onsdag 23. mars 2011

kvardagsliv

Dagens gåte:

Stian: -Eg har ikkje nokken t-skjorter, Reidun!
Reidun: - Joda, du har mange, la meg få leite i skåpet ditt.

Etter ei lita stund kjem Reidun tilbake og kan konstantere at begge har rett, korleis kan det gå til?

Det er ikkje så mykje så skjer her i Whangarei, anna enn at Stian syklar byen rundt og finn deler til alt han fiksar på i båten. Vi har installert AIS! Så no får vi opp på skjermen når der er båtar i området, kva dei heiter, kvar dei skal, kva fart dei kjører med og kor stor dei er. AIS er dyrt, men ei riktig investering for oss akkurat no. Elia er skikkeleg 4-åring og spør om alt muleg rart. Av og til byttar vi på å kvile øyrene og la den andre finne svara. Spørsmål slik som; -Kvifor har eg større tunge enn fiskane?.....

Eg trur Magnus savnar dåkke heime. Når han ser bilder av familie, studerer han dei nøye og kjem med mange nasale lydar. På leikeplassen kan han bli ståande å sjå på voksne i lang tid. Av og til er han gretten, og det er ikkje fritt for at han protesterar når vi skal ombord i båten. Men stort sett har han det veldig bra ilag med Elia, dei likar å leike seg ilag.


Her er mykje tjuveri ved Marinaen. Her om dagen kunne dei fortelle at 5 syklar hadde blitt stolen på ei veke, og dei fleste hadde vore låst. Kjekt å vite at dei ikkje gidd å ta sykkelen til Stian, kanskje dei har latt vere sida den har vore ulåst? Då vi likevel skulle låse sykkelen utanfor eit butikksenter, spurte Elia sjølvsagt koffor vi låste sykkelen, der vi svara at vi ikkje ville at nokon skulle ta den. -Men, sa Elia, -Vi kan no berre sei til den som ikkje he sykkel at dei kan få bruke den, og so kan vi få den når vi treng den... jo, for so vidt so kunne vi ha gjort det slik, men vi hadde ikkje tida til å vente på dei som enventuelt skulle låne sykkelen vår, for vi skulle kjøpe rakett og utskytningsrampe til Elia. Denne leika var veldig populær på leikeplassen, og Elia fikk erfare at ikkje alle ungar er like greie når det gjeld å låne vekk..

I skrivande stund er klokka halv 11 på kvelden. Stian har gått laus på prosjekt isolere kjøleskåp. Dette er inga lett sak, då han antagelegvis må demontere heile kjøkkenet vårt. Han er ikkje så blid akkurat no, då jobben til no har kosta han mykje svette og litt blod. I begynnelsen sang han på Peter Gabriel sin sang; dont give up, men no har han gått over til Amazing grace... - no er det ikkje mykje håp, sei han. Eg betvilar det han sei, for fyren er dyktig, han får som regel til det han sett seg føre.

Vi må straks legge oss, Magnus og Elia vaknar om ikkje så altfor mange timar.

Svar på gåta om t-skjortene; Eg fann 9 t-skjorter i kleskåpet til Stian. 3 gjekk i boss og resten har eg prøvd å vaske, men dei er forsyne meg antageleg blitt brukt til altmulegrart skjorter. Eg skjønar ikkje korleis det er muleg, men han har ikkje ei einaste t-skjorte som er fin og utan flekkar som ikkje går vekk! Men som den arge arbeidskaren han er, så må han få lov til å skitne seg til, så får eg heller gøyme vekk nokre t-skjorter til fintbruk;)

Reidun
ps; vi har ikkje aktivert satelittelefonen endå, så vi får ikkje meldingar om det skulle vere nokon som sender.
psps; har lagt ut litt bilder i albummet
pspsps: på mandag skal vi ta båten på land, vaske og bunnsmøre den.

torsdag 17. mars 2011

Livet i Marinaen her i Wangarei

Det er onsdag og vi har nesten vore her ei veke. I dag betalte Stian halve nye framseilet vårt. Det vert ferdig sånn omtrentleg i april. Ellers har han kjøpt meir kjetting, so no har vi 77 meter med ankerkjetting, før hadde vi berre 45. Ny luke til forpiggen er bestilt og den skal Stian hente imorgo. Elia har fått seg vennar, han er så lang at ungane trur han er gamlere enn han eigentleg er. Tvillingparet på
8 år er svært begeistra for Magnus og ivrig i å lære Elia engelsk. Dei leikar mykje på leikeplassen i lag. Vi byttar på å passe ungar, her er fortsatt litt kaos i båten, då det ser ut som eit roterom med ein gong nokon tek fram nokre leiker. Pluss pluss…. Eg skal ikkje gi leikene all skulda, der er mykje rart som flyt rundtomkring. Eg har fått plassert vekk nokre bøker på marinaen og kasta litt klede, ellers er det ikkje mykje eg klarar å kassere. Ein ting som er litt snålt er lukter og lyder som får meg til å bli fysisk dårleg. Eg kjøpte nokre såper då vi var i Panama som lukta nydeleg, men no har eg store problem kvar gong eg har vaska hendene. For ikkje å snakke om vaskemiddelet! Eg vart så lei meg då eg oppdaga det i båten, for eg trudde at eg hadde gitt det vekk til Dirma før vi forlot båten sist. Eg klarer ikkje eingong å ha på meg ei t-skjorte som har lege her i båten, fordi den stinka av det vaskemiddelet. Og sist; då eg kom heimatt frå handletur ein dag, spelte Stian en cd som vi høyrde mykje på då vi seilte frå Tonga til NZ. Eg kjende at eg ville bli kvalm. Veldig mektig og rar følelse, minner frå all spyinga på havfartane kjem tilbake med lukter og lyder.. Det er godt at eg ikkje reagerer like gale på båtlukta, då hadde eg hatt eit alvorleg problem.

Her er varmt, vi smører oss med solfaktor 50. Eg prøvde meg med eit hjerte på ryggen til Stian, men Elia oppdaga det og sladra.
Sykklane frå Biltema fungerar fortsatt! Kanskje litt rust og nokre eikerter som manglar, men ellers ok. Og sykkelstolen brukar vi til Magnus i båten når han skal ete mat, han rotar nokke heilt fantastisk. Mat ja; her er ikkje leverpostei, makrell i tomat eller fiskepudding og majones. Redninga er Nutella!! Magnus og Elia elska det nugattilignande påleggetJ Så har vi no havregrauten hass far. Med rosiner, kanel og sukker, vert det en god frokost av og til.

Vi har fått oss nabobåt. Eit par frå NZ har nettopp kjøpt seg båt, leiger ut huset sitt og skal på 2 års stillehavstur. Dei driv å gjer klar båten sin, og i dag skulle dei lage babystag framme på båten, for å kunne ha på stormfokk ved dårleg vær. Dei såg at vi mangla babystag, og lurte på kva vi gjorde når vi møtte på storm. – Vi har ikkje storm, svara Stian enkelt. Vi vil gjerne følge dåkke, sa dei og gliste.
På 1,5 år har vi ikkje hatt skikkeleg dårleg vær, og det satsar vi på at det ikkje blir på dei neste 1,5 åra også!

Vi ligg igrunn midt i ein liten by, her er alt vi ønsker, perfekt plass for å gjere klar båt. I ei gate er der for eksempel mange småbutikkar, der dei har kvar sine ting. Watermakerbutikk, seilbutikk, plastikkbøtterbutikk (alt i plastikkbutikk), alt i kjettingbutikk, osv

Eg hadde 2 store gjeremål som eg viste at eg måtte gjer så fort som muleg. No er salongen snart rein, alle putetrekka fekk vaska av sopplag og saltlake. Dyner og overtrekk på overmadrasser fekk seg også ein vask for en 300 kr.

Eg driv å samlar opp klede som skal vaskast. Her er vaskemaskiner på marinaen og det kostar 10 kr pr vask som varar i 30 min. Ikkje kokvasking, men kun kaldt vatn.. Handukane kjem ut like flekkete som før eg heiv dei inn, men dei luktar i alle fall litt bedre. På det vaskeriet som vaska putetrekk og dyner går det an å få koka kler i bedre vaskemaskiner, (slike som vi har i norge) men der kostar det meir, og det er eit lite stykke å gå. Kanskje eg berre invisterar i nokre nye handdukar og koppehanddukar.

Vi har ikkje fått testa watermakeren endå, men vi får gjer det når vi løyser fortøyningar og dreg ut på havet en tur. Vi drikk vatn som vi kjøper på butikk.

Det var litt detaljar frå kvardagslivet om bord i Good Mood for øyeblikket.

Reidun

Ps:
Elia har forresten det veldig kjekt med å sei guud mårning til alle som går forbi båten vår. Dei fleste ler fordi det er langt på dag;)

søndag 13. mars 2011

Norge - New Zealand

Velkommen til nye, og takk for sist til alle våre kjære, kjente og mindre kjente lesarar! No er vi tilbake, vi fortsett der vi slapp og skal igjennom dette året dele nyhende frå kvardagslivet vårt, eventyret ombord i Good Mood. Til deg som måtte ønske å ta del i dette, sett deg godt tilbake i lenestolen og reis ilag med oss i gode og mindre gode dagar, til vi ein gong sjåast på kaia i Norge:) Eg føle meg likevel forplikta til å opplyse om risikoen ein tek ved å følge med på bloggen vår, der er ein viss avhengigheit, F5 knappen kjem til å bli utslitt på tastaturet, då vi ikkje kjem med regelmessige oppdateringar, men plutselege innslag når vi får tida til det. Ei anna potensiell "fare" ved denne smugreisinga, er at du kan plutseleg finne deg sjølv avgårde på eit fly for å kanskje møte desse artige eventyrarane ombord på Good Mood. Til deg som ikkje har bestilt bilett endå; velkommen ombord likevel, delta gjerne med innslag, spørsmål eller eit visdomsord i ny og ne; bloggen er open for landkrabbar og andre krabbe krøller.

Dette året gjekk vanvittig fort. Vi reiste heim for å få en gutt til, muslingperla frå stillehavet. Så skulle vi tjene oss nokre kroner som vi kunne bruke på resten av turen. No viser det seg at ikkje alt går som vi planlegg. Magnus kom ut han, stor og fin, og vart verdens beste lillebror. Men å miste Anders var tungt å svelge, rettelse; er tungt å svelge. Det smerter endå på plassa der ein ikkje trudde ein hadde låkt, av lengsel etter å få treffe han igjen, sjå smilet og høyre den smittande latteren. Å miste nokon ein har kjær er låkt. Desto vikitgere er det å ta vare på dei vi har igjen, og gle oss over det vi har ilag. Vi føler at vi har fått gjort litt av dette, då vi har brukt mykje tid til familie og venner dette året. I tilegg til å bruke peng på Norgesturnè har vi brukt opp alle sparepengar og litt til på eit veldig kjekt prosjekt som ventar på oss til vi kjem heim. Vi snakkar småbruk! Vi har ikkje endå blitt ferdig med den eine draumen, før den neste er i gong; livet som småbrukeigarar:) Dette vil dåkke sikkert få høyre meir om ettekvart som lengselen heimatt vert større!

Eg var ikkje tenkt å skrive noko om reisa ned hit til NZ, men eg kan ikkje la vere, dei som ikkje gidd å lese om flygetur kan hoppe til neste avsnitt. Vi kom ombord på vigra, og kapteinen melde frå om litt vind som kunne skape turbulens i lufta; -litt action er morosamt, tenkte vi. Joda flyet dansa og gjorde oss litt rar i magen, men dette tok straks slutt og vi hadde ei fin fortsettelse på turen, heilt til vi skulle ned igjen. Denne gongen var det ikkje turbulens, men likevel vart Elia grønare og grønare i fjeset. -Er du dårleg? spør eg forsiktig, der eg sitt med Magnus på fanget, -Ja, svarar Elia spakt; -eg må spy! Stakkars guten, spydde gjorde han, og eg beit meg i å tenke korleis skal dette gå, vi har sånn ca 30 tima igjen med flygeturar... Heldigvis vart gutten fort bedre då han fikk springe rundt på Gardemoen før vi skulle boarde på neste fly til London. Denne turen gjekk greiere, men det var blitt kveld, og gutane var veldig trøtte. Vi gjekk ombord i det store flyet som skulle frakte oss til Auckland, via Hong Kong, klokka 11 om kvelden. Denne flygeturen ville ta 25 timar med 2 timars pause på flyplassen i Hong Kong. Første natta var grei, bortsett frå at eg måtte halde Magnus i 5 timar medan han søv. Eg heldt han pga amming. Viss han får ein liten tår so sovnar han fort til att. Dette gjekk egentlig greit bortsett frå at eg satt bak ein vegg og fekk ikkje strekke ut beina. Etterkvart visna både beina og rompa vekk, så det vart vanskeleg å få sove sjølv. Elia er så lang ein gut. Han la seg ned på 2 seter, og Stian fekk seg eit ledig sete på andre sida av midtgangen. Det gjekk no på eit vis, men eg vil ikkje anbefale å ha 12 kilo på fanget i så altfor mange timar i gongen. Etter ein god frukost landa vi i Hong Kong, måtte pakke oss ut, gå ett stykke og tilbake til gaten. For at oss ikkje skulle gå oss vill var der stasjonert ut små tjingtjong gutta som heile tida peika på veien videre der oss skulle gå. Ein var til og med så hjelsom at han spurte om vi skulle til "akaland". vi skulle til å snu og sei at vi gjekk feil, då Stian sa; -Åklænd? Og fekk eit stort bekreftande smilefjes til nikk. –Jes, jes, akaland, jes svara veiviseren. Vel ombord på flyet som skulle til akaland, fekk vi tilvist ny plass. Heilt greit tenkte eg, no får eg strekke på beina! Men jammen skulle der ikkje vere ei hake her også, tjingtjong-paret framom oss hadde også ein liten gutt som bytta på med Magnus om å halde kvarandre våken. Når den eine guten skreik, våkna den andre osv.. Som om ikkje det var nok, så hadde tjingtjong folka med seg tigerbalsam. For dei som ikkje er kjend med tigerbalsam, så er dette ein nokså illeluktande salve som løyser opp både stive musklar og nasegangar. Denne lukta er intens, og opnar nasegangar heilt opp til hjerna. Eg veit ikkje om dei hadde misforstått litt bruken ved denne salven, men det såg ut som om dei hadde stive musklar både på hender og føtter. Jaja, etter kva Stian sa då han hadde gått nokre lufteturar med Elia rundt om i flyet, var der mykje rare fiselukter overalt. Kanksje ej skulle vere takknemlig for den forfriskande naserensinga der eg satt. Resten av turen gjekk igrunn greit, bortsett frå at vi hadde sagt til Elia at vi var snart framme på Good Mood når vi hadde landa på NZ. Dette var litt misvisande, då det tok oss nokre timar å få sjekka inn i landet, og Good Mood låg på ein annan stad en i Auckland. Når vi ikkje hadde returbilett, vart det litt styr å komme inn i landet, sjølv om vi viste til at vi var eigarar av ein båt som skulle ut av landet iløpet av mai månad. Etter litt ventetid og telefonar til toll- og immigrasjons folk i byen, fekk vi endeleg komme oss ut av flyplassen. Vi stua oss inn i ein bil som ikkje hadde barneseter, og i tilegg til dette kjørte han på feil side av veien!!! Ein gong var eg heilt sikker på at vi skulle kræsje, då han svinga inn ei gate. Eg heiv meg over Magnus og var klar for ein stjernesmell, men denne kom sjølvsagt ikkje og sjåføren trudde antagelegvis at eg var litt gal. – It is night time for us now, you know, borforklarte eg. –We come from Norway, and it is really 12 hours different. –We are pretty tired. Elia og Magnus sovna på denne halvtimers turen til Auckland, så då vi kom til buss-stasjonen, måtte vi løfte dei og all bagasjen ut på gata og bære alt sammen 10 meter i gongen. Stian bar, medan eg vakta born og bagasje. Med naud og neppe klarte oss å komme oss på ein full buss til Whangarei klokka 13, den neste hadde ikkje gått før klokka 16. Både eg og Stian mista haude ned på knea fleire gongar iløpet av turen. Magnus søv ikkje så tungt, så han våkna kvar gong buss-sjåføren annonserte ettelleranna med ei skingrande stemme over høgtalaranlegget. Endeleg framme i Whangarei hadde eg verdens lengste armer, og trøtte musklar. Når endeleg taxien kjem er vi så trøtt at Stian går og sett seg bak rattet på bilen, medan sjåføren flirer og skal til å sette seg på passasjersida. Han trudde seriøst at Stian ville kjøre bilen, medan både eg og Stian ikkje kunne skjønne kvifor rattet var plassert på passasjersida av bilen. No hadde vi ikkje mykje krefter til overs, men likvel var det som om noko ekstra skjedde då vi svinga inn på marinaen, og vi såg oss om etter Good Mood. Då vi litt seinere rodde oss bort til skuta vår, var det ikkje fritt for at vi gliste både Stian og eg. DER låg den, havseileren, heimen vår, og skuta som skal få frakte oss videre på dei sju hav. Vi kjende på ein merkeleg følelse, då vi steig ned i båten og saug inn det første inntrykket. Vi var heime.

Good Mood var i grei forfatning, her fanst ikkje vatn i kjølen, og overalt låg der daude fivrellar, eit tynt sopplag på puter og veggar, Elia fann til og med en diger inntørka kakerlakk framme i forpiggen. Det lukta innestengt og ekkelt, men kva kan ein vel ikkje forvente etter eit års lagring i varme strøk. Batteria hadde dessverre også tørka ut, men vi får sjå kor gale det er når vi har fått fylt vatn, lada og tappa ned nokre gongar. Båten starta og vi kunne etterkvart flytte oss bort på brygga, der det vert mykje lettare å gjere reint, handle på butikkar og leike på leikeplassen. Magnus og Elia elskar å vere på sistnevnte plass, dei dissar, sklir og spring om kapp, medan eg diltar etter med solkrem og vannflaska. Her er varmt, sol og fuktig. Etter to dagars jobbing har Stian allereie fått rosa nakke og fine rosa merker etter t-skjorta på armane. Dette går den veien det skal, vi har fått vaska eindel, og ei jente ville gjerne hjelpe oss med barnepass på leikeplassen, så vi får vere dobbelt så effektive. Den store frustrasjonen min er egentleg alt unødvendig skrot og tull ombord. Dessutan er eg av den sorten som ikkje klarer å hive noko som eg kanskje kan få bruk for, så dette vert ei hard oppgave. Vi hadde med oss 3 fulle koffertar med ting og ein enorm bag med klede. Kvar i all verden skal vi gjere av dette når vi ikkje har plass ledig??? Soloppetne og morkna singlets skal eg vel klare å hive, men det vert ikkje så veldig stor plass etter desse.

Tidsforkjellen er ei utfordring, særleg for Magnus, Elia sa til meg den første dagen at han ville ikkje vere på Good Mood meir, og eg spurte kvifor ikkje det; -Fordi eg blir så sjøsjuk, sa han og spydde. Eg prøvde å forklare at han ikkje var sjøsjuk, båten låg heilt stille, det han kjende på var reisesjuke, Elia hadde rett og slett kraftig jetlag. Dette ordna seg heldigvis etterkvart, og no er vi frisk og rask og tek alt heilt i fint tempo. Når Magnus søv, så legg vi andre oss også, så får vi heller ta denne døgnsnuinga litt om litt.

Reidun

lørdag 12. mars 2011

Fredagsmelding frå Good Mood

For alle som lurer på kvar Good Mood med mannskap oppheld seg, så ligg dei langt inne i ei bukt (Wangarei) på austsida av New Zealand, og er såleis ikkje i faresonen for tsunamien som er varsla å nå landet no utpå kvelden. Dei er sjølvsagt litt slitne etter turen, men alt er vel og dei jobber med å kome seg i orden ombord, og det trengst sjølvsagt litt reingjering både innabords og på utsida. NB Satelittelefonen deira er ikkje oppe å gå enno, så dei vil ikkje kunne motta meldinger som blir sendt til den. Om nokon vil sende ei helsing, så får de heller bruke gjesteboka. Dei kjem til å sjekke den inni blandt.

fredag 11. mars 2011

Båten flyt endå

Reidun: "Stian e solbrent, båten e soppete og skjeten. For øyeblikket søv alle, ej me snart, til han Magnus vakna om nokken tima. Elia og Magnus stortrivst på leikeplassen. Savna dokke og leverpostei."