fredag 24. juni 2011

Hilde og Andor på besøk ombord i Good Mood på Fiji

Ja, i løpet av 1 1/2 døgn så fann vi altså på å bestille oss flybilletter og kome oss på eit fly til Fiji uten at mannskapet visste noko om det. Vi hadde alierte heime (takk Per Håvard) som hjalp oss å fylje med kvar seilerane oppheldt seg, og vi forstod at dei oppheldt seg i ikkje alt for stor avstand frå flyplassen i Nadi.

Vi landa fredag morgonen, lokal tid, og sette oss i første og beste taxi i retning nærmaste marina. Etter turer til båden ein og to marinaer var båten fortsatt ikkje å sjå. Vi fekk ein seiler til å slå inn Good Mood sin oppankringsposisjon som vi hadde fått rapportert heimanfrå, og den viste seg å vere ved ei lita øy litt utanfor Fiji "fastland", og det vart vanskelig for oss å kome oss dit ut. Vi fekk havne-/toll-vesenet i Lautoka til å kalle dei opp på VHF, og resten av historia kan de lese i Reidun sitt innlegg frå tidligere.
Vi fekk 12 fantastiske dager ombord i Good Mood. Vi var rundt til fleire befolka og ubefolka øyer, bada masse og kosa oss i lag med Reidun, Stian, Elia og Magnus. Takk for at dåkke tok så godt imot oss sjølv om vi kom heilt utan varsel !!

Dei 2 siste dagane før vi reiste heim, var også Marie og Per Håvard komt ombord, så vi var ganske mange ombord, men det gjekk heilt fint. Det var fint at der alt var komt nytt besøk når vi skulle reise.
Har lagt inn nokre bilder frå turen vår i billedgalleriet.

Hilde og Andor

yasawa group next

No er vi friske, membranen er skifta og vi er klar for å besøke dei flotte øyene i Yasawa gruppa.





Kos med tante og onkel i sofakroken.



eller på land. Det er stor stas å ha dei på besøk!


fredag 17. juni 2011

velkommen sjukdom

Vi er ramma, sjuka har funne veien til båten og vi kan vel ikkje gjer anna en å drikke vatn og vaske kroppen med kald klut. Allle 4 gutane i båten har hatt ei slags snue i 4-5 dagar, rennande nase. Så fikk Magnus utslett, mange raude prikkar som bular ut. Enkelte plassar ser det ut som vulkankrater og det klør fælt. Vi trudde først at det var vannkoppane, men dette har Stian hatt som unge, så no hellar vi til at det kanskje er den femte barnesjukdom. Stian begynte med feber igår, haudeverk og leddverk. Idag klør han på mange små prikkar rundtomkring på kroppen.

Watermakermembranen har komt til Denerau Marina, så då blir det å mekke på plass den når Stian blir i bedre form. Magnus ser ut til å vere bedre iallefall, så det blir ikkje vanskeleg å få hjelp frå den kanten.

lite vind idag, varmt i båten klokka er kvart på 9 og her er 28 grader inne.

lørdag 11. juni 2011

akker og sandstrender



Igår for vi til Nadi og kjøpte mat for ei veke. På markedet kjøpte vi orange/brun avlang frukt, lilla chillilignande sak og kavarøtter:) Det orangebrune skulle vi kutte opp på langs og ete innmaten. Einaste som var etande av det vi fann då vi kutta opp frukta, var det kvite stoffet som var utapå dei beiske mandelsteinane. Det smaka bringebær. Den lilla chillisaken vart steikt på panna, og minte meir om potet. Når vi skal besøke landsbyar, er det vanleg å oppsøke landsbyhøvdingen og gi han 1/2 kilo røtter som takk for at vi får besøke dei og ankre opp ved deira landsby, og med tanke på dette kjøpte vi derfor Kava.

Farmor og Farfar reiste heim for nokre dagar sida og vi saknar dei stort, men heldigvis har Per Håvard og Marie tatt turen til oss, og dei skal vere her i ca 2 mnd.

Stian har bestilt ny watermakermembran, den kjem om 9-10 dagers tid. I mellomtida farta vi rundt her på Fiji og besøker småøyane rundt omkring. Idag leigde Stian surfebrett som eg også skulle få prøve, kjekt var det, men etterpå kjendes det ut som om eg hadde brent meg på manetar. Glasfiberstøv i låra og på armane, fysj. Per Håvard var uheldig å kleppa seg sjølv i foten då han skulle ta tak i bøya vi skulle fortøye oss til. Marie lappa guten flott igjen, men det er vanskeleg å halde seg i båten når det er nydeleg temp i sjøen.

Vi manglar vatn på tankane, så vi går mest sannsynleg ut imorgo for å lage litt vatn. Det er snakk om å dorge litt etter fisk; dorado eller tuna, så det vert kanskje en tur utaskjærs. Det blir sikkert en flott tur, men eg har framleis litt reservasjonar mot å gå altfor langt ut, så Magnus og eg blir att inne på land og et is og badar.

lørdag 4. juni 2011

Fiji

Skal, skal ikkje, det er dilemmaet mitt. Skal eg kjøle meg ned og hoppe i havet, eller sitte i ein 29 graders salong og trykke på pc'en? Cola eller vatn? Bikini eller singlet og shorts? Skal eg verkeleg fortelle dåkke lesarane om den fatale turen frå New Zealand til Fiji, eller skal eg berre droppe beretninga og konkludere med at Good Mood klarte brasane og vi er framme på Fiji...


Kort fortald; vi var sjøsjuk. Autopiloten og AISen styrte båten, medan vi gjorde ett forsøk på å overleve. Ute slo bølgene over skutesida, og vinden inn frå sida ville aldri stilne. Vi hadde 30 knop vind, pluss/minus, heile veien. Og rotete sjø. Dei 8 dagane var ganske lange. Halvvegs trudde vi at vi ikkje klarte meir, men båten slutta ikkje å seile sjølv om mannskapet var fråverande. PostmanPat og Muldvarpen var trufaste følgesvennar på dvd medan Good Mood sakte men sikkert peila seg inn på varme Fiji.

Vel framme og ferdig med innsjekking, stakk vi til næraste øy med badestrand og snorkelliv. Her prøvde vi å ta igjen tapt søvn, vaske utspydde handdukar og kle, og naut i stor grad at båten låg i stille sjø. Men etter nokre dagar trengte vi mat og letta anker for å gå til ein plass dei hadde dette. VHFen stod på og vi hørte plutseleg; Good Mood, Good Mood, This is Fiji Port Controll...
-I Alle daga... Kva har vi gjort for nokke gale no då? Lurte vi på. -You must report to custom, sa dei. Vi var frå før litt oppgitt over customs, og spurte om vi ikkje kunne komme inn dagen etterpå, då det allereie var seint på dag, og vi ikkje klarte å vere hos customs før til kvelden. - NO, You must report to customs, gjentok dei, og vi svarte at vi kom innover etterkvart. Så, etter ei lita stund med motorkjøring innover mot Lautoka og Customs, blir vi oppkalt endå engong. Good Mood, Good Mood, We have to persons here, and I think they are your guests. NO, svara Stian – We are NOT expecting any crew now, they are NOT coming before another week or two. Vi hadde allereie sagt at Per Håvard og Marie skulle komme, og der var litt misforståelsa rundt dette og vi trudde dei hadde begynt å tulle med dette igjen. NO, svara mannen i VHFen, - we have two persons here and I think it is your parents! Stian vart endå meir irritert og skulle til å forklare at vi ikkje hadde nokken foreldre der inne på kontoret, då eg ropte til han; Stian, det e dei tulne foreldra dine, dei må ha komt på overaskelsesbesøk!!!!!! -OI, svara han, -I didnt know about this, this must be a suprise, we are coming in!

Og der stod dei, vi ville nesten grine, den gryande heimelengta fekk ein brå vending då vi kunne hive oss rundt halsen på dei nydelege foreldra hass Stian. Jammen vart vi overaska og glade.

So no har vi berre laffa rundt, frå strand til strand, dykka på korallrev og klatra i kokospalmer.
Idag besøkte vi ein landsby på ei øy, der lokalbefolkninga var vand med turistar, men då til avtalt tid. Når vi no kom en tur innom, fekk vi vere med og sjå på lokal basketballturnering. Elia satte seg ned og leika med sand, medan mange ungar dreiv å leika og sprang rundt oss. Tilslutt sette dei seg ned attmed Elia og vi begynte å synge sangar ilag. Det var kjekt!

Her er varmt, veldig varmt. Deilig og godt å hoppe i sjøen og bade, Elia vil helst bade heile tida, medan Magnus er litt meir skeptisk. Om nokre dagar kjem Per Håvard og Marie også, vi gler oss veldig!!