mandag 23. mai 2011

Telefon frå GOOD MOOD månadag 23.mai 09:30 norsk tid

GOOD MOOD ER FRAMME PÅ FIJI.

Etter en strabasiøs tur med uroleg sjø og sjøverk som ikkje ville gi slepp er vi no inne i lagunen og vi får endelig ro!

torsdag 19. mai 2011

Telefonrapport frå Good Mood onsdag 18. mai kl. 21:30 norsk tid

Reidun ringer på satelittelefonen og avlegg følgende rapport:

No er vi ca halvveis til Fiji trur eg.
Posisjon 28 33.25' S, 176 51.89'E (innlagt på kartet)

Stian har gått og lagt seg etter si rorvakt. Sola skin og det har blitt morgon no. Gutane er våken og set i senga og ser film. Vi surfer nordover på 4-5 M høge bølger rett bakfrå i 25 kn vind med kun forseilet oppe i ca. 5-6 kn. fart.

Autopiloten er gull verd. Det hadde blitt strevsomt å halde kursen når ein skal springe å sjå til gutane innimellom om vi ikkje hadde hatt den.

I går baka eg boller. I dag blir det pannekaker til middag.

Om vi held ut resten av turen? Jau, det er ikkje noko retrett no, så vi må berre stå på til vi er framme på Fiji. Dette skal nok gå bra!!!

onsdag 18. mai 2011

Sms frå Good Mood seint (norsk tid) 16. mai

Fekk melding frå Good Mood seint i går kveld. Første døgn hadde visst vore hardt med kraftig sjøsjuke. 40 knop vind. "Litt bedre no. Elia og Magnus ser film".

søndag 15. mai 2011

Avreise frå NEW ZEALAND




New Zealand har fått æra av å ha oss på besøk i 2 mnd, og no ser det ut til at vi får nydeleg flott seilvind på vei opp til Fiji! Vi legg avgårde i morgon Mandag 16 mai.



Stian fann ein øydelagt Game Boy i "gi-vekk-kråa" i vaskerommet på Opua Marina. Etter litt opning og fiksing, så var den heilt fin og Elia er allereie heilt hekta. Det mest populære spelet er Tom og Jerry, der Tom sankar poeng med å sluke fiskane som heng overalt. Hohoho, det kunne ikkje ha blitt bedre, Elia i sitt ess. Han har forresten laga klart fiskeutstyret sitt til langturen. Først skal han ha ut småkrokane til småfiskane her i minifjorden, før han skiftar over til dei store krokane til storfisken der ute på feltet! Gjett om dette blir spennande. På spørsmål om kva vi skulle be om i kveldsbøna var saken klar; at den kvite tabeletten skulle gå smertefritt ned i magen så Elia blei kvitt sjøsjuke og kunne fiske!





Reint praktisk; vi vil prøve å oppdatere heimesida via satelittelefonen. Pc og satelittelefon er elektriske ustabile apparat som ikkje er glad i sjølivet, derfor kan det vere at dei ikkje vil samarbeide en dag oss vil oppdatere. Turen vil ta ca 8-11 dagar og etterkvart regnar vi med å sjekke inn i Lautoka, Fiji.

Så då sett vi avgårde - mot gylne strender, kokspalmer og varme.

tirsdag 10. mai 2011

Opua, New Zealand






Etter 3 dagar med seiling langs kysten har vi komt oss til Opua. Det ser ut til at vi blir her i området ei stund til, då værutsiktene er heller dårlege. Men på turen hit fikk vi 1 snapper og 2 Kahawai. Vi ankra opp på plassa med dønningar, og slik blei oss gradvis vand med bevegelsar. Iskald vind, kalde strender, uroleg sjø... Vi lengtar etter sol, varme og Fiji:)

søndag 8. mai 2011

Ventar på værvindu

Vi hadde tenkt å sjekke ut idag, men den nyaste værmeldinga fortel oss at det blir nydeleg start men etterkvart 3 dagar med motvind og stamping. Vi vel å vente på neste værvindu, som det vert kalla. Det ser ut til at neste tjangs kan verte om 5-6-7 dagar. Medan vi ventar kjem vi til å seile litt langsmed kysten og fiske litt.

fredag 6. mai 2011

Avreise frå Whangarei, ikkje NZ

No har vi lyst å komme oss ut og ankre opp, venne oss til båten sine bevegelsa og vente på været. Så då gjer vi nettopp det. Vi kjem ikkje til å reise frå NZ på nokre dagar endå, vinden er imot akkurat no, men det ser ut til at det kan bli bedre forhold for havkryssing i neste veke. So då går vi tilbake til innløpet av denne "elva", ankrar opp ved stranda som vi har vore på før, og kosar oss i regnværet:)



mandag 2. mai 2011

Snart avreise frå NZ

No har skippern fått i oppgåve å oppdatere heimeside. Det er lenge sidan forrige oppdatering og nokre lurer sikkert på om vi har kasta fortøyningane allereie. Det har vi ikkje. Vi ligg fortsatt i Whangarei, men det ser ut til at det kan bli avreise temmelig snart. No er det mandag og det er mykje snakk blandt langturseilerane i havna om eit kommande værvindu fram mot helga. Derfor planlegg mange å sjekke ut på fredag og sette kursen mot Fiji. Vi hadde planer om å seile til Opua først og sjekke ut derifrå (ca 1 dags seilas), men det er mulig vi heng oss på dei som reiser fredag og berre går direkte herifrå. Det er spesiellt eg som vil komme meg avgårde. Har fått nok av Whangarei no og dessuten nok av regn og kulde i det siste. Føler at ting har begynt å komme på plass i båten også, og vi har stort sett komt i mål med forberedelsane.

Så kjem eit langt stykke for spesielt intresserte:
Det siste store prosjektet eg har hatt har vore å lage til ein slags slepegenerator. Eg har montert ein ekstra dynamo i motorrommet som blir driven av ei reim som går ned på ei reimskive på propellakslingen. Dette har eg sett ombord i nokre andre langturseilarar og bestemte meg for lenge sidan for å prøve å lage til noko slikt. På grunn av at vi har ein fast propell og ikkje ein foldepropell, så går denne rundt med ganske stor kraft når vi seiler med motoren stoppa og gearet står i fri. Det har blitt ein del fintenking for å kunne gjennomføre planen. Det første eg måtte vite var kor stor omdreining propellakslingen faktisk har under seiling. Ein annan ting var kor mykje belastning som skulle til før turtallet blei betydelig redusert eller stoppa heilt. Derfor kjøpte eg eit sykkelspeedometer som eg monterte på propellakslingen, og etter litt regning og innstilling av speedometeret hadde vi ein perfekt og nøyaktig turteller. Så vart det ein tur ut å teste, men på grunn av at det ikkje var vind så berre køyrde vi båten opp i 6 knop og slo deretter gearet fri for å lese av turtallet. Bremsa også akslingen med handa for å sjå kor mykje dette utgjorde, men det var ikkje mulig å stoppe den berre med handa. Etter ein del testing fekk eg ein ide om kva turtall vi kunne forvente oss med belastning på akslingen og under normal seiling(250-300rpm 5 knop).
Neste steg var å finne ut kva utvekslingsforhold som var mulig å få til mellom propellaksel og dynamo. Ved å sette på ei størst mulig reimskive på propellakslingen så var det mulig å oppnå ei 1:4 utveksling(100-1200rpm på dynamoen). Ein standard dynamo starter som regel ikkje å lade ved så lave turtall og derfor fekk eg eit firma til å spesiallage ein dynamo ved å vikle den oppatt. Denne skulle starte å lade ved ca 800rpm(10A-800rpm, 20A-1000rpm,30A-1200rpm osv).
Når dynamoen var ferdig hadde eg kjøpt og fått dreia til ei reimskive som passa på koblinga på propellakslingen. Deretter var det berre å lage feste for dynamoen til gearhuset og få tak i ei reim som passa. Eg fekk og laga det til slik at ladinga blir utkobla når motoren blir køyrt. Det gjorde eg fordi det blei litt for voldsomt for dynamoen når motoren blir køyrt og dynamoen passerer 4000rpm.

Laurdag kasta vi laust tidleg på morgonen for å gå ut å teste. På grunn av voldsom vind heldt vi oss innaskjers men fekk opp litt seil slik at vi fekk testa vidunderet. Alt fungerte som smurt. På grunn av mykje kastevindar og straum i sjøen var det litt vanskelig å få gjort ein nøyaktig test, men det viste seg at ladinga starta ved ca 4,5 knop og ved 5 knop hadde vi over 10A lading. Når vi nærma oss 6knop steig ladinga heilt opp i 20-30A! Dette vil seie at under normal seiling vil vi ha eit stort overskudd av straum. Heilt fantastisk!(Siv og Jan, dåkke huska kor mykje motor som måtte køyrast for å halde oss med straum på dei lengre seilasane:)

Nok om det. Ellers har det meste av proviant komt ombord og vi har fått aktivert satelittelefonen. Det betyr også at vi mottek tekstmeldingar som kan sendast gratis via heimesida vår. Dette er alltid kjekt når vi er langt til havs, så send gjerne då.

Stian