onsdag 23. mars 2011

kvardagsliv

Dagens gåte:

Stian: -Eg har ikkje nokken t-skjorter, Reidun!
Reidun: - Joda, du har mange, la meg få leite i skåpet ditt.

Etter ei lita stund kjem Reidun tilbake og kan konstantere at begge har rett, korleis kan det gå til?

Det er ikkje så mykje så skjer her i Whangarei, anna enn at Stian syklar byen rundt og finn deler til alt han fiksar på i båten. Vi har installert AIS! Så no får vi opp på skjermen når der er båtar i området, kva dei heiter, kvar dei skal, kva fart dei kjører med og kor stor dei er. AIS er dyrt, men ei riktig investering for oss akkurat no. Elia er skikkeleg 4-åring og spør om alt muleg rart. Av og til byttar vi på å kvile øyrene og la den andre finne svara. Spørsmål slik som; -Kvifor har eg større tunge enn fiskane?.....

Eg trur Magnus savnar dåkke heime. Når han ser bilder av familie, studerer han dei nøye og kjem med mange nasale lydar. På leikeplassen kan han bli ståande å sjå på voksne i lang tid. Av og til er han gretten, og det er ikkje fritt for at han protesterar når vi skal ombord i båten. Men stort sett har han det veldig bra ilag med Elia, dei likar å leike seg ilag.


Her er mykje tjuveri ved Marinaen. Her om dagen kunne dei fortelle at 5 syklar hadde blitt stolen på ei veke, og dei fleste hadde vore låst. Kjekt å vite at dei ikkje gidd å ta sykkelen til Stian, kanskje dei har latt vere sida den har vore ulåst? Då vi likevel skulle låse sykkelen utanfor eit butikksenter, spurte Elia sjølvsagt koffor vi låste sykkelen, der vi svara at vi ikkje ville at nokon skulle ta den. -Men, sa Elia, -Vi kan no berre sei til den som ikkje he sykkel at dei kan få bruke den, og so kan vi få den når vi treng den... jo, for so vidt so kunne vi ha gjort det slik, men vi hadde ikkje tida til å vente på dei som enventuelt skulle låne sykkelen vår, for vi skulle kjøpe rakett og utskytningsrampe til Elia. Denne leika var veldig populær på leikeplassen, og Elia fikk erfare at ikkje alle ungar er like greie når det gjeld å låne vekk..

I skrivande stund er klokka halv 11 på kvelden. Stian har gått laus på prosjekt isolere kjøleskåp. Dette er inga lett sak, då han antagelegvis må demontere heile kjøkkenet vårt. Han er ikkje så blid akkurat no, då jobben til no har kosta han mykje svette og litt blod. I begynnelsen sang han på Peter Gabriel sin sang; dont give up, men no har han gått over til Amazing grace... - no er det ikkje mykje håp, sei han. Eg betvilar det han sei, for fyren er dyktig, han får som regel til det han sett seg føre.

Vi må straks legge oss, Magnus og Elia vaknar om ikkje så altfor mange timar.

Svar på gåta om t-skjortene; Eg fann 9 t-skjorter i kleskåpet til Stian. 3 gjekk i boss og resten har eg prøvd å vaske, men dei er forsyne meg antageleg blitt brukt til altmulegrart skjorter. Eg skjønar ikkje korleis det er muleg, men han har ikkje ei einaste t-skjorte som er fin og utan flekkar som ikkje går vekk! Men som den arge arbeidskaren han er, så må han få lov til å skitne seg til, så får eg heller gøyme vekk nokre t-skjorter til fintbruk;)

Reidun
ps; vi har ikkje aktivert satelittelefonen endå, så vi får ikkje meldingar om det skulle vere nokon som sender.
psps; har lagt ut litt bilder i albummet
pspsps: på mandag skal vi ta båten på land, vaske og bunnsmøre den.

1 kommentar:

Anonym sa...

Hei alle sammen!
Therese: Så godt å høyre at det går bra med dåkke. Ja, kjøp gjerne nokre få fine t-skjoter til onkelen.
Alize: Vi savner dåkke.
Ja, heile familien her i Telemark følger med. Vi er glade for at dåkke har det fint, ikkje minst ungene. Stå på Stian og vær ved godt mot. Ingenting er umulig, i ditt tilfelle tar det umulige bare litt lenger tid :)