søndag 3. april 2011


Mandag; tok båten på land, vaska rein og skrapa av alle skjell.


Tirsdag; Stian sykla til butikk og kjøpte grunning og bunnstoff, grunna kjølen, jobba litt både ute og inne. oppdaga rusthøl på eksosrøret til motoren og skifta akseltetningar og "cutlassbearing" på propellakslingen. Fekk på eit lag med bunnsmøring på eine sida av båten, før det var tid for å ta kveld.


Onsdag; Stian sykla til butikk og kjøpte mykje større målerrull. Han leverte inn eksosrørtingen til vurdering, men det enda med at dei kasserte den. Ny eksosrørting i 316 rustfritt vart ferdig til kvelden for to tusenlappa. Ein ny båt blir tatt opp på land og plassert attmed oss, vi får søta bror til nabo, Lindisfarne frå Sverige. Desse har feriert mykje i Norge og kjenner godt til blant anna Helmax med mannskap Raymond og Anne frå Ålesund. Kjekt å skravle på svensk/norsk om felles bekjente. Resten av dagen måla vi på båten alle mann, til og med Magnus ville gjerne hjelpe til. Når kvelden kom var vi ferdig med siste strøket med bunnstoff. Reidun baka bolla til frokosten neste morgon.


Torsdag; Opp klokka 0610. På med ull, tjukkegensera og varmedress. Ut i kulda og sjå på sjøsetting av nymåla Good Mood i grålysninga klokka 07.00. Charlie(som køyrde krana): -Do you want to check if the boat are leaking in water, before I put her all the way down? Stian(som har hoppa ombord og starta opp motoren): - No, it is ok. Dei flirar begge to, og Good Mood flyt heilt flott:) Vi går tilbake til marinaen Town Basin, medan vi byrjar å ta av oss det eine plagget etter det andre. Her er veldig kaldt om nettene og morgonen, men uttpå dagen vert det utruleg varmt viss sola skin frå blå himmel. Torsdag ettermiddag: For inn til byen og kjøpte keyboard på tilbud! No er det flott musikk i båten vår, Magnus hamrar og har fått forbud mot å nærme seg keyboardet, men Elia kosar seg med å klunke på tangentane. Prosjekt -isolering av kjøleskåp- har tatt til. Etter mykje sykling til forskjellige yrkesfolk, har Stian bestemt seg for å bruke noko som lignar på armaflex. Dette blir knallbra!


Fredag: 1.april. Vi er mykje ute, medan Stian vaskar kjølseskåp med aceton og limer på isolasjon.


Laurdag: Vi er fortsatt mykje ute, Stian isolerar fortsatt kjøleskåp. Eit lite avbrekk med besøk på kinagatekjøkken der vi kjøper 4 poteter og 2 kyllingbitar til 25 kr. Fin deal.


Søndag: Stian har ikkje meir lim, så idag blir det ei pause i isolering av kjøleskåp. Etter mange mislukka forsøk på å få start på påhengeren, tok Stian og Elia sykkelen og sykla til andre sida av elva og hoppa på hoppetårn. Pluss dei såg på skatera og sykkeloppvisning. På vei tilbake såg dei at båtbutikken var ope, så dei fikk tak i litt lim likavel. Då bar det heim og isolere videre. Reidun og ungane er mykje på leikeplassen. Reidun solbrent på skuldrar og nakke, ho smører ungar, men gløymer seg sjølv;)


ps: nye bildealbum

4 kommentarer:

Raymond og Anne sa...

Så kjekt at dere møtte Lindisfarne. Må helse dei så mykje frå oss. Vi følger med dokke. :-)

Andreas sa...

Det kjøleskapet SKAL ej inspisere!!
Helsing Andreas
Hilser fortsatt god tur fra resten av gjengen på Valderøya

Reidun sa...

Anne og Raymond: Vi skulle helse so masse tilbake til dåkke! No har dei også komt sej på vatnet og lagt til på brygga i marinaen. Dei held på å gjer sej klar til Alaskatur!

Andreas: De e bære å komme å inspisere Andreas:) Blir du med å seila frå NZ til Tonga/Fiji i mai? :)
Kjøleskåpet he komt sej på plass og Stian tek tida når det slår sej på og av. Driv å rekna på straumforbruk, til no dreg de ca 6 amp., og går ca 8 tima pr dag. Til sammenligning drog forrige kjøleskåpkompressoren 6 amp heile døgnet... nokke som solcellene ikkje klarte å stille opp mot.

her regna det.

Anonym sa...

Hei!
Spennande å lese om kvardagen dokka. Ser ut som dokke he det kjekt. Heime trur eg våren har komt, krokkus og hestehov:) Kos dokke videre, gleda meg til å følge med på reisebrev og bilder:)
Hilsen Linda H