mandag 2. mai 2011

Snart avreise frå NZ

No har skippern fått i oppgåve å oppdatere heimeside. Det er lenge sidan forrige oppdatering og nokre lurer sikkert på om vi har kasta fortøyningane allereie. Det har vi ikkje. Vi ligg fortsatt i Whangarei, men det ser ut til at det kan bli avreise temmelig snart. No er det mandag og det er mykje snakk blandt langturseilerane i havna om eit kommande værvindu fram mot helga. Derfor planlegg mange å sjekke ut på fredag og sette kursen mot Fiji. Vi hadde planer om å seile til Opua først og sjekke ut derifrå (ca 1 dags seilas), men det er mulig vi heng oss på dei som reiser fredag og berre går direkte herifrå. Det er spesiellt eg som vil komme meg avgårde. Har fått nok av Whangarei no og dessuten nok av regn og kulde i det siste. Føler at ting har begynt å komme på plass i båten også, og vi har stort sett komt i mål med forberedelsane.

Så kjem eit langt stykke for spesielt intresserte:
Det siste store prosjektet eg har hatt har vore å lage til ein slags slepegenerator. Eg har montert ein ekstra dynamo i motorrommet som blir driven av ei reim som går ned på ei reimskive på propellakslingen. Dette har eg sett ombord i nokre andre langturseilarar og bestemte meg for lenge sidan for å prøve å lage til noko slikt. På grunn av at vi har ein fast propell og ikkje ein foldepropell, så går denne rundt med ganske stor kraft når vi seiler med motoren stoppa og gearet står i fri. Det har blitt ein del fintenking for å kunne gjennomføre planen. Det første eg måtte vite var kor stor omdreining propellakslingen faktisk har under seiling. Ein annan ting var kor mykje belastning som skulle til før turtallet blei betydelig redusert eller stoppa heilt. Derfor kjøpte eg eit sykkelspeedometer som eg monterte på propellakslingen, og etter litt regning og innstilling av speedometeret hadde vi ein perfekt og nøyaktig turteller. Så vart det ein tur ut å teste, men på grunn av at det ikkje var vind så berre køyrde vi båten opp i 6 knop og slo deretter gearet fri for å lese av turtallet. Bremsa også akslingen med handa for å sjå kor mykje dette utgjorde, men det var ikkje mulig å stoppe den berre med handa. Etter ein del testing fekk eg ein ide om kva turtall vi kunne forvente oss med belastning på akslingen og under normal seiling(250-300rpm 5 knop).
Neste steg var å finne ut kva utvekslingsforhold som var mulig å få til mellom propellaksel og dynamo. Ved å sette på ei størst mulig reimskive på propellakslingen så var det mulig å oppnå ei 1:4 utveksling(100-1200rpm på dynamoen). Ein standard dynamo starter som regel ikkje å lade ved så lave turtall og derfor fekk eg eit firma til å spesiallage ein dynamo ved å vikle den oppatt. Denne skulle starte å lade ved ca 800rpm(10A-800rpm, 20A-1000rpm,30A-1200rpm osv).
Når dynamoen var ferdig hadde eg kjøpt og fått dreia til ei reimskive som passa på koblinga på propellakslingen. Deretter var det berre å lage feste for dynamoen til gearhuset og få tak i ei reim som passa. Eg fekk og laga det til slik at ladinga blir utkobla når motoren blir køyrt. Det gjorde eg fordi det blei litt for voldsomt for dynamoen når motoren blir køyrt og dynamoen passerer 4000rpm.

Laurdag kasta vi laust tidleg på morgonen for å gå ut å teste. På grunn av voldsom vind heldt vi oss innaskjers men fekk opp litt seil slik at vi fekk testa vidunderet. Alt fungerte som smurt. På grunn av mykje kastevindar og straum i sjøen var det litt vanskelig å få gjort ein nøyaktig test, men det viste seg at ladinga starta ved ca 4,5 knop og ved 5 knop hadde vi over 10A lading. Når vi nærma oss 6knop steig ladinga heilt opp i 20-30A! Dette vil seie at under normal seiling vil vi ha eit stort overskudd av straum. Heilt fantastisk!(Siv og Jan, dåkke huska kor mykje motor som måtte køyrast for å halde oss med straum på dei lengre seilasane:)

Nok om det. Ellers har det meste av proviant komt ombord og vi har fått aktivert satelittelefonen. Det betyr også at vi mottek tekstmeldingar som kan sendast gratis via heimesida vår. Dette er alltid kjekt når vi er langt til havs, så send gjerne då.

Stian

Ingen kommentarer: