøpe rakett og utskytningsrampe til Elia. Denne leika var veldig populær på leikeplassen, og Elia fikk erfare at ikkje alle ungar er like greie når det gjeld å låne vekk..

I skrivande stund er klokka halv 11 på kvelden. Stian har gått laus på prosjekt isolere kjøleskåp. Dette er inga lett sak, då han antagelegvis må demontere heile kjøkkenet vårt. Han er ikkje så blid akkurat no, då jobben til no har kosta han mykje svette og litt blod. I begynnelsen sang han på Peter Gabriel sin sang; dont give up, men no har han gått over til Amazing grace... - no er det ikkje mykje håp, sei han. Eg betvilar det han sei, for fyren er dyktig, han får som regel til det han sett seg føre.

Vi må straks legge oss, Magnus og Elia vaknar om ikkje så altfor mange timar.

Svar på gåta om t-skjortene; Eg fann 9 t-skjorter i kleskåpet til Stian. 3 gjekk i boss og resten har eg prøvd å vaske, men dei er forsyne meg antageleg blitt brukt til altmulegrart skjorter. Eg skjønar ikkje korleis det er muleg, men han har ikkje ei einaste t-skjorte som er fin og utan flekkar som ikkje går vekk! Men som den arge arbeidskaren han er, så må han få lov til å skitne seg til, så får eg heller gøyme vekk nokre t-skjorter til fintbruk;)

Reidun
ps; vi har ikkje aktivert satelittelefonen endå, så vi får ikkje meldingar om det skulle vere nokon som sender.
psps; har lagt ut litt bilder i albummet
pspsps: på mandag skal vi ta båten på land, vaske og bunnsmøre den.

torsdag 17. mars 2011

Livet i Marinaen her i Wangarei

Det er onsdag og vi har nesten vore her ei veke. I dag betalte Stian halve nye framseilet vårt. Det vert ferdig sånn omtrentleg i april. Ellers har han kjøpt meir kjetting, so no har vi 77 meter med ankerkjetting, før hadde vi berre 45. Ny luke til forpiggen er bestilt og den skal Stian hente imorgo. Elia har fått seg vennar, han er så lang at ungane trur han er gamlere enn han eigentleg er. Tvillingparet på
8 år er svært begeistra for Magnus og ivrig i å lære Elia engelsk. Dei leikar mykje på leikeplassen i lag. Vi byttar på å passe ungar, her er fortsatt litt kaos i båten, då det ser ut som eit roterom med ein gong nokon tek fram nokre leiker. Pluss pluss…. Eg skal ikkje gi leikene all skulda, der er mykje rart som flyt rundtomkring. Eg har fått plassert vekk nokre bøker på marinaen og kasta litt klede, ellers er det ikkje mykje eg klarar å kassere. Ein ting som er litt snålt er lukter og lyder som får meg til å bli fysisk dårleg. Eg kjøpte nokre såper då vi var i Panama som lukta nydeleg, men no har eg store problem kvar gong eg har vaska hendene. For ikkje å snakke om vaskemiddelet! Eg vart så lei meg då eg oppdaga det i båten, for eg trudde at eg hadde gitt det vekk til Dirma før vi forlot båten sist. Eg klarer ikkje eingong å ha på meg ei t-skjorte som har lege her i båten, fordi den stinka av det vaskemiddelet. Og sist; då eg kom heimatt frå handletur ein dag, spelte Stian en cd som vi høyrde mykje på då vi seilte frå Tonga til NZ. Eg kjende at eg ville bli kvalm. Veldig mektig og rar følelse, minner frå all spyinga på havfartane kjem tilbake med lukter og lyder.. Det er godt at eg ikkje reagerer like gale på båtlukta, då hadde eg hatt eit alvorleg problem.

Her er varmt, vi smører oss med solfaktor 50. Eg prøvde meg med eit hjerte på ryggen til Stian, men Elia oppdaga det og sladra.
Sykklane frå Biltema fungerar fortsatt! Kanskje litt rust og nokre eikerter som manglar, men ellers ok. Og sykkelstolen brukar vi til Magnus i båten når han skal ete mat, han rotar nokke heilt fantastisk. Mat ja; her er ikkje leverpostei, makrell i tomat eller fiskepudding og majones. Redninga er Nutella!! Magnus og Elia elska det nugattilignande påleggetJ Så har vi no havregrauten hass far. Med rosiner, kanel og sukker, vert det en god frokost av og til.

Vi har fått oss nabobåt. Eit par frå NZ har nettopp kjøpt seg båt, leiger ut huset sitt og skal på 2 års stillehavstur. Dei driv å gjer klar båten sin, og i dag skulle dei lage babystag framme på båten, for å kunne ha på stormfokk ved dårleg vær. Dei såg at vi mangla babystag, og lurte på kva vi gjorde når vi møtte på storm. – Vi har ikkje storm, svara Stian enkelt. Vi vil gjerne følge dåkke, sa dei og gliste.
På 1,5 år har vi ikkje hatt skikkeleg dårleg vær, og det satsar vi på at det ikkje blir på dei neste 1,5 åra også!

Vi ligg igrunn midt i ein liten by, her er alt vi ønsker, perfekt plass for å gjere klar båt. I ei gate er der for eksempel mange småbutikkar, der dei har kvar sine ting. Watermakerbutikk, seilbutikk, plastikkbøtterbutikk (alt i plastikkbutikk), alt i kjettingbutikk, osv

Eg hadde 2 store gjeremål som eg viste at eg måtte gjer så fort som muleg. No er salongen snart rein, alle putetrekka fekk vaska av sopplag og saltlake. Dyner og overtrekk på overmadrasser fekk seg også ein vask for en 300 kr.

Eg driv å samlar opp klede som skal vaskast. Her er vaskemaskiner på marinaen og det kostar 10 kr pr vask som varar i 30 min. Ikkje kokvasking, men kun kaldt vatn.. Handukane kjem ut like flekkete som før eg heiv dei inn, men dei luktar i alle fall litt bedre. På det vaskeriet som vaska putetrekk og dyner går det an å få koka kler i bedre vaskemaskiner, (slike som vi har i norge) men der kostar det meir, og det er eit lite stykke å gå. Kanskje eg berre invisterar i nokre nye handdukar og koppehanddukar.

Vi har ikkje fått testa watermakeren endå, men vi får gjer det når vi løyser fortøyningar og dreg ut på havet en tur. Vi drikk vatn som vi kjøper på butikk.

Det var litt detaljar frå kvardagslivet om bord i Good Mood for øyeblikket.

Reidun

Ps:
Elia har forresten det veldig kjekt med å sei guud mårning til alle som går forbi båten vår. Dei fleste ler fordi det er langt på dag;)

søndag 13. mars 2011

Norge - New Zealand

Velkommen til nye, og takk for sist til alle våre kjære, kjente og mindre kjente lesarar! No er vi tilbake, vi fortsett der vi slapp og skal igjennom dette året dele nyhende frå kvardagslivet vårt, eventyret ombord i Good Mood. Til deg som måtte ønske å ta del i dette, sett deg godt tilbake i lenestolen og reis ilag med oss i gode og mindre gode dagar, til vi ein gong sjåast på kaia i Norge:) Eg føle meg likevel forplikta til å opplyse om risikoen ein tek ved å følge med på bloggen vår, der er ein viss avhengigheit, F5 knappen kjem til å bli utslitt på tastaturet, då vi ikkje kjem med regelmessige oppdateringar, men plutselege innslag når vi får tida til det. Ei anna potensiell "fare" ved denne smugreisinga, er at du kan plutseleg finne deg sjølv avgårde på eit fly for å kanskje møte desse artige eventyrarane ombord på Good Mood. Til deg som ikkje har bestilt bilett endå; velkommen ombord likevel, delta gjerne med innslag, spørsmål eller eit visdomsord i ny og ne; bloggen er open for landkrabbar og andre krabbe krøller.

Dette året gjekk vanvittig fort. Vi reiste heim for å få en gutt til, muslingperla frå stillehavet. Så skulle vi tjene oss nokre kroner som vi kunne bruke på resten av turen. No viser det seg at ikkje alt går som vi planlegg. Magnus kom ut han, stor og fin, og vart verdens beste lillebror. Men å miste Anders var tungt å svelge, rettelse; er tungt å svelge. Det smerter endå på plassa der ein ikkje trudde ein hadde låkt, av lengsel etter å få treffe han igjen, sjå smilet og høyre den smittande latteren. Å miste nokon ein har kjær er låkt. Desto vikitgere er det å ta vare på dei vi har igjen, og gle oss over det vi har ilag. Vi føler at vi har fått gjort litt av dette, då vi har brukt mykje tid til familie og venner dette året. I tilegg til å bruke peng på Norgesturnè har vi brukt opp alle sparepengar og litt til på eit veldig kjekt prosjekt som ventar på oss til vi kjem heim. Vi snakkar småbruk! Vi har ikkje endå blitt ferdig med den eine draumen, før den neste er i gong; livet som småbrukeigarar:) Dette vil dåkke sikkert få høyre meir om ettekvart som lengselen heimatt vert større!

Eg var ikkje tenkt å skrive noko om reisa ned hit til NZ, men eg kan ikkje la vere, dei som ikkje gidd å lese om flygetur kan hoppe til neste avsnitt. Vi kom ombord på vigra, og kapteinen melde frå om litt vind som kunne skape turbulens i lufta; -litt action er morosamt, tenkte vi. Joda flyet dansa og gjorde oss litt rar i magen, men dette tok straks slutt og vi hadde ei fin fortsettelse på turen, heilt til vi skulle ned igjen. Denne gongen var det ikkje turbulens, men likevel vart Elia grønare og grønare i fjeset. -Er du dårleg? spør eg forsiktig, der eg sitt med Magnus på fanget, -Ja, svarar Elia spakt; -eg må spy! Stakkars guten, spydde gjorde han, og eg beit meg i å tenke korleis skal dette gå, vi har sånn ca 30 tima igjen med flygeturar... Heldigvis vart gutten fort bedre då han fikk springe rundt på Gardemoen før vi skulle boarde på neste fly til London. Denne turen gjekk greiere, men det var blitt kveld, og gutane var veldig trøtte. Vi gjekk ombord i det store flyet som skulle frakte oss til Auckland, via Hong Kong, klokka 11 om kvelden. Denne flygeturen ville ta 25 timar med 2 timars pause på flyplassen i Hong Kong. Første natta var grei, bortsett frå at eg måtte halde Magnus i 5 timar medan han søv. Eg heldt han pga amming. Viss han får ein liten tår so sovnar han fort til att. Dette gjekk egentlig greit bortsett frå at eg satt bak ein vegg og fekk ikkje strekke ut beina. Etterkvart visna både beina og rompa vekk, så det vart vanskeleg å få sove sjølv. Elia er så lang ein gut. Han la seg ned på 2 seter, og Stian fekk seg eit ledig sete på andre sida av midtgangen. Det gjekk no på eit vis, men eg vil ikkje anbefale å ha 12 kilo på fanget i så altfor mange timar i gongen. Etter ein god frukost landa vi i Hong Kong, måtte pakke oss ut, gå ett stykke og tilbake til gaten. For at oss ikkje skulle gå oss vill var der stasjonert ut små tjingtjong gutta som heile tida peika på veien videre der oss skulle gå. Ein var til og med så hjelsom at han spurte om vi skulle til "akaland". vi skulle til å snu og sei at vi gjekk feil, då Stian sa; -Åklænd? Og fekk eit stort bekreftande smilefjes til nikk. –Jes, jes, akaland, jes svara veiviseren. Vel ombord på flyet som skulle til akaland, fekk vi tilvist ny plass. Heilt greit tenkte eg, no får eg strekke på beina! Men jammen skulle der ikkje vere ei hake her også, tjingtjong-paret framom oss hadde også ein liten gutt som bytta på med Magnus om å halde kvarandre våken. Når den eine guten skreik, våkna den andre osv.. Som om ikkje det var nok, så hadde tjingtjong folka med seg tigerbalsam. For dei som ikkje er kjend med tigerbalsam, så er dette ein nokså illeluktande salve som løyser opp både stive musklar og nasegangar. Denne lukta er intens, og opnar nasegangar heilt opp til hjerna. Eg veit ikkje om dei hadde misforstått litt bruken ved denne salven, men det såg ut som om dei hadde stive musklar både på hender og føtter. Jaja, etter kva Stian sa då han hadde gått nokre lufteturar med Elia rundt om i flyet, var der mykje rare fiselukter overalt. Kanksje ej skulle vere takknemlig for den forfriskande naserensinga der eg satt. Resten av turen gjekk igrunn greit, bortsett frå at vi hadde sagt til Elia at vi var snart framme på Good Mood når vi hadde landa på NZ. Dette var litt misvisande, då det tok oss nokre timar å få sjekka inn i landet, og Good Mood låg på ein annan stad en i Auckland. Når vi ikkje hadde returbilett, vart det litt styr å komme inn i landet, sjølv om vi viste til at vi var eigarar av ein båt som skulle ut av landet iløpet av mai månad. Etter litt ventetid og telefonar til toll- og immigrasjons folk i byen, fekk vi endeleg komme oss ut av flyplassen. Vi stua oss inn i ein bil som ikkje hadde barneseter, og i tilegg til dette kjørte han på feil side av veien!!! Ein gong var eg heilt sikker på at vi skulle kræsje, då han svinga inn ei gate. Eg heiv meg over Magnus og var klar for ein stjernesmell, men denne kom sjølvsagt ikkje og sjåføren trudde antagelegvis at eg var litt gal. – It is night time for us now, you know, borforklarte eg. –We come from Norway, and it is really 12 hours different. –We are pretty tired. Elia og Magnus sovna på denne halvtimers turen til Auckland, så då vi kom til buss-stasjonen, måtte vi løfte dei og all bagasjen ut på gata og bære alt sammen 10 meter i gongen. Stian bar, medan eg vakta born og bagasje. Med naud og neppe klarte oss å komme oss på ein full buss til Whangarei klokka 13, den neste hadde ikkje gått før klokka 16. Både eg og Stian mista haude ned på knea fleire gongar iløpet av turen. Magnus søv ikkje så tungt, så han våkna kvar gong buss-sjåføren annonserte ettelleranna med ei skingrande stemme over høgtalaranlegget. Endeleg framme i Whangarei hadde eg verdens lengste armer, og trøtte musklar. Når endeleg taxien kjem er vi så trøtt at Stian går og sett seg bak rattet på bilen, medan sjåføren flirer og skal til å sette seg på passasjersida. Han trudde seriøst at Stian ville kjøre bilen, medan både eg og Stian ikkje kunne skjønne kvifor rattet var plassert på passasjersida av bilen. No hadde vi ikkje mykje krefter til overs, men likvel var det som om noko ekstra skjedde då vi svinga inn på marinaen, og vi såg oss om etter Good Mood. Då vi litt seinere rodde oss bort til skuta vår, var det ikkje fritt for at vi gliste både Stian og eg. DER låg den, havseileren, heimen vår, og skuta som skal få frakte oss videre på dei sju hav. Vi kjende på ein merkeleg følelse, då vi steig ned i båten og saug inn det første inntrykket. Vi var heime.

Good Mood var i grei forfatning, her fanst ikkje vatn i kjølen, og overalt låg der daude fivrellar, eit tynt sopplag på puter og veggar, Elia fann til og med en diger inntørka kakerlakk framme i forpiggen. Det lukta innestengt og ekkelt, men kva kan ein vel ikkje forvente etter eit års lagring i varme strøk. Batteria hadde dessverre også tørka ut, men vi får sjå kor gale det er når vi har fått fylt vatn, lada og tappa ned nokre gongar. Båten starta og vi kunne etterkvart flytte oss bort på brygga, der det vert mykje lettare å gjere reint, handle på butikkar og leike på leikeplassen. Magnus og Elia elskar å vere på sistnevnte plass, dei dissar, sklir og spring om kapp, medan eg diltar etter med solkrem og vannflaska. Her er varmt, sol og fuktig. Etter to dagars jobbing har Stian allereie fått rosa nakke og fine rosa merker etter t-skjorta på armane. Dette går den veien det skal, vi har fått vaska eindel, og ei jente ville gjerne hjelpe oss med barnepass på leikeplassen, så vi får vere dobbelt så effektive. Den store frustrasjonen min er egentleg alt unødvendig skrot og tull ombord. Dessutan er eg av den sorten som ikkje klarer å hive noko som eg kanskje kan få bruk for, så dette vert ei hard oppgave. Vi hadde med oss 3 fulle koffertar med ting og ein enorm bag med klede. Kvar i all verden skal vi gjere av dette når vi ikkje har plass ledig??? Soloppetne og morkna singlets skal eg vel klare å hive, men det vert ikkje så veldig stor plass etter desse.

Tidsforkjellen er ei utfordring, særleg for Magnus, Elia sa til meg den første dagen at han ville ikkje vere på Good Mood meir, og eg spurte kvifor ikkje det; -Fordi eg blir så sjøsjuk, sa han og spydde. Eg prøvde å forklare at han ikkje var sjøsjuk, båten låg heilt stille, det han kjende på var reisesjuke, Elia hadde rett og slett kraftig jetlag. Dette ordna seg heldigvis etterkvart, og no er vi frisk og rask og tek alt heilt i fint tempo. Når Magnus søv, så legg vi andre oss også, så får vi heller ta denne døgnsnuinga litt om litt.

Reidun

lørdag 12. mars 2011

Fredagsmelding frå Good Mood

For alle som lurer på kvar Good Mood med mannskap oppheld seg, så ligg dei langt inne i ei bukt (Wangarei) på austsida av New Zealand, og er såleis ikkje i faresonen for tsunamien som er varsla å nå landet no utpå kvelden. Dei er sjølvsagt litt slitne etter turen, men alt er vel og dei jobber med å kome seg i orden ombord, og det trengst sjølvsagt litt reingjering både innabords og på utsida. NB Satelittelefonen deira er ikkje oppe å gå enno, så dei vil ikkje kunne motta meldinger som blir sendt til den. Om nokon vil sende ei helsing, så får de heller bruke gjesteboka. Dei kjem til å sjekke den inni blandt.

fredag 11. mars 2011

Båten flyt endå

Reidun: "Stian e solbrent, båten e soppete og skjeten. For øyeblikket søv alle, ej me snart, til han Magnus vakna om nokken tima. Elia og Magnus stortrivst på leikeplassen. Savna dokke og leverpostei."